Lyser ut middel til fleire bygdevekstavtaler
Pressemelding | Dato: 16.03.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Fem område i Finnmark og Trøndelag er alt i gang med å utarbeide bygdevekstavtaler. No lyser regjeringa ut ytterlegare 15 millionar kroner til utprøving i fleire område i dei minst sentrale delane av Distrikts-Noreg.
Bygdevekstavtaler er eit nytt distriktspolitisk verkemiddel som skal bidra til busetjing, tilgang på arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling i nokre av dei mest spreiddbygde områda av Noreg.
– Eg er glad for det store engasjementet som har vore for å ta del i ordninga. Derfor opnar vi no for at fleire kan søke om å ta del. Eg håpar vi saman kan få på plass fleire bygdevekstavtaler som kan bidra til å styrkje konkurransekraft, utviklingsevne og innovasjon i distrikta, seier kommunal og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Etter førre utlysing fekk departementet inn 25 søknadar fordelte på 63 kommunar. Det kom søknadar frå alle fylka. Av desse blei tre område i Finnmark og to i Trøndelag plukka ut, og dei er no i gang med å konkretisere kva dei ynskjer avtale om.
– Vi fekk mange gode søknadar i fjor som ikkje kom med vidare. Eg håpar at fleire av dei vil prøve igjen og at nye kjem til, seier Gjelsvik.
Bygdevekstavtaler
I statsbudsjettet for 2023 vedtok Stortinget å styrkje satsinga på bygdevekstavtaler med ytterlegare 15 millionar kroner til 25 millionar kroner totalt for 2023.
Alle kommunar som oppfyller kriteria kan søke. Regjeringa oppfordrar nærliggande kommunar til å samarbeide om ein felles avtale.
Kvar pilot kan søkje om inntil 2 millionar kroner, til å førebu eit avtaleutkast med staten. Midla kan nyttast i 2023 og 2024. Tilskotsordninga vil støtte opp om alle delar av prosessen. I fyrste omgang får kommunane middel til å førebu ei bygdevekstavtale. Dersom det blir inngått ei avtale med staten, vil kommunane kunne søkje om middel til å gjennomføre avtala.
Les meir om tilskotsordninga for utprøving av bygdevekstavtaler.