Lytt til jorda!

Mange tiår med rovdrift, har tømt den afrikanske jorda for næringsstoff. Skal ein klare å produsere nok, næringsrik mat, må jordhelse takast på alvor.

Nærbilde av gulrøtter som ligger på et bord
Foto: Helene Sandbu Ryeng/UD

Det første ein legg merke til er fargen på jorda. Den er brun. Kanskje ikkje så oppsiktsvekkjande i seg sjølv. Men, når jorda elles er rustraud, står dei brune stripene som dannar ein potetåker, ut av landskapet i Nyandarua i Kenya.

Ein av grunnane til at jorda får den rustrøden fargen, er innhaldet av jernoksid, og jo raudare blir den. Det er kritisk i ein situasjon der nesten 300 millionar menneske opplever svolt, fleire av dei så alvorleg at dei døyr av mangelen på mat og av sjukdommar som kroppen ikkje har krefter til å takle. Skal verda snu svoltkrisen som breier seg, spesielt over det afrikanske kontinentet, må afrikanske land produsere nok og næringsrik mat som folk har råd til. For å få det til, må ein lytte til jorda.

Bilde av utviklingsministeren bak et bord med poteter. I samtale med en bonde
Utviklingsministeren blir orientert om erfaringar som bøndene har gjort seg knytt til dyrking av potetar. Foto: Helene Sandbu Ryeng/UD

Eit hol blir grave, ei lita hand med kunstgjødsel, ein setjepotet og så dekkjer ein til holet. Så er det berre å gjere dette tusen gonger til. Arbeidet er krevjande. Den grøne revolusjonen på 60- og 70-talet førte til ein auke i jordbruksproduksjon verda over. Ein fekk maskinar til å skalere opp jordbruket og nye teknikkar gav meir mat. Ei av utfordringane med revolusjonen, var at ein ikkje tok omsyn til jordas bereevne. Fleire stader er jorda så utarma, at sjølv kunstgjødsel ikkje har nokon effekt lengre.

Dei gamle teknikkane blir no gravne fram for å gjenopplive viktig matjord. Det kan vere vekselbruk, eller eller å la restar frå avlingane i år liggje igjen på jordet etter innhaustinga. Potetriset, det grøne på potetplanten, er eit døme på noko som ikkje blir hausta. Det blir brote ned og blir til næring for neste års avling. Jorda kan reddast.

Bilde av utviklingsministeren som bøyer seg ned og gjødsler jorda
Utviklingsministeren gjødslar nysådde potetar. Foto: Helene Sandbu Ryeng/UD

Lytt til jorda, var overskrifta til Den afrikanske unionen toppmøte om jordhelse og gjødsel i Nairobi i mai. Skal ein gi jorda det ho treng for å yte, må ein ha kunnskap om ho. Derfor bidreg Noreg med 3 millionar kroner for å få på plass «SoilHive», ein database som gjer kunnskap om jordsmonn tilgjengeleg for bønder, forskarar, gjødselprodusentar, politikarar og privat sektor.

Noreg bidreg òg med midlar til kunnskapsbygging og kunnskapsdeling frå bønder, til dei som skal vedta politikken. Dette blir gjort i samarbeid med Den afrikanske unionen utviklingsorganisasjon (AUDA-NEPAD).

– Vi må sørgje for at politikk og kunnskap heng saman, sa utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim.

Bilde av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim i en traktor på jorde i Afrika
Utviklingsministeren får demonstrert korleis ulike pløyeteknikkar har gitt ulike resultat. Foto: Helene Sandbu Ryeng/UD

I Nyandarua, eit par timars køyring nord for den kenyanske hovudstaden Nairobi, har ein komme langt i å etablere eit meir berekraftig jordbruk. Gjennom «Farm to market-alliansen» får småbønder hjelp til å auke produktiviteten og inntektene sine gjennom kunnskap og investeringar i heile prosessen frå frøa sågst til å få varene på marknaden. Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim fekk ta del i dette arbeidet  då ho nyleg besøkte landbruksdistriktet.

Bilde av utviklingsministeren som holder et kålhode med fem bønder rundt seg
Utviklingsministeren held eit kålhovud som er dyrka med gjødsel. Foto: Helene Sandbu Ryeng/UD

Alliansen, som gjødselprodusenten Yara er ein del av, forskar på ulike gjødselkombinasjonar for å optimalisere avlingane. Dei har òg testa ulike reiskapar for pløying og andre jordbruksteknikkar, alt for å sikre så gode avlingar som mogleg.

– Mattryggleik var det første berekraftsmålet som gjekk i feil retning. Det må bli det første som kjem på rett kjøl. Millionar av menneske i Afrika veit ikkje når eller kvar dei vil få frå sitt neste måltid. Det skaper store negative ringverknader for menneska som er direkte ramma, men også for samfunnet samla sett, inkludert økonomien, seier Tvinnereim.