Månadens eksempel: Sandnes kommune
Nyheit | Dato: 26.08.2015 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Sandnes kommune vann KMDs Innovasjonspris 2015 for satsinga på russisk matematikk som metode i grunnskuleundervisninga.
Elevane på Smeaheia barneskule i Sandnes får toppresultat på nasjonale prøver i matematikk etter at skulen tok i bruk metoden. Stavanger og Asker kommune var dei to andre som var nominert til prisen på kr. 500 000,-.
Kommunal og moderniseringsdepartementets innovasjonspris går til ein kommune som har oppnådd spesielt gode resultat ved å satse på innovasjon. Prisen blei delt ut av statssekretær Paul Chaffey på Arendalskonferansen fredag 12. juni.
- Målet med innovasjonsprisen er å motivere kommunar til å tenkje nytt og jobbe smartare. Dei tre finalistane syner at det er mange ulike måtar å arbeide med innovasjon på. Eg er imponert over spennet i dei søknadane som er sendt inn, og håper prosjekta kan være til inspirasjon for andre kommunar, seier statssekretær Paul Chaffey.
Smeaheia skule i Sandnes kommune la om til russisk metode i matteundervisninga for å betre motivasjonen til elevane og auke progresjonen i læringa. Den nye undervisningsmetoden legg opp til et høgt fagleg nivå frå tidleg alder. Elevane opplever no god mestring og har ein positiv oppleving av faget.