Mange søkarar og rekordstort tilbod – særleg stor auke i sjukepleie, historie og økonomi

I år har 142 416 personar søkt om studieplass i høgare utdanning via Samordna opptak. Det er 6 436 fleire enn i fjor, og ein auke på 4,7 prosent. Oppgangen er størst til fagområda historie, økonomi og samfunnsvitskap. Etter fleire år med nedgang, peikar pilene no oppover for sjukepleiarutdanninga.

Om ein ser bort frå koronaåra, har det aldri vore fleire søkarar til høgare utdanning. Totalt er det 2,2 søkarar per studieplass. Søkarane kan velje mellom eit større tilbod enn nokon gong: 64 086 studieplassar på 27 universitet og høgskular i heile landet.

Rekordmange studieplassar ved universitet, høgskular og fagskular

– Veldig mange har søkt seg til høgare utdanning i år. Det er bra for den enkelte, for det norske samfunnet og arbeidslivet. Mangel på kompetanse er ei stor utfordring i Noreg. Derfor er eg glad for at endå fleire er klare for  ta ei utdanning og bygge eit godt liv for seg sjølv og ei god framtid for oss alle. Så er eg spesielt nøgd med den store auka i søkinga til sjukepleiarutdanningane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Søkinga til fagskulane aukar òg betydeleg. I år er det nær 2 300 fleire søkarar enn i fjor, ein oppgang på om lag 17 prosent. Til saman 15 742 personar søkt ei fagskuleutdanning gjennom Samordna opptak, og aldri før har det vore fleire studieplassar å søke på.

– Årets søkartal er gode. Tala gir oss verdifull innsikt i søkarane sine interesser og ønske. Vi ser også at institusjonane vidareutviklar utdanningstilboda sine. Dei tilbyr både nye fagkombinasjonar og fleire fleksible studium, og begge delar tiltrekker mange søkarar, seier direktør i Direktorat for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule.

Oppgang for sjukepleie – 900 fleire førstevalssøkarar i år

I år har helse- og sosialfagutdanningane ein samla oppgang i førstevalsøkarar på 5,9 prosent, samanlikna med i fjor. Dette gir 2,7 førstevalssøkarar per planlagd studieplass. Fleire av utdanningane, mellom anna medisin, har særleg god søking.

– Det aller mest positive med årets tal, er at den negative trenden i søkinga til sjukepleiarutdanninga snur, etter fleire år med nedgang. No vil fleire bli sjukepleiarar i Noreg! At over 900 fleire har sjukepleie som førsteval i år, seier ganske mykje om norsk ungdom. Det viser at vi har ungdom som er villige til å stille opp for andre og for samfunnet, seier Hoel.

Søkartala viser òg ein auke i søkinga til barnevernutdanningane, med 6 prosent fleire søkarar i år enn i fjor.

Færre vil bli lærar i barne- og ungdomsskulen

For femte året på rad fell søkartala til lærarutdanningane, men ikkje like dramatisk som i fjor. Talet på førstevalssøkarar til lærarutdanningane har gått ned med 4,2 prosent frå 2023.

Nedgangen er særleg kritisk for grunnskulelærarutdanningane for 1.–7. og 5.–10. trinn. Der går talet på førstevalsøkarar ned med 11 og 12 prosent frå i fjor.

– Diverre held søkinga til grunnskolelærarutdanningane fram med å søkke. Det er ei utvikling som gir grunn til uro. Sidan 2018 har søkninga til desse utdanningane nesten blitt halvert. Eg fryktar at ein  del studieplassar kan ende med å stå tomme til hausten, seier Hoel.

Tar grep for å auke rekrutteringa

Regjeringa er godt kjend med rekrutteringsutfordringane til lærarutdanningane, derfor la ho i vår fram ein strategi saman med partane i barnehage- og skule-Noreg. I tillegg skal tiltak som er foreslått i stortingsmeldingane om opptak til høgare utdanning og profesjonsutdanningane bidra til at fleire vel lærarutdanning framover.

– Eg er overtydd om at det er rett å  tenke nytt. Dei som med hud og hår forsvarar status quo i norsk lærarutdanning har ein dårleg dag i dag. Med opptaksmeldinga og profesjonsmeldinga har vi foreslått å ta fleire grep for å tenke nytt – vi vil mellom anna opne for fleire dispensasjonar frå karakterkrava, vil gje meir fagleg fridom og er positive til forsøk med organisering og innhald, seier Hoel.  

Både barnehagelærar- og lektorutdanningane er om lag på linje med fjoråret, mens fleire vil bli yrkesfaglærarar og lærar i praktiske og estetiske fag.

– Det er utruleg bra at fleire vil bli lærarar innanfor yrkesfag og praktiske og estetiske fag. Vi kjem  til å trenge mange fleire fagarbeidarar i åra som kjem. For å få det til, treng vi ein meir praktisk skule der alle kan utvikle ferdigheitene sine. Og det frå tidleg alder, slik at færre fell frå. No ser vi at yrkesfag er populært både for framtidige lærarar og elevar. Det er teikn på at vi er på rett spor, seier Hoel.

Oppsving for IKT og økonomi – historiefag aukar mest

Utdanningsområdet med den største prosentvise auken i førstevalssøkarar er historie. Samanlikna med i fjor er det 474 fleire søkarar til desse studia, ein auke på 13 prosent.

For andre året på rad aukar studieområdet økonomisk-administrative fag mest målt i talet på søkarar. Totalt har meir enn 25 000 søkarar dette som sitt førsteval.

Teknologifag er òg stadig populært. I år har 1 av 5 søkarar minst éi teknologiutdanning i søknaden sin. Særleg ingeniørutdanningar og maritime studium er populære blant søkarane. Talet på tilgjengelege stuideplassar på IKT-utdanningane har aldri vore høgare. I år er det planlagt 2 961 studieplassar på IKT. Det er 247 fleire enn i fjor, ein auke på 9,1 prosent. Talet på kvinner som har IKT på topp har auka med over 5 prosent.

Populær ny flyingeniørutdanning

Blant årets studienyheiter skil den nye flyingeniørlinja ved NTNU seg ut, med 453 søkarar til 25 studieplassar.

– Det er artig å sjå at den heilt ferske flyingeniør-linja er så populær, med heile 18 søkarar per studieplass! Vi oppretta denne utdanninga i fjor fordi vi veit at både sivil og militær sektor er avhengige av flyingeniørkompetanse i åra som kjem. No utdannar vi folk som er  kritisk for Noregs totalberedskap framover, seier Hoel.

  • 142 416 personar har i år søkt opptak til universitet og høgskular gjennom Samordna opptak.
  • Universitet og høgskular har lyst ut 64 086 studieplassar fordelte på 1 364 studiar.
  • I år er det størst auke i planlagde studieplassar innanfor utdanningsområda «økonomisk-administrative fag» og «informasjonsteknologi». Her er det planlagt 1 092 fleire studieplassar, noko som utgjer 73 prosent av den totale auken innan planlagde studieplassar.
  • I 2024 har 85 536 kvinner og 56 880 menn søkt opptak til grunnstudium ved universitet og høgskular gjennom Samordna opptak. Dette utgjer ein kvinneandel på 60,1 prosent og ein mannsdel på 39,9 prosent.
  • Søkartala fortel ikkje kor mange av søkjarane som er kvalifiserte til dei studia dei søker seg til. Dette får vi vite i slutten av juli når hovudopptaket er gjennomført og tilboda er sende ut.

  • Det er i år 15 742 søkarar til høgare yrkesfagleg utdanning gjennom Samordna opptak. Det er 17 prosent fleire søkjarar i år enn i fjor, med ein oppgang på 2 300 søkjarar.
  • Det er lyst ut 14 287 studieplassar fordelte på 494 ulike studium ved 26 fagskular. I fjor var det 12 786 studieplassar. Det er ei auke på 11,7 prosent.
  • Det er i år 5 685 kvinnelege søkarar og 10 057 mannlege søkarar. Det utgjer 36,1 % (opp frå 34,3 % i fjor) del kvinner og 63,9 % (ned frå 65,7 % i fjor) del menn.
  • Det er flest førstevalssøkarar til utdanningsområda «teknologiske fag» (9 221) og «helsefag» (3 145).
  • Det er som tidlegare lokførarutdanninga som har flest søkarar med over 24 søkarar per studieplass, men og den nye brann- og redningsfagskulen har mange søkarar med over 11 søkarar per plass.
  • I underkant av 50 % av alle fagskulane er med i det Samordna opptaket. Det er dermed om lag halvparten av studieplassane til fagskulane som blir fylt gjennom Samordna opptak. Dei resterande plassane blir fylte via lokale opptak og er ikkje med i desse tala.

Desse utdanningane har flest førstevalssøkarar

Studiumnavn

 

Lærestad

Planlagde studieplassar

Søkarar førsteval

Rettsvitenskap (jus), høst

UIO

224

2 102

Rettsvitenskap

UIB

374

2 055

Økonomi og administrasjon -

siviløkonom

 

NHH

 

450

 

1 729

Ledelse

UIT

800

1 385

Organisasjon og ledelse,

deltid, nettbasert

 

HINN

 

200

 

1 279

Industriell økonomi og

teknologiledelse

 

NTNU

 

160

 

1 233

Toll, vareførsel og

grensekontroll

 

UIS

 

60

 

1 111

Business, economics and data

science - siviløkonom*

 

NHH

 

50

 

1 101

Bærekraftig økonomi og

ledelse, deltid

 

NMBU

 

750

 

1 054

Økonomi og administrasjon,

Trondheim, bachelor

 

NTNU

 

205

 

1 050

Desse utdanningane har flest førstevalssøkarar per studieplass

Studiumnavn

Læreærestadsted

Planlagde studieplassar

Søkarar førsteval

Søkarar førsteval per plass

Business, economics and data science - siviløkonom*

NHH

50

1 101

22,0

Luftfartsfag

UIT

12

248

20,7

Medisin, Oslo/Kristiansand, høst*

UIO

15

287

19,1

Toll, vareførsel og grensekontroll

UIS

60

1 111

18,5

Ingeniør, flyingeniør*

NTNU

25

453

18,1

Kriminologi, bachelor

UIO

48

853

17,8

Kriminologi, årsstudium

UIO

24

415

17,3

Nett-tv Pressekonferanse om søkartala til universitet, høgskular og fagskular

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her