Marie Benedicte Bjørnland er ny direktør i Valdirektoratet

Marie Benedicte Bjørnland blir ny direktør i Valdirektoratet. Ho kjem frå stillinga som direktør for Politidirektoratet.

− Bjørnland har brei erfaring som toppleiar i statlege verksemder der samfunnstryggleik, og bevaring av demokratiet står sentralt. Eg er trygg på at Valdirektoratet får ein erfaren leiar, som vil ivareta samfunnsoppdraget saman med dei dyktige tilsette i direktoratet, kommunane og andre samarbeidspartnarar, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Bjørnland er utdanna jurist, og har lang erfaring frå forvaltninga, mellom anna som leiar for Politidirektoratet, Politiets tryggingsteneste og som politimeister i Vestfold politidistrikt.

− Eg ser fram til å starte i ny jobb som direktør for Valdirektoratet. Direktoratet har ansvar for viktige oppgåver, som handlar om demokratibeskyttelse i vid forstand, uttalar Benedicte Bjørnland. Stillinga er eit åremål på seks år.

Gjennomføring av frie og hemmelege val er fundamentet for eit velfungerande demokrati. Valdirektoratet har ei viktig oppgåve med å sørge for at kommunane får god støtte og opplæring. Dei har ansvar for det elektroniske valsystemet kommunane nyttar. Dei skal  og  bidra til at kommunane og fylkeskommunane har nødvendig kunnskap til å gjennomføre val.

-Valdirektoratet skal gi god informasjon om når, kvar og korleis veljarane kan stemme ved val. Slik bidreg Valdirektoratet til at tilliten befolkninga har til valgjennomføringa blir halden oppe, seier Sande

− Tilliten til val og valprosessar i Noreg er høg. Valdirektoratet vil bidra til å oppretthalde denne tilliten fram mot stortingsvalet neste år, avsluttar Bjørnland

Bjørnland tek over etter Bjørn Berg, som har vore direktør for Valdirektoratet i ni år og sentral i oppbygginga av direktoratet frå starten i 2016.