Marin Energi Testsenter får konsesjon til utviding av demonstrasjonsanlegg
Nyheit | Dato: 07.12.2023 | Energidepartementet
Olje- og energidepartementet har i dag behandla klagane på NVEs vedtak om konsesjon til Marin Energi Testsenter for utvidinga av demonstrasjonsanlegget for flytande energiproduksjon med tilhøyrande nettilkopling utanfor Karmøy. Departementet held oppe NVEs vedtak om å gi konsesjon.
– Ein viktig del av regjeringa si havvindsatsing er å leggje til rette for teknologiutvikling og kompetansebygging som mellom anna er viktig for å få kostnadene ned. MET-senteret gjer allereie ein viktig jobb med å teste teknologien både for sjølve kraftproduksjonen og for miljøet, og med denne utvidinga kan dei teste enda fleire teknologiar, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Konsesjonen omfattar ein samla installert effekt på inntil 82,7 MW frå anlegget og ein 66 kV kabel frå demonstrasjonsanlegget til Skudeneshavn transformatorstasjon. Her er det plass til seks testplassar som kan brukast til å teste ulike typar teknologiar som mellom anna flytande havvindturbinar og bølgje-, havstraum- og flytande solkraftverk.
Departementet har gjennomført ei grundig vurdering av klagane. I klagane vart det vist til at kunnskapsgrunnlaget og konsekvensutgreiingane ikkje var gode nok. Dei gav også uttrykk for at det ikkje kan bli gitt konsesjon på grunn av etableringa av Vestkysten landskapsvernområde på Karmøy. Det vart også vist til at føre-var-prinsippet ikkje var tilstrekkeleg vektlagt i NVEs vedtak.
Klagane har ikkje fått medhald frå departementet, men departementet har fastssett ytterlegare vilkår i konsesjonen.
Det er mellom anna sett vilkår om før- og etterundersøkingar, og dessutan studiar av korleis tiltaka påverkar naturmangfaldet. Studiar av til dømes fugle- og flaggermuskollisjonar og -unnviking, saman med uttesting av mildnande tiltak for desse, kan vere eit vesentleg positivt bidrag til havvindutbygginga som er planlagd på Utsira Nord og andre stader. Det er også behov for meir kunnskap om verknader på marine artar og naturtypar. Departementet meiner det er viktig å bruke demonstrasjonsanlegg til slike studiar. Det bør derfor leggjast til rette for at ulike aktørar kan gjennomføre studium knytt til anlegget.
Les meir her: Marin Energi Testsenter AS - Demonstrasjonsanlegg for flytende energiproduksjon - klagesak