Marker giellavahkku/giellavahkko/gïelevåhkoe/samisk språkveke 2024!

Frå 21. til 27. oktober vert samisk språkveke arrangert. − Kommunal- og distriktsdepartementet er stolte over å markere språkuka og synleggjere vårt samiske språkmangfald. Saman tek vi ansvar for at samiske språk vert brukt på alle samfunnsområde, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Språkveka er ein del av den langsiktige språksatsinga til Sametinget for å styrkje dei samiske språka og har som mål å løfte statusen til språka. Det er ein språkdugnad for alle for å synleggjere og auke kunnskapen om dei samiske språka i heile samfunnet.

Gjennom heile veka vert det arrangert ulike aktivitetar over heile landet, og alle er velkommen til å bidra og delta.

Samisk språkveke er viktig for å synleggjere og auke kunnskapen om dei samiske språka i heile samfunnet. Regjeringa har som mål at samane skal få utvikle sitt språk, sin kultur og sitt samfunnsliv.

− Det er viktig og berikande for Noreg å ta vare på samiske språk, samisk kultur og tradisjonar. I arbeidet med samiske språk ønskjer regjeringa å bidra til eit godt samarbeid på tvers av grensene. Samisk språkveke er eit flott initiativ for å fortsette dette arbeidet, seier Sande

Under språkveka 22. oktober vert òg Gollegiella – Nordisk samisk språkpris delt ut i Oslo. Språkprisen vert delt ut til enkeltpersonar eller organisasjonar som har gjort ein innsats for å fremme dei samiske språka.

Gollegiella – Nordisk samisk språkpris vert oppretta av ministrane for samiske saker i Noreg, Sverige og Finland samt sametingspresidentane i desse landa.

Buorre giellavahkku! Buorre giellavahkko! Buerie gïele våhkoe!