Presseinvitasjon

Markering av den norske innsatsen i Special Olympics 2023

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery inviterer til mottaking for å markere den norske innsatsen i Special Olympics World Games 2023 i Berlin. H.K.H. Kronprinsen og H.K.H Kronprinsessen vil også vere til stades.

TID: Onsdag 22. november 2023 kl. 17:30-19:00

STAD: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Inngang via Riddervoldsgate 2.

PÅMELDING: Vi ber alle frå presse om å melde seg på med namn og telefonnummer til kudinfo@kud.dep.no innan 22. november kl. 14:00.

Vi ber presse komme mellom kl. 16:45-17:15 for registrering og tryggingssjekk. Hugs pressekort og gyldig ID (pass, nasjonalt ID-kort eller fysisk førarkort).

Kultur- og likestillingsministeren vil vere tilgjengeleg for intervju.

Program

17:30: Gjestane kjem. Kultur- og likestillingsministeren tek i mot gjestane på toppen av trappa.

18:00: Korte helsingar frå kultur- og likestillingsministeren og idrettspresidenten.

18:15: Servering og mingling. 

18:45: Kunstnarisk innslag (Carl-Henrik Nilsen - song/flygel).

19:00: Avslutning.