Mastergrad gir gode jobbutsikter

Dei fleste som fullfører ein mastergrad ved norske universitet og høgskular er fornøgde, og dei fleste får relevant jobb som nyutdanna. Likevel er mange overraska over kor vanskeleg overgangen frå utdanning til jobb er. Dei som har fått relevant jobberfaring i studietida, får lettare jobb.

– Kandidatundersøkinga viser at det aller viktigaste fungerer i norsk høgare utdanning: Studentane får jobb når dei er ferdige. Dette har vore stabilt over tid, og det er eg veldig glad for. Samtidig ser vi at mange studentar synest det er krevjande å gå frå studiar til arbeidsliv. Vi må gjere meir for å førebu dei på overgangen, sikre at dei får praktiske ferdigheiter dei treng i arbeidslivet og at dei møter arbeidsgivarar i løpet av studietida, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Våren 2023 fullførte 18 667 personar ein mastergrad ved norske universitet og høgskular. Same hausten blei dei spurte om korleis arbeidssituasjonen deira var eit halvår seinare. Svara deira dannar grunnlaget for Kandidatundersøkinga, som er gjennomført av NIFU.

Dobbelt så mange med mastergrad, og auka etterspurnad i arbeidsmarknaden

Sjølv om det er meir enn dobbelt så mange uteksaminerte kandidatar i 2023 enn i 2011, har ikkje kandidatane opplevd større vanskar med å få relevant jobb. Det tyder på at kompetansebehova i arbeidsmarknaden óg har auka kraftig, og at balansen mellom tilbod og etterspurnad etter høgt utdanna arbeidskraft er god. Arbeidsløyse og mistilpassing avheng av konjunkturane og er på eit relativt lågt nivå i 2023, sjølv om det er ei svak forverring sidan 2021.

– Noreg har ein god arbeidsmarknad for personar med høgare utdanning. Den europeiske kandidatundersøkinga Eurograduate viser at nyutdanna i Noreg er mindre utsette for arbeidsløyse og manglande samsvar mellom utdanning og arbeid enn i mange andre europeiske land, seier Jannecke Wiers-Jenssen, forskingsleiar ved NIFU.

Mange er overraska over overgangen til arbeidslivet

Om lag halvparten av dei som hadde studert disiplinfag, som historie eller samfunnsfag, blei overraska over kor vanskeleg overgangen til arbeidslivet var. Denne gruppa er mest nøgd med utdanninga. På same tid får mange humanistar og samfunnsvitarar ein første jobb etter eksamen som ikkje er så relevant for utdanninga. Mange av dei opplever å vere overkvalifiserte for jobben. Ein av fire ønsker ein ny jobb så snart moglegheita byr seg.

– Undersøkinga tyder på at studentane ikkje er godt nok informerte og førebudde for arbeidsmarknaden. Eg oppfordrar alle som studerer eller vil studere til å ta i bruk tenestene våre på karriereveiledning.no og utdanning.no, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Profesjonsutdanning gir størst sjanse for relevant jobb

I undersøkinga kjem det fram at dei som har utdanna seg til eit yrke, såkalla profesjonsutdanningar, lettare får jobb som både passar til innhaldet og nivået på utdanninga.

Kandidatane med medisinutdanning er nøgde med utdanninga og relevansen for jobben som lege, men dei er svært misnøgde med rettleiinga og oppfølginga undervegs i studiet. Dei føler ofte òg ein mangel på kompetanse, saknar betre oppfølging frå arbeidsgivar og  synst det er vanskeleg å oppfylle krava i jobben.

Eit anna tydeleg unntak er dei som har studert til å bli lærar og pedagog. Dei er nøgde med å ha fått ein relevant jobb, men meiner at utdanninga ikkje har førebudd dei godt nok på jobben. Særleg grunnskulelærarar er misnøgde med utdanninga.

– Vi ser at nyutdanna lærarar er nøgde med jobben dei har fått. Men det er enkelte sider av utdanninga dei meiner ikkje er god nok. I profesjonsmeldinga som vi la fram i vår, er et eit av hovudgrepa våre å styrke den praksisnære kunnskapen i utdanningane. Til dømes vil vi ha fleire undervisarar med fersk erfaring frå skulen, seier Hoel.

Seinare i år vil NOKUT si evaluering  av grunnskulelærarutdanningane vere klar. Den vil bli viktig i den vidare oppfølginga av utdanningane.

 

Kor godt passar utdanning og jobb saman? Og kva er det eigentleg som gjer overgangen frå utdanning til arbeid vellykka?

  • Det er særleg kandidatar frå medisin, juss, teknologi og helse- og sosialfag som opplever at innhaldet i jobben og det dei lærte på utdanninga, passar godt saman.
  • Undersøkinga viser at dei med hovudkarakter A har ti prosent høgare sannsyn for særleg god jobbmatch, samanlikna med dei med lågare karakter.
  • Studentar som har hatt jobb under studiane har høgare sannsyn for å vere i arbeid eit halvår etter fullført Det gjeld spesielt studentar som har hatt ein relevant jobb for utdanninga.
  • I tillegg til gode karakterar og tidlegare arbeidserfaring, gir norsk som morsmål høgare sannsyn for å vere i jobb.