Presseinvitasjon

Mehl inviterer næringslivet til møte om økonomisk kriminalitet

Torsdag 20. juni held justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl eit møte med representantar frå nærlingslivet, inkludert Advoktatforeningen. Mehl ønsker innspel frå det private næringslivet på regjeringa si nye stortingsmelding om økonomisk kriminalitet.

Temaet er aktuelt etter dokumentaren «Den sorte svane» vart vist på NRK og følger opp møtet finansministeren og justis- og beredskapsministeren hadde med fleire offentlege verksemder i førre veke.

Møtet er lukka, men det blir moglegheit for ein kort kommentar og bilete før møtet, og intervju i etterkant av møtet. 

Deltakarar:

Advokatforeningen, Finans Norge, DNB, Eiendom Norge, NHO, Virke, Regnskap Norge og kryptobørsen Firi.

Tid: Torsdag 20. juni, kl. 08.30-09.30. 

Registrering: Frå kl. 08.00. Hugs pressekort og gyldig ID.

Stad: Justis- og beredskapsdepartementet, Gullhaug torg 4 A.

Påmelding: linda.hafstad@jd.dep.no (i løpet av onsdag 19. juni)

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Linda Hafstad: Mob 470 38 968, linda.hafstad@jd.dep.no