Mehl opnar pass og ID-kontor på Flisa
Pressemelding | Nr: 120 – 2024 | Dato: 29.11.2024 | Justis- og beredskapsdepartementet
Tysdag 3. desember 2024 opnar justis- og beredskapsminister Emilie Mehl eit nytt pass og ID-kontor på Flisa politistasjon.
Dette betyr kortare veg for lokalsamfunnet som tidlegare har måtte reise heilt til Elverum og Kongsvinger. Politiet vil ta imot den første innbyggjaren som søkjer om pass ved Flisa politistasjon og media er invitert til opninga. Flisa er eitt av dei 15 nye pass- og ID-kontora som regjeringa har vedteke å opprette over heile landet. Det gir kortare reiseveg for mange, og er ein del av regjeringa sin handlingsplan Trygghet i hverdagen
I dag er politistasjonen på Flisa open for publikum måndag til fredag frå kl. 08:30 til 15:00, og pass- og ID-kontoret vil ha ope tysdagar og torsdagar (frå veke 50). Det er allereie lagt ut fleire ledige timar, slik at innbyggjarane kan søkje om pass og ID-kort: Flisa politistasjon - Politiet.no
Dato: 3. desember 2024
Tid: Kl. 12.00-13.00
Oppmøtestad: Industrivegen 4, 2270 Flisa
Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren: Torleik Svelle, mobil 466 75 564