Statsbudsjettet 2025

Meir helsedata til forsking, innovasjon og næringsutvikling

Regjeringa følger opp vegkart for helsenæringa og foreslår ti millionar kroner for å styrke samarbeidet mellom Folkehelseinstituttet og universiteta om å utvikle meir effektive løysingar for overføring av helsedata til analyseinfrastrukturane ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og NTNU.

– Noreg har helsedata i verdsklasse, men vi har ikkje vore gode nok til å gjere dei tilgjengelege for forsking. Regjeringa vil at helsedata skal bli enklare tilgjengeleg for forsking, innovasjon og næringsutvikling. Det var bakgrunnen for å samle registra i Folkehelseinstituttet og gi raskare tilgang til helsedata, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

– Regjeringa er opptatt av at kunnskap må kome raskare i bruk. Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og NTNU har spesialisert og sikker infrastruktur for å behandle helsedata. No gir vi støtte til å utvikle infrastrukturen vidare. Dette tar oss eit skritt vidare i å utnytte det enorme potensialet norske helsedata har for forsking og utvikling, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.

Helseregistra i Noreg er samla hjå Folkehelseinstituttet og helsedata er tilgjengeleg gjennom Helsedataservice som er ein nasjonal teneste for tilgjengeliggjering av helsedata frå norske helseregister. Helsedataservice skal bli videreutvikla som nasjonalt kontaktpunkt for tilgang til helsedata til sekundærbruk.

Det er etablert eit samarbeid med universiteta om å utvikle meir effektive og sikre løysingar for overføring av data til eksisterande analyseinfrastrukturar for sensitive data. Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet vil i samarbeid med NorTre-infrastrukturane ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og NTNU, samt Folkehelseinstituttet, vurdere korleis infrastrukturane kan bli videreutvikla for å ivareta nasjonale behov.