Statsbudsjettet 2023

Meir pengar til film og dataspel

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

– Eit sterkt film- og dataspeltilbod gjer at vi får tilgang til gode kulturopplevingar av høg kvalitet. Dataspel og film er viktig for folk og derfor prioriterer vi feltet - sjølv i eit vanskeleg budsjettår, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Regjeringa vil bidra til utvikling av meir film og dataspel, og foreslår derfor å auke løyvinga til Filmfondet med 20 millionar kroner. 5 millionar kroner av denne auken er øyremerkt satsing på dataspel og dataspelkultur.

Prioriteringa vil sikre større mangfald og formidling av både film og dataspel i Norge

Auken bygger vidare på satsinga på film, som regjeringa byrja på i statsbudsjettet for 2022. Med forslaget om for 2023-budsjettet har regjeringa no auka løyvinga til film og dataspel med til saman 35 millionar kronar.

– Annankvar nordmann under 45 år speler dataspel dagleg. Det er ein viktig sosial og kulturell arena som treng eit løft. Budsjettauken skal bidra til meir breidde og kvalitet i dataspeltilbodet, seier Trettebergstuen.

Pengane til å styrke mangfald i film og dataspel vil treffe skaparane, innhaldet, visningsleddet, publikum og spelarar. Midlane skal blant anna bidra til å styrke rekruttering til bransjane, vidareutvikle talent, styrke kompetanse og etablere fleire møtepunkt mellom nye aktørar og investorar.

– Folk skal kjenne seg igjen i historiene som blir fortalde. Det er viktigare enn nokon gong at vi får fram fleire og nye stemmer i fortellingane ein får via film og dataspel. Med denne prioriteringa bidreg vi til å bygge og styrke mangfald i heile landet, seier Trettebergstuen.