Statsbudsjettet 2020:
Meir pengar til IKT-forsking, omstilling i næringslivet og kvalitet i høgare utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 237-19 | Dato: 07.10.2019
– For femte året på rad brukar vi meir enn 1 % av brutto nasjonalprodukt på forsking. Eg er svært nøgd med at regjeringa oppfyller måla vi har sett oss, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V). I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å sette av 38,9 milliardar kroner til forsking og utvikling.
– Noreg må gjennom store endringar for å sikre vår felles velferd i framtida. Derfor investerer regjeringa tungt i utdanning og kompetanse, forsking og teknologiutvikling for eit grønare, meir moderne og tryggare Noreg, seier Nybø.
Dei 38,9 milliardane til forsking og utvikling (FoU) som regjeringa foreslår å løyve over statsbudsjettet i 2020, utgjer 1,03 prosent av anslått BNP for 2020. Dersom ein reknar med Skattefunn-ordninga, er FoU på 43,2 milliardar kroner og utgjer dermed 1,14 prosent av BNP.
– Sidan denne regjeringa tiltredde har vi auka FoU-løyvingane over statsbudsjettet med 12,5 milliardar kroner, inkludert forslaget til statsbudsjett for 2020, seier Nybø.
585 millionar til opptrappingsplanar og prioriteringar for forsking og høgare utdanning
I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å følge opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning med til saman 585 millionar kroner i auka løyvingar. Av dette går 315 millionar kroner til dei tre opptrappingsplanane Teknologiløft, FoU for fornying og omstilling i næringslivet og Kvalitet i høgare utdanning.
Blant dei største satsingane innanfor Teknologiløftet er forslaget om 43 millionar kroner meir til grunnleggande IKT-forsking og 131 millionar til vidare utvikling av helseanalyseplattforma.
– Satsinga på IKT-forsking legg til rette for banebrytande funn/forsking som vi i dag ikkje ser konsekvensane av, men som på sikt kan ha stort potensial for verdiskaping. No kan vi bygge fagmiljø som kan utdanne fleire kandidatar med IKT-kompetanse til akademia, næringslivet og offentleg sektor, seier Nybø.
Tiltaka som inngår i oppfølginga av opptrappingsplanane i 2020 (millionar kroner):
FoU for fornying og omstilling i næringslivet |
|
KD: Nærings-ph.d, studententreprenørskap og utvikling av studietilbod i samarbeid med næringslivet |
20 |
LMD: Klimatilpassa og lønsam matproduksjon |
15 |
NFD: Basisløyvingar til dei teknisk-industrielle institutta |
20 |
NFD: Forskingsprosjekt for næringslivet |
10 |
|
|
Kvalitet i høgare utdanning |
|
KD: Kvalitetsprogram i Diku |
55 |
|
|
Teknologiløft |
|
HOD: Helseanalyseplattforma |
131 |
JD: Forsking på IKT-tryggleik og effektar av teknologiutvikling |
12,5 |
KD: Grunnleggande IKT-forsking |
43 |
KD: Studieplassar teknologi/grønt skifte |
3,2 |
KLD: Forsking for omstilling til lågutsleppsamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing |
35 |
NFD: Infrastruktur for havovervaking med vekt på algeoppblomstring |
10 |
SD: Samferdselsteknologi |
30 |
Samla vekst til opptrappingsplanane 2019-2020 (millionar kroner):
|
2019 |
2020 |
Totalt |
Kvalitet i høgare utdanning |
85 |
55 |
140 |
FoU i næringslivet |
135,9 |
62,4 |
198,3 |
Teknologiløft |
254,6 |
197,9 |
452,5 |
Totalt |
475,5 |
315,3 |
790,8 |