Statsbudsjettet 2021:
Meir støtte til familiar og sårbare barn og unge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 07.10.2020
Regjeringa føreslår å bruke meir pengar på å betre økonomien for småbarnsforeldre, hjelpe sårbare familiar og styrkje innsatsen overfor barn som veks opp i låginntektsfamiliar.
– Ei god familiepolitikk legg grunnlaget for ein trygg oppvekst, betre livskvalitet og på sikt auka deltaking og inkludering i samfunnslivet. Samstundes veit vi at altfor mange barn og unge er ramma av låginntekt og utanforskap, med færre moglegheiter enn sine jamaldrande til å skape eit godt liv for seg sjølv. Vi styrkjer difor satsinga for familiar og sårbare barn og unge, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Meir til småbarnsfamiliar
For å styrkje økonomien til småbarnsforeldre, føreslår regjeringa å auke barnetrygda med 3 600 kroner i året for barn opp til fylte 6 år. Dette utgjer 300 kroner i månaden og auken skal gjelde frå 1. september 2021.
– Dette betyr at barnetrygda på to år har auka med 7 200 kroner i året for denne aldersgruppa. Det er ei historisk satsing. Den skal også kome sosialhjelpsmottakarar med barn til gode, seier Ropstad.
Regjeringa føreslår også å auke eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon frå 84 720 kroner til 90 300 kroner frå 1. januar 2021. Auken inneberer at regjeringa nærmar seg Granavolden-plattformas mål om å auke eingongsstønaden til 1G.
I minst 7 av 10 tilfelle der mor mottek eingongsstønad, lev familien under eller kring låginntektsgrensa. Ein styrka eingongsstønad vil gje meir ressursar til familiar som ofte har ein svakare økonomi.
Tiltak for barn og unge i låginntekstfamiliar
– Regjeringa vil at alle barn skal få delta i organiserte aktivitetar, også barn som veks opp i låginntektsfamiliar. Regjeringa føreslår difor 120 millionar kroner til å vidareføre og utvide prøveprosjektet med ei nasjonal fritidskortordning for barn i alderen 6 til 18 år til fleire kommunar, seier Ropstad.
Det inneberer at det totalt er sett av 180 millionar kroner til prøveprosjektet i 2021. Fritidskortet skal bidra til dekke utgiftar til faste, organiserte fritidsaktivitetar og gjere det lettare for barn og unge å delta i fritidsaktivitetar.
Regjeringa føreslår å styrke Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge med 38,5 millionar kroner. Tilskotsordninga bidrar til at barn frå sosialt og økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta på kultur- og fritidsaktivitetar, ferietilbod eller alternative meistringsarenaer. Totalt vil ordninga vere på om lag 355 millionar kroner i 2021. Dette utgjer ei styrking på rundt 250 millionar kroner sidan 2014.
Om kort tid legger regjeringa dessutan fram ein ny samarbeidsstrategi for barn og ungdom i låginntektsfamiliar. Gjennom strategien ynskjer regjeringa å styrke innsatsen overfor denne gruppa. Strategien legg vekt på mellom anna auka deltaking for barn, ungdom og foreldre i familiar med låg inntekt på arenaer som barnehage, skule, skulefritidsordningar (SFO), fritidsaktivitetar og i arbeidslivet.
Hjelp til sårbare familiar
I statsbudsjettet føreslår regjeringa også 45,3 millionar kroner til å utvida programmet Familie for første gang. Gjennom programmet får førstegangsforeldre med behov for ekstra støtte oppfølging og bistand frå en familiesjukepleier frå tidleg i svangerskapet og fram til barnet fyller to år.
Familie for første gang vert i dag prøvd ut i Oslo og Rogaland. Ei utviding av programmet inneber at fleire familiar kan delta og at programmet kan prøvast ut i fleire kommunar. Programmet er ein del av regjeringa sin opptrappingsplan mot vald og overgrep. Den samla satsinga til opptrappingsplanen for 2020 på over 1 milliard kroner vidareførast i 2021, og i tillegg føreslår regjeringa å auka satsinga med ytterlegare 87,3 millionar kroner. Den samla satsinga i 2021 er med desse forslaga på om lag 1,1 millardar kroner.
I budsjettet føreslår regjeringa å gje 8 millionar kroner til Alarmtelefonen for barn og unge, for å oppretthalde ei døgnopen telefon- og chatteteneste i 2021. Gjennom RNB 2020 finansierte ein for heile 2020 ei utviding av opningstida og ei nye chatteteneste. Årsaka var at det i koronaperioden har vore ei markant auke i bruken av Alarmtelefonen.
– Chattefunksjonen har vore viktig for å gje sårbare barn og unge høve til å komme i kontakt med barnevernet på ei trygg plattform i ei periode kor dei har vore isolerte på grunn av pandemien, seier Ropstad.