Statsbudsjettet 2024

Meir tid til barnefamiliane

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa ønskjer at det skal vere meir tid og fleksibilitet for barnefamiliane i småbarnsperioden. Derfor forlenger vi no stønadsperioden for foreldrepengar, og styrkjer fedrane sin rett til sjølvstendig uttak av permisjon.

Regjeringa ønskjer at foreldrepermisjonen skal vere raus og sikre at begge foreldre har sjølvstendig krav på sin del av permisjonen saman med barnet. Vi ønskjer og å vidareføre den tredelte foreldrepermisjonen og sikre mor moglegheit til å amme i tråd med helsefaglege råd.

– Vi vil gi foreldre meir tid med barna og gjere kvardagen for både mor og far lettare i småbarnsperioden, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Meir fleksibilitet

I dag får foreldre som vel 80 prosent foreldrepengar i 59 veker ein mindre samla utbetaling enn foreldre som vel 100 prosent i 49 veker. Vi vil likestille desse to alternativa ved å gjere samla stønadsutbetaling tilnærma lik, uavhengig av kompensasjonsgrad.

– Ein slik omlegging vil gjere at mor kan amme lengre, og det kan føre til at behovet for ulønt permisjon reduserast noko. Forslaget vil gjere foreldrepengeordninga mindre komplisert.

Utvida rett til sjølvstendig uttak for fedrane

I dei familiane der berre far har opparbeida seg rett til foreldrepengar har det tidlegare vært et krav om at mor må ut i aktivitet for at far skal kunne ta ut foreldrepengar.

I 2022 fekk desse fedrane åtte veker sjølvstendig uttaksrett og no vil vi utvide denne retten med ytterlegare to veker. Dette gir desse fedrane betre mogelegheit til å nytte seg av sine opptente foreldrepengerettar og å få foreldrepengar over ein lenger periode. Nivået på ytinga vil vere noko redusert (til 90 prosent) for åtte av desse ti vekene.