Revidert nasjonalbudsjett
Meir til fornybar energi og reindrift
Nyheit | Dato: 11.05.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Regjeringa gjer framlegg om ekstra midlar til Bionova for å dekkje etterspurnaden etter finansiering til investeringar i fornybar energi i landbruket. Det blir gjort framlegg om å styrkje reindriftsforvaltninga og auke kunnskapsgrunnlaget om reindrift.
40 millionar meir til Bionova
For å dekkje behovet for midlar til investeringar i fornybar energi i landbruket gjer Regjeringa framlegg om må auke tilsegnsfullmakta for 2023 til Bionova med 40 millionar kroner til i alt 130 millionar kroner.
– Etterspurnaden etter investeringstilskott for å leggje om til meir bruk av fornybar energi i landbruket er langt større enn den ramma som opphaveleg vart sett for 2023. I slutten av februar måtte ein setje stopp for å handsame nye søknader, og det ligg pr. i dag meir enn 400 søknader som ikkje er handsama. Det er derfor nødvendig å auke løyvinga for å følgje opp regjeringa sitt mål på dette området, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.
Bionova skal medverke til reduksjon av klimagassutslepp og auka opptak og lagring av karbon i jord på gardsbruk. Bionova er etablert som del av Innovasjon Norge, og skal liggje i Brumunddal. Regjeringa og jordbruket har inngått ein særskilt klima-avtale. Bionova er viktig for å nå måla som er sett i denne avtalen.
Betre kunnskapar om reindrift
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 10 millionar kroner for å styrke kompetansen på arealforvaltning i reindriftsforvaltninga og for å få eit betre kunnskapsgrunnlag for planleggings- og utbyggingssaker.
– Eit godt kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for gode prosessar og avvegingar mellom ulik slag arealbruk. Det vil ikkje bli færre krevjande arealsaker framover. Det er derfor viktig at vi kan ha eit solid felles kunnskapsgrunnlag som grunnlag for arbeidet med desse. Betre kunnskapar og felles forståing av utfordringane er konfliktdempande i seg sjølv, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.
Reindrifta nyttar marginale ressursar i fjell og utmark. Det er ein føresetnad for ei berekraftig reindrift at næringa har tilgang på nødvendige areal. Fleire større utbyggingssaker har vist det konfliktpotensialet som ligg ved utbyggingar innanfor reinbeiteområda. Framover vil det vere behov for meir elektrisk kraft og dermed fleire energiutbyggingar. For å møte denne utfordringa er det behov for betre prosessar med auka kunnskap om reindrift og kunnskap om korleis ulike typar inngrep verkar inn på reindrifta.
Styrking av reindriftsforvaltninga
Halvparten av løyvinga på 10 millionar kroner skal gå til Landbruksdirektoratet, og halvparten til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Dette er institusjonar som er viktige for næringsutvikling, arealbruk og berekraft.
– Løyvinga er øyremerkt Landbruksdirektoratet si avdeling i Alta for å byggje opp et breiare fagmiljø og kompetanse om arealforvaltning. Denne satsinga legg til rette for fleire nye fagstillingar og er derfor også del av regjeringa si prioritering av kompetansearbeidsplassar i Nord-Noreg, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.
– Dette er ei sterk satsing frå regjeringa si side. Det er avgjerande at reindriftsforvaltninga har tilstrekkeleg med ressursar til å ta vare på reindrifta sine interesser ved ulike utbyggingar, seier Borch.
Det er også sett i verk tiltak for å styrke reindriftsnæringa sin medverknad i planleggingsprosessane ved utbygging. Gjennom reindriftsavtalen er det etablert ei rådgjevingsteneste i arealsaker, og reinbeitedistrikta har fått auka tilskott til det administrative arbeidet sitt med mellom anna medverking i plan- og utbyggingssaker.