Meir til fritidsaktivitet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Fritidsaktivitetar er svært viktig i kvardagen for barn og unge. Å ha ein stad å gå til, treffe vener eller få nye venskap, ein stad å vere ein del av eit fellesskap - det gir meistring og tryggleik. Vi vil at alle skal få dette gjennom gode fritidstilbod, uavhengig av økonomi, kor dei bur eller kven dei er. Derfor gir vi no ekstra støtte til barne- og ungdomsorganisasjonane, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Statssekretæren snakker til en gruppe ungdommer
Statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann besøkte LNU med den gode nyheten torsdag 15. desember. Foto: Sverre Øygarden Eikill/LNU

Fem millionar kroner ekstra går til ordninga Frifond organisasjonsboost som skal hjelpe barne- og ungdomsorganisasjonar med å kome i gang etter pandemien.

Forsking viser at det var nedgang i all aktivitet i frivillig sektor under pandemien. Mange organisasjonar seier at det har blitt meir utfordrande å rekruttere folk, og nedgangen i talet på frivillige er størst blant unge under 30 år.

– Dette viser kor viktig det er at vi har stønadsordningar for den unge frivilligheita og at vi legger til rette for at dei får så gode rammer som mogleg. Det er ein jobb å gjere med å få henta inn både frivillige og deltakarar som har falle frå under pandemien. Og ikkje minst å få rekruttert inn nye gode krefter. Det er viktig for å få aktivitetane på plass igjen, seier Trettebergstuen.

Regjeringa har sett i gong fleire tiltak for å få opp aktivitetane etter pandemien.

– Vi har mellom anna starta arbeidet med ein strategi for kulturfrivilligheit, ein strategi for dataspel, ei fornying av Fritidserklæringa og det er sett ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar. Og nyleg styrkte vi Norges Musikkorps Forbund med 1,5 millionar kroner for å bygge opp korpsmiljøet. Steg for steg skal vi bygge opp frivilligheita igjen, seier Trettebergstuen.

Regjeringa sette tidlegare i år av 14 millionar kroner til denne ordninga. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) fordelar tilskotet vidare på vegne av Kultur- og likestillingsdepartementet. No er det tilført fem millionar kroner ekstra, til meir aktivitet i ungdomsklubbar, sjakklubbar, barnekor, speidargrupper og mykje meir over heile landet.

Kjelde: