Revidert nasjonalbudsjett

Meir til lokal og nasjonal kultur

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa ekstra midlar til fleire små og store institusjonar og prosjekt, som Det Norske Teatret.

Regjeringa gjer framlegg om eit ekstraordinært driftstilskot på 9 millionar kroner til Det Norske Teatret for 2024.

– Det Norske Teatret er ein av våre største og viktigaste scenekunstinstitusjonar og spelar ein vesentleg rolle for å fremje nynorsk i samfunnet vårt. Vi veit at dei har hatt ein krevjande økonomisk situasjon og eg er glad for at vi har funne ekstra midlar som sikrar gode rammer for framtidig drift, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Rørosmartnan

Regjeringa foreslår òg å tildele 1 million kroner til Rørosmartnan for å støtte lokal og regional kultur, og fremje immateriell kulturarv.

– Rørosmartnan har i 170 år vore ein viktig vintermarknad for handel, og har ein lang historisk kulturtradisjon som vi ønskjer å ta med oss vidare, seier kultur- og likestillingsministeren.

Sagatun historiske senter

Regjeringa foreslår 600 000 kroner til prosjektet «Sagatun historiske senter» på Hamar. Sagatun var Noregs første folkehøgskole og var kjend for å vere ein møteplass for drøfting av aktuelle samfunnsspørsmål, som stemmerett, kvinnesak, skule, sosiale utfordringar med vidare. Senteret skal stimulere til forsking, dokumentasjon og formidling av utdanningsinstitusjonen sin stolte historie. Midlane går til etablering, utvikling og drift av verksemda, samt til prosjektleiar på deltid. 

– Sagatun spelte ei viktig rolle i utviklinga av unge menneske sine tankar og medvit om folkestyre og sosial rettferd. Ein slik historisk opplæringsarena vil danne eit godt utgangspunkt for å setje søkjelys på samfunnsspørsmål som er aktuelle også i vår tid, seier Jaffery.

Midlar til Fosse-arrangement

Regjeringa gjer framlegg om å løyva 4 millionar kroner til eit årleg litteraturarrangement som skal gjennomførast i regi av Nasjonalbiblioteket. Tiltaket vil femna om ei årleg Fosse-førelesing med tilhøyrande festarrangement og tildeling av eit stipend til ein omsetjar som vil setja om norsk litteratur til andre, gjerne mindre brukte, språk. 
Regjeringa varsla alt i desember 2023 at ein ville heidra vinnaren av Nobel-prisen i litteratur 2023, Jon Fosse, på denne måten. Nasjonalbiblioteket er no godt i gang med å førebu det fyrste arrangementet seinhaustes 2024. Tida er difor inne for å tilføra Nasjonalbiblioteket naudsynte midlar.

– Jon Fosse har medverka til å lyfta det norske litteraturfeltet internasjonalt. Regjeringa vil gjera sitt for at dette lyftet vert halde ved lag i tiåra som ligg framom oss, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.