Meir utfordrande å rekruttera i staten
Pressemelding | Dato: 23.09.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Det er krevjande å behalda og rekruttera it-personell og anna fagpersonell med spisskompetanse i dei statlege verksemdene. Det viser ferske tal frå Arbeidsgivarbarometeret i staten.
– Undersøkinga viser at rekruttering av rett kompetanse har blitt meir krevjande i år samanlikna med tidlegare år. Ikkje minst er det utfordrande å behalda og rekruttera it-personell. Dette er ei utfordringa som mange verksemder innan både privat og offentleg sektor merkar. For staten inneber det at vi i endå større grad må synleggjere karrieremoglegheitene som finst hos oss, seier Sigbjørn Gjelsvik, kommunal- og distriktsminister (Sp).
Tala er henta frå Arbeidsgivarbarometeret i staten for våren 2022. Barometeret viser at det er spesielt utfordrande å behalda og rekruttera it-personell. 42 prosent svarte særs eller ganske utfordrande, ei auke på 18 prosentpoeng frå 2021. Mange verksemder slit òg med å behalda og rekruttera fagpersonell med spisskompetanse. Det har òg vorte meir krevjande våren 2022, enn i 2021.
Arbeidsgivarbarometeret blei starta av Kommunal- og distriktsdepartementet i 2020, for å legge til rette for ei kunnskapsbasert utvikling av arbeidsgivarpolitikken i staten. Undersøkinga går til dei nesten 200 HR-leiarane i det statlege tariffområdet, og blir gjennomført to gangar i året. Tema i barometeret i vår er mellom anna arbeidsliv etter koronapandemien, behalde og rekruttere kompetanse og likestilling og diskriminering.
Heimekontor og fjernarbeid
Undersøkinga viser at verksemdene ønsker å gi medarbeidarane meir fleksibilitet samanlikna med før pandemien. 95 prosent av verksemdene har utarbeidd nye føringar som regulerer arbeid heimanfrå. 85 prosent har ei øvre ramme på 2 dagar heime i veka.
89 prosent av verksemdene ønsker å gi medarbeidarane meir fleksibilitet samanlikna med før pandemien og 91 prosent forventar meir bruk av heimekontor. Tilbakemeldinga frå verksemdene viser også at omfanget av fjernarbeid aukar.
– Regjeringa har som ambisjon å auke talet på stillingar i staten som blir lyst ut med moglegheit for fjernarbeid. Det kan betre rekrutteringa av etterspurd kompetanse, og auke tilgangen på kompetansearbeidsplassar i distrikta. Eg vil oppmode dei statlege verksemdene til å legge til rette for meir fjernarbeid, samstundes som ein vurderer mogelegheiten for at fleire tilsette kan ha fast kontorstad i distriktskommunar, seier Gjelsvik.
Likestilling og diskriminering
I følgje Aktivitets- og forklaringsplikta skal alle verksemder jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering på arbeidsplassen. I barometeret har vi mellom anna spurt om likelønn, ufrivillig deltid og trakassering av LHBTIQ+-personar. 9 prosent av verksemdene fann uforklarlege lønnsforskjellar mellom kvinner og menn når dei skulle kartlegge likeløn til årsmeldinga for 2021. Dei fleste verksemdene har allereie retta opp i desse lønsforskjellane. Få verksemder identifiserte tilsette med ufrivillig deltid. 92 prosent av verksemdene har rutinar for å førebygge og handtere saker om trakassering av medarbeidarar. Berre 14 prosent har i stor eller ganske stor grad behov for meir kompetanse knytt til å førebygge trakassering på lhbtiq+-feltet.
– Sjølv om dette til dels er oppløftande tal for staten, er det viktig at vi framleis har stor merksemd på Aktivitets- og forklaringsplikta, for å hindre diskriminering i det statlege tariffområdet, seier Gjelsvik.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00