Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding
Tale/innlegg | Dato: 02.10.2012 | Statsministerens kontor
Vi HARALD, Noregs Konge,
s t a d f e s t e r:
I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.
Den 13. august mottok regjeringa rapporten frå 22. juli-kommisjonen. Rapporten har vore sendt på høyring.
Statsministeren og justis- og beredskapsministeren gjorde greie for hovudfunna i rapporten for Stortinget 28. august i år. Dei la og fram korleis regjeringa vil følgje han opp og gjorde greie for iverksette og kommande tiltak.
Regjeringa har sendt på høyring forslag om nye straffeføresegner om førebuing til terrorhandlingar og endringar i reglane om organisert kriminalitet.
Det er vedteke at det skal stillast tomt på Alna til disposisjon for etablering av nytt beredskapssenter for politiet i Oslo.
Regjeringa har vedteke at det skal opprettast ein nasjonal minnestad for 22. juli i regjeringskvartalet. Minnestaden skal hedre alle offer, etterlatne og frivillige. Det skal også opprettast ein minnestad på landsida ved Utøya.
I mars 2012 runda Noreg fem millionar innbyggjarar. Folkeveksten i Noreg i 2011 målt i talet på menneske har aldri vore større, og det er nesten 100 år sidan Noreg hadde større folkevekst i prosent.
Norsk økonomi har klart seg godt etter tilbakeslaget under finanskrisa. Verdiskapinga har no auka ti kvartal på rad. Sysselsetjinga er høgare enn toppnivået i 2008, og arbeidsløysa held seg låg. Lågare aktivitet hos handelspartnarane har bidrege til svak utvikling i den tradisjonelle vareeksporten det siste året. Sterk vekst i etterspørselen frå petroleumsverksemda har vore med å halde veksten i norsk økonomi oppe.
Den gode utviklinga i norsk økonomi speglar seg i arbeidsmarknaden. Veksten i talet på sysselsette personar har vore høg og aukande gjennom 2011 og inn i 2012. I 2012 vert det anslått at talet på sysselsatte vil auke med nær det dobbelte av gjennomsnittet for dei siste 20 åra. Den høge veksten i sysselsetjinga skuldast først og fremst at høg innvandring bidreg til høg vekst i tilbodet av arbeidskraft. Nivået for arbeidsledige held seg likevel på eit lågt nivå. I andre kvartal i år utgjorde dei arbeidsledige 3,0 pst. av arbeidsstyrken.
Veksten i verdsøkonomien er framleis svak. Det er særleg industrilanda som dreg ned. Veksten er framleis relativt høg i Kina og andre framveksande økonomiar, men også her går tempoet ned. Løpande statistikk og stemningsindikatorar peikar i retning av vidare svak utvikling i industrilanda framover. Frykta for at enkelte land i euroområdet ikkje skal klare å betene statsgjelda si, har i lengre tid vore ei kjelde til uro i finansmarknadene. Sidan statsgjeldproblema i euroområdet blei synlege for snart tre år sidan, har styresmaktene i EU og dei kriseramma landa gjennomført viktige tiltak. Dei fundamentale problema er likevel ikkje løyste.
Medan det har vore ei viss betring på arbeidsmarknaden i USA det siste halve året, er arbeidsløysa stigande i fleire europeiske land. I mange land er arbeidsløysa blant ungdom spesielt høg. Den økonomiske veksten i industrilanda er for svak til å auke sysselsetjinga i vesentleg grad, og ein reknar med at arbeidsløysa vil halde seg høg framover.
Regjeringa har i 2012 lagt opp ein jobbstrategi for personar med nedsett funksjonsevne. Strategien har spesielt fokus på personar med nedsett funksjonsevne under 30 år som treng hjelp for å komme i arbeid.
I perioden 2005 til 2012 har inntektene i kommunesektoren reelt auka med om lag 60 mrd. kroner (i 2012-kroner). I 2011 auka inntektene i kommunesektoren med 8,4 mrd. kroner. Sysselsetjinga i kommuneforvaltninga auka i 2011 med 10 300 personar, tilsvarande 2,5 pst. Det er høgare enn i 2010 og om lag same veksten som i 2008 og 2009. I første halvår 2012 var det i gjennomsnitt sysselsett 516 000 personar i kommunesektoren.
Nordområda er det viktigaste utanrikspolitiske satsingsområdet for regjeringa. I november 2011 la regjeringa fram den første meldinga til Stortinget om nordområda. I meldinga skisserer regjeringa norske hovudmål og prioriteringar i nordområdepolitikken dei neste 20 åra.
Regjeringa legg stor vekt på å fremje ei bærekraftig utvikling. Hovudutfordringane for ei slik utvikling er internasjonal fattigdom, urettferdig fordeling, store miljøøydeleggingar, menneskeskapte klimaendringar, konfliktar og diskriminering.
Noreg står i fremste rekkje i kampen mot global fattigdom. I 2009 blei målet om at norsk bistand skal utgjere 1 pst. av bruttonasjonalinntekta nådd. Bistanden har halde seg på dette nivået sidan og er av dei høgaste i verda. Samtidig spelar Noreg ei aktiv rolle i den internasjonale kampen mot ulovleg kapitalflyt for å hindre at fattige land blir tappa for pengar dei sårt treng når milliardverdiar forsvinn utan å bli skattlagde.
Regjeringa har halde fram med moderniseringa av Forsvaret og følgt opp gjeldande langtidsplan med dei auka løyvingar som var varsla.
Stortinget gav i juni 2012 tilslutning til ein ny langtidsplan for Forsvaret. Planen inneber ein forsvarsstrukur i balanse, som sikrar Noregs interesser og verdiar. Regjeringa vidarefører satsinga i nordområda med overvaking og utøving av suverenitet og myndigheit.
Regjeringa har lagt fram ei ny klimamelding for Stortinget. I meldinga held ein fast ved det høge ambisjonsnivået frå Klimaforliket.
I 2012 heldt regjeringa fram med å trappe opp løyvingane til veg og jernbane i samsvar med målsetjinga i Nasjonal transportplan 2010-2019.
Det er i samsvar med kyrkjeforliket vedteke endringar i Grunnlova og kyrkjelova, blant anna slik at valde organ i Den norske kyrkja har fått myndigheit til å tilsetje biskopar og prostar.
Regjeringa har lagt fram digitaliseringsprogrammet «På nett med innbyggerne», som byggjer på at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen for kontakten mellom innbyggjarane og forvaltninga.
Norge er verdas nest største eksportør av sjømat. Eksportverdien var i 2011 på 53 mrd. kroner, og av dette stod havbruksnæringa for nesten 60 pst. Norsk sjømatnæring skaper om lag 46 000 årsverk, når ein reknar med ringverknadene.
Det er framleis høg aktivitet i petroleumssektoren. Verdien av olje- og gasseksporten var i 2011 på om lag 562 mrd. kroner og 30 pst. av statsinntektene kom frå denne sektoren. Norsk oljeproduksjon er gradvis blitt redusert sidan 2001, mens sal og eksport av gass er aukande. Om lag 44 pst. av Noregs ressursbase er produsert til no.
Regjeringa fremja våren 2012 eksportkredittlova, som gav grunnlag for å opprette det statlege selskapet Eksportkreditt Norge AS. Det vil sikre eit robust og konkurransedyktig finansieringstilbod for norsk næringsliv.
Regjeringa held fram arbeidet sitt med å gjere opplæringa på ungdomstrinnet meir praktisk, variert og relevant. Som ei oppfølging av meldinga om ungdomstrinnet «Motivasjon – mestring – muligheter», innførte alle ungdomsskolar valfag for 8. trinn i år.
Målsetjinga om å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring er ei hovudprioritering for regjeringa. Målsetjinga skal ein nå gjennom tett oppfølging og ytterlegare arbeid for å gi opplæring med relevant innhald og god kvalitet på alle trinn. Prosjektet Ny Giv rettar seg spesielt mot elevar som har eit svakt grunnlag frå ungdomsskolen eller som har slutta i vidaregåande. Samla vil 3 500 lærarar få skolering i metodebruk tilpassa elevar med svake faglege føresetnader. Totalt vil 13 000 elevar bli direkte omfatta av denne opplæringa på dei tre åra prosjektet varer.
Regjeringa har i 2012 sørgt for ein betydeleg kapasitetsauke i høgare utdanning gjennom nye studieplassar og nye bygg. Auken vil, saman med tidlegare aukingar, gi ca. 23 400 nye studieplassar innan 2017. Regjeringa har frå 1. januar 2012 utvida rett og plikt til norskopplæring frå 300 til 600 timar for slik å leggje til rette for at innvandrarar skal lære enda betre norsk og få kunnskap om det norske samfunnet.
Regjeringa la i desember 2011 fram Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken – Velkommen til bords. Meldinga blei behandla i Stortinget i april 2012.
Regjeringa har sett i gang samhandlingsreforma, som skal gi pasientar og brukarar betre tenester der dei bur.
Den nye folkehelselova har tredd i kraft.
***
I 2012 har forbruket hos norske hushaldningar teke seg opp. Låge renter, god inntektsvekst og høg sparing gir grunn til å vente at denne utviklinga vil halde fram. Samtidig ligg det an til kraftig vekst i petroleumsinvesteringane også i 2012, og mange fastlandsbedrifter rapporterer om betra vekstutsikter.
Noreg er likevel ikkje skjerma for utviklinga ute. Dersom situasjonen internasjonalt blir verre, kan lønnsemda i norske eksportbedrifter med høgt kostnadsnivå komme under ytterlegare press. Høg gjeld gjer norske hushaldningar sårbare for overraskande inntekstbortfall eller auka lånerenter.
Regjeringa følgjer handlingsregelen for ei gradvis og forsvarleg innfasing av petroleumsinntekter i norsk økonomi. Den økonomiske politikken skal samtidig bidra til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. Det betyr av vi må halde igjen på pengebruken når økonomien går godt, slik at vi om nødvendig kan bruke budsjettet til å stimulere etterspørselen i dårlege tider. Denne handlefridommen var god å ha under finanskrisa.
Med utsikter til låg inflasjon, svakare vekstutsikter internasjonalt og auka uro i finansmarknadene reduserte Noregs Bank styringsrenta med 0,5 prosenteiningar på rentemøtet sitt i desember 2011 og med ytterlegare 0,25 prosenteiningar i mars i år, til 1,5 pst. Styringsrenta har sidan blitt halden uendra på dette nivået.
Statens pensjonsfond (Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg) hadde ein samla marknadsverdi ved utgangen av 2. kvartal 2012 på 3 697 mrd. kroner. Resultata gjennom fjoråret og så langt i 2012 har vore prega av stor utryggleik i finansmarknadene med omsyn til vekstutsiktene for verdsøkonomien.
Det er viktig at ein evnar å halde fast ved ein langsiktig investeringsstrategi, også i periodar med uro i finansmarknadene. Høg oppslutning om korleis Statens pensjonsfond blir forvalta, gir gode føresetnader for at petroleumsinntektene kan komme både dagens og framtidige generasjonar til gode. Stortingsbehandlinga av årets melding om Statens pensjonsfond viser at det er brei politisk semje om strategien for forvaltninga av dei felles sparemidla våre.
Revisjonen av statsbudsjettet for 2012 i mai innebar ein bruk av petroleumsinntektene på 116 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskottet. Det er 6 mrd. kroner lågaren enn ein rekna med i Nasjonalbudsjettet 2012 og 16 mrd. kroner under den venta realavkastninga av Statens pensjonsfond utland.
Sysselsetjinga har auka kraftig gjennom første halvår 2012, samtidig som arbeidsløysa har halde seg låg. I andre kvartal 2012 var det ifølgje nasjonalrekneskapen sysselsett nesten 20 000 fleire enn kvartalet før.
Konsumprisindeksen auka med 1,2 pst. i 2011, og prisveksten har halde seg moderat hittil i 2012.
Kronekursen styrkte seg betydeleg frå årsskiftet og fram til mars i år, men har sidan svekka seg noko. Målt ved konkurransekursindeksen var krona mot slutten av september drygt 21/2 pst. sterkare enn ved årsskiftet og nesten 5 pst. sterkare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra.
Etter å ha falle frå først i april til midten av juni har oljeprisen teke seg markert opp. Oljeprisen er no vel 110 dollar per fat.
Driftsbalansen overfor utlandet viste eit overskott på 393 mrd. kroner i 2011. Det er 80 mrd. kroner meir enn året før.
Tal for utanrikshandelen for første halvår 2012 viser at eksportverdien for tradisjonelle varer var 1,8 pst. lågare enn i same perioden året før, mens importverdien for tradisjonelle varer var 1,9 pst. høgare.
Regjeringa legger stor vekt på å fremje ei berekraftig økonomisk og sosial utvikling. Hovudutfordringane for ei slik utvikling er internasjonal fattigdom, reduksjon i naturmangfaldet, menneskeskapte klimaendringar og spreiing av miljøgifter.
Sidan 2005 har regjeringa auka løyvingane til dei ordinære distrikts- og regionverkemidla med over 700 mill. kroner. Regjeringa har halde fram distriktsløftet i 2012 bl.a. gjennom auka midlar til næringshagane og vidareføring av dei ulike satsingane på attraktive lokalsamfunn, bl.a. Bolyst og MERKUR-programmet.
Regjeringa har i 2012 etablert eit nytt verdiskapingsprogram for lokale og regionale parkar.
Bustøtta er det viktigaste bustadpolitiske verkemiddelet staten har og skal bidra til at dei som har låg inntekt og høge buutgifter, skal kunne bu i ein høveleg bustad. Ordninga er blitt styrkt gjennom ei eiga lov som avklarar og sikrar rettane til søkjaren.
Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om ein framtidsretta bygningspolitikk, som legg til rette for energieffektive bygg med gode kvalitetar. Samtidig skal byggjereglane bli enklare og dermed føre til redusert tidsbruk og kostnader for dei involverte partane.
Det er løyvt 20 mill. kroner til eit nytt tilskott for å auke bustadtilbodet i kommunar med små og usikre bustadmarknader eller mangel på bustader. Ordninga er viktig fordi mange mindre kommunar kan ha arbeidsplassar, men ikkje bustader til tilflyttarar.
Noreg har fram til oktober 2013 formannskapen i Barentsrådet og er pådrivar for ei vidare utvikling av samarbeidet i nord mellom dei fire landa i Barentsregionen. Arbeidet i Arktisk råd blir tillagt stor vekt.
Regjeringa har ført ein offensiv europapolitikk basert på Soria Moria-erklæringa og stortingsmeldinga om gjennomføringa av europapolitikken. Regjeringa har lagt fram ei melding til Stortinget om EØS-midlane. Norsk innsats og bistand til regional stabilitet og euroatlantisk integrasjon på Vest-Balkan er vidareført.
Regjeringa har bidrege til å styrkje det nordiske samarbeidet under Noregs formannskap i Nordisk Ministerråd og gjennom å følgje opp Stoltenberg-rapporten om eit tettare utanriks- og tryggingspolitisk samarbeid i Norden.
Gjennom medlemskap i FNs menneskerettsråd 2009-2012 har Noreg bidrege til å styrkje FNs innsats for menneskerettar. Noreg har også auka innsatsen mot dødsstraff og har ei sentral rolle i støttegruppa til Den Internasjonale Kommisjonen mot dødsstraff (ICDP).
Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om global helse i utanriks- og utviklingspolitikken, der det blir lagt vekt på ytterlegare å styrkje det globale arbeidet med å betre helsa til kvinner og barn, redusere sjukdommar og bidra til menneskeleg tryggleik gjennom helse.
Regjeringa bidrog til at ein under FN-konferansen om berekraftig utvikling, Rio +20, oppnådde viktige resultat om utvikling av mål for berekraft, rettferdig fordeling, energi, mattryggleik, hav, likestilling, skog og verdsetjing av naturkapital.
Regjeringa har nyleg lagt fram ei melding til Stortinget om norsk FN-politikk. Meldinga gir ei samla norsk tilnærming til FN for å styrkje gjennomslag for våre prioriteringar og FNs evne til å handtere globale utfordringar i ei verd i endring.
Noreg var 11.-14.s eptember i år vertskap for og leidde det tredje statspartsmøtet for Konvensjonen om klaseammunisjon. Avtala har bidrege til at vern av sivile har blitt styrkt.
Afghanistan er framleis det viktigaste området for norsk militær innsats i internasjonale operasjonar. Det norske nærværet i Faryab-provinsen blei avvikla i september 2012 og det norske militære bidraget blir konsentrert om Kabul og Mazar-e Sharif.
Regjeringa har arbeidd for å sikre at eit nært forsvarssamarbeid mellom medlemmene i NATO skal halde fram.
Hovudtema på NATO-toppmøtet i Chicago i mai 2012 var korleis NATO skal møte framtida i ei verd prega av forsvarsbudsjett under press og skiftande geopolitisk balanse. Toppmøtet fatta viktige vedtak om blant anna ei forsvarspakke for å gjere NATO betre rusta for å møte nye tryggingsutfordringar, NATOs framtidige rolle i Afghanistan og avslutta ein gjennomgang av forsvars- og avskrekkingspolitikken i alliansen som reduserer den rolla kjernevåpena spelar.
Regjeringa har ført vidare ein tett dialog med EU om tryggings- og forsvarspolitikken.
Trass i færre kapringar er sjørøveri framleis ei alvorleg utfordring for norsk skipsfart og ein stor fare for sjøfolks liv og helse. Den internasjonale militære innsatsen i Indiahavet og den auka bruken av førebyggjande tiltak frå reiarlaga har ført til færre angrep.
Avtala som Statoil og det russiske oljeselskapet Rosneft gjorde i mai 2012, er eit eksempel på dei nye moglegheitene for samarbeid som delelinjeavtala med Russland har opna for. Avtala om grensebuarbevis tredde i kraft 29. mai og gjer det mogleg for befolkninga i det nære grenseområdet å krysse grensa mellom Noreg og Russland utan visum. Det fremjar utvikling av samarbeidet med Russland.
Stortinget har for 2012 vedteke framlegget frå regjeringa til bistandsbudsjett på til saman 27 835 mill. kroner, som tilsvarer 1 pst. av den venta bruttonasjonalinntekta.
Med dette høge bistandsnivået, både i kronebeløp og som del av bruttonasjonalinntekta, er Noreg blant dei største bidragsytarane til internasjonal solidaritet. Sentalt for norsk utviklingspolitikk har vore kampen mot fattigdom, grøn utvikling og likestilling.
Regjeringa har sett i gang arbeidet med ein nasjonal strategi for meir samordna og målretta innsats for verdiskaping basert på natur- og kulturarven. Strategien vil sikre ein meir effektiv bruk av offentlege verkemiddel og gi auka verdiskaping i distrikta basert på natur- og kulturarven.
Regjeringa har sett ned eit offentleg utval for å vurdere verdiane av økosystemteneste i Noreg. Økosystemtenester omfattar i tillegg til mat, fiber og brensel, også meir usynlege fellesgode som vassreinsing, pollinering og rekreasjonsverdiar. Det vil vere eit viktig bidrag til betre å forstå Noregs naturkapital.
Stortinget vedtok i mai 2012 endringar i klimakvotelova. Lovendringane gjennomfører EUs reviderte kvotekollektiv i Noreg. Direktivet utvidar og forbetrar EUs kvotesystem med verknad frå 2013.
Partskonferansen under FNs klimakonvensjon i Durban i desember 2011 enda med eit samla positivt resultat med fire hovudelement: 1) Ny forpliktingsperiode under Kyotoprotokollen. 2) Vedtak om å forhandle fram ei bindande avtale som skal omfatte alle land – Durban-plattforma. Forhandlingane skal avsluttast til 2015 og avtala skal gjelde fra 2020. Sentralt i desse forhandlingane står også eit arbeidsprogram for auka ambisjonar også fram mot 2020. 3) Etablering av det grøne klimafondet. 4) Oppfølging av Cancún-avtala, med bl.a. eit arbeidsprogram for langsiktig finansiering, etablering av rammeverk for tilpassing, nytt regelverk for rapportering og kontroll av alle land og konkret oppfølging av utsleppskutt fram mot 2020.
Innsatsen for reduserte klimagassutslepp frå skog i utviklingsland blei vidareført og utvikla vidare. Det er til no etablert storskala bilateralt samarbeid med Brasil, Guyana, Tanzania og Indonesia, og det blir gitt støtte til strategiutvikling og kapasitetsbygging i meir enn 40 utviklingsland gjennom multilaterale fleirgivarfond.
Samarbeidet med Indonesia for å redusere klimagassutslepp frå avskoging, skogforringing og torvmyr, innleidd i 2010, gav dei første resultata. Det blei i mai 2011 sett i verk eit toårig moratorium for tildeling av nye lisensar til rydding av skog og torvmyrar.
I tråd med bl.a. norske forhandlingsposisjonar blei verdas leiarar einige om at utslepp frå avskoging og skogforringing i utviklingsland skal bli ein del av eit nytt framtidig klimaregime. Klimatoppmøtet i Cancún vedtok at slike tiltak skal ta omsyn til rettane til urfolk og bevare naturskog.
Rapportane frå sanntidsevalueringa av klima- og skoginitiativet, som blei lansert i mai, viser at Noregs bidrag har vore avgjerande for den framdrifta som er oppnådd i klimaforhandlingane på dette området. Sjølv om det framleis er for tidleg å trekkje konklusjonar om resultat i enkeltland, signaliserer evalueringa at Noregs innsats har hatt betydeleg positiv effekt i samarbeidslanda.
Regjeringa har vidareført militære bidrag i ei rekkje operasjonar i utlandet innanfor ramma av FN, NATO og EU, blant anna gjennom FNs observatørmisjon i Syria og styrkebidraget i Afghanistan. I tråd med NATOs strategi i Afghanistan har Noreg overført den norske leiren i Faryab-provinsen og tryggingsansvaret til afghanske myndigheiter.
Arbeidet med å gi personell i internasjonale operasjonar anerkjenning og oppfølging er styrkt i tråd med handlingsplanen til regjeringa. Tiltak på tvers av samfunnssektorane har stått særleg sentralt.
Regjeringa har sett i verk eit strategisk arbeid for kompetansereform i forsvarssektoren.
Stortinget slutta seg i juni 2012 til framlegget frå regjeringa om innkjøp av inntil 52 nye kampfly. Dei to første flya er bestilte for levering frå 2015. Stortinget har også slutta seg til ein framtidig basestruktur for Luftforsvaret.
Regjeringa har vidareført arbeidet med å sikre moglege oppdrag for norsk industri innanfor F-35-samarbeidet i framtida.
Regjeringa har styrkt arbeidet med FNs tryggingsrådsresolusjon 1325 (2000) om kvinner, fred og tryggleik gjennom ei rad konkrete tiltak innanfor operasjonar, kompetansebygging og rekruttering.
Talet på registerte personar med nedsett arbeidsevne har gått noko ned dei siste åra. Talet på tiltaksplassar for denne gruppa gjekk noko ned fra 2010 til 2011, men auka att frå 2011 til 2012. Talet på tiltaksplassar for ledige er redusert noko i takt med stabiliseringa av arbeidsmarknaden. Samla planlagt tiltaksnivå for ledige og personar med nedsett arbeidsevne er på 71 200 plassar i 2012.
Dei fleste norske tilsette har hatt god lønnsvekst dei siste åra. Samla lønnsvekst var i 2011 på 4,2 pst. Lønnsoppgjeret i 2012 var eit hovudoppgjer i dei fleste tariffområda. Det var tvistar i nokre tariffområde, men dei fleste tvistane blei løyste gjennom ordinær mekling. Unio og Staten blei einige om å gå inn for frivillig lønnsnemnd, mens konfliktane i sokkelavtalene og vektarovereinskomsten blei avgjorde ved tvungen lønnsnemnd.
NAV-reforma er i all hovudsak gjennomført, det siste NAV-kontoret blei oppretta i 2011. Både den organisatoriske etableringa og innføringa av store innhaldsreformer er på plass. Reformperioden har vore krevjande for Arbeids- og velferdsetaten. Det tilseier at vidare utvikling av etaten vil ha eit meir langsiktig og heilskapleg perspektiv. Det overordna bildet viser at resultatutviklinga går i rett retning på mange viktige område i Arbeids- og velferdsetaten. Situasjonen i ytingsforvaltninga er no vesentleg betra samanlikna med tidlegare i reformperioden sjølv om saksbehandlingstida framleis er lang for enkelte ytingar. Etaten har vidare betra oppfølginga av viktige brukargrupper som arbeidssøkjarar, sjukmelde og mottakarar av arbeidsavklaingspengar. Brukarundersøkingar viser at brukarane no er meir tilfredse med tenestene til Arbeids- og velferdsetaten enn dei har vore dei tre siste åra.
Arbeids- og velferdsetaten har mange og til dels gamle IKT-løysingar. Vesentlege forbetringar av effektivitet og kvalitet i saksbehandlinga i arbeids- og velferdsforvaltninga krev omfattande modernisering av IKT-systema i Arbeids- og velferdsetaten. Stortinget gav i vår Arbeidsdepartementet ei ramme på 1 750 mill. kroner for å fornye IKT-systema i etaten.
Regjeringa har i 2012 halde fram med arbeidet for å fremje eit seriøst og anstendig arbeidsliv. Det er sett i gang eit arbeid med å etablere treparts bransjeprogram, og hittil er det etablert eit slikt bransjeprogram i reinhaldsbransjen. Regjeringa har også innført ei offentleg godkjenningsordning for reinhaldsverksemder frå 1. september 2012.
Regjeringa har fremja Prop. 74 L (2011-2012) om endringar i arbeidsmiljølova og tenestemannslova m.m. Stortinget vedtok 7. juni 2012 lovframlegga, som gjennomfører EUs vikarbyrådirektiv. Det er vedteke å innføre eit likebehandlingsprinsipp, som inneber at vikarbyråtilsette skal ha dei same lønns- og arbeidsvilkåra som dei ville hatt om dei var tilsette hos innleigar. Det er også vedteke ei rekkje tiltak for å sikre at likebehandlingsprinsippet blir etterlevd og for å bidra til ein seriøs vikarbyråbransje.
Regjeringa samarbeider med partane i arbeidslivet om å følgje opp IA-avtala. Nye reglar om oppfølging av sjukmelde arbeidstakarar tredde i kraft 1. juli 2011. For dei fleste sjukmelde er aktivitet meir helsefremjande enn passivitet. Endringane støttar derfor opp under auka bruk av gradert sjukemelding. Det er også innført meir effektive reaksjonar overfor dei som ikkje følgjer opp ansvaret sitt i sjukefråværsarbeidet. Myndigheitene har saman med partane i arbeidslivet og Legeforeningen eit kontinuerleg fokus på utviklinga for å sikre at det nye regelverket blir godt følgd opp og etterlevd. For å støtte opp under sjukmeldarrolla er det utarbeidd faglege rettleiarar i sjukmeldingsarbeidet og system for regelmessige tilbakemeldingar om sjukmeldingspraksisen til legane. Det er ein oppløftande nedgang i sjukefråværet. Godt informasjonsarbeid er avgjerande for å halde oppe merksemda om delmålet i IA-avtala og eit viktig tema for samarbeidet mellom avtalepartane.
Det totale sjukefråværet i andre kvartal 2012 var på 6,0 pst. av alle avtala årsverk i kvartalet. Det er ein nedgang på 7,6 pst. frå andre kvartal 2011. Eitt av måla i avtala om eit inkluderande arbeidsliv er å redusere sjukefråværet med 20 pst. frå nivået i 2001. Sjukefråværet i andre kvartal 2012 er omlag 14 pst. lågare enn nivået i andre kvartal 2001.
Regjeringa presenterte i Revidert nasjonalbudsjett 2012 hovudtrekka i den planlagde yrkesskadereforma. Forslaget er å slå saman dagens to regelverk for yrkesskade i éi lov og samle den administrative behandlinga i eitt spor. Det vil gi eit meir rettferdig og tidsmessig regelverk, som kan svare på dei utfordringane vi står overfor med eit arbeidsliv i rask forandring. Det vil også ivareta likestillingsomsyn på ein betre måte enn i dag. Yrkesskadereforma er svært omfattande, med ei rekkje problemstillingar av lovmessig, organisatorisk og finansiell art.
Regjeringa har lagt fram ein proposisjon til Stortinget om pensjonsordning for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer.
Anleggsaktiviteten for veg og jernbane er høg. I 2012 starta anleggsarbeida på fellesprosjektet E6/Dovrebanen langs den søre delen av Mjøsa.
Ei rekkje store veganlegg er, eller blir, opna i 2012. Mange nye anlegg er sette i gang. Stortinget har vedteke fleire nye bompengeprosjekt.
Fleire utbyggingsprosjekt på jernbanen er anten ferdige, under bygging eller er sette i gang det siste året.
Satsinga på jernbane gir resultat. Persontoga er i første halvdel av 2012 klart meir punktlege, og målet om at 90 pst. av alle person- og godstog skal vere punktlege, er oppfylt. Fornyinga av jernbanenettet i Oslo-området har ført til eit betre og meir stabilt togtilbod.
Ved årsskiftet 2011/2012 blei ei ny trafikkavtale mellom staten og NSB AS inngått for perioden 2012-2017 med ei ramme på 15,4 mrd. kroner.
Regjeringa har ført vidare den sterke satsinga på trafikktryggleik. I 2011 miste 168 menneske livet i vegtrafikken. Kvart dødsfall i trafikken er eitt for mykje, men vi må heilt tilbake til 1954 for å finne tilsvarande låge tal på drepne i trafikken. Satsinga på trafikktryggleik har gjort mykje til denne reduksjonen.
Talet på kollektivpassasjerar heldt fram med å auke frå 2010 til 2011.
Etter anbodskonkurranse har Samferdselsdepartementet med verknad frå 1. april 2012 gjort avtale om kjøp av flyruter for 18 eksisterande ruteområde og eitt nytt. For rutene i dei fire nordlegaste fylka er avtalene inngått for fem år, mens avtaleperioden for dei andre rutene er fire år.
Regjeringa har lagt fram ei melding til Stortinget om verksemda til Posten Norge AS.
Etter terroranslaget mot Regjeringskvartalet er det gjennomført sikringsarbeid, opprydding og asbestsanering. På oppdrag frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet gjennomfører eksterne konsulentar no ei konseptvalutgreiing som skal klargjere ulike alternativ for oppattbygging av Regjeringskvartalet. Til grunn for utgreiinga ligg at hovudtyngda av departementa skal lokaliserast i det noværande Regjeringskvartalet.
Forhandlingar om ein nordisk samekonvensjon tok til i 2011. Sametinga i dei tre nordiske landa er representerte i forhandlingsdelegasjonane.
Takk vere god styring gjennom mange år, at ein har fått bukt med tjuvfisket i Barentshavet og gode klimatiske forhold, har vi saman med Russland greid å byggje opp verdas største torskebestand. Også dei andre store fiskebestandane er godt forvalta og fiskekvotane er historisk høge.
Regjeringa har gitt høg prioritet til tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske og andre typar fiskerikriminalitet og arbeider aktivt nasjonalt og internasjonalt for å få slutt på utkast av fisk. Noreg, Sverige og Danmark signerte i november 2011 ei felles erklæring om å innføre forbod mot utkast i Skagerrak. Noreg har også arbeidd for å påverke EU til å innføre utkastforbod i si reform av den felles fiskeripolitikken.
Den totale havbruksproduksjonen, der laks står for den største delen, var i 2011 på om lag 1,1 mill. tonn. Havbruksnæringa skal operere innanfor miljømessig berekraftige rammer, og for tida blir det særleg arbeidd med å løyse utfordringane som er knytte til lakselus og rømming. Laksenæringa møter for første gong sidan 1991 ingen handelspolitiske tiltak – etter at USA i januar fjerna straffetollen på fersk, heil laks frå Noreg. Norske myndigheiter og laksenæringa bidrog aktivt til dette.
I mai blei overvakings- og informasjonssystemet BarentsWatch lansert. BarentsWatch, som er ein viktig del av nordområdesatsinga til regjeringa, er eit pionerprosjekt der all kunnskap norsk forvaltning har om kyst- og havområda våre, blir samla i ein portal som vil vere tilgjengeleg for alle. Det vil føre til betre tryggleik til sjøs, auka innsikt og kunnskap og gi eit augneblinksbilde over det som skjer i havområda våre. Den første versjonen av BarentsWatch er basert på data frå seks statlege etatar, men talet på tenester vil auke gradvis, og etter kvart vil nærare 30 samarbeidande partnarar levere data og tenester til BarentsWatch.
Arbeidet med å kartleggje tidlegare omstridde område i Barentshavet kom i gang i 2011 gjennom botnkartleggingsprogrammet MAREANO.
Sjøtransporten utgjer om lag 45 pst. av all godstransport i Noreg. Regjeringa har som mål å overføre ein større del av transporten til sjø og bane. For å styrkje sjøtransporten er det sett i gang arbeid med ein nærskipsfartsstrategi. Kystavgifta er redusert til å dekkje 10 pst. av dei utgiftene staten har til navigasjonshjelpemiddel og tiltak langs farleia.
Regjeringa er oppteken av tryggleik til sjøs og oljevernberedskap. Regjeringa har styrkt sjøtryggleiken ytterlegare i dei nordlegare havområda, og det er bestemt at det skal innførast ei statleg losteneste for all skipstrafikk i farvatnet ved Svalbard på tilsvarande måte som for fastlandet. Det vil vere eit viktig bidrag til å redusere risikoen for uønskte hendingar ved Svalbard, slik at ein kan unngå skade på liv, helse og miljø.
Det er etablert ei statleg slepeberedskapsteneste for farvatna frå Røst til Grense Jakobselv og utanfor kysten av både Sørlandet og Vestlandet. Arbeidet med å hogge opp kryssaren «Murmansk» i Hasvik kommune begynte sommaren 2011 og er venta å vere ferdig i 2012. Det er vidare gjennomført tømming av olje frå vraka «Erich Giese», «Neuenfels» og «Boardale» ved Narvik og i Vesterålen.
Noreg og Russland har i fellesskap sendt ein søknad til FNs sjøfartsorganisasjon, IMO, om fastsetjing av eit obligatorisk skipsrapporteringssystem i Barentshavet, Barents SRS. Systemet vil auke sjøtryggleiken i Norskehavet og Barensthavet. Søknaden er venta å vere ferdigbehandla av IMO i november 2012.
Det er framleis høg aktivitet i petroleumsnæringa. Ti nye utbyggingsplanar blei behandla i 2011, alt frå mindre tidskritiske prosjekt til revitaliseringa av Ekofisk-feltet til 65 mrd. kroner. I 2011 blei det investert for om lag 145 mrd. kroner på kontinentalsokkelen. Det tilsvarer om lag 26 pst. av dei samla realinvesteringane i landet. Investeringsnivået er høgt. I 2012 er det venta investeringar på om lag 180 mrd. kroner, og det er venta at investeringane vil auke ytterlegare i åra framover.
I petroleumspolitikken blir det lagt til rette for ny aktivitet i nord.
TFO 2011 (tildelingar i førehandsdefinerte område) blei tildelt i februar 2012 og omfatta 60 utvinningsløyve til i alt 42 selskap. Den 22. konsesjonsrunden blei utlyst i juni 2012. 86 blokker blei lyst ut, og av desse var 72 i Barentshavet og dei resterande i Norskehavet. Nye, store funn i nord har skapt ny entusiasme for nordområda.
Etter avtala med Russland om avgrensinga i Barentshavet og Polhavet har regjeringa sett i gang ei konsekvensutgreiing for Barentshavet søraust med sikte på å opne området for petroleumsverksemd. Det er planlagt ei offentleg høyring av konsekvensutgreiinga kommande vinter. Såframt konsekvensutgreiinga gir grunnlag for det, vil regjeringa leggje fram ei stortingsmelding som tilrår å opne desse områda for petroleumsverksemd.
Prosessen for å greie ut om petroleumsverksemd i havområda rundt Jan Mayen følgjer ein tilsvarande tidsplan. Regjeringa har sett i gang kunnskapsinnhenting om følgjer av petroleumsverksemda i det nordaustlege Norskehavet. I tett samarbeid med lokale interessentar og fagmiljø vil ein særleg rette merksemda mot samfunnsmessige verknader for lokalsamfunn i regionen.
I 2011 utgjorde omsetninga til den norskbaserte petroleumsretta leverandørindustrien om lag 350 mrd. kroner, og av dette var om lag 150 mrd. internasjonal omsetning. I over 40 år har industrien bygd si konkurransekraft ved å løyse stadig meir krevjande oppgåver på norsk kontinentalsokkel. Industrien er blitt verdsleiande innanfor seismikk, undervassproduksjonssystem, boreutstyr og servicefartøy. Industrien har kunnskapsbaserte arbeidsplassar over heile Noreg.
Opninga av Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad i mai i år var ein viktig merkedag i den sterke norske satsinga innanfor fangst og lagring av CO2. Teknologisenteret er ein sentral del av den norske satsinga. Teknologisenteret er unikt i verdssamanheng, og det er det første i sitt slag som kan teste to ulike fangstteknologiar frå to forskjellige CO2-kjelder side om side. Arbeidet med å planleggje fullskala CO2-fangst på Mongstad går etter planane.
Den samla elektrisitetsproduksjonen var om lag 128 TWh i 2011, mens forbruket var om lag 125 TWh.
Olje- og energidepartementet og Noregs vassdrags- og energidirektorat gav i 2011 løyve til vass- og vindkraftprosjekt som vil kunne gi ein samla årleg produksjon på om lag 700 GWh. Same året blei 51 vindkraftprosjekt, eit vindkraftverk og utviding av eit vindkraftverk sett i drift. Desse vil bidra med ein samla årleg produksjon på om lag 800 GWh.
Olje- og energidepartementet gav i juli 2012 konsesjon til fem vindkraftverk i Dalane i Rogaland – Noregs til no største samla vindkraftprosjekt. Vindkraftverka vil ha ein installert effekt på over 400 MW og ein årleg produksjon på om lag 1,3 TWh.
Olje- og energidepartementet har i første halvår 2012 gitt endeleg konsesjon til utbygging av 19 vasskraftverk, blant desse til Smibelg og Storåvatn i Nordland på om lag 200 GWh. Det blir den største vasskraftutbygginga sidan 2004.
I desember 2011 fatta Olje- og energidepartementet vedtak for dei delstrekningane som stod att på den nye 420 kV kraftleidningen mellom Ørskog og Sogndal. Delar av strekninga blei vedtekne tidlegare i 2011. Alt ligg til rette for at kraftleidningen står ferdig innan utgangen av 2015. Med denne kraftleidningen på plass blir straumforsyninga tryggja i heile regionen, og den krevjande kraftsituasjonen blir betra. Leidningen legg også til rette for å realisere fornybar og klimavennleg energi i dei fylka det gjeld.
I juni 2012 gav Olje- og energidepartementet konsesjon til BKK Nett AS til ein 300/420 kilovolt (kV) kraftleidning frå Kollsnes i Øygarden kommune via Radøy og Austrheim kommunar til Mongstad i Lindås kommune i Hordaland. Kraftleidningen vil vere eit viktig bidrag til å få ein akseptabel forsyningstryggleik i Bergens-regionen.
I romjula 2011 gjorde ekstremvêret Dagmar store skadar på infrastrukturen for straum. Fleire enn 570 000 straumkundar blei råka. For å unngå omfattande straumutfall, som det vi opplevde under Dagmar, er vedlikehald og modernisering av nettet avgjerande.
Regjeringa har lagt fram Meld. St. 14 (2011-2012) Vi bygger Norge – om utbygging av strømnettet. Med meldinga legg regjeringa til rette for utbyggingar og reinvesteringar i det sentrale overføringsnettet for straum. Det skal innførast ekstern kvalitetssikring og ei tidleg politisk melding frå departementet om behov og konseptval. I tillegg blir avgjerdsmakta for konsesjonar flytta til Kongen i statsråd.
Regjeringa har lagt fram Meld. St. 15 (2011-2012) Hvordan leve med farene. Gjennom meldinga vil regjeringa betre evna til å handtere flaum- og skredrisiko. Meldinga peikar ut retninga for statens arbeid med dette framover. Det inneber ei heilskapleg tilnærming som omfattar både kartlegging, arealplanlegging, sikringstiltak, overvaking, varsling, beredskap, krisehandtering og forsking/utvikling.
1. januar 2012 var det oppstart for den felles elsertifikatmarknaden med Sverige. Dette er første gong to land etablerer ei felles støtteordning for fornybar energi. Med den felles elsertifikatmarknaden inngår Noreg og Sverige eit langsiktig samarbeid med eit samla mål om å auke den fornybare elektrisitetsproduksjonen med 26,4 TWh i 2020.
Enova har inngått nye avtaler om fornybar energiproduksjon og energisparing som tilsvarer om lag 1,3 TWh i 2011. Innan utgangen av 2011 hadde Enova eit mål om å utløyse prosjekt som gir ny miljøvennleg energiproduksjon og energisparing som tilsvarer 18 TWh/år. Samla kontraktsfest resultat i perioden 2001-2011 er på om lag 16,6 TWh/år, og av dette er 7,2 TWh/år sluttrapportert. Det betyr at 92 pst. av målet for perioden 2001-2011 blei nådd.
Enova skal fremje ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon og bidra til å redusere utsleppa av klimagassar.
Olje- og energidepartementet og Enova inngjekk i juni 2012 ei ny fireårig avtale om oppdrag for Enova i perioden 2012-2015. Enova skal i perioden bidra til kontraktsfeste energi- og klimaresultat som totalt tilsvarer 6 ¼ TWh innan utgangen av 2015.
Noreg inngjekk gjennom EFTA ei frihandelsavtale med Montenegro 14. november 2011. Frihandelsavtalene med Ukraina og Peru tredde i kraft våren 2012 og forhandlingar med dei mellomamerikanske statane Costa Rica, Honduras, Panama og Vietnam blei lanserte i same tidsperioden.
Regjeringa har lagt fram melding til Stortinget om Innovasjon Norge og Siva SF – Verktøy for vekst.
Regjeringa har lagt fram ein FoU-strategi for nanoteknologi for perioden 2012-2021.
Regjeringa har lagt fram ein lovproposisjon om endringar i patentstyrelova.
Regjeringa har lagt fram ein ny reiselivsstrategi – Destinasjon Noreg.
For å følgje opp Meld. St. 10 (2010-2011) Oppdatering av forvaltningsplanen for det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten har regjeringa sett i gang kunnskapsinnhenting om verknader og ringverknader av auka satsing på verdiskaping knytt til blant anna reiselivs- og fiskeriverksemd i Nord-Noreg.
Regjeringa har fått tilslutning i Stortinget til ei tiltakspakke på 100 mill. kroner til treforedlingsindustrien.
Regjeringa har lagt fram ein strategi for små og mellomstore bedrifter.
Regjeringa har lagt fram dokumentet Regjeringens eierpolitikk som gjer greie for mål med statleg eigarskap i næringslivet og rammer for utøving av næringspolitikken.
Eigarskapsforvaltninga er vesentleg styrkt gjennom rekruttering av ti nye medarbeidarar til Eigarskapsavdelinga i Nærings- og handelsdepartementet.
Dei siste ti åra har det i gjennomsnitt omkomme ca. 30 personar i samband med bruk av fritidsbåtar. Ei arbeidsgruppe leidd av sjøfartsdirektøren har foreslått tiltak for å styrkje tryggleiken for fritidsbåtar.
Regjeringa la 15. juni 2012 fram ei ny melding til Stortinget om samfunnstryggleik. Angrepa 22. juli 2011, flaum kombinert med svikt i telenettet, ekstremvêr, spreiing av vulkanoske frå Island og pandemi illustrerer breidda og utfordringane i arbeidet for samfunnstryggleik og beredskap og understrekar behovet for å styrkje dette arbeidet. Meldinga må sjåast i samanheng med kommande melding til Stortinget om oppfølging av rapporten frå 22. juli-kommisjonen.
Departementet har oppnemnt eit utval som i løpet av året skal vurdere korleis PST utnyttar ressursane sine, om dei tilsette i PST har den rette faglege kompetansen og gjere ei samanlikning med ei anna nordisk tryggingsteneste. På bakgrunn av dette skal utvalet gjere ei samla vurdering av ressurssituasjonen i PST sett i lys av dei oppgåvene PST skal gjennomføre og det aktuelle trusselbildet.
Det er etablert eit sivilt situasjonssenter på sentralt nivå, som er lagt til Krisestøtteeininga (KSE) under Justis- og beredskapsdepartementet. Senteret er døgnbemanna.
Regjeringa fastsette i juni ein ny instruks for arbeidet i departementa med samfunnstryggleik og beredskap. Instruksen forsterkar og tydeleggjer den samordningsrolla Justis- og beredskapsdepartementet har og klargjer krava til beredskapsarbeidet i departementa.
Regjeringa fremja hausten 2011 forslag om innkjøp av nye redningshelikopter. Satsinga på dette området vil føre til ei betydeleg styrking av redningstenesta.
Det er vedteke ei eiga lov om arrestordre som erstattar utlevering av lovbrytarar mellom EU, Island og Noreg med eit meir effektivt system.
Med verknad frå 1. januar 2012 er kravet til minste aksjekapital for aksjeselskap redusert frå 100 000 kroner til 30 000 kroner.
I tråd med forslaget som regjeringa fremja i Prop. 135 L (2010-2011), fatta Stortinget 15 desember 2011 vedtak til lov om endringar i straffelova, straffeprosesslova, straffegjennomføringslova, konfliktrådslova m.fl. (barn og straff). Lovendringane, som delvis tok til å gjelde 20. januar 2012, vil betre rettsstillinga til unge lovbrytarar når dei blir pågripne, ved varetektsfengsling, fastsetjing av tilpassa straffereaksjon og under straffegjennomføringa.
Å styrkje ivaretakinga av barn – både når det gjeld å førebyggje, avdekkje, beskytte og gi bistand, er blant tiltaka i den nye handlingsplanen mot vald i nære relasjonar som regjeringa la fram i januar 2012. I tillegg er det ei prioritert oppgåve for regjeringa å førebyggje ved å arbeide for eit tryggare og meir rettferdig og likestilt samfunn.
Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot valdtekt. Viktige innsatsområde vil være førebygging, bistand og helsehjelp til offera, kvalitet i straffesaksbehandlinga i politi- og rettsapparatet, samarbeid og samordning, og dertil kunnskap og kompetanse.
Utlendingsforvaltninga har fått tilført auka ressursar for å redusere behandlingstida, særleg i saker som inkluderer barn.
Regjeringa har lagt fram melding til Stortinget om Barn på flukt.
Talet på personar som kjem for å søkje asyl, er for 2012 relativt stabilt samanlikna med tala for 2011. I første halvår 2012 kom det om lag 4 300 asylsøkjarar til Noreg.
Regjeringa prioriterer utbygging og innføring av nytt digitalt radiosamband for nød- og beredskapsetatane, Nødnett, som er ei stor og nødvendig investering i samfunnskritisk infrastruktur. Utbygginga pågår for fullt og Nødnett skal vere landsdekkjande innan utgangen av 2015.
Regjeringa har frå 1. juni 2012 avvikla sivil verneplikt som tenesteform.
Den offentlege konsertverksemda i Rikskonsertane blei lagd om 1. juli 2012. Delar av midlane til denne verksemda er omdisponerte til tilskottsordningane for arrangørar og musikarar under Norsk kulturråd. Vidare er delar av midlane omdisponerte til nye konsertformer i regi av Rikskonsertane, blant anna arbeidsplasskonsertar.
I 2011 sette Kulturdepartementet i gang arbeidet med ein strategi for dans. Med denne strategien vil departementet styrkje utviklinga av profesjonell dansekunst i Noreg 2012–2015.
For å styrkje satsinga på sal og profilering av norsk musikk i utlandet oppretta Kulturdepartementet Music Norway i juli 2012.
To store kulturbygg er tekne i bruk. Kilden Teater- og Konserthus for Sørlandet blei opna i Kristiansand i januar 2012 og Konserthus Stavanger blei opna i september 2012.
Det er lagt fram ei stortingsmelding om kultur, inkludering og deltaking. Det er også lagt fram ei stortingsmelding om visuell kunst.
Det er i 2012 fordelt totalt 1 564,1 mill. kroner i spelemidlar til idrettsformål. Det er lagt fram ei stortingsmelding om idrett.
Stortinget vedtok i juni 2012 eit regjeringsforslag til endringar i barnevernlova vedrørande plassering av barn som har vore utsette for menneskehandel.
Regjeringa oppnemnde eit offentleg utval som har greidd ut om makt og deltaking for dei unge. Utvalet leverte si utgreiing 15. desember 2011.
Regjeringa oppnemnde eit offentleg utval som har greidd ut om det biologiske prinsippet i barnevernet. Utvalet leverte si utgreiing 6. februar 2012.
For å styrkje barnevernstenesta i dei mest utsette kommunane har regjeringa øyremerkt midlar til auka kapasitet og satsing på kunnskap og kompetanse. 70 nye stillingar er oppretta i 2012.
Regjeringa har lagt fram og fått vedteke forslag til endringar i kontantstøttelova om avvikling av kontantstøtta for toåringar og målretting og styrking av kontantstøtta for eittåringar.
Regjeringa har lagt fram og fått vedteke forslag til endringar i folketrygdlova om ei tydelegare tredeling av foreldrepengeperioden.
Regjeringa har lagt fram forslag til endringar i likestillingslova om tydeleggjering av rettane ved foreldrepermisjon.
Regjeringa har lagt fram forslag til endringar i diskrimineringsombodslova om tilsyn med gjennomføring av FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne.
Regjeringa held fram med å styrkje tiltak for integrering: Om lag 13 pst. av innbyggjarane i landet har anten innvandra sjølve eller er fødde i Noreg med to innvandrarforeldre. I den siste befolkningsframskrivinga frå SSB viser hovudalternativet at det vil vere rundt 1,3 mill. innvandrarar i Noreg i 2050, dvs. om lag 20 pst. av befolkninga.
Regjeringa har frå 1. januar 2012 utvida rett og plikt til norskopplæring frå 300 til 600 timar for å leggje til rette for at innvandrarar skal lære endå betre norsk og få kunnskap om det norske samfunnet.
Regjeringa har frå 1. januar 2012 innført krav om gjennomført pliktig norskopplæring for dei som søkjer permanent opphald og norsk statsborgarskap.
Regjeringa sette den 1. juli 2012 i verk ei endring i statsborgarforskrifta som inneber at ein får nye måtar å klarleggje identitet på. Dette vil føre til at fleire personar som er fødde i Noreg, eller som har komme til Noreg i ung alder, kan bli norske statsborgarar.
Stortinget vedtok i mai 2012 ny lov om avtaler om deltidsbruksrett og langtidsferieprodukt m.m. (timeshare).
Det er vedteke nye reglar for tilskott og foreldrebetaling i barnehagane. Lovendringane sikrar at offentleg tilskott og foreldrebetaling skal komme barna til gode og styrkjer kontrollen med tilskotta til dei ikkje-kommunale barnehagane.
Ny forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanninga blei vedteken 4. juni 2012 og tok til å gjelde 1. juli 2012.
Regjeringa samarbeider med fylkeskommunane om å utvikle opplæringsmodellar for å leggje betre til rette for at fleire vaksne skal kunne delta i vidaregåande opplæring. Gjennom program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) blir det gitt tilskott til kurs i lesing, skriving, rekning og IKT for arbeidstakarar med svake grunnleggjande ferdigheiter.
For å betre situasjonen for ungdom som ønskjer læreplass, skreiv Kunnskapsdepartementet og alle arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane under ei eiga samfunnskontrakt for læreplassar med målsetjing om å auke talet på læreplassar med 20 pst. frå 2011 til 2015.
Evalueringa av Kunnskapsløftet har vore ei stor satsing for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for vidareutvikling av kvaliteten i norsk skole. Funna frå evalueringa er eit viktig utgangspunkt for arbeidet med ei ny stortingsmelding som skal leggjast fram for Stortinget i 2013.
Kunnskapsdepartementet jobbar med oppfølginga av NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. Oppfølginga inneber blant anna tiltak for å sikre gode innføringstilbod til elevar som er nye i Noreg.
Regjeringa har som målsetjing for grunnopplæringa at alle skal inkluderast og oppleve meistring. Arbeid for eit godt læringsmiljø og mot mobbing har derfor høg prioritet. Over 330 kommunar har no signert Manifest mot mobbing og forplikta seg til å arbeide mot mobbing lokalt.
Regjeringa vil halde fram med arbeidet med å heve kvaliteten på utdanningane og å heve lærarane sin status. GNIST er eit breitt samarbeid for å rekruttere fleire til læraryrket, styrkje kvaliteten på lærarutdanninga og vidareutvikle lærarprofesjonen. Sidan GNIST blei oppretta i 2008, har talet på kvalifiserte søkjarar til lærarutdanninga auka med 54 prosent.
God tilgang på studentbustader er ein viktig føresetnad for at alle skal kunne ta høgare utdanning. Regjeringa har dei seinare åra gitt støtte til bygging av ca. 1000 nye studentbustader årleg.
Regjeringa er oppteken av å sikre rekruttering til viktige samfunnsområde. Søkninga til realfag og teknologi er den høgaste på lang tid. Også søkninga til lærarutdanning og førskolelærarutdanning er aukande. For å sikre helse- og velferdsutdanningar i tråd med reformene i offentleg sektor har regjeringa lagt fram ei eiga stortingsmelding om dette.
Startløyving til nytt teknologibygg ved Universitetet i Tromsø vil bidra til nordområdesatsinga til regjeringa.
Regjeringa er oppteken av å sikre forsking som stiller dei grunnleggjande spørsmåla og har sørgt for ein auke i midlane til fri prosjektstøtte (FRIPRO) på til saman 160 mill. kroner i 2011 og 2012. Gjennom fellesløftet sikra universiteta ytterlegare 100 mill. kroner til søknader til fri prosjektstøtte med toppkarakterar i 2012.
For å sikre at forskarar som utfører oppdrag for det offentlege, er uavhengige, har regjeringa utarbeidd ei ny standardavtale for forskings- og utgreiingsarbeid.
Regjeringa ønskjer å rette merksemda mot resultata av innsatsen på forsking, og ein gir ut Forskningsbarometeret for å måle trykket i det norske forskingssystemet. Ein positiv trend i talet på avlagde doktorgradar har leidd fram til eit førebels rekordår i 2011. Det bidreg til å dekkje det store behovet for kompetente forskarar, men særleg i ingeniør- og realfag blir det framleis utdanna for få kandidatar.
Gjennom den nasjonale satsinga på forskingsinfrastruktur har det så langt blitt gitt 1 mrd. kroner for investeringar i 40 forskingsinfrastrukturar. I 2012 har det blitt lyst ut ytterlegare 300 mill. kroner.
Regjeringa oppfordrar til internasjonal orientering i alle delar av forskingssystemet. Regjeringa har arbeidd aktivt for å bidra til utforminga av EUs kommande forskingsprogram, Horisont 2020.
Likestilling er eit viktig mål, og regjeringa held fram med arbeidet for å fremje likestilling mellom kvinner og menn på alle stillingsnivå og fagområde innanfor forskingssektoren.
Avtalepartane blei ikkje samde om ny jordbruksavtale. Statens tilbod blei derfor lagt fram for Stortinget og vedteke der som jordbruksoppgjer for 2012. Oppgjeret inneber ein samla auke i ramma med 900 mill. kroner. Oppgjeret fører vidare kursendringa i landbrukspolitikken som er gjennomført dei seinare åra. Det er lagt til rette for nivåheving i inntektene. Oppgjeret prioriterer det grasbaserte husdyrhaldet, økonomien i kornproduksjonen og grøntsektoren og legg til rette for auka investeringar i landbruket.
Det er forhandla fram ny reindriftsavtale, som Stortinget slutta seg til i juni 2012. Reindriftsavtala inneber økonomiske tiltak i reindriftsnæringa på 104,5 mill. kroner.
Regjeringa har vedteke å setje ned eit lovutval som skal greie ut korleis prinsippet om god handelsskikk i matvaresektoren og omsynet til forbrukarane kan ivaretakast i lovgivinga.
Regjeringa prioriter IKT som verkemiddel for samhandling, og Stortinget har vedteke lov om å opprette nasjonal kjernejournal.
Det har skjedd ei betydeleg satsing på helsetenesta det siste året, og fleire får behandling. Styringskrava til dei regionale helseføretaka når det gjeld kvalitet og pasienttryggleik i sjukehusa, er skjerpt.
Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om ein heilskapleg rusmiddelpolitikk, og det er lagt fram ein nasjonal tobakksstrategi.
Gitt på Oslo Slott 28. september 2012
Under vår hand og riksseglet