Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortinget, 2. oktober 2008

Vi HARALD, Noregs Konge

s t a d f e s t e r:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og sty­ring i tida etter siste melding.

Ein internasjonal prosess som Noreg tok initia­tivet til, førte til at ein ny konvensjon som forbyr bruk av klasevåpen, blei vedteken i Dublin i mai i år. Konvensjonen, som vil bli underskriven i Oslo i desember, set ein ny standard i den internasjonale humanitærretten.

Regjeringa fører ein aktiv politikk for å gjere FN meir effektivt, både som arena for internasjo­nalt samarbeid og som aktør i arbeidet for fred og utvikling.

Afghanistan er det viktigaste innsatsområdet for norsk deltaking i internasjonale operasjonar. Noreg bidreg betydeleg til gjenoppbygging av lan­det ved å delta i den internasjonale stabiliserings­styrken ISAF og med omfattande sivil innsats.

Noreg anerkjende Republikken Kosovo som sjølvstendig stat 28. mars 2008. Vi har oppretta diplomatisk samband med Kosovo og bidreg til utviklingsformål i landet.

Regjeringa legg stor vekt på at NATO skal vere det viktigaste transatlantiske forumet for tryg­gingspolitikk, og ein arbeider for å styrkje den poli­tiske dialogen i alliansen.

Regjeringa har klart gitt til kjenne sitt syn på at Russland brukte militær makt overfor Georgia. Bruk av militær makt inne på eit anna lands territo­rium bryt både med folkeretten og med europeiske normer for konfliktløysing. Russlands framferd må møtast med ei fast haldning. Samtidig arbeider Noreg for at dialog og samarbeid med Russland blir vidareført med sikte på å finne politiske løysin­gar på uteståande spørsmål.

Noregs tosidige samarbeid med Russland er omfattande og dekkjer dei fleste samfunnsområde. Noreg og Russland er einige om å arbeide for eit smidigare grenseregime for alle som bur i grense­områda.

I Midtausten bidreg Noreg gjennom vår for­mannskapsrolle for gruppa av givarland (AHLC) til å halde oppe trepartssamarbeidet mellom Israel, palestinske styresmakter og det internasjonale samfunnet.

Regjeringa fører ein aktiv europapolitikk med utgangspunkt i Soria Moria-erklæringa og stor­tingsmeldinga om europapolitikken.

Nordområdepolitikken er eit prioritert strate­gisk satsingsområde og blir følgd opp på brei front, m.a. gjennom dei 22 tiltakspunkta i strategien Regjeringa la fram i desember 2006. Det har det siste året utvikla seg ein ny dynamikk i det nor­diske samarbeidet, særleg innanfor tryggingspoli­tikken der nordområda står i fokus.

Regjeringa la i vår fram ein ny langtidsplan for forsvarssektoren for perioden 2009–2012. Planen legg grunnlaget for eit forsvar som skal vere i stand til å møte utfordringane i raskt skiftande omgivna­der og verne om Noregs tryggleik, interesser og verdiar.

Regjeringa har halde fram arbeidet for ein ambisiøs og framtidsretta internasjonal klimaav­tale.

På klimamøtet på Bali i desember 2007 lanserte Noreg klima- og skoginitiativet. Det vil bli løyvt opptil 3 mrd. kroner årleg til tiltak i utviklingsland for å redusere klimagassutslepp frå avskoging og skogøydelegging. Det er etablert god dialog nasjo­nalt og internasjonalt om korleis desse midlane skal brukast.

Regjeringa har lagt opp til ein ambisiøs klima­politikk, med tiltak som reduserer klimagassut­sleppa heime, og tiltak som reduserer utsleppa i utlandet. Miljø- og klimaavgiftene er auka, og tilsva­rande reduksjonar av andre skattar og avgifter er gjennomførte.

I januar 2008 blei det inngått eit klimaforlik mel­lom regjeringspartia og opposisjonen der det blei fastsett ambisiøse mål for norsk klimapolitikk.

Noreg har dei siste åra vore inne i ein kraftig høgkonjunktur. Men svakare utvikling i verdsøko­nomien og lågare vekst i det private forbruket gjer sitt til at den økonomiske veksten her heime no er betydeleg dempa.

Dei internasjonale finansmarknadene har vore prega av uro det siste året. Uroa, som tok til i august i fjor, har ført til store svingingar i rente- og aksjemark­naden. I Noreg er hovudindeksen på Oslo Børs mar­kert lågare enn for eitt år sidan. Påslaga i penge- og kredittmarknadene har gått opp i perioden, og det har vore større svingingar i kronekursen enn normalt.

I tråd med signala frå Noregs Bank om å komme tilbake til eit meir normalt rentenivå, har Sentral­banken gradvis sett opp styringsrenta frå 2,0 prosent til 5,75 prosent i den siste stortingsperioden.

Verdiskapinga i Fastlands-Noreg auka med 6,2 prosent i faste prisar frå 2006 til 2007, medan det totale bruttonasjonalproduktet i faste prisar auka med 3,7 prosent.

Dei to siste åra har sysselsetjinga auka med nær 180 000 personar. Det er den sterkaste syssel­setjingsveksten i ein toårsperiode på over 40 år. Hit­til i år har sysselsetjingsveksten gått noko ned. Høg arbeidsinnvandring har medverka betydeleg til sys­selsetjingsveksten og til å dempe pris- og kost­nadsveksten.

Regjeringa la i april fram ei stortingsmelding  som skal leggje til rette for enklare og meir effektiv arbeidsinnvandring.

Lønnsoppgjera i 2008 var hovudoppgjer i dei fleste områda. Partane blei i dei fleste forhandling­ane einige gjennom mekling.

Regjeringa har medverka til at partane i arbeids­livet blei einige om ei ny AFP-ordning i privat sek­tor. Løysinga er i tråd med vedtak i Stortinget i april 2007 og gir gode arbeidsinsentiv. Viktige prinsipp for ei ny AFP-ordning i offentleg sektor blei det også gjort avtale om i lønnsoppgjeret i vår.

Staten har blitt einig med partane i trygdedrøf­tingane om ei regulering av grunnbeløpet i folke­trygda frå 1. mai 2008. I tillegg har ein blitt einige om å trappe opp minstepensjonen i folketrygda slik at han frå 2010 utgjer to gonger grunnbeløpet.

Regjeringa la fram den første handlingsplanen mot sosial dumping i Revidert nasjonalbudsjett for 2006. Tiltaka i planen er no stort sett gjennomførte. Særleg viktig har styrkinga av Arbeidstilsynet vore, noko som har gitt etaten ei sentral rolle i arbeidet mot sosial dumping.

Kommuneøkonomien er styrkt med vel 20  mrd. kroner dei tre siste åra. Dette har ført til sterk vekst i kommunal tenesteyting, mellom anna innan­for barnehagar og pleie- og omsorgstenesta.

I samband med handsaminga av kommune­proposisjonen i vår vedtok Stortinget ei omlegging av inntektssystemet for kommunane. Det nye inn­tektssystemet vil gi ei jamnare fordeling og eit betre grunnlag for langtidsplanlegging i kommunane.

Det har vore ei betydeleg økonomisk satsing på helsetenesta. Aktiviteten på sjukehusa har auka.

Det er vedteke ny helseforskingslov for å fremje god og etisk forsvarleg forsking.

Frå og med hausten 2008 blir timetalet på barnetrinnet utvida med til saman fem veketimar à 60 minutt.

Innføringa av Kunnskapsløftet er sluttført ved at alle fag og trinn tek i bruk nye læreplanar frå hausten 2008.

Stortinget vedtok våren 2008 ei endring i barne­hagelova som gir barn rett til plass i barnehage.

I 2007 blei det etablert 18 000 nye fulltids barne­hageplassar. Det er den sterkaste veksten sidan bar­nehageforliket blei inngått i 2002. Ved utgangen av 2007 gjekk det om lag 250 000 barn i barnehage.

Stortinget vedtok våren 2008 felles ekteskaps­lov.

Soningskøen for fengselsstraff utan vilkår er redusert med om lag 800 dommar sidan utgangen av tredje kvartal 2007. I forhold til nivået sommaren 2006 er køen for fengselsstraff utan vilkår redusert med om lag 2200 dommar.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om kriminalomsorga. I meldinga trekkjer Regje­ringa opp rammene for utvikling av kriminalom­sorga i framtida.

Regjeringa har fremja lovforslag om å kriminali­sere kjøp av seksuelle tenester i Noreg og i utlandet.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om samepolitikken med vekt på å styrkje samisk språk og auke kunnskapen om samisk språk og kultur i offentleg tenesteyting.

Bygginga av nytt operahus er sluttført, og Den Norske Opera & Ballett tok i april 2008 det nye ope­rahuset i bruk.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om staten og Den norske kyrkja. Hovudforslaget i meldinga er i tråd med avtala om stat og kyrkje som er inngått mellom alle dei politiske partia på Stortinget.

*********

Ei av hovudsatsingane til Regjeringa er nord­områda. Arbeidet har eit langsiktig perspektiv og omfattar også den rolla Forsvaret har i nord. Regje­ringa legg vekt på at denne heilskaplege nasjonale satsinga skal skje parallelt med arbeidet med å styr­kje det internasjonale samarbeidet om å løyse vik­tige oppgåver i nord innanfor miljø, ressursforvalt­ning og klimaendringar.

Under den norske formannskapen i Arktisk råd har Regjeringa lagt vekt på å styrkje den rolla rådet har i arbeidet med å møte miljø-, ressurs- og kli­mautfordringane i dei arktiske områda. Regjeringa har hatt tett kontakt med dei fire andre kyststatane ved Polhavet, og Noreg deltok på eit møte på Grøn­land i mai der formålet var å fokusere på behovet for å klargjere at ansvar og rettar også i Arktis blir styrte av havretten og det folkerettslege ramme­verket.

Regjeringa har lagt vekt på å styrkje vår sivile og militære deltaking i FN-leidde operasjonar. Mot­stand frå presidenten i Sudan stoppa eit planlagt ingeniørbidrag til den felles operasjonen til FN og AU i Sudan.

Saman med dei andre nordiske landa har Regje­ringa sett i gang eit arbeid for å identifisere eit mogleg felles nordisk styrkebidrag til ein FN-ope­rasjon i Afrika i 2009. Saman med afrikanske partnarar bidreg vi til å byggje sivil afrikansk freds­bevarande kapasitet, inkludert trening av afrikansk politi for innsats i Darfur. Regjeringa gir betydeleg støtte til tiltak for å betre forholda for kvinner og barn som er ramma av konflikt. Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om rettar og likestilling for kvinner i utviklingspolitikken som ytterlegare skal styrkje det norske engasjementet for at kvin­ner skal få delta og ha innverknad.

Organisasjonane OSSE og Europarådet er framleis sentrale i arbeidet med å fremje tryggleik, menneskerettar, frie val og demokratiske institu­sjonar i vår del av verda. I Europarådet har Regje­ringa lagt vekt på at organisasjonen skal bidra til å styrkje rettstryggleiken i Russland.

Den nære kontakten med institusjonane og medlemslanda i EU er ført vidare og forsterka. Noreg har teke aktivt del i europeisk samarbeid gjennom EØS-avtala, Schengen-avtala og EØS-finansieringsordningane. EØS-midlane har med­verka til auka kontakt og samarbeid mellom Noreg og mottakarlanda. Meir enn 600 prosjekt, program og fond er blitt vedtekne til no, med eit samla støt­tebeløp på nærare 5,7 mrd. kroner.

Regjeringa la i 2006 fram antidumpingtiltaka som EU hadde sett i verk mot norsk laks, for WTO. WTO-panelet gav i januar 2008 Noreg medhald på ei rekkje punkt og slo fast at EU hadde brote WTO-regelverket. EU fjerna antidumpingtiltaka i juli. Regjeringa har også arbeidd med ei ny vurdering av EU sine antidumpingtiltak mot norsk regnboge­aure, som EU sette i verk i 2004. EU fjerna desse tiltaka i august.

Regjeringa har arbeidd for at teknologiar for karbonfangst og -lagring (CCS) skal bli breitt aksepterte internasjonalt, både som teknologi og lagringsmedtode, som klimaverkemiddel og som eit tiltak under den såkalla ”Grøne utviklingsmeka­nismen” i Kyotoprotokollen (CDM).

Regjeringa la i desember 2007 fram ei stortings­melding om norsk politikk for førebygging av humanitære katastrofar. Samarbeidet med mellom anna Kina og Vietnam om førebygging av naturka­tastrofar og klimatilpassing er styrkt. Regjeringa har gitt eit betydeleg politisk og finansielt bidrag til å styrkje FNs humanitære responskapasitet i akutte krisesituasjonar og humanitære kriser. I sep­tember la Regjeringa fram ein ny strategi for norsk humanitær bistand.

Dialogane om menneskerettsspørsmål med Kina, Indonesia og Vietnam har involvert eit breitt felt av norske offentlege instansar og frivillige orga­nisasjonar. Noreg har delteke aktivt i arbeidet med å få vedteke ein resolusjon i FN mot all bruk av dødsstraff, og Regjeringa har klart markert sin motstand også tosidig overfor land som framleis gjer bruk av dødsstraff.

Regjeringa har halde fram med det langsiktige engasjementet for fred og tryggleik i Sudan og på Afrikas Horn. Med aktiv bruk av politiske kon­taktar, humanitær bistand og langsiktig bistand er Noreg ein sentral partnar i arbeidet for å oppnå fred og stabilitet i denne delen av Afrika. Dette skjer i nært samarbeid med multilaterale partnarar som EU, NATO, FN, AU og IGAD og med bilate­rale partnarar som USA, UK, Nederland og Sve­rige. Støtte til gjennomføringa av fredsavtala mel­lom nord og sør og til å avhjelpe humanitære behov i Darfur gjorde Sudan til den største norske bistandsmottakaren i 2007.

Regjeringa har styrkt innsatsen for global rett­ferd, mellom anna gjennom eit meir strategisk partnarskap med Den internasjonale arbeidsorga­nisasjonen, ILO, noko den store internasjonale kon­feransen i Oslo i september var eit uttrykk for.

Næringslivet er ein sentral partnar i utviklings­samarbeidet. Saman med næringslivet har Regje­ringa lansert eit norsk mikrofinansinitiativ for å betre tilgangen til finansielle tenester for fattige menneske. Handlingsplanen for handelsretta utvi­klingssamarbeid blei lansert i november 2007 for ein treårsperiode, og 1. januar i år blei i tillegg GSP-ordninga utvida med 14 nye låginntektsland.

Regjeringa har vidareført arbeidet med å få til ei ny WTO-avtale. Ein har vore oppteken av å få på plass ei avtale som tek omsyn til interessene til utviklingslanda, og som sikrar nødvendige ram­mevilkår for norsk landbruk. Det blei ikkje opp­nådd semje om modalitetane for landbruk og industrivarer på eit uformelt ministermøte i WTO i juli, men Regjeringa arbeider for at dei fram­stega ein har oppnådd i forhandlingane, ikkje går tapt.

Ved utgangen av 2007 var verdien på Statens pensjonsfond 2 136 mrd. kroner. Marknadsverdien av fondet blei redusert til 2 105 mrd. kroner fram til utgangen av 2. kvartal 2008 på grunn av ei svak utvikling i finansmarknadene. Regjeringa har eit langsiktig perspektiv for forvaltninga av fondet. Den vedtekne auken i aksjedelen i utanlandsdelen til 60 prosent er i ferd med å bli gjennomført. Det er vedteke at fondet skal spreie investeringane ytter­legare ved å plassere aksjar i fleire selskap i fleire land, og ved at inntil 5 prosent av fondet etter kvart blir investert i fast eigedom. Regjeringa har sett i gang ei evaluering av dei etiske retningslinjene for Statens pensjonsfond – Utland.

Oljeprisane har auka sidan i fjor haust og spott­prisen på eit fat Brent Blend-olje var mot slutten av august om lag 600 kroner, eller 25 prosent høgare enn i siste kvartal i fjor.

Noregs bruttonasjonalinntekt (BNI) var i 2007 på 2 286 mrd. kroner. Nominelt er dette 6 prosent høgare enn året før.

Sysselsetjinga auka rekordsterkt i fjor med ein auke frå 2006 på 98 000 personar, eller 4 prosent, ifølgje Nasjonalrekneskapen. Dei to siste åra auka sysselsetjinga med nær 180 000 personar. Det er den sterkaste sysselsetjingsveksten i ein toårsperi­ode på over 40 år. Hittil i år har sysselsetjingsvek­sten dempa seg noko. Sysselsetjinga auka med 20 000 personar frå 1. til 2. kvartal i år, mot ein gjen­nomsnittleg kvartalsvekst på 27 000 personar i fjor.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå var talet på AKU-ledige 2,5 prosent i 2007. Det er 0,9 prosentpoeng lågare enn i 2006 og det lågaste nivået på over 20 år. Hittil i år har talet på AKU-ledige stabilisert seg, og i 2. kvartal var det 2,5 prosent.

Ifølgje Arbeids- og velferdsetaten har talet på registrerte ledige stabilisert seg så langt i år, og det utgjorde 1,8 prosent av arbeidsstyrken ved utgangen av august. Det var registrert 44 400 heilt ledige personar i august, 4 500 færre enn på same tid i fjor.

Det samla sjukefråværet utgjorde i underkant av 7 prosent av alle avtalte dagsverk i 2007, og det var om lag uendra frå 1. kvartal i fjor til 1. kvartal i år. Etter ein oppgang mot slutten av 2007 har sjuke­fråværet synt små endringar den siste tida.

Driftsbalansen overfor utlandet viste eit over­skott på 351 mrd. kroner i 2007. Det er om lag 23 mrd. kroner lågare enn i 2006.

I første halvår i år var eksport- og importver­dien av tradisjonelle varer 6,9 og 5,7 prosent høgare enn i same perioden i fjor.

Konsumprisindeksen auka med 0,8 prosent frå 2006 til 2007, medan prisveksten utanom energi og avgiftsendringar var på 1,4 prosent. Prisveksten har teke seg opp i 2008. I perioden januar –  august) i år auka konsumprisane med 3,6 prosent samanlikna med den same perioden i fjor, medan auken justert for avgiftsendringar og utanom energiprisar (KPI-JAE) var på 2,3 prosent.

Revisjonen av statsbudsjettet for 2008 innebar ein bruk av petroleumsinntektene på 73,9 mrd. kro­ner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte under­skottet. Det er om lag 7 mrd. kroner under venta fondsavkastning.

I oktober 2007 presenterte Regjeringa Noregs strategi for berekraftig utvikling. I strategien blir det slått fast at Noreg skal bli eit føregangsland i arbeidet med berekraftig utvikling.

Regjeringa har i 2008 oppretta ein ny nasjonal møteplass for berekraftig utvikling og klima med representantar for styresmaktene, frivillige organi­sasjonar, næringslivet og fagrørsla. Her blir det lagt vekt på kva roller og ansvar aktørane skal ha i opp­følginga av berekraftstrategien.

Den samla elektrisitetsproduksjonen var om lag 138 TWh i 2007, medan forbruket var om lag 128 TWh.

Noregs vassdrags- og energidirektorat og Olje- og energidepartementet gav konsesjonar til 42 nye små vasskraftverk som vil kunne gi ein årleg samla produksjon på om lag 500 GWh. Olje- og engidepartementet har stadfesta konsesjonar til vindkraft som årleg vil kunne produsere om lag 585 GWh.

Verdas lengste sjøkabel for kraftutveksling mel­lom Noreg og Nederland er ferdigstilt. Kabelen har ein kapasitet på om lag 700 MW og vil auke overfø­ringskapasiteten mellom Noreg og utlandet med rundt 20 prosent.

I 2007 rapporterte Enova om 2,4 TWh i spart og produsert ny fornybar energi, noko som er det beste resultatet sidan Enova blei etablert. Samla kontraktfesta resultat for perioden 2001 til 2007 er 10,1 TWh/år. Det langsiktige målet er no auka til 18 TWh/år innan utgangen av 2011.

Noreg og Sverige er blitt einige om eit samar­beid for å få på plass ein felles elsertifikatmarknad. Arbeidet med elsertifikat er ein viktig del av Regje­ringa si satsing på rein og fornybar energi.

Regjeringa har i året som har gått, greidd ut kor­leis førebygging mot alle typar skred bør organise­rast. Det er vedteke å samle det statlege ansvaret for å førebyggje alle typar skred under Noregs vass­drags- og energidirektorat frå 1. januar 2009.

Den totale petroleumsproduksjonen var på 238 mill. Sm3 oljeekvivalentar (o.e) i 2007. Det er ein ned­gang på 11 mill. Sm3 o.e. i forhold til 2006. Nedgan­gen var i hovudsak innanfor olje, medan gasspro­duksjonen auka i forhold til tidlegare år. Olje, NGL og kondensat utgjorde 62 prosent av den samla petroleumsproduksjonen. Gassproduksjonen var i 2007 på 90 mrd. Sm3. Verdien av olje- og gassekspor­ten var i 2007 på 480 mrd. kroner. Det er ein ned­gang i eksportverdien på 3,7 prosent frå året før. Netto kontantstraum til staten frå petroleumsverk­semda var på 316 mrd. kroner i 2007.

Dei store gassfelta Ormen lange og Snøkvit blei sette i produksjon i 2007.

Det blir arbeidd med å førebu eit testanlegg for fangst av CO2 på Mongstad, som etter planen blir sett i drift i 2011. Etableringa av fullskala CO2-fangst på Kårstø er under planlegging. Eit nytt statsføretak, Gassnova SF, blei etablert i 2007. Statsføretaket forvaltar statsinteressene som er knytte til CO2-handtering, her medrekna prosjekta knytte til Mongstad og Kårstø.

Arbeidet med å modernisere Forsvaret er ført vidare. Under den noverande regjeringa er nye og relevante kapasitetar blitt tilførte, samtidig som ei rekkje eksisterande kapasitetar er blitt styrkte og forbetra. Både personellstrukturen og bygningsmas­sen er blitt betre tilpassa det behovet Forsvaret har.

Det kviler eit stort ansvar på norske styres­makter når Regjeringa sender soldatar ut i teneste i utlandet. Regjeringa legg stor vekt på at soldatar i utanlandsoperasjonar skal kjenne seg trygge og få god oppfølging både før, under og etter tenesta.

For å sikre at Forsvaret framleis skal vere rele­vant og berekraftig la Regjeringa i vår fram ein ny langtidsplan for Forsvaret. Stortinget godkjende planen i juni.

Noreg har gjennom EFTA inngått ei handels­avtale med Canada og ferdigforhandla handelsav­taler med Colombia og Gulf Cooperation Council (Saudi-Arabia, Kuwait, Oman, Emiratsambandet, Qatar og Bahrain). Det er sett i gang arbeid for å inngå EFTA-handelsavtaler med India og Russ­land og ei bilateral handelsavtale mellom Noreg og Kina.

Regjeringa la i februar 2008 fram ”Handlings­plan for meir entreprenørskap blant kvinner” med 12 nye tiltak. Verkemiddelapparatet skal prioritere kvinner som målgruppe og arbeide for å auke kvin­nedelen i alle program og tenester.

Regjeringa har arbeidd aktivt for å sikre norske bedrifter industrielle rettar internasjonalt. Etter framlegg frå Regjeringa vedtok Stortinget at Noreg skulle slutte seg til den europeiske patentkonven­sjonen EPC 1. januar 2008, og Noreg blei med dette medlem i den europeiske patentorganisasjonen EPO. Vidare har Noreg gått saman med Danmark og Island om å opprette Nordisk patentinstitutt.

Lov om meldeplikt ved nedlegging av nærings­verksemd (omstillingslova) tok til å gjelde 1. juli 2008.

Regjeringa arbeider aktivt med å redusere dei administrative kostnadene for næringslivet. Med handlingsplanen ”Tid til nyskaping og produksjon” med over 100 konkrete tiltak til forenkling vil næringslivet få meir tid til verdiskaping og bruke mindre tid på papirarbeid.

Regjeringa la i oktober 2007 fram ein strategi for miljøvennleg vekst i maritime næringar.

Regjeringa har lagt fram ein nasjonal reiselivs­strategi med visjonen verdifulle opplevingar. Mål­setjinga handlar om auka verdiskaping og produkti­vitet, heilårs arbeidsplassar i distrikta og Noreg som eit berekraftig reisemål.

Regjeringa arbeider aktivt med miljøspørsmål i dei maritime næringane og har bidrege til auka internasjonalt fokus på å redusere utslepp frå skip til atmosfæren. Sjøfartsorganisasjonen i FN, IMO, vedtok i april 2008 strengare krav til utslepp frå skip.

Ved utgangen av 2007 var verdien av den direkte eigarskapen staten har i børsnoterte sel­skap, 570,8 mrd. kroner. Det er ein auke på 37,1 mrd. kroner frå året før. I tillegg er verdien av det staten eig i unoterte selskap med forret­ningsmålsetjingar, på same tidspunkt 74,4 mrd. kroner.

Basert på fullmakter frå Stortinget har staten våren 2008 delteke i ei aksjekapitalutviding i Eks­portfinans 13. mars 2008 og slutta seg til ei porteføl­jegarantiavtale mellom aksjonærane og selskapet.

Våren 2008 har staten som eigar gjennomført møte med selskapa om korleis dei handterer sam­funnsansvaret sitt.

Regjeringa ønskjer å sikre norske bedrifter betre tilgang på risikovillig kapital og har derfor oppretta eit nytt statleg investeringsselskap med ein eigenkapital på 2,2 mrd. kroner.

Regjeringa har styrkt verkemidla til Innovasjon Noreg.

I 2008 er det høge løyvingsnivået frå 2007 til investeringar og vedlikehald av vegnettet halde oppe. Samtidig er fleire store vegprosjekt opna for trafikk, m.a. fastlandssambandet i Lofoten.

Jernbanen har dei seinare åra opplevd ein bety­deleg vekst. Ikkje minst gjeld dette for godstrafik­ken. For å komme den auka etterspørselen etter jernbanetransport i møte har løyvingane til utbyg­ging og drift og vedlikehald av infrastrukturen auka betydeleg i 2007 og 2008 samanlikna med tid­legare år. Som ledd i arbeidet med å auke godstra­fikken med jernbane opna i januar 2008 ein ny godsterminal på Ganddal utanfor Stavanger.

I arbeidet for eit betre kollektivtilbod i distrikta blir det gitt tilskott til demonstrasjonsprosjekt i område med lågt passasjergrunnlag.

I juni blei det lagt fram ein ny strategi for norsk luftfart. Her går det fram at Regjeringa vil styrkje rettane til flypassasjerane.

Etter auksjon er det fjerde ledige løyvet til å byggje og drive eit tredjegenerasjons mobilsystem (3G) i Noreg tildelt Mobile Norway AS.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om verksemda i Posten. Her blir det m.a. varsla ei endring i postkontorstrukturen på landsbasis, slik at inntil 124 postkontor blir gjorde om til Post i butikk.

Noreg overtok i 2008 formannskapen i det europeiske skogsamarbeidet. Regjeringa vil bruke denne posisjonen til å påverke internasjonal skog­politikk og fremje berekraftig forvaltning av skog­ane i Europa.

Det er forhandla fram jordbruksavtale og rein­driftsavtale mellom staten og næringsorganisa­sjonane, som Stortinget slutta seg til i juni. Jord­bruksavtala gir ein auke i inntektsramma på 1 900 mill. kroner og gir eit grunnlag for ein inntekts­vekst frå 2008 til 2009 før avtale på vel 17 prosent, eller 31 500 pr. årsverk.

Jordbruksavtala vidarefører ei kursendring i landbrukspolitikken mellom anna ved å leggje til rette for ei nivåheving av inntektene og styrkje struktur- og distriktsprofilen på verkemidla. Rein­driftsavtala inneber økonomiske tiltak i reindrifts­næringa på 97 mill. kroner.

Det er over jordbruksavtala sett av 15,5 mill. kroner til ein offensiv strategi for å tilpasse jord­bruket til klimautfordringane.

Regjeringa har auka innsatsen for å redusere tap av husdyr og tamrein valda av rovvilt mellom anna ved at løyvingane til førebyggjande og kon­fliktdempande tiltak er auka med ytterlegare 20 mill. kroner. Regjeringa har drive aktiv regulering av bestanden for å halde talet på rovvilt så nær bestandsmåla som mogleg.

Svalbard globale frøkvelv blei opna av statsmi­nisteren 26. februar 2008. Svalbard globale frøkvelv er eit sikringslager for frø og skal bidra til å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, spesielt vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga.

I 2007 eksporterte Noreg sjømat for rekord­høge 37 mrd. kroner, ein auke på 4 prosent i for­hold til 2006. Havbruksnæringa produserte 735 000 tonn laks, nær 80 000 tonn aure og 10 000 tonn torsk i 2007.

Arbeidet med marknadstilgang for norsk sjø­mat har hatt svært høg prioritet hos norske styres­makter. Regjeringa fører ein aktiv politikk i WTO, EFTA og overfor dei viktigaste handelspartnarane våre, som EU og Russland.

Regjeringa har følgd opp tiltaka som det blei gjort framlegg om i konkurransestrategien for hav­bruksnæringa, som blei lagd fram i 2007. Forhold knytt til fiskesjukdommar og miljøpåverknadene av havbruk har stått sentralt for Regjeringa i arbeidet som er retta mot havbruksnæringa.

Hausten 2007 blei det gjennomført ei ny prøve­ordning med distriktskvotar i Nordland, Troms og Finnmark.

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å betre rekrutteringa til fiskeflåten. Fiskarfrådraget blei i Revidert nasjonalbudsjett for 2008 heva frå 80 000 kroner til 115 000 kroner. Vidare er det sett i verk eit treårig prosjekt for å auke rekrutteringa til marin sektor og sikre at fleire i fiskeri- og hav­bruksnæringa har formell fagkompetanse. Regje­ringa har også oppretta ordningar som skal gjere det enklare for unge, motiverte fiskarar å etablere seg med eige fartøy.

Regjeringa har gitt høg prioritet til tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Det ulov­lege fisket i Barentshavet er meir enn halvert frå 2006 til 2007.

Det nye regimet for hamnestatskontroll i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har vore avgjerande for å redusere overfisket i vår region. Problemet er globalt, og Noreg har derfor teke ini­tiativ gjennom FAO for å få på plass eit globalt regime for hamnestatskontroll i fiskeria.

Stortinget vedtok 8. mai 2008 ny havressurslov, som legg til rette for ei meir heilskapleg tilnærm­ing til forvaltninga av dei viltlevande marine ressur­sane og gir heimel for forvaltning av marine gen­ressursar. Lova gjeld all utnytting av ressursane, ikkje berre fiske og fangst. Lova styrkjer reglane om ressurskontroll for dermed å bli ein god reiskap i kampen mot ulovleg fiske.

Regjeringa har fokus på tryggleik til sjøs og oljevernberedskapen. I 2007 og 2008 er det løyvt midlar til tømming av bunkersolje frå krigsvraka ”Nordvard” ved Moss og ”Welheim” utanfor Florø.

Det er fastsett forskrift som innfører hamne- og farvatnlova på Svalbard med verknad frå 1. mai 2008. Det etablerer det same juridiske ramme­verket på Svalbard som i Fastlands-Noreg for regulering av og tilrettelegging for sikker sjøtra­fikk.

Regjeringa fremja i juni 2008 ein odelstingspro­posisjon med framlegg til ei ny hamne- og farvatn­lov.

Eldre arbeidstakarar utgjer ein verdfull ressurs i arbeidslivet, og Regjeringa ønskjer å oppmuntre denne gruppa til å stå lenger i arbeid. Frå og med 2008 kan 67-åringar arbeide så mykje dei vil, utan at alderspensjonen frå folketrygda blir avkorta.

Regjeringa fremja i vår ein proposisjon om rett til redusert arbeidstid for arbeidstakarar over 62 år. Forslaget blei vedteke av Stortinget 8. mai og tok til å gjelde 1. juli i år.

Ot.prp. nr. 65 (2007-2008) blei fremja 20. juni i år og omhandlar i hovudsak endringar i ferielova. Det blir mellom anna foreslått at alle som fyller 60 år i kalenderåret, skal ha rett til ei ekstra ferieveke (gjaldt tidlegare berre dei som fylte 60 år før 1. sep­tember). På bakgrunn av ein dom i EF-domstolen blir det dessutan foreslått reglar som skal sikre at ferie faktisk blir teken ut og ikkje blir bytt mot øko­nomisk kompensasjon.

Stortinget har vedteke ei ny utlendingslov, som vil tre i kraft når nye forskrifter er på plass.

Etter at Stortinget i mai vedtok å innlemme direktiv 2004/38/EF om at unionsborgarar og fami­liemedlemmene deira har rett til å ferdast og opp­halde seg fritt på territoriet til medlemsstatane, har Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremja Ot.prp. nr. 72 (2007-2008) Om endringar i utlend­ingslovgivinga (reglar for EØS- og EFTA-borgarar o.a.) for å følgje opp forpliktingane i direktivet.

Vertskommunetilskottet for kommunar med asylmottak er i 2008 auka betydeleg og ein reknar no at formålsområdet helse, barnevern, administra­sjon og tolking er fulldekka.

Regjeringa har i 2008 vidareført handlings­planen for integrering og inkludering av innvandr­arbefolkninga. I 2008 har det særleg vore satsa på å styrkje ordninga med gratis kjernetid for fire- og femåringar i barnehagar i bydelar i Groruddalen og i Søndre Nordstrand i Oslo. Gjennom handlings­planen har Regjeringa også auka tilskottet til opp­læring i norsk og samfunnskunnskap. I Revidert nasjonalbudsjett er satsane for integreringstilskot­tet auka for å sikre at kommunane har rammevilkår som kan møte det auka busetjingsbehovet.

I 2008 har det gjennom Handlingsplan mot tvangsekteskap blitt oppretta 30 stillingar som mino­ritetsrådgivarar i skolar over heile landet, og sju integreringsrådgivarar er utplasserte ved ambassa­dar i land der tvangsekteskap blir praktisert.

Regjeringa har i juni 2008 lagt fram ein odels­tingsproposisjon om tiltak mot trygdemisbruk m.m. Lovendringane vil gjere det enklare å hindre trygdemisbruk. Samtidig blir det foreslått end­ringar som tek sikte på å effektivisere tilbakekrev­jing av feilutbetalingar frå folketrygda. Vidare blir det innført plikt til å gi renter til stønadsmottakarar ved etterbetaling når trygda har gjort feil.

25. april 2008 nemnde Regjeringa opp eit utval som skal gjennomgå hjelpemiddelområdet for per­sonar med nedsett funksjonsevne.

Arbeidet med å gjennomføre NAV-reforma er godt i gang. 121 NAV-kontor blei etablerte i 2007.

 

Dei resterande 310 kontora vil i all hovudsak bli etablerte i 2008 og 2009. Nokre få NAV-kontor vil bli oppretta i 2010. Ved utgangen av 1. halvår 2008 er det etablert 37 spesialeiningar for forvaltning, medan det skal etablerast 5 spesialeiningar for pen­sjon innan utgangen av 2008.

Kvalifiseringsprogrammet er eit viktig verke­middel i innsatsen Regjeringa gjer mot fattigdom. 22. oktober 2007 vedtok Stortinget lovendringar som tredde i kraft 1. november 2007, som gav kom­munane plikt til å tilby programmet med den stønaden som høyrer til. Innfasinga av kvalifise­ringsprogrammet og stønaden skjer i takt med eta­bleringa av NAV-kontor i kommunane.

For å styrkje og vidareutvikle dialogen med fri­villige organisasjonar og representantar for sosialt og økonomisk vanskelegstilte er det etablert jam­lege kontaktutvalsmøte mellom Regjeringa og aktu­elle organisasjonar og representantar for gruppa.

I 2008 vedtok Stortinget nye straffeføresegner om krigsbrotsverk.

Regjeringa har nemnt opp eit utval som skal kontrollere metodane til politiet og påtalemaktene i etterforskinga og om det blir teke tilstrekkeleg omsyn til personvern og rettstryggleik.

Regjeringa har lagt fram eit lovforslag som skal sikre at sambuarar med felles barn får rett til arv etter kvarandre og rett til å sitje i uskifte.

Det er vedteke nye reglar i forsikringsavtale­lova som inneber at eit forsikringsselskap må ha sakleg grunn for å nekte nokon å teikne forsikring.

Regjeringa har nemnt opp eit utval som skal utarbeide lovframlegg om nye reglar for utmåling av personskadeerstatningar med sikte på større standardisering av utmålinga.

Regjeringa har nemnt opp Finnmarkskommi­sjonen, som skal kartleggje eksisterande kollektive og individuelle brukar- og eigarrettar i Finnmark.

Det er vedteke nye reglar som skal styrkje stil­linga til fornærma og etterlatne i straffeprosessen.

Det rekordhøge opptaket til Politihøgskolen i 2007 på 432 studentar er vidareført i 2008.

Lovframlegget frå Regjeringa om høve til utvida registrering i DNA-registeret frå 1. september 2008 er vedteke.

Regjeringa har innleidd forhandlingar med EU om tilslutning til Prüm-regelverket. Prüm-regel­verket har eit betydeleg potensial når det gjeld å auke oppklaringa av lovbrott.

Regjeringa la i desember 2007 fram ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar.

Utgreiinga frå Valdtektsutvalet ”Fra ord til handling” (NOU 2008: 4) blei overlevert Justisde­partementet i januar 2008.

Ordninga med familievaldskoordinatorar er hjørnesteinen i arbeidet som politiet driv med vald i nære relasjonar. Frå 2008 er alle politidis­trikta pålagde ein minstestandard der koordina­torfunksjonen skal vere ei 100-prosent stilling. I dei største politidistrikta skal det etablerast eigne team.

Ei ny, omfattande forskrift til våpenlova blei fastsett i juli.

Forslag til ny lov for vaktverksemder blei sende på høyring i juli.

Regjeringa har lagt fram ei ny stortingsmelding om samfunnstryggleik – samvirke og samordning, som gjer greie for tiltak som skal styrkje samfunns­tryggleiken.

For å gjennomføre skoginitiativet som Regje­ringa har teke, er det oppretta eit Klima- og skog­prosjekt i Miljøverndepartementet. Målet for pro­sjektet er å bidra til at utslepp av klimagassar frå avskoging så raskt som mogleg blir reduserte, og at utslepp frå skog blir omfatta av eit nytt, interna­sjonalt klimaregime.

Regjeringa har vedteke at det skal opprettast eit naturreservat på 147 km2 i Trillemarka-Rollagsfjell, dvs. ein auke av vernearealet med 101 km2. Trille­marka-Rollagsfjell blir med dette det største skog­vernområdet i landet.

Regjeringa har vidareført arbeidet med å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010. Samtlege ordførarar har fått oppfordring om å delta i kampen for å bevare artsmangfaldet i naturen, og kvar av dei har fått ei særeiga, truga art dei blir bedne om å ta ekstra godt vare på.

Regjeringa har auka innsatsen for å dempe rov­viltkonflikten. Det inneber m.a. ei auka satsing på førebyggjande og konfliktdempande tiltak retta både mot beitebrukarar og lokalsamfunn.

Regjeringa har lagt fram ein stortingsproposi­sjon om samtykke til å bli innlemma i EUs ramme­direktiv for vatn i EØS-avtala. Det inneber at også Noreg må styrkje arbeidet med å verne om og betre vassmiljøet.

Som eit bidrag til å sikre villaksen blei det i mai 2008 vedteke ei innstramming i fisket etter ana­drom laksefisk i sjøen for sesongen 2008, samtidig som det er vedteke innstrammingar i elvefisket.

I 2007 blei 58 nye område sikra for friluftsliv ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom.

Noreg har vedteke eit nytt og omfattande og ambisiøst kjemikalieregelverk (omtalt som REACH). Det nye regelverket vil gi betre vern av helse og miljø, særleg fordi det vil auke kunnska­pen om farlege kjemikaliar.

Som ledd i klimapolitikken har Regjeringa fast­sett eit forbod mot deponering av nedbrytbart avfall, som vil gjelde frå 1. juli 2009.

Regjeringa har som oppfølging av klimamel­dinga inngått intensjonsavtale med 13 av dei største byane om å samarbeide for å redusere klimagassut­slepp og utvikle godt bymiljø.

Regjeringa har inngått ei avtale med 14 næringsorganisasjonar om reduksjon av utsleppa av nitrogenoksid (NOX). Organisasjonane skal bidra til at Noreg etterlever NOX-forpliktingane i Göteborgprotokollen ved å sørgje for at dei årlege NOX-utsleppa blir reduserte med 30 000 tonn innan utgangen av 2011. ESA godkjende 16. juli 2008 avgiftsfritaket på grunnlag av avtala.

Ny lov om plandelen av plan- og bygningslova blei vedteken av Stortinget i 2008.

Frå 2008 dekkjer staten ein større del av utgift­ene kommunane har til ressurskrevjande tenester innanfor pleie- og omsorgssektoren.

Regjeringa har sett fokus på kvalitetsutvikling i kommunesektoren. Kvalitetskommuneprogram­met er ein heilt sentral del av satsinga.

Regjeringa la i juni 2008 fram ei stortingsmeld­ing om lokaldemokrati som slo fast at lokaldemo­kratiet er sterkt og levande i Noreg. Samtidig inne­held meldinga tiltak for ytterlegare styrking. Blant desse er forsøk med stemmerett for 16-åringar ved neste lokalval, lengre opningstider ved val og vitali­sering av kommunestyra.

Regjeringa vidareførte i 2008 prosjektet ”Utstillingsvindu for kvinner i lokalpolitikken” som skal gi betre kjønnsbalanse i lokale folke­valde organ.

Distrikssenteret – Kompetansesenter for dis­triktsutvikling – er etablert i 2008 som eit forvalt­ningsorgan under Kommunal- og regionaldeparte­mentet.

I 2008 er det oppretta ei støtteordning for små nyetablerte vekstbedrifter, NyVekst.

Regjeringa har lagt fram ein tiltaksplan for å redusere ulike risikoar i nye burettslag med låge innskott, m.a. for sikre at folk framleis skal ha tillit til burettslag som buform.

I arbeidet med å førebyggje og fjerne bustad­løyse er kompetansetilskottet frå Husbanken auka ytterlegare i 2008.

Kommunal- og regionalministeren har saman med justisministeren den 9. mai 2008 sett ned eit utval som skal gjennomgå den tragiske rasulykka i Ålesund der fem menneske miste livet.

Regjeringa har lagt fram eit lovforslag om byg­gjesaksdelen av plan- og bygningslova.

Lova om pasientrettar er endra slik at pasient- og brukarombod blir utvida til å gjelde for brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester.

Det er innført ein særskild ventetidsgaranti for barn og unge under 23 år som har psykiske lid­ingar og rusmiddelproblem.

Det er innført ei ordning som gjer det enklare for lege, apotek og pasient å få oversikt over kva for medisinar og sjukdommar som gir rett til blå resept.

Regjeringa har lagt fram ei opptrappingsplan for rusfeltet og nasjonale strategiar for førebygging og behandling av astma og allergisjukdommar, mil­jøet og helsa til barn og unge og førebygging av infeksjonar i helsetenesta og antibiotikaresistens.

Regjeringa har gjort framlegg om ei diskrimi­nerings- og tilkomstlov, som inneber at personar med nedsett funksjonsevne får rettsleg vern mot diskriminering på alle samfunnsområde. Lova inn­fører plikt til å leggje til rette i form av universell utforming. Noreg ligg med dette i front, saman­likna med dei andre nordiske landa, når det gjeld lovgiving på dette området.

Regjeringa har gjort framlegg om å gi sjølv­stendig næringsdrivande rett til svangerskapspen­gar og foreldrepengar. Endringa trer i kraft 1. juli 2008 og får verknad for både nye og eksisterande tilfelle.

Regjeringa har gjort framlegg om ei revidert marknadsføringslov som mellom anna inneheld særlege reglar om marknadsføring retta mot barn, og sterkare verkemiddel for å stanse ulovleg mar­knadsføring.

Regjeringa arbeider aktivt for å auke kompe­tansen i det kommunale barnevernet og for å betre samarbeidet mellom tenestene for utsette barn og unge.

Regjeringa har styrkt omsorga for einslege, mindreårige asylsøkjarar. Med verknad frå desem­ber 2007 blei ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år overført frå utlendingssty­resmaktene til det statlege barnevernet.

Med verknad frå 2008 har eit nytt regelverk for tilskott til frivillige barne- og ungdomsorganisa­sjonar teke til å gjelde. Det nye regelverket er meir fleksibelt og gjer det mogleg for fleire organisa­sjonar å få støtte.

Den fjerde rapporten frå Noreg om oppfølging av FNs barnekonvensjon blei send til FN i februar 2008. I tråd med Soria Moria-erklæringa har depar­tementet også sett i gang eit arbeid med å styrkje og sikre rettane til barn gjennom ei betre overvak­ing av barnekonvensjonen.

Regjeringa har lagt fram lovforslag om å opp­rette ein barnesakkunnig kommisjon.

Regjeringa har oppretta ein internettbasert por­tal som skal hjelpe forbrukarane til betre å kunne samanlikne dei ulike produkta for sparing, lån og forsikringar som blir tilbodne på marknaden.

Regjeringa har laga eit forbrukarpolitisk hand­lingsprogram, som gir ei samla framstilling av aktu­elle tiltak og aktivitetar som skal styrkje stillinga til forbrukarane.

Regjeringa har gjort framlegg om endringar i reglane for barnebidrag og reisekostnader ved samvær.

Regjeringa har lagt fram den nasjonale hand­lingsplanen ”Bedre livskvalitet for lesbiske, homo­file, bifile og transpersoner (2009–2012)”. Formålet er å hindre diskriminering og bidra til meir open­heit og betre levekår for gruppene.

For å førebyggje og hindre kjønnslemlesting av jenter har Regjeringa lagt fram ”Handlingsplan mot kjønnslemlestelse (2008–2011)”.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om kvalitet i skolen.

Regjeringa la våren 2008 fram forslag om å endre formålsparagrafane for skole og barnehage.

Etter dom i Den europeiske menneskeretts­domstolen har Stortinget bestemt at faget Kristen­dom, religion og livssyn skal endre namn til Reli­gion, livssyn og etikk. Det er vedteke endringar i opplæringslova som mellom anna gjer det klart at det ikkje skal vere kvalitativ skilnad på korleis ulike religionar blir behandla i faget.

Innføringa av Kunnskapsløftet er sluttført ved at alle fag og trinn tek i bruk nye læreplanar frå hausten 2008.

Stortinget vedtok våren 2008 endringar i opp­læringslova og privatskolelova, mellom anna om å utvide retten til vidaregåande opplæring for vaksne, innføring av rett til særskild språkopplæring for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplær­ing og lovfesting av at skoleeigaren har plikt til å gi elevane frukt og grønsaker.

Uvalet som har vurdert ny struktur i høgare utdanning, Stjernø-utvalet, leverte si utgreiing i januar 2008.

Stortinget har vedteke ny lov om studentsamskip­nader med klarare presisering av rammene for dei aktivitetane studentsamskipnadene kan drive med.

Det er gjort endringar i lov om universitet og høgskolar, og forslaget om å lovfeste akademisk fri­dom er følgd opp.

Høg kvalitet på forskinga er eit overordna mål for Regjeringa. Internasjonale vitskaplege prisar er viktige tiltak for å presentere framståande forsking. I september 2008 blei Kavliprisane for framståande forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap delte ut for første gong.

Regjeringa nemnde i 2007 opp ei internasjonal, medisinsk ekspertgruppe som skulle følgje opp saka om forholda ved det tidlegare Rosenborglaboratoriet i Trondheim. Utvalet leverte si utgreiing i mai 2008.

Støttebeløpet til og kostnadsramma for bygging av studentbustader er auka.

Regjeringa har styrkt forskingsinnsatsen bety­deleg. I 2008 er dei offentlege løyvingane til for­sking og utvikling auka med 1,2 mrd. kroner, og kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping er auka med 6 mrd. kroner.

Det internasjonale forskingssamarbeidet er høgt prioritert. Det er lagt fram ein strategi for samarbeid med EU om forsking og utvikling, og det er vedteke at Noreg skal delta i eit nytt euro­peisk institutt for innovasjon og teknologi, Euro­pean Institute of Innovation and Technology (EIT). Noreg har inngått ei tosidig forskingsavtale med Frankrike.

Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) blei etablert 1. januar 2008. Direktoratet skal bidra til å styrkje arbeidet til Regjeringa med å fornye offent­leg sektor og gjere statsforvaltninga meir heilskap­leg og slagkraftig.

Statistisk sentralbyrå har på oppdrag frå Regje­ringa lansert statistikktenesta StatRes som skal gi allmenta og styresmaktene betre kunnskap om res­sursbruk og resultat i staten.

Regjeringa la hausten 2007 fram ein strategi for fornying av offentleg sektor.

Regjeringa har prioritert breibandsutbygginga. Pr. 31. mars 2008 hadde breibandsdekninga nådd 99,6 prosent av husstandane.

Regjeringa har vedteke ein strategi for utvikling av ein felles infrastruktur for elektronisk ID (eID), og det er vedteke standardar for utveksling av dokument frå det offentlege.

Regjeringa har vidareført gjennomføringa av Kulturløftet.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om festivalar og kriterium for knutepunktstatus og vurdering av knutepunktoppdrag. Stortinget har slutta seg til framlegga i meldinga.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om løft for rytmisk musikk. Stortinget har slutta seg til fram­legga i meldinga.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om scene­kunst – opera, teater og dans – med ei brei utgrei­ing av scenekunstområda og framlegg til ei rekkje satsingar.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om norsk språkpolitikk, der det blir gjort framlegg m.a. om etablering av ein språkbank, utarbeiding av ei eiga språklov og styrking av Språkrådet.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om den kulturelle skolesekken.

Dansens Hus – nasjonal scene for dans – opna i februar 2008. Dansens Hus skal vere ei gjestespel­scene for norsk og internasjonal dansekunst.

Den internasjonale Ibsen-prisen blei delt ut for første gong i 2008 under Ibsen-festivalen ved Natio­naltheatret.

Det er gjort endringar i føresegnene i kultur­minnelova om ulovleg utførsel av kulturgjenstandar for mellom anna å sikre behovet for å regulere og dokumentere utførsel av gjenstandar som har bety­ding for Noregs kulturarv.

I 2008 blir markeringsåret for kulturelt mang­fald gjennomført, og det blir arbeidd for at ei rekkje tiltak på det fleirkulturelle feltet skal styrkjast.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om dataspel der det blir vurdert tiltak for å fremje tilgangen til og bruken av gode norske dataspel som er trygge i bruk.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om den overordna allmennkringkastingsforplik­tinga som Norsk rikskringkasting har, ”NRK-plaka­ten”.

Etter framlegg frå Regjeringa har Stortinget vedteke å lovfeste redaksjonell fridom i media.

I oppfølging av stortingsmeldinga om film er verkemiddelapparatet omorganisert, og det er fore­slått ny forskrift om tilskott til filmproduksjon.

Det er fastsett reglar for drift og oppstilling av speleterminalane til Norsk Tipping med strenge kontrollkrav og taps- og speleavgrensingar som skal hindre at terminalane gir pengespelproblem.

Regjeringa har foreslått endringar i pengespel­lovgivinga som skal hindre utbreiing av pengespel utan norsk løyve ved at betalingsformidling for slike pengespel blir forbode.

Regjeringa har etablert eit forskingsprogram for sivilsamfunn og frivillig sektor. Det er i 2008 gitt tilskott til etablering av 18 nye frivilligsentralar.

Det er for 2008 fordelt 1 250 mill. kroner frå overskottet i Norsk Tipping AS til idrettsformål og 416,7 mill. kroner til kulturformål. Det er i tillegg fordelt 500 mill. kroner av den såkalla Frivilligmilli­arden i kompensasjon til dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane, inklusive idretten, som i 2001 hadde stilt opp slike gevinstautomatar som blei forbodne 1. juli 2007.

Gitt på Oslo Slott 26. september 2008

Under vår hand og riksseglet