Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortinget, 3. oktober 2006

Vi HARALD, Noregs Konge

s t a d f e s t e r:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Regjeringa har arbeidd aktivt for å styrkje FN ikkje minst gjennom at statsministeren har leidd eit panel som generalsekretæren i FN har sett ned for å reformere organisasjonen. Noreg er også den tredje største givaren til FNs nødhjelpsfond.

Regjeringa har arbeidd for å styrkje den rolla FN spelar på det økonomiske og sosiale området. Regjeringa har følgt oppfordringa frå FN om å førebu eit styrkebidrag til ein eventuell FN-operasjon i Darfur-provinsen i Sudan.

Det norske initiativet for kjernefysisk nedrusting og mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen er ført vidare.

Regjeringa har gitt utviklingssamarbeidet og kampen mot fattigdom høg prioritet. Målet om at løyvingane til bistand skal aukast til 1 pst. av BNI og at innsatsen deretter skal trappast ytterlegare opp, ligg fast. Det vil vere eit viktig bidrag for å nå FNs tusenårsmål.

Regjeringa er oppteken av å sjå fredsbygging, kamp mot fattigdom og fremje av menneskerettar og demokrati i samanheng. Styrking av situasjonen for kvinner, samarbeid om helsespørsmål og kampen mot sjukdommar har dessutan hatt høg prioritet.

Situasjonen i Midtausten er kompleks og involverer mange partar. Det finst inga enkel og snarleg løysing som gir fred i regionen. Det er nødvendig å halde fram med det internasjonale diplomatiske arbeidet med sikte på å få til ei brei politisk løysing på konfliktane i Midtausten. Vegen til ei fredeleg løysing i regionen går ikkje gjennom vald og einsidige tiltak. Ein omfattande og varig fred føreset ein politisk prosess og forhandlingar med alle involverte. Noreg har signalisert støtte til gjenoppbygginga av Libanon og held fram med å gi humanitær og politisk støtte til det palestinske folket. Regjeringa bidreg med norske marinestyrkar i FN-operasjonen i Libanon.

Nordområda er eit av dei viktigaste satsingsområda for Regjeringa. Det blir lagt vekt på å sikre politisk stabilitet og berekraftig utvikling i regionen og å føre vidare hovudlinjene i tryggingspolitikken. Evna til å koordinere innsatsen er styrkt. Det er gjennomført politiske samtaler om nordområdespørsmål med sentrale samarbeidsland. Ressurskontroll og nærvær er styrkt, og kampen mot svartfiske er sett øvst på den politiske dagsordenen.

Regjeringa arbeider for at WTO-forhandlingane skal komme i gang igjen og vil vidareføre arbeidet med å fremje dei samla norske interessene i forhandlingane, der ein mellom anna vil sikre at forholda blir lagde til rette for eit aktivt landbruk i heile landet og bidra til at avtala tek omsyn til interessene til utviklingslanda.

Regjeringa fører ein tydeleg og aktiv europapolitikk som tryggjer norske interesser, og det er lagt fram ei stortingsmelding om gjennomføring av europapolitikken som dreg opp linjene for ein styrkt og meir effektiv politikk på dette området. Regjeringa legg vekt på openheit, dialog og debatt i europapolitikken.

Regjeringa legg handlingsregelen til grunn for budsjettpolitikken. Over tid skal bruken av petroleumsinntektene svare til realavkastninga av Statens pensjonsfond – Utland, slik at også kommande generasjonar får nyte godt av petroleumsformuen. Finanspolitikken skal brukast til å jamne ut svingingane i økonomien. Ved revisjonen av 2006-budsjettet la Regjeringa vekt på at bruken av petroleumsinntektene blei halden innanfor den ramma som blei dregen opp ved salderinga av budsjettet hausten 2005.

Noregs Bank har det siste året auka styringsrenta fire gonger, siste gong på rentemøtet i august då styringsrenta blei auka med 0,25 prosentponeng til 3,0 pst.

Krona har svekt seg dei siste månadene, etter ein styrking gjenom første halvår i år. I midten av september var kronekursen om lag 5,7 pst. svakare enn på same tida i fjor og 3,5 pst. svakare enn ved årsskiftet, målt ved konkurransekursindeksen.

Arbeidsmarknaden har synt ei svært god utvikling det siste året. Ved utgangen av august 2006 var det ifølgje Aetat registrert 65 700 heilt ledige personar. Det er 25 pst. færre enn på same tida i fjor og tilsvarer sesongjustert arbeidsløyserate på 2,5 pst. I tremånadersperioden mai–juli i år var det ifølgje arbeidskraftundersøkinga til Statistisk sentralbyrå sysselsett 64 000 fleire personar enn i den same perioden eitt år tidlegare.

Den særlege innsatsen mot fattigdom er ført vidare og trappa opp. Innsatsen omfattar mellom anna arbeidsmarknadstiltak for langtidsmottakarar av sosialhjelp og innvandrarar, tiltak mot barnefattigdom og tiltak for å førebyggje og avskaffe bustadløyse gjennom den nasjonale strategien ”På veg til eigen bustad”.

Det har vore ein betydeleg vekst i inntektene til kommunsektoren i 2005-2006. Ein sterk og sunn kommuneøkonomi er det viktigaste fundamentet for eit godt skoletilbod, gode barnehagar og verdig eldreomsorg.

Kunnskapsløftet blei innført frå august 2006 for elevane i grunnskolen og første trinn i vidaregåande opplæring. Reforma inneber ei styrking av innhaldet i opplæringa og endringar i struktur og organisering.

I 2005 fekk 10 900 nye barn plass i barnehage, og Regjeringa legg opp til minst like høg utbyggingstakt i 2006. Regjeringa reduserte maksimalprisen på foreldrebetaling i barnehagane til kr 2 250 per månad frå 1. januar 2006.

Regjeringa la i september fram ei stortingsmelding om omsorgstenestene i framtida. Regjeringa har styrkt sjukehusa med 500 mill. kroner, noko som inneber ein auke i kapasiteten på vel 20 000 pasientar.

Strategiane til Regjeringa for å ta heile landet i bruk og å bevare hovuddraga i busetjingsmønsteret blei presentert i stortingsmeldinga om distriktsog regionalpolitikken sommaren 2006.

I juli 2006 godkjende overvakingsorganet i EFTA framlegget frå Regjeringa om å gjeninnføre den differensierte arbeidsgivaravgifta. Dei godkjende også å utvide området for bedriftsretta investeringsstøtte til 24 nye kommunar. Det inneber at differensiert arbeidsgivaravgift for næringslivet i Distrikts-Noreg i all hovudsak vil bli gjeninnført frå 1. januar 2007. Dette gir næringslivet ein avgiftsfordel på 5,4 mrd. kroner.

Innsatsen for innovasjon, næringsretta forsking og næringsutvikling er styrkt. Løyvingane til Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og SIVA –Selskapet for industrivekst blei auka med over 500 mill. kroner frå 2005 til 2006.

Regjeringa har styrkt samferdselssektoren betydeleg, både når det gjeld veg, bane, ferjer og utbygging av breiband.

1. juli 2006 tok størstedelen av finnmarkslova til å gjelde, og Finnmarkseigedommen blei oppretta. Finnmarkseigedommen er eit sjølvstendig rettssubjekt, der styret er oppnemnt av Sametinget og Finnmark fylkesting. Regjeringa har styrkt miljøpolitikken på fleire område. I juni 2006 behandla Stortinget forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten. Forvaltningsplanen legg til rette for langsiktig verdiskaping i desse havområda der petroleumsverksemd, sjøtransport og fiskeri er sett i samanheng innanfor ei berekraftig ramme.

Regjeringa har auka ressursane til politiet for å sikre eit slagkraftig, nært og synleg politi over heile landet.

Regjeringa har begynt å gjennomføre det store kulturløftet, der målsetjinga er at 1 pst. av statsbudsjettet skal gå til kulturformål innan 2014.

*********

Jordskjelvet i Pakistan i oktober i fjor førte til eit stort engasjement for dei nødlidande også i Noreg. Regjeringa løyvde 250 mill. kroner til jordskjelvoffera. I 2005 blei det også løyvd ekstraordinær humanitær støtte til dei tørkeramma i Afrika og dei orkanramma i Mellom-Amerika.

Regjeringa har prioritert å støtte den internasjonale humanitære innsatsen og særleg den rolla FN spelar. Det er gitt betydeleg humanitær bistand til område der vi har spesielle føresetnader for å bidra – i Sudan, Det palestinske området, Sri Lanka og Afghanistan.

Regjeringa har arbeidd målbevisst for å styrkje og vidareføre innsatsen for å førebyggje og løyse konfliktar.

Regjeringa har sett i gang arbeid med ei heilskapleg plattform for afrikapolitikken. Regjeringa har auka støtta til utviklingstiltak i Afrika.

Konflikten i Sudan er den største humanitære utfordringa i verda i dag, og det er heilt avgjerande at den fredsavtala som blei inngått i Abuja i mai i år, blir gjennomført.

Regjeringa har ført vidare og auka innsatsen for fred og utvikling også i Midtausten, Asia, Latin-Amerika og på Balkan. Regjeringa har teke initiativ for å sjå på ei tilrettelegging for eit utvida samarbeid med utvalde land i Sør-Amerika.

Regjeringa legg vekt på at NATO skal vere det primære transatlantiske forumet for tryggingspolitiske konsultasjonar, i tillegg til å sikre det kollektive forsvaret til medlemslanda. Noreg arbeider derfor for å styrkje den politiske dialogen i alliansen og samarbeidet mellom NATO og FN, EU og andre internasjonale organisasjonar.

Norsk deltaking i den NATO-leidde International Security Assistance Force (ISAF) i Afghanistan har vore hovudsatsingsområdet til Regjeringa når det gjeld bidrag i internasjonale operasjonar.

Regjeringa prioriterer deltaking i innsatsstyrken NATO Response Force, der Noreg frå 1. juli 2006 bidreg med kampfly og luftboren overvakingskompetanse. Noreg førebur også bidrag med mellom anna transportkapasitet og sanitet til ein svenskleidd, nordisk EU-innsatsstyrke som frå 2008 kan stillast til rådvelde, mellom anna for å styrkje FNs evne til krisehandtering.

Russland er Noregs viktigaste samarbeidspartnar i nord og samarbeidet er styrkt mellom anna innanfor miljøforvaltning og utnytting av ressursane i Barentshavet. Prosjektsamarbeid innanfor helse, kultur og atomsikringssamarbeid utgjer viktige delar av Noregs forhold til Russland, og det er skapt positive resultat på ei rekkje område. Den økonomiske samhandlinga er intensivert.

Den utanrikspolitiske dialogen med EU har vore sentral mellom anna i spørsmål som er knytte til nordområda. Dialogen tek også opp energipolitikk, forholdet til Russland, Midtausten og andre sentrale felt.

Forhandlingar om å utvide EØS-avtala til også å omfatte Romania og Bulgaria er no i gang, og ein føreset at dei skal sluttførast slik at utvidinga av EU og EØS-området trer i kraft samtidig.

Framdrifta i gjennomføringa av finansieringsordningane under EØS-avtala har vore god. Mottakarland har lyst ut midlar offentleg, og mange fond for frivillige organisasjonar, forsking og utdanning blir oppretta.

Regjeringa arbeider for fred og stabilitet på Vest-Balkan. Forsvars-, politi- og justisreformer er satsingsområde og Noreg deltek i alle dei EUleidde operasjonane i regionen. Tiltak mot menneskehandel har prioritet.

Regjeringa har stort utbytte av det europeiske samarbeidet om kontroll av felles yttergrense og i kampen mot ulike former for grenseoverskridande kriminalitet, blant anna gjennom Schengen-samarbeidet.

Regjeringa har også støtta tiltak i SUS-området. OSSE og Europarådet er sentrale for arbeidet med eit integrert og stabilt Europa.

Den europeiske unionen har innført antidumpingavgifter på eksport av norsk laks, og Regjeringa meiner desse tiltaka er i strid med regelverket i Verdshandelsorganisasjonen, WTO. Konsultasjonar med Europakommisjonen har ikkje ført fram, og Regjeringa har klaga saka inn for tvisteløysing i WTO.

Noregs utvikling blir i aukande grad knytt til utviklinga i Asia. Regjeringa styrkjer derfor samarbeidet med dei asiatiske landa.

Kina har blitt ei økonomisk og politisk stormakt. Regjeringa utarbeider no ein eigen strategi for ei vidareutvikling av dei tosidige kontaktane med landet.

Krisa i Midtausten juli i år viser at den nye beredskaps- og krisehandteringsorganisasjonen i Utanriksdepartementet er robust og effektiv når det gjeld å handtere ekstraordinære situasjonar der mange nordmenn i utlandet må transporterast ut og få hjelp på annan måte.

Statens pensjonsfond - Utland utgjorde ved utgangen av første halvår 2006 1 505,0 mrd. kroner. Tilførselen av nye midlar gjennom første halvår 2006 utgjorde 153,2 mrd. kroner. Avkastninga av fondet var i same periode 0,7 pst. målt i utanlandsk valuta. Målt i norske kroner var avkastninga i første halvår - 3,1 pst. Det er avkastninga i internasjonal valuta som er relevant når ein skal måle utviklinga i fondets internasjonale kjøpekraft. Den gjennomsnittlege oljeprisen fram til utgangen av august var 67 USD eller 430 kroner pr. fat.

Noregs BNI var i 2005 på knapt 1 913 mrd. kroner, ein nominell auke på 10,9 pst. frå året før.

Verdiskapinga i Fastlands-Noreg, målt med bruttonasjonalprodukt i faste prisar, auka ifølgje førebels nasjonalrekneskapstal med 3,7 pst. frå 2004 til 2005. Samla BNP auka i same perioden med 2,3 pst. Den noko svakare utviklinga i samla BNP må ein sjå i samanheng med ein nedgang i bruttoproduktet innanfor oljeverksemd og utanriks sjøfart.

Driftsrekneskapen overfor utlandet viste eit overskott på knapt 317 mrd. kroner i 2005, noko som er meir enn 83 mrd. kroner høgare enn i 2004 målt i gjeldande prisar. Noregs nettofordringar overfor utlandet auka i 2005 med drygt 370 mrd. kroner.

I første halvår i år var eksport- og importverdien av tradisjonelle varer 6,6 og 11,4 pst. høgare enn i den same perioden i fjor. Konsumprisindeksen auka med 1,6 pst. frå 2004 til 2005. Justert for avgiftsendringar og utan energivarer auka konsumprisane med 1,0 pst. i den same perioden. I perioden januar - august i år var konsumprisane i gjennomsnitt 2,3 pst. høgare enn i same perioden i fjor, og 0,8 pst. høgare når ein justerer for avgiftsendringar og energivarer.

Produksjonen av petroleum for sal var i 2005 på 257 mill. Sm3 oljeekvivalentar (o.e.) olje, gass og våtgass. Det er ein nedgang på 7 mill. Sm3 o.e. i for-hold til rekordåret 2004. Olje, medrekna NGL og kondensat, stod for 67 pst. av volumet med ein produksjon på 3 mill. fat o.e. per dag. Nedgangen var innanfor produksjonen av olje, mens gassproduksjonen var høgare i fjor enn tidlegare år. Gassproduksjonen utgjorde 85 mrd. Sm3.

To nye felt, Kristin og Urd, blei sette i produksjon i 2005.

Verdien av olje- og gasseksporten var i 2005 på 444 500 mill. kroner. Det er ca. 30 pst. høgare enn i 2004. Nettokontantstraumen til staten frå petroleumsverksemda var i fjor på 275 500 mill. kroner.

Ved tildeling i førehandsdefinerte område blei det i 2005 tildelt til saman 45 utvinningsløyve (i Nordsjøen og Norskehavet) til 26 selskap. I mars 2006 blei ytterlegare 13 nye utvinningsløyve tildelt 17 selskap i den 19. konsesjonsrunden.

Den samla elektrisitetsproduksjonen var i 2005 på om lag 137 TWh, mens elektrisitetsforbruket var på om lag 125 TWh.

I 2005 gav Noregs vassdrags- og energidirektorat og Olje- og energidepartementet nye vassdragskonsesjonar som til saman vil gi ein årleg produksjon på om lag 690 GWh. Av dette utgjer løyve til småkraftverk om lag 500 GWh per år. I tillegg blei det gjort vedtak om konsesjonsfritak for små vasskraftverk med ein samla produksjon på om lag 200 GWh.

Regjeringa vil ha ein sterk offentleg eigarskap til vasskraftressursane våre, og ho har vedteke at dagens heimfallsordning skal førast vidare slik at ein sikrar offentleg eigarskap. Regjeringa legg til grunn at disponeringa av vasskraftressursane fell utanfor EØS-avtala. Overvakingsorganet i EFTA, ESA, har lagt praktiseringa av heimfallsordninga fram for EFTA-domstolen.

Det er vedteke endringar i energilova i samband med gjennomføringa av eldirektiv II. Lovendringa medfører nye reglar om krav til organisering av dei større kraftselskapa og reglar som vil gje betre forbrukarvern.

Omstillingsarbeidet i Forsvaret er ført vidare i 2006 med gode resultat. Utanom sjølve omlegginga av Forsvaret er det sett i verk ei rekkje tiltak for å betre styringa og kontrollen med økonomi- og rekneskapsfunksjonar i Forsvaret. Konsulentbruken er redusert kraftig, og erfaringane med horisontal samhandling og bortsetjing av støttefunksjonar blir gjennomgått kritisk.

Regjeringa har forsterka Forsvaret sin innsats i nordområda ved å tilføre Kystvakta og dei maritime overvakingsflya auka midlar.

For å kunne utføre dei internasjonale pliktene våre innanfor FN, NATO og EU-ramma over tid blir det arbeidd med å auke evna til styrkeproduksjon i Hæren. Denne auken vil i stor grad finne stad i Nord-Noreg.

Regjeringa har oppnemnt eit rådvgivande Forsvarspolitisk utval. Utvalet skal sørgje for ein brei og open dialog om forsvars- og tryggingpolitiske utfordringar og gi innspel til arbeidet med den neste langtidsplanen for Forsvaret.

Forskingsinnsatsen er styrkt betydeleg. I 2006 er dei offentlege løyvingane til forsking og utvikling auka med 1,4 mrd. kroner, og kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping er auka med 14 mrd. kroner.

Stortinget har vedteke ny lov om etikk og ærleg framferd i forsking.

Det er no utarbeidd ein standardkontrakt for oppdragsforsking. Bruk av slike kontraktar skal sikre større openheit om forsking og forskingsresultat.

For å styrkje den næringsretta forskinga og samarbeidet mellom forskingsmiljø og næringsliv blei det i juni 2006 utpeikt 14 senter for forskingsdriven innovasjon i Noreg.

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner ein auke i talet på nyetableringar på 17 pst. for første kvartal i år samanlikna med den same perioden i fjor.

Overvakingsorganet i EFTA godkjende både dei distriktsretta og landsdekkjande såkornfonda i mars 2006. Det er valt forvaltar til seks av dei ti fonda som skal opprettast. Det er no såkornfond i alle universitetsbyane.

I Revidert nasjonalbudsjett 2006 er det løyvt 25 mill. kroner til eit næringsfond for Skien.

Satsinga til Regjeringa på næringsretta design blei lansert i juni 2006 og løyvinga er auka vesentleg samanlikna med 2005.

Av løyvinga til Innovasjon Noreg er 172,5 mill. kroner øyremerkte til marknadsføring av Noreg i utlandet. I denne samanhengen er det utarbeidd ein merkevarestrategi for Noreg. Regjeringa har sett i gang arbeidet med ein nasjonal reiselivsstrategi og oppretta eit kontaktforum for reiseliv.

Regjeringa har sett i gang eit prosjekt for å kartleggje dei kostnadene bedriftene har ved å etterleve regelverket. Altinn skal vidareutviklast som ein inngangsportal til offentlege tenester.

For å styrkje norsk patentpolitikk har Regjeringa vedteke å gå inn for norsk medlemskap i Den europeiske patentorganisasjonen frå 2008. Regjeringa har vidare vedteke å få til ei avtale mellom Danmark, Island og Noreg om å opprette eit nor-disk patentinstitutt. Regjeringa har også sett i gang eit arbeid for å heve kompetansen i næringslivet når det gjeld rettigheitsvern.

Regjeringa har forplikta Noreg til å delta i det nye europeiske romfartsprogrammet i ESA (European Space Agency). Det betyr ei kraftig styrking av norsk romverksemd.

Regjeringa har lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg om ny lov om måleiningar, måling og normaltid.

Tryggleiken til sjøs vil bli styrkt med framlegget frå Regjeringa til ny skipstryggingslov som blei lagt fram i juni 2006. Samtidig blei det gjort framlegg om endringar i sjømannslova som vil styrkje rettane til sjøfolk.

Nettolønnsordninga for sjøfolk blei 1. juli 2006 utvida til å omfatte fleire konkurranseutsette sjøfolk i NOR.

Cermaq ASA blei børsnotert 24. oktober 2005 og eigardelen til staten blei redusert frå 79,4 pst. til 43,5 pst.

I desember 2005 blei det inngått ei avtale mellom Svenske Saab AB og staten om å kjøpe 5 pst. av aksjane i Nammo AS av Saab. Den norske staten eig no 50 pst. av Nammo.

Regjeringa fremja i juni 2006 eit framlegg for Stortinget om å redusere eigardelen til staten i BaneTele AS med 50 pst. og om å inngå avtale med Bredbåndsalliansen om ein langsiktig delt eigarskap i selskapet.

Verdien av dei direkte eigardelane staten har i børsnoterte selskap, steig frå 428 mrd. kroner ved utgangen av 2005 til 505 mrd. kroner per 1. august 2006. Det er ein auke på 18,0 pst. Medrekna vedteke utbytte på 18,9 mrd. kroner frå dei same selskapa, er verdiauken 22,5 pst.

Norges televisjon AS blei i juni 2006 tildelt frekvensløyve/konsesjon for bygging og drift av digitalt bakkenett for fjernsyn. Utbygginga av eit slikt nett inneber at heile befolkninga får tilbod om digitale fjernsynssendingar.

For det langsiktige arbeidet med tryggleik i alle transportgreiner legg Regjeringa til grunn ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller hardt skadde. I 2005 blei 224 personar drepne i ulykker i vegtrafikken, mot 257 i 2004. Dette er det lågaste talet på drepne i vegtrafikken på 50 år. Som i 2004 omkom tre personar i jernbaneulykker, mens to personar omkom i luftfartsulykker i 2005.

I februar 2006 blei Nasjonal handlingsplan for trafikktryggleik på veg 2006–2009 lagd fram. Planen inneheld 234 tiltak som skal bidra til at nedgangen i talet på drepne og hardt skadde på norske vegar skal halde fram.

OPS-prosjektet Lyngdal–Flekkefjord blei opna for trafikk i august 2006. Regjeringa trappar opp arbeidet med å byggje ut riksvegstrekningar med låg standard til fullverdige transportårer. Regjeringa har auka løyvingane til rassikring av vegnettet og til vegvedlikehald. Auka rammetilskott set fylkeskommunane betre i stand til å kunne prioritere fylkesvegnettet.

Regjeringa arbeider aktivt for eit betre kollektivtilbod i byane, mellom anna gjennom belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda. I april blei det lagt fram ein handlingsplan for tiltak og verkemiddel for eit meir tilgjengeleg kollektivsystem for funksjonshemma.

Regjeringa legg til rette for vidare utvikling av miljøvennleg drivstoff til bilar, og ein har auka løyvingane til etablering av fyllestasjonar for hydrogen. Alle former for biodrivstoff har fått avgiftsfritak, og forskingsmidlane er auka.

Regjeringa prioriterer utbygging av jernbanenettet, høg tryggleik og tiltak for å betre driftsstabiliteten. Når det gjeld tryggleik, var 2005 eit av dei beste åra for jernbanen. Med omsyn til punktleg drift heldt den positive utviklinga fram i 2005 og var den beste sidan målingane starta på 1970-talet. Vidare var 2005 eit godt år med ytterlegare trafikkvekst og betra økonomiske resultat både for person- og godstrafikken.

I juni 2006 starta NSB Anbud AS å trafikkere Gjøvikbanen etter å ha vunne den utlyste konkurransen. Regjeringa vedtok hausten 2005 å stoppe ytterlegare konkurranseutsetjing av persontrafikken på jernbane. Vidare blei konkurranseutsetjinga av fleire oppgåver knytte til vedlikehaldet av jernbanen, stoppa. I staden blir det stilt krav til produktiviteten i Jernbaneverket.

Etter framlegg frå Regjeringa omgjorde Stortinget våren 2006 eit tidlegare vedtak om å avvikle eineretten til Posten Noreg AS frå 1. januar 2007. Dette set Posten Noreg betre i stand til å kunne sikre eit likeverdig posttilbod i heile Noreg.

Flyttinga av Luftfartstilsynet frå Oslo til Bodø har gått etter planen. Frå 1. januar 2006 har hovudkontoret vore i Bodø. Mesteparten av verksemda skjer no frå Bodø.

Det er forhandla fram jordbruksavtale og reindriftsavtale mellom staten og næringsorganisasjonane. Regjeringa la fram eigne proposisjonar for dei to avtalene, og dei fekk tilslutning i Stortinget. Jordbruksavtala legg til rette for ei nivåheving av inntektene og prioriterer bønder som hentar ein vesentleg del av inntekta frå garden. Distrikts- og strukturprofilen på verkemidla innanfor jordbruket er styrkt.

Regjeringa har ein ambisjon om at all mat som blir produsert og omsett, skal vere trygg. Vinteren og våren 2006 var det eit utbrott av sjukdom som skuldast smitte av E. coli O:103 i spekemat. Det blei registrert 18 sjuke personar – 16 av dei var barn. Eitt barn døydde av nyresvikt. I etterkant sette Regjeringa ned eit utval som skal sjå på alle relevante sider av saka. Regjeringa har også teke initiativ til å utvikle eit nasjonalt system som skal gjere det lettare å spore kvar maten kjem frå.

Som ledd i fornyinga av instituttsektoren blei Norsk institutt for jord- og skogkartlegging og Norsk institutt for skogforsking ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2006 slått saman til eitt nytt institutt med særskilde fullmakter, Norsk institutt for skog og landskap. Vidare blei Bioforsk oppretta som organ med særskilde fullmakter i januar 2006.

I 2005 eksporterte Noreg sjømat for rekordhøge 31,7 mrd. kroner. Eksporten auka i 2005 med 3,6 mrd. kroner, eller 12,6 pst., i forhold til 2004. Oppdrettsfisk utgjer ein stadig større del av verdien av sjømateksporten. I 2005 var oppdrettsdelen på 47 pst.

Russland innførte 1. januar 2006 eit generelt importforbod mot fersk norsk sjømat, inkludert laks. Ei rekkje andre land er blitt møtt med tilsvarande importforbod for ulike matprodukt idet styresmaktene i Russland påstår at innhaldet av framandstoff i produkta ligg over dei russiske grenseverdiane. Forbodet er seinare delvis lempa, men det er enno eit stykke igjen før det er oppretta nor-male handelssamband.

Grensa for kor stor del av løyva enkeltaktørar kan eige av norsk havbruksnæring, er blitt redusert, slik at ingen kan eige meir enn 25 pst. av det samla talet på konsesjonar til oppdrett av og aure. Terskelen for å søkje om løyve frå Fiskeri- og kystdepartementet er sett til 15 pst.

For å styrkje laksenæringa i Finnmark blei det i september 2006 utlyst 10 nye løyve som skal fordelast på Aust- og Vest-Finnmark. Løyva skal bindast i 10 år til dei kommunane dei blir etablerte i.

Fiskeri- og kystdepartementet oppnemnde i juli 2006 ein rømmingskommisjon for akvakultur.

Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal greie ut om kva rett samar og andre har til fiske i havet utanfor Finnmark.

I oktober 2005 blei det innført ein pause i strukturordningane for fiskeflåten. Eit regjeringsoppnemnt utval fekk i oppdrag å evaluere tidlegare innførte ordningar og fremje forslag til framtidige strukturverkemiddel. Utvalet leverte innstillinga si i august 2006.

Det er gjennomført ei evaluering av ordninga med leveringsvilkår for torsketrålarar. Mellom anna på grunnlag av denne evalueringa har Fiskeriog kystdepartementet sendt på høyring ein del framlegg til endringar i ordninga, som skal sikre råstofftilgang og arbeidsplassar i spesielt fiskeriavhengige kommunar langs kysten.

For å tryggje bestanden av norsk kysttorsk er det også for 2006 innført vernetiltak som skal avgrense yrkesfiske og fritidsfiske av kysttorsk. Fiskeri- og kystdepartementet innførte ein utførselskvote for marin fisk og fiskevarer frå 1. juni 2006, som skal verke preventivt mot det kvantumsorienterte turistfisket.

Regjeringa har styrkt arbeidet mot ulovleg fiske, med særleg fokus på overfiske i Barentshavet. I juni 2006 la Regjeringa fram forslag til lovendringar som skal gi styresmaktene fleire verktøy mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Noreg fekk våren 2006 gjennomslag i FN for at statane skal forhandle fram ei bindande avtale om hamnestatskontroll.

Regjeringa har skrive under eit memorandum om gjensidig forståing mellom Noreg og Russland knytt til styrking av sjøtryggingssamarbeidet i Barentshavet.

Lønnsoppgjeret i 2006 var eit hovudoppgjer. Forhandlingane mellom LO og NHO blei gjennomførte forbundsvis. Den økonomiske ramma for frontfaget (Fellesforbundet og Norsk Industri/Byggenæringens landsforening) har danna mønster for mange av dei tariffoppgjera som følgde etterpå, sjølv om tillegga i enkelte forhandlingsområde er blitt noko høgare. Det var enkelte konfliktar i samanheng med vårens lønnsoppgjer, men få av dei var langvarige.

Staten har i drøftingane med Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne blitt einig med partane om ei regulering av grunnbeløpet i folketrygda frå 1. mai 2006.

Arbeidsgivarane må i løpet av 2006 ha teikna obligatorisk tenestepensjon for alle tilsette som blir omfatta av lov om foretakspensjon og lov om innskottspensjon. Ordninga skal ha økonomisk verknad for dei tilsette frå 1. juli 2006.

Som eit ledd i gjennomføringa av arbeids- og velferdsreforma, som Stortinget vedtok våren 2005, blei Arbeids- og velferdsetaten oppretta frå 1. juli 2006 gjennom ei samanslåing av tidlegare Aetat og trygdeetaten. Sosialtenesta i kommunane og den nye Arbeids- og velferdsetaten vil saman utgjere den nye Arbeids- og verferdsforvaltninga.

Etter framlegg frå Regjeringa blei arbeidsmiljølova endra med verknad frå 1. januar 2006. Dei viktigaste endringane i reglane i den nye lova er at høvet til midlertidig tilsetjing ikkje blei utvida, at retten til å halde fram i stillinga ved tvist om usakleg oppseiing blei behalden, og at overtidsreglane blei tilbakeførte slik dei var før lovendringane i 2003.

Regjeringa la i juni fram eit forslag til nye reglar om varsling i arbeidsmiljølova.

I stortingsmeldinga om helse, miljø og tryggleik i petroleumsverksemda har Regjeringa peikt på sentrale utviklingsdrag og utfordringar.

I Revidert nasjonalbudsjett for 2006 la Regjeringa fram ein handlingsplan mot sosial dumping. Handlingsplanen omfattar tiltak for å nå målet om ordna lønns- og arbeidsvilkår for alle og ein seriøs arbeidsmarknad.

EØS-utvidinga 1. mai 2004 har gitt Noreg auka tilgang på arbeidskraft frå dei nye EØS-landa trass i overgangsreglar som avgrensar den frie flyten. Overgangsreglane skulle i første omgang gjelde i to år. Etter å ha lagt saka fram for Stortinget vedtok Regjeringa å vidareføre overgangsreglane.

Ny lov og forskrifter om offentlege innkjøp som legg til rette for meir moderne innkjøpsprosessar, er vedtekne. Reglane sikrar omsynet til universell utforming ved offentlege innkjøp og gir framleis høve til direkte kjøp av helse- og sosialtenester frå ideelle organisasjonar.

Breibandsdekninga har i seinare tid synt ein sterk auke, og ein har nådd ei dekning på 94 pst. per 1. juli 2006.

Etter framlegg frå Regjeringa vedtok Stortinget våren 2006 fleire endringar i tomtefestelova. Det er mellom anna fastsett at bustadfestarar skal ha innløysingsrett kvart andre år.

Stortinget har etter framlegg frå Regjeringa vedteke lovregulering av straumavtaler for forbrukarar.

Det europeiske rettslege samarbeidet i straffesaker er styrkt ved at Noreg har slutta seg til ei meir forpliktande avtale med EU om overlevering av personar som skal bli straffeforfølgde i eit anna land enn det personen oppheld seg i.

Regjeringa har lagt fram forslag til tiltak for å få avvikla soningskøen innan 2009. Det er forslag om kapasitetsutvidingar og forslag som krev lovendringar. Det er vedteke å opprette 250 nye soningsplassar i 2006, samtidig som kapasiteten ved friomsorgskontora blir auka. Utdanningstilbodet til dei innsette i fengsla er styrkt.

Regjeringa har lagt fram stortingsmeldinga”Alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar”.

Regjeringa har oppretta ei krisestøtteeining under Justisdepartementet som skal bidra med støttefunksjonar til leiardepartementet og kriserådet til Regjeringa i krisehandteringa deira.

Regjeringa arbeider aktivt for å styrkje redningshelikoptertenesta og har vedteke å gå ut med full anbodsinvitasjon for etablering av ein redningshelikopterbase i Florø. Det er oppretta døgnkontinuerleg vakt ved redningshelikopterbasen i Banak frå 1. juli 2006.

I samarbeid mellom Forsvarsdepartementet og Justisdepartementet er det oppretta ei arbeidsgruppe for å utvikle gode rutinar for samordna øvingsaktivitetar som særleg er relatert til terrorisme.

Regjeringa prioriterer kampen mot den økonomiske kriminaliteten høgt. Økokrim er det siste året tilført auka økonomiske ressursar og personalressursar. Det internasjonale samarbeidet mot korrupsjon er styrkt ved at Noreg har slutta seg til FNkonvensjonen mot korrupsjon og gjennomført han i lovgivinga.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid for å undersøkje årsakene til at personar som har fått endeleg avslag på asylsøknaden sin, ikkje har forlate landet, og det blir foreslått tiltak som kan gjere det mogleg med raskare retur for dei som ikkje har grunnlag for opphald i landet.

Regjeringa har sendt på høyring eit framlegg om å styrkje situasjonen for offer og pårørande i straffesaker.

Prøveordninga ”Narkotikaprogram med domstolskontroll” blei etablert 1. januar 2006.

Stortinget vedtok i mai 2006 ny offentlegheitslov. Lova vil i vesentleg grad styrkje folks rett til innsyn i saksdokumenta i forvaltninga.

Ein uavhengig granskingskommisjon blei oppnemnd våren 2006 for å undersøkje om Utlendingsdirektoratets behandling av søknader frå ein del nordirakarar var i strid med dei politiske retningslinjene og for å vurdere styringsforholdet mellom departementet og direktoratet. Kommisjonen har lagt fram to delrapportar som blir følgde opp av Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Det er oppretta eit ventemottak for å gi eit einsarta tilbod til tidlegare asylsøkjarar utan lovleg opphald i Noreg inntil dei forlet landet.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet blei oppretta 1. januar 2006. Direktoratet skal vere eit kompetansesenter og bidra til like levekår og mangfald gjennom arbeid, integrering og deltaking.

Lov om forbod mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion m.m. tok til å gjelde 1. januar 2006.

Ny lov om statsborgarskap tok til å gjelde 1. september 2006, og det blir innført statsborgarseremoni for nye borgarar frå hausten 2006.

Regjeringa har sett i verk konsultasjonsavtala som blei inngått mellom Regjeringa og Sametinget.

Regjeringa fremja i juni ein odelstingsproposisjon med fleire endringar i kommunelova, mellom anna lovregulering av komitémodellen. Departementet fremja samtidig ein proposisjon med framlegg til felles reglar for statlig tilsyn med kommunesektoren og en proposisjon om interkommunalt samarbeid om tenesteyting og offentleg maktutøving.

Våren 2006 innleidde Regjeringa eit samarbeid med KS og arbeidstakarorganisasjonane. Gjennom dette trepartssamarbeidet vil Regjeringa gi eit bidrag til det lokale arbeidet med å auke kvaliteten og effektiviteten på det kommunale tenestetilbodet.

Regjeringa har sendt på høyring framlegg til nye byggjeforskrifter om energikrav, som vil redusere energibehovet i nye bustader og andre nybygg med om lag 30 pst.

Lovreglar og forskrifter om utbyggingsavtaler tok til å gjelde 1. juli 2006.

Det offisielle registeret over rettar i fast eigedom er no utvida til å omfatte eigardelar i burettslag.

Arbeidet med å stanse utsleppa av miljøgifter, nasjonalt og internasjonalt, er styrkt. Regjeringa har teke nye initiativ for å stanse bruken av miljøgifter med ei utgreiing om forbod mot miljøgifter i forbrukarprodukt.

Noreg har arbeidd aktivt for ein global kjemikaliestrategi som blei vedteken på ministermøtet i Dubai i februar 2006.

Regjeringa har begynt å ta eit krafttak for å sikre dei viktigaste kulturminna våre, og det er sett i verk eit verdiskapingsprogram med utgangspunkt i kulturminne og kulturmiljø.

Regjeringa har verna Hovedøya i Oslo og 58 viktige naturområde langs Vestfold- og Telemarkskysten. Stølsheimen landskapsvernområde i Sogn og Fjordane er blitt utvida med 4 km2. I tillegg er det oppretta 10 barskogreservat som følgje av frivillig vern.

Det er sikra 28 nye friluftsområde som i hovudsak er knytt til strandsona. Det er også vedteke å sikre 26 forsvarseigedommar for friluftsliv. I Osloområdet har Regjeringa bidrege til å sikre eit nytt friluftsområde på Huk og i Akerselva miljøpark.

Eit offentleg utval la i juni 2006 fram ei utgreiing om statleg støttepolitikk til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar.

Det er innført gratis førebuande kurs for folk som søkjer om å få adoptere barn for første gong.

Likestillings- og diskrimineringsombodet blei oppretta med verknad frå 2006. Ombodet handhevar forboda mot diskriminering pga. kjønn, etnistet, religion, seksuell orientering, nedsett funksjonsevne og alder, og det er ein pådrivar for auka likestilling i samfunnet.

Regjeringa ønskjer å arbeide for å redusere/ fjerne lønnsforskjellar mellom kvinner og menn og har sett ned ein likelønnskommisjon.

For å hindre barneekteskap og tvangsekteskap har Regjeringa lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg til endringar i mellom anna ekteskapslova.

Regjeringa sende i juli 2006 framlegg til ny marknadsføringslov på høyring. Det er mellom anna foreslått særreglar for marknadsføring retta mot barn, betre rettar mot uønskt reklame og sterkare verkemiddel for å stanse ulovleg marknadsføring.

Sentrale kvantitative mål i opptrappingsplanen for psykisk helse er i ferd med å bli nådde, og kvaliteten på tenestene og tilbodet til barn og unge er prioritert.

Regjeringa har lagt fram lovforslag til eit personidentifiserbart norsk pasientregister. Formålet er å betre kunnskapen om sjukdommar og betre kvalitetssikringa av pasientbehandlinga i spesialisthelsetenesta.

Tilgangen til offentleg finansierte helsetenester er gjord lettare ved at pasienten kan vende seg direkte til kiropraktorar og manuellterapeutar utan først å ha tilråding frå lege.

Pneumokokkvaksine er innført som ein del av barnevaksineprogrammet. Kvart år blir dermed 57 000 barn vaksinerte mot denne bakterien, som kan gi dødeleg hjernehinnebetennelse.

Regjeringa har oppheva eigendelsordninga for fysioterapi som blei innført frå 1. januar 2006. Vel 200 000 pasientar nyt godt av dette.

Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for kreftområdet for 2006–2009, ein nasjonal strategi for diabetesområdet for 2006–2010 og ein strategiplan for det tobakksførebyggjande arbeidet for 2006–2010.

Ny barnehagelov tok til å gjelde 1. januar 2006, og ein revidert rammeplan for innhaldet og oppgåvene i barnehagane blei sett i verk 1. august 2006.

Stortinget vedtok våren 2006 endringar i friskolelova og fagskolelova. Regjeringa oppnemnde våren 2006 eit utval som skal gå igjennom formålet med opplæringa og formålet for barnehagen, og som skal vurdere behovet for ein revisjon av formåla for grunnutdanninga og barnehagen.

Det er oppnemnt eit utval som skal vurdere den vidare utviklinga av høgare, norsk utdanning i lys av dei behova samfunnet har dei nærmaste 10–20 åra.

Det er opna fleire nybygg for universitet og høgskolar, mellom anna er Svalbard forskingspark i Longyearbyen teken i bruk.

Regjeringa har i 2006 etablert eit nytt program

– Program for basiskompetanse – som yter støtte til private og offentlege verksemder som gir dei tilsette eller arbeidssøkjarar opplæring i grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving, matematikk og ikt.

Regjeringa har utarbeidd ein strategi for å styrkje realfaga, ”Et felles løft for realfagene 2006 –2009”, for å møte behovet for realfagkompetanse i utdanning, forsking og arbeidsliv i dag og i framtida. Kvart år skal det lagast ein tiltaksplan som skal bidra til å realisere måla i strategien.

Stortinget har slutta seg til framlegget frå Regjeringa om å innføre ei ny tilskottsordning for aviser som har fått særleg stor auke i portoutgiftene som ei følje av at Posten har lagt om avisportoen.

Det er lagt fram ei stortingsmelding med framlegg om at 2008 skal vere eit markeringsår for kulturelt mangfald.

Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon om endringar i lov om avgift på omsetning av biletkunst, slik at lova reelt får eit utvida verkefelt mellom anna når det gjeld kunsthandverk.

Under den norske formannskapen i Nordisk ministerråd er det arbeidd med omorganisering av det nordiske kultursamarbeidet.

Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg til endringar i medeigarskapslova, som inneber ein reduksjon av eigarskapsgrensa på nasjonalt nivå.

Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg til endringar i film- og videogramlova for mellom anna å bringe lova i samsvar med den endra grunnlovsføresegna om ytringsfridom.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding der ein foreslår at dagens forbod mot fjernsynsreklame for livssyn og politiske bodskap skal stå ved lag.

Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg om endringar i åndsverklova og kunstvederlagsordninga som vil gi opphavspersonar rett til vederlag ved vidaresal.

Overvakingsorganet i EFTA, ESA, tok i mars 2006 ut søksmål mot Noreg ved EFTA-domstolen med påstand om at stortingsvedtaket om å gi staten ved Norsk Tipping AS einerett til drift av gevinstautomatar er i strid med EØS-avtala. Noreg har i tilsvaret sitt i mai 2006 sagt seg ueinig i denne tolkinga av EØS-avtala. I påvente av ei endeleg rettsavklaring for å kunne gjennomføre det nye auto-fysisk aktivitet for barn og ungdom, og 65 mill. kromatregimet har Regjeringa fremja ei rekkje tiltak ner til andre idrettsformål. Av midlane til kulturforfor å avhjelpe problema med at folk blir speleavhen-mål er det sett av 161 mill. kroner til Den kulturelle gige, mellom anna setelforbod, nattestenging og skolesekken, 120 mill. kroner til Frifond og 119 auka satsing på informasjon og hjelpetiltak. mill. kroner til kulturbygg.

Eit lovforslag om forbod mot svartebørssal av Eit offentleg utval la i januar 2006 fram ei billettar til kultur- og idrettsarrangement er sendt utgreiing om forholdet mellom staten og Den norpå høyring. ske kyrkja. Utgreiinga er sendt på ei brei høyring.

Det er for 2006 fordelt 1 200 mill. kroner frå Oppslutninga om Den norske kyrkja er stabil overskottet i Norsk Tipping AS til idrettsformål og når det gjeld medlemstal og deltaking i kyrkjelege 400 mill. kroner til kulturformål. handlingar. Verksemda i Kyrkja er prega av eit

Av fordelinga til idrettsformål er det sett av 666 langsiktig reform- og utviklingsarbeid med sikte på mill. kroner til idrettsanlegg, 348 mill. kroner til ei meir rasjonell forvaltning og ei fornying av trus-Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité, 120 opplæringa og det liturgiske livet. mill. kroner til lag og foreiningar som driv idrett og

Gitt på Oslo Slott 29. september 2006

Under Vår hånd og riksseglet