Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding
Tale/innlegg | Dato: 03.10.2022 | Statsministerens kontor
Vi HARALD, Noregs Konge, stadfester: I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.
Etter covid-19-pandemien har det vore kraftig oppgang i norsk økonomi. Den registrerte arbeidsløysa har ikkje vore lågare sidan 2008, og inflasjonen har ikkje vore høgare sidan 1980-talet.
Høg inflasjon går ikkje over av seg sjølv. Den økonomiske politikken må bidra til å stabilisere økonomien. Finanspolitikken er stramma til, og Noregs Bank har heva renta.
Arbeidsløysa har gått raskt ned det siste året. Ved utgangen av august var 1,6 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt arbeidslaus. Det er om lag 28 000 færre enn på same tid i fjor.
Ved utgangen av august var det registrert om lag 77 000 arbeidssøkjarar. Det er om lag 63 000 færre enn på same tid i fjor. Frå andre kvartal 2021 til andre kvartal 2022 har sysselsetjinga auka med nærare 150 000 personar.
Den russiske invasjonen av Ukraina har endra rammene for norsk, nordisk og europeisk utanriks- og sikkerheitspolitikk. Krigføringa har eit omfang vi ikkje har sett i Europa sidan andre verdskrig.
Noreg har donert våpen og forsvarsmateriell til Ukraina. Noreg har også bidrege substansielt til Natos innsats for å styrkje sikkerheita til allierte land i Europa. Vidare har Noreg så langt bidrege med over to milliardar kroner i humanitær og annan bistand til Ukraina og nabolanda. 30. september fremja regjeringa ein proposisjon med forslag om å auke støtta til Ukraina med 10 milliardar kroner over to år.
I Norden har krigen fått Finland og Sverige til å leggje lange tradisjonar med alliansefridom bak seg og søkje tryggleik i Natos kollektive forsvar. Med ei felles forankring i Nato kan vi gjere forsvarssamarbeidet med desse landa meir forpliktande.
På globalt nivå har krigen bidrege til å forsterke geopolitiske spenningar og eksisterande utfordringar som er knytte til matsikkerheit, energiforsyning og globale verdikjeder.
Noreg tek del i EUs sanksjonar mot det russiske regimet gjennom det nære samarbeidet vårt med EU og EUs medlemsland. Sanksjonane er dei mest omfattande i Europa nokosinne.
Under Natos toppmøte i Madrid i juni 2022 vart det vedteke fleire tiltak for å styrkje den kollektive sikkerheita og byggje opp forsvarsevna langs Natos austlege grense. Det vart også vedteke eit nytt strategisk konsept som omtalar Russland som den dominerande trusselen mot Nato, og Kina som ei sikkerheitspolitisk utfordring.
Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om status og sentrale prioriteringar i den vidare utviklinga av forsvarssektoren. I vår slutta Stortinget seg til regjeringa sitt forslag om å styrkje beredskapen i Forsvaret og evna til daglege operasjonar som følgje av den forverra sikkerheitssituasjonen. Vidare slutta Stortinget seg til regjeringa sitt forslag om å auke løyvinga for å styrkje den sivile beredskapen, mellom anna til Sivilforsvaret og arbeidet med digital sikkerheit.
Regjeringa har sett ned ein forsvarskommisjon som skal vurdere kva for sikkerheits- og forsvarspolitiske vegval og prioriteringar Noreg kan ta for å vareta norsk sikkerheit.
Vidare har regjeringa sett ned ein totalberedskapskommisjon. Kommisjonen skal vurdere korleis dei samla beredskapsressursane kan nyttast best mogleg.
Invasjonen av Ukraina har skapt dei største flyktningstraumane i Europa sidan andre verdskrig. Per 1. september hadde det kome om lag 28 000 flyktningar til Noreg – 26 000 av dei frå Ukraina. Regjeringa har sett i verk ei ordning som inneber at personar som er fordrivne frå Ukraina, kan få mellombels kollektivt vern i eitt år.
Politiet er styrkt. Sidan regjeringa tiltredde, har talet på politiårsverk auka med meir enn 200.
Regjeringa har med verknad frå 1. januar 2022 innført reglar om pensjon frå første krone. Reguleringa av løpande alderspensjon er lagd om slik at pensjonane årleg blir auka med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten.
Regjeringa er i gang med å setje i verk tiltak for ryddigare arbeidsforhold. Arbeidstakarane skal få styrkt rettane sine når det gjeld mellombelse tilsetjingar og innleige, og dei skal få styrkt retten til heiltid i arbeidsforhold. Forslag til lov om norske lønns- og arbeidsvilkår på skip i norske farvatn og på norsk sokkel har vore på høyring.
Regjeringa sine forslag til endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar vart vedtekne av Stortinget med verknad frå 1. juli i år.
Regjeringa har redusert maksimalprisen for foreldrebetalinga i barnehage til same nivå som då maksimalprisen vart innført i 2005, målt i faste prisar. Regjeringa har også senka foreldrebetalinga i SFO. Frå hausten 2022 får alle elevar på 1. trinn tilbod om tolv timar gratis SFO.
I 2022 auka satsinga på desentralisert og fleksibel utdanning slik at studietilbod kan bli meir tilgjengelege for folk i heile landet. Det vart gjenetablert utdanningstilbod på Nesna.
Koronakommisjonen konkluderer i den andre rapporten sin med at befolkninga i landet og norske styresmakter samla sett har handtert pandemien godt. Samtidig har kommisjonen identifisert fleire læringspunkt. Regjeringa er i gang med å følgje opp fleire av desse læringspunkta, slik som intensivkapasiteten og arbeidet med å knyte oss tettare til EUs helseberedskapssamarbeid.
I april la regjeringa fram ein strategi og beredskapsplan for den vidare handteringa av koronapandemien.
Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som skal greie ut korleis fastlegeordninga kan gjerast meir berekraftig. Utvalet skal levere rapporten sin våren 2023.
Regjeringa har starta arbeidet med å styrkje dei statlege barnevernsinstitusjonane, auke andelen plassar i ideelle barnevernsinstitusjonar og gradvis fase ut bruken av kommersielle leverandørar i barnevernet.
Regjeringa har høge ambisjonar i klimapolitikken. I tillegg til dei internasjonale forpliktingane har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien, der norsk økonomi skal omstillast i tråd med eit mål om 55 prosent reduksjon i utslepp mot 2030. Dette er eit viktig delmål på vegen mot netto nullutslepp og lågutsleppssamfunnet.
Situasjonen i den europeiske kraftmarknaden har vore ekstraordinær med svært høge kraftprisar i Europa og i sørlege delar av Noreg. Russland sin militære invasjon av Ukraina har særleg bidrege til redusert tilgang, og høge prisar på gass.
Regjeringa og selskapa på norsk sokkel har gjennomført fleire tiltak både for å auke gassproduksjonen på kort sikt og for at Noreg framleis skal vere ein stabil leverandør til Europa. Samtidig har regjeringa innført fleire tiltak som skal hjelpe til å handtere rekordhøge straumprisar i Sør-Noreg: støtte til hushalda, redusert elavgift, støtte til energieffektivisering, auka bustøtte, auka rammetilskot til kommunane, straumstipend til studentar, tilskot til idrettslag og frivillige organisasjonar og tilskot til jordbruks- og veksthusnæringa. Vidare har regjeringa innført ei lånegarantiordning og eit energitilskot til næringslivet som skal hjelpe bedrifter som er særleg hardt ramma av høge straumrekningar, og stimulere omstilling til redusert straumforbruk.
Skal vi løyse energibehovet må vi produsere meir fornybar energi. Regjeringa satsar tungt på havvind og la i mai fram ambisjonen om å ha tildelt areal for 30 000 megawatt havvind innan 2040.
Regjeringa sitt vegkart for grønt industriløft vart lagt fram i juni og viser korleis Noreg skal skape jobbar gjennom nye grøne industrietableringar og styrking av eksisterande industri, auke eksporten og bidra til å kutte klimagassutslepp.
Dei frie inntektene til kommunesektoren vart styrkte med 4,7 milliardar kroner i saldert budsjett 2022. Inntektene er ytterlegare styrkte med om lag 3,5 milliardar kroner i 2022, og av dei er 1,6 milliardar kroner ei varig styrking.
Regjeringa har fått på plass ei ordning med differensiert arbeidsgivaravgift for perioden 2022–2027, som mellom anna tillèt ulik arbeidsgivaravgift innanfor nokre samanslåtte kommunar. Regjeringa har også utvida regionalstøttekartet til å omfatte 11 nye kommunar.
Vidare har regjeringa starta opp arbeidet med ei ny melding til Stortinget om distriktspolitikken. Den skal etter planen leggjast fram våren 2023.
Regjeringa har innført ei ordning med gratis ferje for alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg og på strekningar innanfor fleirkantsamband som går til øyar og samfunn utan vegsamband til fastlandet.
Regjeringa har som mål at alle husstandar og verksemder har tilbod om breiband med minst 100 Mbit/s innan utgangen av 2025. Staten bidreg i 2022 med 305 millionar kroner i tilskotsmidlar til breiband.
Regjeringa har stansa konkurranseutsetjinga av jernbanen. Dette sikrar at togtilbodet på Austlandet blir drive vidare av statleg eigde togselskap.
Masseskytinga i Oslo 25. juni viste tydeleg kor viktig det er å arbeide for ein meir offensiv likestillingspolitikk for LHBTI-personar.
Før sommaren sende regjeringa eit nytt forslag om forbod mot konverteringsterapi på høyring.
Regjeringa har prioritert å sikre full momskompensasjon til frivillige organisasjonar.
Jordbruksoppgjeret i 2022 vart eit historisk høgt oppgjer som vart inngått i eit ekstraordinært år. Gjennom avtalen på 10,9 milliardar kroner viser regjeringa at norsk matproduksjon, beredskap og matsikkerheit har høg prioritet.
Høge prisar på olje og gass har bidrege til eit rekordstort overskot på driftsbalansen med utlandet. I første halvår i år var overskotet på 612 milliardar kroner. Det er ein auke på 402 milliardar kroner samanlikna med same periode i fjor.
Gjennomsnittleg lønnsvekst frå 2021 til 2022 var på 3,5 prosent. Lønningane auka like mykje som konsumprisane. Både konsumprisveksten og lønnsveksten har teke seg opp. I perioden januar–august i år var konsumprisane 5,3 prosent høgare enn i same periode i 2021.
Gjeldsveksten i hushalda har minka sidan i fjor sommar. Målt i forhold til inntekta er gjelda i norske hushald likevel på eit høgt nivå, både historisk og samanlikna med andre land, og utgjer ei sårbarheit for norsk økonomi.
I 2021 var sjukefråværet 1,6 prosent høgare enn i 2018 når det blir justert for influensa og korona. Dagens IA-avtale gjeld for 2019–2022. Regjeringa har innleidd drøftingar med partane i arbeidslivet om korleis denne avtalen skal takast vidare.
Dei mellombelse utvidingane i permisjonsregelverket og dagpengeordninga i samband med koronapandemien vart avvikla våren 2022, og regelverket er no i all hovudsak i tråd med reglane før pandemien.
Høg sysselsetjing er både eit mål og ein føresetnad for vidareutvikling av det norske velferdssamfunnet. Alle som kan og vil jobbe, skal få moglegheit til det. Sjølv om sysselsetjinga no er høgare enn før pandemien, er det framleis mange som står utanfor arbeidslivet.
Mange bedrifter har utfordringar med å skaffe nok arbeidskraft. I ein slik situasjon bør det leggjast til rette for at flest mogleg av dei som står utanfor arbeidslivet, raskt kan kome over i jobb. Gjennom aktiv innsats for arbeid, aktivitet og omstilling vil regjeringa halde fram med å støtte opp under sysselsetjingsveksten.
Lønnsoppgjeret i 2022 er eit hovudoppgjer. Avtalerevisjonane har i hovudsak vore løyste gjennom forhandlingar og mekling. Per 1. september hadde det vore to tilfelle av tvungen lønnsnemnd. Talet på konfliktar har vore lågt.
Den russiske invasjonen av Ukraina har påverka EUs energiforsyning og sett ytterlegare fart på EUs klimaambisjonar. Noreg har betydeleg kompetanse innanfor energi og grøne løysingar.
Noreg er ein pådrivar for grøn omstilling i internasjonalt samarbeid. Klimabistanden har auka. Gjennom klimainvesteringsfondet vil Noreg dei neste åra investere rundt 2 milliardar kroner årleg i fornybar energi i utviklingsland.
Globalt er svolt på eit historisk høgt nivå. Dei siste anslaga seier at 828 millionar menneske lid av svolt, og problemet aukar. Støtta til å kjempe mot svolt blir auka til minst 3 milliardar kroner i år. I tillegg investerer regjeringa i løysingar som skal sikre berekraftig lokal matproduksjon og fangst.
I år er det registrert over 100 millionar menneske på flukt – det høgaste talet nokon gong. Regjeringa har etablert ein ny solidaritetspott for å hjelpe land med stor flyktningbefolkning.
EØS-avtalen er hovudpilaren i Noregs samarbeid med EU. Regjeringa bruker handlingsrommet i EØS-avtalen for å fremje norske interesser overfor EU.
Utvalet som skal sjå på erfaringane med EØS-samarbeidet dei siste ti åra, er oppnemnt og vil leggje fram rapporten sin ved utgangen av 2023.
Det er avgjerande å verne om og utvikle demokratia i Europa. Gjennom EØS-midlane bidreg Noreg til sosial og økonomisk utjamning i EU og til å fremje rettsstaten og menneskerettane. Vi har starta forhandlingar med EU om ein ny periode med EØS-midlar og marknadstilgang for fisk og sjømat.
Konflikt, klimaendringar, pandemi og aukande forskjellar gjer det meir krevjande å nå berekraftsmåla. Noreg bidreg i det internasjonale samarbeidet for at måla skal nåast. Regjeringa legg vekt på samarbeid med privat sektor for å nå berekraftsmåla.
Gjennom formannskapet i det nordiske samarbeidet arbeider regjeringa for å verkeleggjere visjonen om Norden som den mest integrerte og berekraftige regionen i verda fram mot 2030.
Nøkkelen til å løyse mange av dei store utfordringane i vår tid når det gjeld klima, matsikkerheit og jobbskaping, ligg i havet. Gjennom leiarskapen vår i Det internasjonale panelet for berekraftig havøkonomi fremjar vi tiltak for å ta vare på havet. Fleire land har blitt med i havpanelet det siste året, og desse står no for forvaltninga av 45 prosent av kystlinjene i verda. FNs miljøforsamling vedtok i mars eit mandat for forhandlingar om ein rettsleg bindande plastavtale. I juni vart det oppnådd semje på ministerkonferansen i Verdshandelsorganisasjonen om ein avtale om å avgrense skadelege fiskerisubsidiar.
Ytringsfridom og frie medium er under aukande press i mange delar av verda. Vi ser ein urovekkjande global tilbakegang for demokratisk styresett. Kvinners rett til å bestemme over eigen kropp er trua i denne verdikampen. Seksuell og reproduktiv helse og rettar er under press også i vår del av verda. Noreg held fram med å kjempe for menneskerettar, demokrati og likestilling internasjonalt. Innsats for å styrkje uavhengige medium, journalistars sikkerheit og vern av menneskerettsforsvararar er høgt prioritert.
Noreg bruker medlemskapen i FNs tryggingsråd til å fremje norske interesser og prioriteringane våre: fredsdiplomati, kvinners inkludering i fredsprosessar, vern av sivile, og klima og sikkerheit.
Noreg har leidd Tryggingsrådet sitt arbeid med å sikre at FN framleis er til stades i Afghanistan, og at grensekryssande humanitær nødhjelp frå Tyrkia til Nordvest-Syria blir vidareført. I tillegg sørgde Noreg og Ghana for at Tryggingsrådet i mai vedtok ein resolusjon om maritim sikkerheit i Guineabukten. Resolusjonen har som mål å betre sikkerheita for sjøfolk og reiarlag. I FNs generalforsamling og som medlem av FNs tryggingsråd arbeider Noreg for å fremje respekt for folkeretten og ein regelstyrt verdsorden.
Det bilaterale forholdet til Russland er forverra som følgje av Russlands krig mot Ukraina. Noreg har med enkelte unntak stansa alt tosidig samarbeid med styresmaktene i Russland. Samtidig har regjeringa ført vidare dei kontaktflatene mot Russland som blir rekna som avgjerande for sikkerheit og stabilitet i nord.
Stadig fleire konfliktar trekkjer ut i tid og blir kompliserte av eksterne makters involvering. Covid-19-pandemien har forverra svake statsstrukturar i sårbare statar. Regjeringa styrkjer Noregs langsiktige freds- og forsoningsinnsats gjennom fleire initiativ, med vekt på Europas ustabile nabolag i sør. Regjeringa prioriterer også å følgje opp Noregs sentrale roller til støtte for forhandla løysingar i Colombia og Venezuela.
Vi lever i ei krevjande sikkerheitspolitisk tid, prega av rustningsdrivande åtferd. Noreg trappar opp innsatsen for kjernefysisk nedrusting, rustingskontroll og ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Arbeidet med verifikasjon av nedrusting og dei humanitære konsekvensane av kjernevåpen er sentrale prioriteringar for Noreg.
Covid-19-pandemien er enno ikkje over. Pandemien har mint oss på kor viktig det er å ha eit fungerande internasjonalt samarbeid og gode helsesystem for å sikre god behandling og redusere spreiing av smittsame sjukdommar. Regjeringa jobbar saman med partnarar for å sikre god helseberedskap internasjonalt.
Russlands invasjon av Ukraina har varig endra den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa. Russland kjem til å vere den dimensjonerande faktoren for norsk sikkerheits- og forsvarspolitikk. Det har også vore viktig å følgje med på utviklinga i Kina. Kinas sentrale internasjonale rolle og utviklinga av Kinas forhold til høvesvis USA, Russland og Europa påverkar også alliert og norsk sikkerheit. Dei kontinuerlege utfordringane knytte til digitalisering, rask teknologisk utvikling og samansette truslar har dessutan blitt stadig klarare.
Forsvaret har løyst hovudoppdraga sine og saman med allierte halde ved like truverdig avskrekking og evne til å forsvare Noreg. I møte med det endra sikkerheitspolitiske biletet prioriterer regjeringa på kort sikt auka maritim aktivitet og nødvendig støtte i nord, auka reaksjonsevne og tilgjenge i Hæren, meir trening for områdestrukturen og innsatsstyrkane i Heimevernet, auka beredskap for krise og krig, forbetra evne til å møte samansette truslar, styrking av Forsvaret si evne til å ta imot og støtte allierte styrkar, primært i nord, og forsterka internasjonal innsats.
Evenes flystasjon overtok Natos kampflyberedskap frå Bodø i januar 2022, og den blir no utført med våre F-35-kampfly. Det er motteke fem maritime patruljefly av typen P-8. Tre av dei opererer frå mellombelse fasilitetar på Evenes, og to er i USA for tilpassing av utstyr.
Regjeringa har ført vidare arbeidet med å førebu innkjøp av stridsvogner, og planen er å ta ei endeleg avgjerd om innkjøpet i løpet av 2022. Dessutan har regjeringa vedteke å heve kontrakten for kjøp av NH90-helikoptera.
Regjeringa har føreslått ei lovendring i forsvarslova for å gi Forsvaret utvida tilgang til å inngå kontrakt om tenesteplikt med personar utan verneplikt og om utvida tenesteplikt for vernepliktige, noko som støttar opp under den auka ambisjonen og fornya satsinga på reservistar.
Natos nye strategiske konsept er det viktigaste styringsdokumentet og vegkartet for alliansen dei neste fem–ti åra. Konseptet legg auka vekt på det kollektive forsvaret og fokuset på Natos nærområde. I lys av Ukraina-krigen har dei allierte styrkt nærværet i Polen og Baltikum, og det er utplassert allierte styrkar også i Slovakia, Ungarn, Romania og Bulgaria. Den allierte luft- og sjøpatruljeringa er styrkt. Noreg har trappa opp bidraget til det framskotne nærværet i Litauen, og vi bidreg med kontinuerleg situasjonsforståing og nærvær i nord. Nato er også samd om behovet for ei varig styrking av forsvars- og avskrekkingsevna.
Noreg har bidrege substansielt til Natos operasjonar, oppdrag og ståande styrkar og har stilt militære styrkar til innsats i Irak, i Baltikum, i FN-operasjonar i Midtausten og i Afrika. Vi støttar også land på Balkan og ved Svartehavet med kapasitetsbygging. Noreg leverer bidrag til Natos styrkeregister i form av fartøy og kampfly.
Ei truverdig evne til å forsterke Noreg i krise og krig føreset eit tett operativt samarbeid med nære allierte i norske nærområde, også i fredstid. Alliert aktivitet og nærvær i Noreg og i nærområda våre er eit viktig bidrag til norsk sikkerheit. Tilleggsavtalen om forsvarssamarbeid med USA tredde i kraft 17. juni 2022. Avtalen oppdaterer og regulerer praktiske forhold ved amerikansk militær aktivitet i Noreg og utfyller Natos troppestatusavtale og dei avtalane Noreg allereie har med USA.
Øvinga Cold Response vart vellykka gjennomført i mars 2022. Øvinga demonstrerte både Natos evne til å forsterke Noreg og operere i nærområda våre i nord og Noregs evne til å ta imot forsterkingar både frå Nato og innanfor ramma av dei bilaterale avtalane våre.
Regjeringa har starta arbeidet med ein ny tiltaksplan for å ta vare på og anerkjenne veteranar, under dette forsking på veteranfeltet.
Vidare har regjeringa vedteke å behalde militært nærvær på Andøya flystasjon når Avinor overtek operatøransvaret i 2023, i ein overgangsfase og fram til det er avklart kva for vidare aktivitet Forsvaret skal ha på Andøya flystasjon.
Regjeringa er oppteken av å styrkje kriminalomsorga. I 2022 er det løyvd 50 millionar kroner til auka bemanning og forbetra innhald i kriminalomsorga.
Inntektsgrensene for behovsprøvd rettshjelp vart oppjusterte med 30 prosent frå 1. januar 2022. Dette er den første oppjusteringa av inntektsgrensene sidan 2009, og medfører at fleire kjem inn under ordninga. Gjeldande grenser er 320 0000 kroner for einslege og 490 000 kroner for ektefellar og sambuarar.
Ny grenselov har tredd i kraft. Lova med tilhøyrande forskrifter gir eit tydelegare og meir heilskapleg regelverk om grensekontroll, i tillegg til reglar om personkontroll på Svalbard.
Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke ei ny lov om levering av digitale ytingar til forbrukarar. Lova gir forbrukarane eit kontraktsrettsleg vern når dei kjøper digitale ytingar, som tilsvarer vernet etter forbrukarkjøpslova når ein kjøper varer.
Etter forslag frå regjeringa er det vedteke nye reglar i naturskadeforsikringslova om etablering av eit fond for naturskadekapital i Norsk Naturskadepool og ei tilhøyrande overgangsordning. Formålet med dei nye reglane er å sikre at naturskadekapitalen og avkastinga han genererer, blir brukt til å dekkje naturskadar, og at vi får meir likeverdige konkurransevilkår mellom forsikringsselskapa.
Regjeringa har nedsett eit ekspertutval som skal sjå nærare på korleis politiet bruker maktmiddel. Utvalet skal oppdatere kunnskapsgrunnlaget og vurdere ulike problemstillingar som er knytte til bruken av maktmiddel.
Standarden på arbeidsmiljøet i Noreg held eit stabilt høgt nivå, med nokre utfordringar i enkelte yrke og næringar. Innsatsen for eit målretta og kunnskapsbasert førebyggjande arbeidsmiljøarbeid er viktig for å halde ved like den høge standarden på arbeidsmiljøet.
Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet og ein eigen handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren. Regjeringa legg opp til eit breitt samarbeid med partane i arbeidslivet for å fremje eit trygt, seriøst og organisert arbeidsliv.
I kampen mot arbeidslivskriminalitet er det viktig at ulike etatar kan utveksle informasjon som er omfatta av teieplikt. Regjeringa har derfor vedteke ei forskrift som gjer dette mogleg.
Regjeringa sitt hovudmål for integreringsarbeidet er å få fleire i arbeid, byggje sterke fellesskap og gode fellesarenaer, fremje likestilling og kjempe mot negativ sosial kontroll. Alle innvandrarar skal møtast med same forventningar og få same moglegheiter som alle andre til å delta i samfunnet.
I tråd med Hurdalsplattforma er regjeringa i gang med å utarbeide ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering. Handlingsplanen skal offentleggjerast i 2023.
10. juni utnemnde regjeringa ein ekstremismekommisjon. Kommisjonen skal, gjennom ei brei tilnærming til ekstremismefeltet, hente ut kunnskap som skal bidra til å forbetre landet si evne til å førebyggje radikalisering og framvekst av ekstremisme.
Tilskotet som kommunane og fylkeskommunane får til opplæring av barn og unge som søkjer opphald i Noreg, er i 2022 auka med 87 millionar kroner. Det er i tillegg løyvd 40 millionar kroner til omsetjing og utvikling av pedagogisk barnehagemateriell og læremiddel. Vidare er det løyvd 10 millionar kroner til Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (Nafo) for å tilpasse og styrkje tilbodet til nytilkomne barn, unge og vaksne frå Ukraina.
I 2022 er norskopplæringsordninga styrkt med 50 millionar kroner, og det er øyremerkt 15 millionar kroner til norsk- og engelsktrening i regi av frivillige organisasjonar, retta mot personar som er fordrivne frå Ukraina. I tillegg er tilskot til frivillige organisasjonar styrkt med 50 millionar kroner til arbeid med integrering av personar som er fordrivne frå Ukraina. Midlane skal mellom anna gå til lokale tiltak og aktivitetar som fremjar integrering, kultur- og fritidsaktivitetar og aktivitetar i mottak.
Ny tolkelov tredde i kraft 1. januar i år. Lova gjer det tydeleg kva ansvar offentlege organ har for å bruke tolk. Arbeidet med å implementere integreringslova som tredde i kraft 1. januar 2021, har blitt prioritert høgt også i 2022.
Den 1. januar i år vart statsborgarlova endra slik at kravet til opphaldstid ved søknad om statsborgarskap auka frå sju til åtte år. Det er også innført ein unntaksregel med kortare krav til opphaldstid for søkjarar med tilstrekkeleg inntekt. 1. oktober i år vart også språkkravet heva.
Regjeringa har i tråd med Hurdalsplattforma innført ei ny ordning med briller til barn mellom 0 og 18 år frå 1. august i år.
Regjeringspartia og SV vart samde om ei endring i sosialtenestelova om at barnetrygd skal haldast utanfor ved berekning av økonomisk sosialhjelp. Forslaget vart vedteke av Stortinget og vart iverksett 1. september i år.
Smitteverntiltaka under pandemien påverka barn og unge. Rapportar har peika på at elevar har opplevd mangel på fagleg og sosialt fellesskap, meir einsemd og dårlegare psykisk helse under pandemien. Det er for tidleg å konkludere korleis pandemien har påverka barn og unge på lengre sikt, og det er sett i gang fleire forskingsprosjekt for å følgje utviklinga. Regjeringa har arbeidd målretta for å vareta utsette barn og unge under pandemien og sett i gang tiltak for å redusere negative konsekvensar av pandemien. I statsbudsjettet for 2022 vart det løyvd 216 millionar kroner til tiltak mot tapt fagleg og sosial læring. I behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett for 2022 vart det i tillegg løyvd 75 millionar kroner for å motverke negative konsekvensar av pandemien.
I 2022 vart det oppretta eit øyremerkt tilskot til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område. Tilskotet er eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å styrkje satsinga på barnehagar i område med integrerings-, språk- og levekårsutfordringar.
Regjeringa vil ta tilbake kontrollen over finansieringa av private barnehagar og arbeide for eit barnehagetilbod av høgare kvalitet. I juni 2022 vedtok Stortinget fleire endringar i barnehagelova. Det blir mellom anna innført krav om at kvar private barnehage skal vere eit sjølvstendig rettssubjekt, og eit forbod mot å ta opp lån på andre måtar enn i finansføretak.
Ansvaret for økonomisk tilsyn med private barnehagar vart overført frå kommunane til Utdanningsdirektoratet 1. januar 2022. Direktoratet har dermed ansvaret for å føre kontroll og tilsyn med at offentlege tilskot og foreldrebetalinga blir nytta i samsvar med gjeldande krav.
Regjeringa har som mål å styrkje den tidlege innsatsen i barnehage og skule, slik at alle barn og elevar blir fanga opp og følgde opp så raskt som mogleg. Vidareutdanningstilbodet i spesialpedagogikk for lærarar i skulen og barnehagane er styrkt med meir enn 500 plassar i 2022.
Regjeringa vil behalde lærarane i klasseromma. Eit forslag om å gjeninnføre varig unntak frå kravet om fagleg fordjuping i undervisningsfag for lærarar som oppfylte krava for å bli tilsett som lærar før 1. januar 2014, eller som har allmennlærarutdanning, har vore på høyring i 2022.
Regjeringa har føreslått og Stortinget vedteke å stramme inn høvet til å godkjenne private skular. Det blir ikkje lenger mogleg å få godkjent skular på grunnlag av «særskild profil» eller «vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram». Skular som allereie er godkjende på desse grunnlaga, får berre godkjent nødvendige driftsendringar framover.
Regjeringa har sett ned eit partssamansett utval som skal føreslå tiltak for å styrkje kvaliteten i skulen. Utvalet skal levere delrapport og sluttrapport i løpet av 2023.
Det er eit mål for regjeringa at alle som startar i vidaregåande opplæring, fullfører opplæringa og blir kvalifiserte til læreplass, arbeid og utdanning. Fylkeskommunane har i 2022 fått nær 1 milliard kroner til tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring.
Stadig fleire søkjarar får læreplass, men det er framleis for mange som ikkje blir valde til læreplass. Arbeidet for fleire læreplassar er styrkt med 370 millionar kroner i 2022. Regjeringa har hatt eit godt samarbeid med partane i arbeidslivet, fylkeskommunane og nasjonale styresmakter gjennom samfunnskontrakten for fleire læreplassar.
I 2021 var det registrert 28 241 fagskulestudentar i høgare yrkesfagleg utdanning, ein auke på 16,5 prosent frå året før. Regjeringa har bidrege til kvalitetsutviklinga i fagskulane gjennom å setje av midlar til etablering av senter for framståande høgare yrkesfagleg utdanning. Gjennom desse sentera skal fagskular i samarbeid med arbeidsliv og kompetansemiljø få moglegheita til å utvikle prosjekt som skal fremje fagleg utvikling og gi nye svar på kompetansebehov i arbeidslivet.
Som ein del av arbeidet med ei kompetansereform for arbeidslivet har regjeringa også ført vidare kompetansepolitisk råd.
Mangel på praksisplassar er ei kjend utfordring, og regjeringa har derfor inngått ein bilateral samarbeidsavtale med KS for å styrkje kvaliteten og kapasiteten på praksis i kommunane.
I 2022 vart det løyvd midlar til 15 ekstra studieplassar i medisin ved Universitetet i Tromsø, 30 studieplassar til sjukepleiarutdanningane og midlar til studietilbod for studentar som er ramma av krigen i Ukraina.
Det er utnemnt eit utval som skal vurdere regelverket for opptak til høgare utdanning. Utvalet skal levere utgreiinga si innan utgangen av 2022.
Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal vurdere reglane for universitetsakkreditering. Rapporten frå ekspertgruppa blir ein del av arbeidet med ny universitets- og høgskulelov, som etter planen blir lagd fram i 2023.
Pandemien påverka også i 2021 studiekvardagen ved at studentane kunne opphalde seg lite på lærestadene og hadde mykje digital undervisning. Regjeringa gav ytterlegare midlar til fagskular, høgskular og universitet for fagleg oppfølging av studentar og for å bidra til å halde studieprogresjonen ved like. Det vart også løyvd midlar til studentsamskipnadene, som i samarbeid med studentane starta førebyggjande tiltak og aktivitetar for å styrkje studentars psykiske helse.
I 2022 vart det gitt startløyving til Blått bygg ved Nord universitet. Som ledd i at regjeringa varsla ein gjennomgang av byggjeprosjekt i statleg sivil sektor vart det sett i gang arbeid med å revidere prosjekta for campussamling ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim, Vikingtidsmuseet og nytt bygg for livsvitskap ved Universitetet i Oslo.
I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2022 la regjeringa fram ei utgreiing om økonomisituasjonen i Noregs forskingsråd. Forskingsrådet har ein viktig funksjon for gjennomføringa av norsk forskings- og innovasjonspolitikk. Regjeringa vil setje i gang tiltak for å rydde opp i situasjonen så raskt som mogleg og tiltak for å betre økonomistyringa.
Noregs viktigaste partnar for å tryggje helseberedskapen vår er EU. EU har etablert eit helsesamarbeid for å styrkje den europeiske helseberedskapen. Regjeringa arbeider for å kunne inngå ein avtale om norsk tilknyting til det styrkte europeiske helseberedskapssamarbeidet. Det skal arbeidast for ei løysing som gir Noreg størst mogleg påverknad gjennom fulle deltakarrettar.
Pandemien har hatt stor innverknad på drifta i sjukehusa. Regjeringa vil auke intensivkapasiteten i sjukehusa, både på kort og lengre sikt. Sjukehusa har fått i oppdrag å vurdere korleis dette skal skje. Frå desember 2021 til april 2022 vart sjukehusa bedne om å halde ved like ein auka beredskap for å kunne handtere pandemien. Frå og med mai 2022 vart sjukehusa bedne om å drive mest mogleg normalt.
I april sette regjeringa ned eit uavhengig utval som skal vurdere korleis styresmaktene handterte covid-19-pandemien samla sett. I tillegg skal utvalet evaluere handteringa av omikronfasen. Utvalet skal levere utgreiinga si i mai 2023.
Regjeringa vil sikre at helsepersonell får betre oversikt over lækjemidla som pasientane bruker. Ei felles lækjemiddeloversikt er svært viktig for ein betre pasienttryggleik. Arbeidet med lækjemiddellista til pasientane må gjerast trinnvis. Utprøving i Helse Vest og Bergen kommune er i gang.
Regjeringa er oppteken av at digitale løysingar skal støtte opp under ei heilskapleg samhandling mellom helsepersonell og styrkje pasientar og innbyggjarars moglegheit til å ta aktivt del i eige behandlingsopplegg. Gjennom Helseplattforma er dette i ferd med å bli realisert i Midt-Noreg, og gjennom dei nasjonale samhandlingsløysingane vil ein også leggje til rette for digitale løysingar som støttar opp under heilskapleg samhandling mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal sjå på føresegnene til abortlova, oppfølginga av kvinner som tek abort, og alternativ til dagens abortnemnder.
Vidare har regjeringa sett ned eit utval som skal gå gjennom varselordningane i helse- og omsorgssektoren og sjå på korleis desse blir praktiserte og følgde opp av Statens helsetilsyn og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgs tenesta. Utvalet skal vurdere kva som er utfordringane med dagens varselordningar, og føreslå eventuelle endringar i organisering, roller, ansvar og regelverk. Utvalet skal levere rapporten sin innan 1. april 2023.
Regjeringa har sett ned ein helsepersonellkommisjon som skal utarbeide eit kunnskapsgrunnlag og føreslå tiltak for å utdanne, rekruttere og behalde kvalifisert personell i helse- og omsorgstenesta i heile landet.
Vidare har regjeringa sett ned eit offentleg utval som skal greie ut endringar i styring av sjukehusa og helseføretaksmodellen.
Regjeringa har sett i gang arbeidet med ein opptrappingsplan for psykisk helse. Planen skal bidra til å utvikle det helsefremjande og førebyggjande arbeidet, leggje til rette for tenester av god kvalitet nær der folk bur, og sjå særleg på tenestetilbodet til personar med langvarige og samansette tenestebehov.
Regjeringa har starta arbeidet med stortingsmeldinga om førebyggings- og behandlingsreforma for rusfeltet, som etter planen skal leggjast fram i 2023. Regjeringa ønskjer ei endring i ruspolitikken. Rusavhengige har rett til eit verdig liv og til nødvendig helsehjelp, uavhengig av kva rusmiddel dei bruker, og reaksjonane i samfunnet på narkotikabruk skal vere rettvise. Vi skal førebyggje betre og kome tidlegare inn når problem utviklar seg.
Vidare har regjeringa oppnemnt eit offentleg utval som skal gå gjennom tannhelsetenesta, og greie ut og fremje forslag som kan bidra til å likestille tannhelsetenestene med andre helsetenester.
Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som skal evaluere vilkåret om manglande samtykkekompetanse for bruk av tvang i psykisk helsevern.
Regjeringa har starta arbeidet med ei reform som skal gjere det trygt for eldre å bu lenger heime. «Bu trygt heime»-reforma skal leggjast fram i løpet av 2023.
Regjeringa følgjer opp evalueringa av system for innføring av nye metodar i spesialisthelsetenesta. Ho har gitt føringar for prioriterte innsatsområde i utviklingsarbeidet, med mål om å bidra til rask og likeverdig tilgang til trygge og effektive metodar.
Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på institusjonsbarnevernet og føreslå endringar, slik at barn med store og samansette behov i større grad skal få den omsorga og hjelpa dei treng.
Krisesentera har ein unik kompetanse i å møte familiar som er i krise. I Revidert nasjonalbudsjett vart krisesentertilbodet mellombels styrkt med 16 millionar kroner for å bidra til å ta imot personar som er fordrivne frå Ukraina, på best mogleg måte.
Ukraina-krisa inneber at fleire utsette barn kjem til Noreg. At barn og unge ikkje har moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar, kan gi auka risiko for sosial utanforskap. I Revidert nasjonalbudsjett vart løyvingane til utstyrssentralar auka for å gi fleire barn og unge moglegheit til å låne sports- og fritidsutstyr.
Frå 1. januar 2022 vart kompetansekrav i barnevernet sett i verk. Krava inneber mellom anna at tilsette i barnevernstenestene må ha relevant masterutdanning for å kunne utføre visse saksbehandlingsoppgåver, og at tilsette i barnevernsinstitusjonar må ha ein relevant bachelorgrad.
Det er starta opp eit arbeid med å byggje opp eit tilbod om tverrfagleg helsekartlegging for barn som ikkje kan bu hos foreldra sine. Dette skal bidra til å identifisere kva hjelpe- og helsebehov kvart enkelt barn har, og bidra til at dei får meir treffsikker hjelp og oppfølging.
Openheitslova tredde i kraft 1. juli 2022. Lova skal fremje verksemders respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i produksjonen av varer og leveringa av tenester.
Som eit tiltak for å motverke kroppspress har annonsørar etter 1. juli 2022 fått plikt til å merke reklame der kroppsfasong, -storleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering.
FNs klimapanels andre delrapport frå 2022 viser at verknader klimaendringane har på naturen, er større og meir omfattande enn det ein tidlegare har gått ut frå. Ein høg andel artar er sårbare i møte med klimaendringar. Sikring av robuste økosystem og naturmangfald globalt inneber effektiv bevaring av lands-, ferskvass- og havområda på jorda. Bevaring av regnskog og andre økosystem er heilt avgjerande for å kutte utslepp og nå klimamåla. Naturen bidreg også til klimatilpassing. Til dømes kan tre, grøne lunger og elvar redusere flaumrisiko ved å lagre vatn og bremse vasstraumar. Dei kan også avgrense tørke og hetebølgjer.
Regjeringa har sett eit mål om at norsk klimafinansiering til utviklingsland skal doblast innan 2026. Regnskogssatsinga er Noregs største internasjonale klimatiltak og er også det viktigaste bidraget vårt til bevaring av natur. På klimatoppmøtet i Glasgow vart land og selskap samde om viktige tiltak for å stanse globalt skogtap dette tiåret. Indonesia leier an og rapporterte om lågaste avskoging på 20 år.
Noreg leidde FNs miljøforsamling fram til eit viktig vedtak om å forhandle fram ein globalt bindande avtale mot plastforureining innan 2024. Det vart også vedteke å forhandle fram eit vitskapleg panel for kjemikaliar, avfall og forureining i same periode. Dette er viktige bidrag for å nå måla om reint hav, hindre tap av natur og unngå forureining.
Regjeringa har vedteke nye krav som skal sikre at vi kjeldesorterer og materialgjenvinn meir av avfallet. Dette er viktig i arbeidet med å omstille økonomien til å bli meir sirkulær.
Løyvinga til Enova er auka betydeleg og kjem til å bidra til grøn teknologiutvikling, utsleppskutt og grøn omstilling i bedrifter og for privatpersonar. Den grøne omstillinga må skje raskt og vere rettferdig, og regjeringa har etablert eit råd for rettferdig omstilling i arbeidslivet og vil ha dialog om klimapartnarskap med partnarar i næringslivet.
Regjeringa har innført krav til nullutslepp i offentlege innkjøp av personbilar frå 2022, lette varebilar frå 2023 og bybussar frå 2025. I tillegg til å redusere Noregs utslepp av klimagassar vil det bidra til å betre luftkvaliteten i byane og redusere støy.
Vidare har regjeringa teke eit krafttak for å forbetre tilstanden i norsk natur. Regjeringa har også sett ned eit naturrisikoutval, etter modell frå klimarisikoutvalet, som skal setje søkjelyset på kor avhengig samfunnet og økonomien er av naturen.
Regjeringa har godkjent oppdaterte vassforvaltningsplanar for å setje i verk tiltak med tanke på å nå vassmiljømåla i EUs vassdirektiv. I tillegg har regjeringa sett i verk tiltak for å følgje opp Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv.
Å ta vare på trua natur og verne verdifull natur er viktig for regjeringa. Regjeringa etablerer derfor nye kunnskapssystem for natur, der arealforvaltninga i kommunane står sentralt. Vidare følgjer regjeringa opp handlingsplan for trua natur og aukar vern av verdifull natur etter naturmangfaldslova. Regjeringa prioriterer arbeidet med å verne viktige område for marin natur, og i juni oppretta regjeringa Noregs hittil største marine verneområde i Lopphavet. Dessutan har regjeringa vedteke at det skal utarbeidast ei ny lov som skal gjere det mogleg å verne marine område utanfor territorialgrensa ved 12 nautiske mil.
Rovviltpolitikken som regjeringa fører, er i tråd med naturmangfaldslova, Bernkonvensjonen, Hurdalsplattforma, rovviltforlika og den todelte målsetjinga.
Regjeringa følgjer opp nye nasjonale mål for kulturmiljøfeltet ved mellom anna å setje i gang arbeidet med nye bevaringsstrategiar og forslag til ny kulturmiljølov.
Regjeringa la i april fram Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid. Stortingsmeldinga vart lagd fram i ei tid med stor uro i energimarknadene. Tilleggsmeldinga viser korleis regjeringa vil føre ein energipolitikk som bidreg til tryggleik, utvikling av petroleumsindustrien, grøn omstilling og arbeidsplassar.
I 2021 utgjorde verdiskapinga i petroleumssektoren 20 prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt. Olje- og gassnæringa er ei høgproduktiv næring som framleis kjem til å vere viktig for norsk økonomi og gir betydelege bidrag til framtidig finansiering av den norske velferdsstaten. Den samla netto kontantstraumen til staten frå petroleumsverksemda var i 2021 på om lag 287 milliardar kroner. For inneverande år er det venta rekordhøge inntekter frå petroleumsverksemda.
Leiting er avgjerande for vidareutvikling av den norske petroleumsverksemda. Vidare leiting er også viktig for å leggje til rette for at Noreg framleis skal vere ein sikker og føreseieleg leverandør av olje og gass i Europa. I 2021-runden av tildeling av førehandsdefinerte område (TFO) vart det tildelt 53 utvinningsløyve til 28 selskap på norsk sokkel. TFO 2022 vart kunngjort 14. juni 2022. Regjeringa har vedteke at rettshavarane skal inkludere ei kvalitativ stresstesting mot finansiell klimarisiko i usikkerheitsanalysen sin knytt til nye utbyggingsplanar. Petroleumsinvesteringane var på om lag 178 milliardar kroner i 2021. Investeringane er anslått å gå noko ned dette året, for deretter å auke fram til midten av 2020-talet.
Noreg dekkjer normalt mellom 20 og 25 prosent av EUs og Storbritannias gassforbruk og har historisk spelt ei viktig rolle i europeisk energiforsyning. Etter Russlands invasjon av Ukraina har norsk gass utgjort ein større andel enn før, og Noregs rolle som ein stabil og påliteleg leverandør av energi til Europa har blitt endå viktigare.
Det norske reguleringsregimet for helse, miljø og sikkerheit i petroleumsnæringa er i hovudsak velfungerande og bør førast vidare. Ein endra geopolitisk situasjon, aukande aktivitetsnivå og omstillingar og endringar i næringa kan likevel påverke dagens risikonivå. Eit høgt sikkerheitsnivå i framtida krev framleis godt samarbeid og høg merksemd frå selskapa, partane og styresmaktene.
Innanfor CO2-fangst vart finansieringa av avfallsforbrenningsanlegget på Klemetsrud sikra. Med det er alle dei tre prosjekta under Langskip under bygging. CO2-handtering er eit heilt nødvendig tiltak for å nå klimamåla, og ein teknologi der Noreg er verdsleiande.
I juni la straumnettutvalet fram utgreiinga si om tiltak for utvikling av straumnettet. Her er det mellom anna forslag til tiltak for å redusere tida det tek å utvikle og konsesjonsbehandle nettanlegg. Utgreiinga har vore på høyring.
I mars la Gjerdrum-utvalet fram utgreiinga si om førebygging av kvikkleireskred i Noreg. Bakgrunnen var det tragiske skredet i Gjerdrum i desember 2020. Utgreiinga har vore på høyring.
Rask, grøn omstilling krev at vi styrkjer samarbeidet mellom styresmaktene, industrien sjølv og partane i arbeidslivet. Regjeringa peikar i vegkart for grønt industriløft ut sju innsatsområde der vi meiner Noreg har særlege fortrinn og presenterer nye ambisjonar, verkemiddel og 100 tiltak som skal utviklast vidare i relevante politikkdokument. Utover dette etablerer Noreg industripartnarskap med EU.
Regjeringa har vidareført eit høgt nivå på løyvingane til næringsretta forsking og innovasjon.
Noreg skal kutte klimagassutsleppa med 55 prosent innan 2030. Den norske staten har eigardelar i 71 selskap og eig om lag ein tredel av verdiane på Oslo Børs. Det er derfor sentralt for staten som eigar og for den norske økonomien at selskapa lykkast i omstillinga til netto null. Staten forventar at selskapa arbeider for å redusere klimaavtrykket sitt. Informasjon om klimagassutslepp på selskapsnivå for selskap der staten er eigar, er teken inn i Statens eigarrapport for 2021, som vart utgitt i juni 2022.
Regjeringa har eit ambisiøst mål om auka verdiskapande eksport. Ho har derfor lansert eksportreforma «Heile Noreg eksporterer», der styresmaktene, næringslivet og verkemiddelapparatet skal sameine krefter for å gjere offensive eksportframstøytar i utlandet.
Norsk havbruksnæring er ei lønnsam, berekraftig og viktig næring for Noreg med produksjon av mat som verda treng. Regjeringa vil leggje til rette for vidare vekst for å skape fleire arbeidsplassar, meir foredling, større verdiskaping og auka eksportinntekter. Politikken skal byggje opp under fortrinnet som ligg i oppdrett av fisk i kystnære strøk og fjordar, og samtidig stimulere til innovasjon, nye produksjonsformer og bruk av ny teknologi for å sikre auka berekraft.
Fiskeriavtalar med andre kyststatar er ein svært viktig del av ei langsiktig berekraftig forvaltning av fiskebestandane, og det blir jobba kontinuerleg for å forbetre desse avtalane. I desember 2021 vart det oppnådd ei politisk forståing med Storbritannia, og i april 2022 med EU, om fiske i dei nordlege farvatna. Fiskerikontrollen og det internasjonale arbeidet mot fiskerikriminalitet gjennom Blue Justice-initiativet er også viktig for å sikre berekraftig forvaltning av ressursane.
Ny haustingsforskrift tredde i kraft 1. januar 2022. Den inneheld reglar om korleis fisket i sjøen skal utøvast, slik som maskevidd på til dømes garn og minstemål på fisk, stengde område og bifangstreglar.
Regjeringa har delt ut over to millionar kroner til elleve prosjekt som skal bidra til betre likestilling i fiskeria; målet er å auke kvinneandelen i yrket. Vidare har regjeringa delt ut to millionar kroner til ti kommunale prosjekt som gjer at ungdom mellom 12 og 25 år kan få erfaring frå fiskaryrket.
Regjeringa har lagt til rette for at fylkeskommunar og kommunar som ønskjer det, skal kunne delast. Ved lokalvalet hausten 2023 skal innbyggjarane igjen få gi stemme til fylkestinga i Finnmark, Troms, Telemark, Vestfold, Buskerud, Akershus og Østfold fylkeskommunar, og til kommunestyret i Haram.
Regjeringa har lagt fram eit nytt forslag til lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Lovforslaget klargjer kva plikter kommunane har på det bustadsosiale feltet, og kan bidra til betre og meir likeverdig hjelp til vanskelegstilte på bustadmarknaden.
Arbeidet med områdesatsingar inngår i regjeringa sitt arbeid med å jamne ut ulikskap og få ned forskjellane. Områdesatsingar er avtalebasert langsiktig samarbeid mellom stat og kommune om ekstra innsats i levekårsutsette byområde. I 2022 auka regjeringa løyvinga, og det er sett av i underkant av 230 millionar kroner til områdesatsingar i Oslo, Drammen, Bergen, Stavanger og Trondheim. I områdesatsingane blir det arbeidd med å betre fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar, tenesteutvikling, særleg innanfor utdanning og oppvekst, og sysselsetjing og kvalifisering.
Kartlegging med landsdekkjande høgdedata nådde ein viktig milestolpe i 2022. Landet er for første gong dekt av samanhengande detaljerte høgdedata med høg presisjon og jamn kvalitet. Dataa blir brukte til ei rekkje formål, mellom anna flysimulering, flaum- og rasanalysar, berekning av vegtrasear, arealplanlegging og masseberekningar. Dataa er gratis tilgjengelege for næringsliv, kommunar og andre offentlege verksemder, utviklarar og andre. Gjerdrum-rapporten viser kor viktige slike data er for å forstå rasfare og korleis ras kan utvikle seg.
Kvart år blir samfunnet utsett for store skadar på grunn av overvatn. Våtare og villare vêr, sentralisering og fortetting kan auke problema. I juni 2022 fremja regjeringa forslag for Stortinget om endringar i plan- og bygningslova, som skal gi kommunane betre verkemiddel for tiltak mot overvatn.
Regjeringa har fastsett nye retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. Desse retningslinjene skal bidra til ei fordeling av statlege arbeidsplassar slik at dei kan bidra til å utvikle robuste arbeidsmarknader, og dessutan sikre god tilgang til statlege tenester, i alle delar av landet.
Vidare følgjer regjeringa opp strategien for bygg og eigedom i statleg sivil sektor. Strategien dannar grunnlag for ei meir berekraftig, kostnadseffektiv og samordna byggje- og eigedomsverksemd i statleg sivil sektor. Oppfølginga skal gå over fleire år.
Regjeringa fører vidare strategien Én digital offentlig sektor – digitaliseringsstrategi for offentlig sektor 2019–2025. Under dette kjem også arbeidet med samanhengande digitale tenester innanfor sju prioriterte livshendingar. Dette er den første felles strategien mellom statleg og kommunal sektor på digitaliseringsområdet.
I eit stadig meir digitalisert samfunn blir det endå viktigare med digital inkludering. Regjeringa følgjer opp strategien Digital hele livet gjennom ein handlingsplan som skal bidra til at alle innbyggjarar som ønskjer det, kan få hjelp til å kunne bruke digitale verktøy og tenester gjennom livet i ulike fasar. Regjeringa har fornya samarbeidet med KS fram til utgangen av 2025 om å etablere lågterskel opplæringstilbod innanfor digital kompetanse (Digihjelpa) i alle kommunar i landet.
Regjeringa arbeider for å få ei oppgradert reserveløysing for kommunikasjon via satellittsamband mellom Svalbard og fastlandet. Den kjem til å styrkje beredskapen i området.
Regjeringa innfører eit system for mobilbasert befolkningsvarsling, som sikrar rask og korrekt informasjon til befolkninga i samband med akutte krisesituasjonar.
Vidare arbeider regjeringa med å styrkje den digitale beredskapen i norske kommunar ved at dei får tilknyting til ei teneste for varsling og handtering av digitale angrep.
Regjeringa har sendt på høyring forslag til regulering av datasenter, inkludert ei registreringsplikt ved etablering eller oppstart. Dette kjem til å gi betre oversikt over datasenteraktørar og bidra til auka sikkerheit.
Regjeringa legg nullvisjonen der ingen blir drepne eller hardt skadde i trafikken, til grunn for arbeidet sitt. I 2021 omkom 80 personar i trafikken, det lågaste talet på trafikkdrepne sidan andre verdskrigen. Ulykkesutviklinga i 2022 viser ein kraftig auke i talet på omkomne samanlikna med førre år. Førebelse tal viser at 63 personar mista livet i vegtrafikken i første halvår. Auken viser at det er behov for å halde fram med den store innsatsen i trafikksikkerheitsarbeidet.
Fleire veganlegg har opna for trafikk. Sommaren 2022 opna prosjektet Eggemoen–Jevnaker–Olum på E16 i Viken, omlegginga av E6 forbi Ballangen i Nordland og ny bru for rv. 22 ved Årum over E6 i Viken for trafikk. Utbetringa av delar av rv. 52 i Hemsedal i Viken og av tunnelane Munkebotn og Eikefet på E39 og Gudvanga- og Flenjatunnelane i Vestland er ferdigstilt. Nye Veier AS opna i desember 2021 vegstrekninga E39 ved Mandal i Agder, inkludert tilførselsvegen ned til Mandal, og E6 Kvål–Melhus i Trøndelag sommaren 2022.
Mange bruker ferje i kvardagen, og næringslivet er avhengig av eit godt ferjetilbod. Frå årsskiftet 2021/2022 er takstane reduserte med 30 prosent samanlikna med takstane i første halvår 2021. Regjeringa har også lagt til rette for at trafikksvake samband med under 100 000 passasjerar og ein del delstrekningar til øyar og veglause samfunn i ferjesamband med større trafikk kan vere gratis frå andre halvår 2022.
Det er sett ned eit utval som skal gjennomføre ei heilskapleg vurdering av drosjenæringa. Målet er å finne fram til tiltak som sikrar eit godt drosjetilbod i heile landet, vurdere verknader av desse tiltaka og gi tilråding om framtidig regulering. Det er særleg viktig å sikre tilbodet til sårbare grupper, som eldre og funksjonshemma utan eigen bil. Samtidig er det behov for å vurdere kva krav som bør stillast for å sikre ei seriøs drosjenæring som gir tryggleik for kundane, gode arbeidsforhold for tilsette og løyvehavarar, og som bidreg til kvit økonomi, og gjere tiltak for å sikre kontroll og tilsyn med næringa.
Regjeringa har sett i verk ein gjennomgang av organiseringa og selskapsstrukturen i jernbanesektoren. Organiseringa skal, saman med økonomiske, regulatoriske, styringsmessige og avtalemessige grep, leggje til rette for at regjeringa kan føre ein offensiv jernbanepolitikk der jernbanen tek ein større del av person- og godstogtrafikken.
I 2022 er det etablert ei tilskotsordning for pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren. Pilotprosjekta skal mellom anna bidra til å utvikle kunnskap og/eller teknologi som kan bidra til varige reduksjonar i direkte klimagassutslepp, og til å teste ut nullutsleppsløysingar på anleggsplassar i transportsektoren, slik at risikoen og kostnadene ved å ta i bruk slike løysingar blir reduserte.
Ny språklov tredde i kraft 1. januar 2022.
Det er sett ned eit utval som skal sjå på menns likestillingsutfordringar.
Ny pengespellov vart vedteken av Stortinget i mars og trer i kraft 1. januar 2023. Det er sendt på høyring utkast til ny forskrift om pengespel. Ny pengespelforskrift er den siste byggjesteinen i eit omfattande regelverksarbeid på pengespelfeltet. Saman skal den nye lova og forskrifta sikre ei meir heilskapleg varetaking av dei overordna måla for pengespelpolitikken på heile pengespelfeltet.
I februar la regjeringa fram ein ny handlingsplan mot speleproblem (2022–2025).
Ytringsfridomskommisjonen leverte utgreiinga si 15. august 2022.
I perioden med ny nedstenging som følgje av covid-19-pandemien gjeninnførte regjeringa stimuleringsordninga for kultursektoren og fekk på plass ei forbetra kompensasjonsordning. Det vart løyvd totalt 1,8 milliardar kroner.
Nytt bygg for Nasjonalmuseet opna 11. juni 2022.
Nytt bygg for Saemien Sijte, sørsamisk museum på Snåsa, opna 17. juni 2022.
Det nye magasinbygget til Nasjonalbiblioteket og Arkivverket i Mofjellet, Mo i Rana, er ferdigstilte.
Regjeringa har sett i gang arbeidet med ein strategi for kulturfrivilligheita.
Regjeringa handterte i 2022 ei omfattande beitekrise i reindrifta og sette i verk tiltak for å sikre dyrevelferd, produksjon og lønnsemd i reindrifta. Regjeringa vart samd med Norske Reindriftsamers Landsforbund om ein reindriftsavtale for 2022/2023, som tredde i kraft 1. juli 2022. Avtalen gir betydeleg styrking av rammevilkåra for næringa, prioriterer direkte tilskot, varetaking av areala til reindrifta, klimatilpassing og beredskap, rekruttering og infrastrukturtiltak.
Nedbygginga av dyrka jord er gradvis redusert dei siste åra. Regjeringa har starta arbeidet med å oppdatere jordvernsstrategien og vil vurdere eit strengare mål for årleg omdisponering av dyrka jord.
Gitt på Det Kongelige Slott 23. september 2022
Under vår hand og riksseglet