Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Vi HARALD, Noregs Konge,stadfester: I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad les Melding om Noregs rikes tilstand i Stortingssalen. Han står saman med regjeringa.
Landbruks- og matminister Geir Pollestad les Melding om Noregs rikes tilstand i Stortinget. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / Stortinget

Det var sterk oppgang i norsk fastlandsøkonomi i fjor, med ein vekst på heile 3,8 prosent. Den høge aktiviteten har halde fram i 2023, men det er store næringsvise forskjellar. Det er framleis høgt press i arbeidsmarknaden. Konsumprisveksten har gått noko ned, men er framleis på eit høgt nivå.

Høg prisstigning er no den største utfordringa i stabiliseringspolitikken. Det undergrev folks moglegheit for auka velstand og ein trygg økonomisk kvardag. Finans- og pengepolitikken må spele på lag for å få prisveksten under kontroll. Samtidig er finanspolitikken svært viktig i arbeidet med å lette byrdene ved høg prisstigning for særleg utsette grupper. Krigen i Ukraina og konsekvensane av den har òg gitt store utgiftsaukar på mange område.

Arbeidsløysa held seg låg, sysselsetjinga er høg, og det er mange ledige stillingar i Noreg. Ved utgangen av august var 1,9 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt ledig. Det er litt høgare enn på same tid i fjor, men likevel klart lågare enn før pandemien. Sysselsetjinga har auka mykje dei to siste åra. Frå 2021 til 2022 auka sysselsetjinga i gjennomsnitt med 110 000 personar. Frå årsskiftet 2022/2023 og fram til 2. kvartal i år har det vorte ytterlegare 15 000 fleire sysselsette.

Den russiske angrepskrigen mot Ukraina held fram med å prege den sikkerheitspolitiske situasjonen – med dramatiske konsekvensar for Ukraina, Europa og verda.

I februar etablerte regjeringa Nansen-programmet for Ukraina, med brei støtte frå Stortinget. Det er ein femårig støttepakke på 75 milliardar kroner. Nansen-programmet sender eit tydeleg signal om at eit samla Noreg støttar Ukrainas kamp for fridom, og at den norske støtta kjem til å vare så lenge det trengst.

Krigen i Ukraina har omfattande ringverknader langt utanfor Europas grenser, mellom anna i form av meir usikker tilgang på mat, høge prisar på energi og mat og lågare global vekst. Saman med Nansen-programmet fremja regjeringa ein krisepakke på fem milliardar kroner til utviklingsland som er særleg ramma av konsekvensane av krigen.

NATOs toppmøte tok nye viktige steg i den militære omstillinga for å styrkje evna til kollektivt forsvar. Det vart semje om ei modernisering av forsvarsplanane til alliansen og styrkte forpliktingar om forsvarsinvesteringar.

Regjeringa har vedteke at Noreg skal oppnå og føre vidare bruk av minimum 2 prosent av bruttonasjonalprodukt på forsvar frå 2026. Regjeringa har sett i gang arbeidet med ein ny langtidsplan for forsvarssektoren og har fått viktige innspel i form av forsvarssjefens fagmilitære råd og tilrådingane frå Forsvarskommisjonen.

I april vart det finske flagget for første gong heist utanfor NATOs hovudkvarter. Avtalen mellom Tyrkia og Sverige under NATOs toppmøte i Vilnius opnar også for svensk medlemskap i nær framtid. At heile Norden no blir samla i NATO, er med på å tryggje Noregs og Europas sikkerheit og kjem til å vere ein styrke for det nordiske samarbeidet.

I 2022 kom det om lag 35 000 fordrivne frå Ukraina til Noreg, og det er forventa at det kjem like mange i 2023. Norske kommunar har lagt ned ein ekstraordinær innsats, og per 1. september er 43 500 fordrivne busette i små og store kommunar over heile landet.

Regjeringa har vedteke å opprette til saman 20 nye polititenestestader i 2023 og 2024. Lokalt politi gir folk tryggleik og er viktig i det førebyggjande arbeidet, spesielt med tanke på barn og unge.

Regjeringa har arbeidd vidare med å styrkje kriminalomsorga.

Arbeidsforholda i Noreg er i hovudsak bra, men fleire må sikrast faste heile stillingar med norske lønns- og arbeidsvilkår. Regjeringa har fremja endringar i arbeidsmiljølova. Endringane går ut på å innføre ei heiltidsnorm og avgrense moglegheita for å leige inn folk frå bemanningsføretak.

Regjeringa har styrkt innsatsen overfor unge som har falle utanfor og treng hjelp til å kome i arbeid, og har innført ein ny ungdomsgaranti i regi av NAV.

Regjeringa har fremja ei ny opplæringslov som er vedteken av Stortinget. I ny lov blir mellom anna rettane til vidaregåande opplæring utvida, og det blir innført reglar som skal bidra til at fleire kan fullføre vidaregåande opplæring.

Strukturell mangel på arbeidskraft og udekt etterspurnad etter kompetanse på fleire sentrale område gjer det nødvendig å prioritere kva vi bør satse på. I stortingsmeldinga Utsyn over kompetansebehovet i Norge la regjeringa fram endringar i finansieringssystemet som skal styrkje sektoren si evne til å vareta det breie samfunnsoppdraget og heilskapen i prioriteringane regjeringa gjer.

Vidare har regjeringa redusert foreldrebetalinga i skulefritidsordninga. Regjeringa har etablert ei ordning der alle elevar på 1. og 2. trinn får tilbod om tolv timar gratis SFO i veka.

Regjeringa har styrkt finansieringa av fastlegeordninga. Dette gir dagens fastlegar betre arbeidsvilkår og støttar dessutan opp under rekrutteringa.

Regjeringa har lagt fram ei folkehelsemelding, med ein strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Vidare har regjeringa lagt fram ein forpliktande opptrappingsplan for psykisk helse og ei melding om eldrereform. Det skal vere trygt for eldre som kan og vil å bu lenger heime, samtidig som at det skal finnast eit godt tenestetilbod når behovet oppstår.

Regjeringa er oppteken av at det skal vere mogleg for alle barn og unge å delta i fritidsaktivitetar. Tilskot til å inkludere barn og unge er auka.

Regjeringspartia og SV har styrkt barnetrygda. Satsane er prisjusterte. I tillegg er barnetrygda til dei eldste barna og den utvida barnetrygda til einslege forsørgjarar auka.

Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei brei kvalitetsreform i barnevernet for å styrkje tilbodet til sårbare barn og familiar. Dessutan har regjeringa sett i gang arbeidet med ei eiga fosterheimsmelding.

Noreg har til liks med EU oppdatert utsleppsmålet sitt for 2030 under Parisavtalen, om minst 55 prosent reduksjon samanlikna med 1990. Regjeringa har gjennomført ei rekkje klimatiltak, mellom anna vart avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp trappa opp med 21 prosent i budsjettet for 2023. Denne regjeringa er den første som har lagt fram Grøn bok saman med statsbudsjettet. Eit årleg klimabudsjett kjem til å vere eit viktig styringsverktøy for å nå klimamåla.

Ekstremvêret «Hans» ramma mange og har medført enorme materielle skadar. Regjeringa har styrkt arbeidet med å handtere konsekvensane av klimaendringane og la i juni fram ei stortingsmelding om klimatilpassing.

Straumstøtteordninga til hushalda er styrkt og forlengd.

Regjeringa har lyst ut ein konkurranse om prosjektområde til havvind for Utsira Nord og første fase av Sørlige Nordsjø II. Dette er den første utlysinga for havvind i Noreg og er ein viktig del av regjeringa sin ambisjon om å tildele prosjektområde tilsvarande 30 GW havvind innan 2040.

Regjeringa held fram med å leggje til rette for at Noreg framleis skal vere ein stabil, føreseieleg og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa i ei krevjande tid.

Regjeringa vidareutviklar verkemiddelapparatet for å fremje den grøne omstillinga i næringslivet. I sommar har regjeringa tilpassa vegkart for grønt industriløft til dagens geopolitiske situasjon og endringar i konkurransesituasjonen, mellom anna i lys av andre lands støttetiltak for grøn industri.

I april underteikna Noreg og EU ein avtale om ein grøn allianse for å styrkje samarbeidet om energi, klima og industri. Vidare har regjeringa utvida det bilaterale energi- og industrisamarbeidet med mellom andre Tyskland på område som hydrogen, batteri, havvind og karbonfangst og -lagring.

I juni la regjeringa fram ei stortingsmelding om distriktspolitikken, og fleire distriktskommunar er inviterte til å søkje om bygdevekstavtalar med staten. I august la regjeringa fram ei melding til Stortinget om gode bysamfunn med små forskjellar.

Regjeringa har starta arbeidet med ein nasjonal digitaliseringsstrategi. Planen er at strategien skal vere ferdig første halvår i 2024.

Regjeringa fører vidare arbeidet med byvekstavtalar for å nå nullvekstmålet i dei største byane. Frå 16. august vart ordninga med gratis ferjer utvida og takstane i riksvegferjedrifta var reduserte til eit nivå på 50 prosent samanlikna med takstane i januar 2021.

Fleire veganlegg, skredsikringsprosjekt og utbetringsstrekninger er opna for trafikk.

Follobanen, som er eit av Noregs største samferdselsprosjekt, vart teken i bruk i 2023, etter nokre problem som medførte ulemper for passasjerar og togselskap i startfasen. Banen bidreg til vesentleg auka mobilitet, raskare togreiser og ein enklare reisekvardag for mange.

Regjeringa har foreslått endringar i straffelova som inneber forbod mot konverteringsterapi.

Ny boklov er vedteken av Stortinget.

For andre år på rad innvilga regjeringa løftet om full momskompensasjon til frivillige organisasjoner i 2022.

Jordbruksforhandlingane innebar ein auke i inntektsmoglegheitene på 4,1 milliardar kroner. Hovudprioriteringar i avtalen var økonomi i mjølkeproduksjon, klima- og miljøtiltak, unge bønder og landbruk i Nord-Noreg.

----

Prisane på olje og gass har gått markert ned frå dei rekordhøge nivåa i fjor haust. Det har gitt lågare overskot på Noregs driftsbalanse med utlandet, men overskotet er framleis høgt. I første halvår i år var overskotet på 451 milliardar kroner.

Både konsumprisveksten og lønnsveksten er framleis svært høge. Partane i frontfaget vart samde om ein årslønnsvekst på 5,2 prosent i 2023. I perioden januar–august i år var konsumprisane 6,2 prosent høgare enn i same periode i 2022.

Gjeldsveksten i hushalda har minka dei siste to åra. Målt i forhold til inntekta er gjelda i norske hushald likevel på eit høgt nivå, både historisk og samanlikna med andre land. Det utgjer ei sårbarheit for norsk økonomi.

I kjølvatnet av pandemien og Russlands angrepskrig mot Ukraina ser vi aukande polarisering og ei verd som blir meir delt – ikkje berre politisk, men også økonomisk og sikkerheitspolitisk. Regjeringa legg derfor vekt på innsats som kan bidra til å styrkje internasjonalt samarbeid. Dette blir ei essensiell utanrikspolitisk prioritering for Noreg også framover.

Regjeringa har løyvd midlar til å etablere eit forskingssenter for geopolitikk, som skal styrkje kunnskapen om internasjonale maktforhold og korleis dei påverkar norske interesser.

Regjeringa ønskjer at det humanitære budsjettet framleis skal vere på eit høgt nivå. Krig og konflikt, etterverknadene frå covid-19-pandemien og klimakrisa bidreg til rekordhøge globale humanitære behov, som krev vår innsats. Talet på flyktningar og internt fordrivne er høgare enn nokosinne.

Noreg fører vidare den store innsatsen for berekraftig utvikling i utviklingsland. Mattryggleik og klimatiltak er sentrale element i dette. Noreg er på god veg til å innfri forpliktinga om å doble klimabistanden innan 2026. 

Tilgang til mat er også eit sikkerheitsspørsmål. Det er aktualisert av Russlands krigføring i Ukraina, midt i kornkammeret i verda. Saman med andre utviklingspartnarar aukar Noreg innsatsen for matsikkerheit.

I mai overtok Noreg leiarskapen i Arktisk råd, det viktigaste internasjonale samarbeidsorganet for å diskutere spørsmål knytte til klima, hav, miljø og biologisk mangfald i Arktis. Regjeringa vil bruke leiarskapen til å gjere det vi kan, under krevjande omstende, for å bevare og styrkje det arktiske samarbeidet.

Regjeringa følgjer opp Noregs forpliktingar i EØS-samarbeidet og bruker handlingsrommet i EØS-avtalen for å vareta og fremje norske interesser overfor EU. Regjeringa arbeider også med å sikre norske interesser på område der EU-samarbeidet blir vidareutvikla utanfor rammene av Noregs avtaleverk med EU.

Gjennom EØS-midlane bidreg Noreg til sosial og økonomisk utjamning og til å fremje rettsstaten og menneskerettane. Ukraina-krigen har understreka kor viktig det er å verne om og utvikle demokratia i Europa.

Noreg står saman med partnarane våre og allierte i Europa og andre likesinna land i arbeidet for effektive og treffsikre sanksjonar mot Russland. På grunn av krigen mot Ukraina er samarbeid med Russland lagt på is, med enkelte unntak av stor nasjonal betydning. Regjeringa legg framleis vekt på føreseielege forhold i nord, og på å føre vidare mekanismar for å unngå utilsikta episodar i nærområda våre.

Vi er vitne til autoritære straumdrag og press mot demokratiet i stadig fleire land. To viktige saker i denne verdikampen er kvinners rett til å bestemme over eigen kropp og at skeive får rettane sine. Noreg arbeider for å styrkje det normative rammeverket og byggje alliansar med land og aktørar som jobbar for likestilling, menneskerettar og demokrati.

I mai erklærte Verdshelseorganisasjonen (WHO) at den internasjonale folkehelsekrisa covid-19 er over. Saman med WHO og andre land tek Noreg initiativ for å gjere verda betre førebudd til neste pandemi. Regjeringa arbeider mellom anna for å styrkje helsesystema i utviklingsland, for eksempel produksjonskapasitet for vaksinar.

Verda er ikkje i rute for å nå berekraftsmåla. For å nå måla er det avgjerande å styrkje nasjonal ressursmobilisering. Regjeringa vidarefører den internasjonale innsatsen for effektive og rettferdige skattesystem og kampen mot korrupsjon og ulovlege kapitalstraumar.

Noreg er ein pådrivar for reformer i dei internasjonale utviklingsbankane, spesielt i Verdsbanken, for at dei effektivt kan bidra til ein vesentleg auke av finansieringa til globale utfordringar som klimakrisa.

I eit krevjande tryggingspolitisk landskap held Noreg fram med å arbeide for nedrusting og rustingskontroll. I mai kom den norskleidde FN-ekspertgruppa som arbeidde med verifikasjon av nedrusting av kjernevåpen, til ei viktig semje om rammer for dette arbeidet internasjonalt, og om behovet for vidare innsats.

Kvart sjette barn i verda lever i land eller område som er prega av væpna konflikt. I juni var Noreg vert for ein internasjonal konferanse om vern av barn i væpna konflikt. Over dei neste tre åra vil Noreg bidra med minst 1 milliard kroner til denne innsatsen.

Russland held fram med å vere den dimensjonerande faktoren for norsk sikkerheits- og forsvarspolitikk og utgjer i dag den viktigaste trusselen mot norsk og europeisk sikkerheit. Dei kontinuerlege utfordringane knytte til digitalisering, teknologisk utvikling og samansette truslar har vorte stadig klarare. Utfordringane har samtidig styrkt det allierte samhaldet.

Den norske militære støtta til Ukraina har vore innretta mot fire hovudområde: 1) donasjonar frå forsvarssektoren, 2) innkjøp frå forsvarsindustrien, 3) tilskot til internasjonale finansieringsmekanismar og 4) trening av ukrainsk personell. Regjeringa sine avgjerder om donasjonar frå forsvarssektoren byggjer på heilskaplege vurderingar av kva for konsekvensar det har for Forsvaret si operative evne og den nasjonal beredskapen.

Gjennom store leveransar av materiell og ammunisjon står vår eigen forsvarsindustri sentralt i støtta til Ukraina og den vidare evna landet har til å kunne forsvare seg sjølv og sine verdiar.

Etter tysk-norsk initiativ vart det på NATO-toppmøtet vedteke å opprette eit senter for å styrkje NATOs rolle med vern av undersjøisk infrastruktur, og til samarbeid med privat sektor.

Noreg har bidrege substansielt til NATOs operasjonar, oppdrag og ståande styrkar og har stilt militære styrkar til innsats i Irak, i Baltikum, i FN-operasjonar i Midtausten og i Afrika. Vi har halde fram med å støtte land på Balkan og ved Svartehavet med kapasitetsbygging, og vi har delteke i opplæring og utdanning av ukrainsk personell i Noreg og i tredjeland. Noreg har også halde fram med å levere bidrag til NATOs styrkeregister i form av fartøy og kampfly.

I februar vedtok regjeringa at det skulle skaffast 54 stridsvogner. Regjeringa har også vedteke å kjøpe inn seks MH-60R Seahawk til erstatning av NH90, for å støtte Kystvaktas oppdrag. På Evenes er det første maritime patruljeflyet P-8A Poseidon operativt. Noreg har motteke 40 av 52 F-35 jagarfly.

Regjeringa satsar vidare på å styrkje Heimevernet og har foreslått å bruke om lag 167 millionar kroner på Andøya for å styrkje evna til alliert mottak og for å støtte sivile aktørar med relasjon til Forsvaret. Vidare har regjeringa sett av ytterlegare midlar til vedlikehald, rehabilitering og bygging av bustader og kvarter for å leggje til rette for vidare personellvekst i Forsvaret.

Regjeringa har styrkt arbeidet med nasjonal sikkerheit og evna til å handtere samansette truslar mellom anna gjennom etableringa av Nasjonalt etterretnings- og tryggingssenter (NESS). I desember 2022 la regjeringa fram ei stortingsmelding om nasjonal kontroll og digital motstandskraft. 

Masseskytinga i juni i fjor understrekar at vi framleis må satse mykje på arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. I november 2022 la regjeringa fram ein revidert kontraterrorstrategi, som angir retning og prioriteringar på det breie kontraterrorarbeidet. I tillegg har PST fått nye heimlar for å kunne jobbe betre med truslar mellom anna på internett.

I februar utnemnde regjeringa eit uavhengig utval for å granske straffesaka mot Viggo Kristiansen i Baneheia-saka. Utvalet skal òg gå gjennom arbeidet til Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker.

I juni sette regjeringa ned eit utval som skal evaluere ordninga med forvaring, og særreaksjonane tvunge psykisk helsevern og tvungen omsorg. Utvalet skal i tillegg greie ut korleis domfelte og innsette med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming blir varetekne.

Regjeringa har etablert tenesta «Nødvarsel» for å kunne varsle befolkninga raskt og tydeleg på mobiltelefonen om akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse. Nødvarsel er eit supplement til dagens tyfonanlegg.

Regjeringa har lagt fram forslag til endringar i lov om fri rettshjelp. Endringane legg opp til ein ny modell for økonomisk behovsprøving som gjer at fleire får tilgang til advokatbistand.

I februar utnemnde regjeringa eit eige valdtektsutval som skal levere utgreiinga si innan utgangen av januar 2024. Målet er å styrkje arbeidet for å førebyggje og nedkjempe valdtekt og bidra til at utsette får eit tilpassa og heilskapleg tilbod om hjelp og oppfølging.

Eit av dei viktigaste måla for regjeringa er å redusere forskjellar og få ned inntektsforskjellane i Noreg. Derfor har regjeringa sett ned eit offentleg utval som skal sjå på omfanget og utviklinga av lønnsforskjellar og låg lønn og gi meir kunnskap.

Lønnsoppgjeret i 2023 er eit mellomoppgjer. Avtalerevisjonane har i hovudsak vore løyste gjennom forhandlingar og mekling. Talet på konfliktar har vore lågt.

Regjeringa følgjer opp handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

Vidare legg regjeringa vekt på tiltak for å få bukt med utnytting av arbeidskraft og styrkje arbeidstakarars rettar. Etatane som deltek i det tverretatlege samarbeidet mot arbeidslivskriminalitet, har fått i oppdrag å vurdere korleis deira felles innsats kan vidareutviklast. 

Det har kome ekstraordinært mange flyktningar og fordrivne til landet vårt, og det legg press på heile mottaks- og busetjingskjeda – i staten, i kommunane og i lokalsamfunna. Etter forslag frå regjeringa har Stortinget auka kapasiteten i UDI, IMDi og politiet for å sikre beredskap i etatane til å handtere mange flyktningar frå Ukraina også i 2023.

For å støtte opp om busetjingsarbeidet i kommunane er det innført eit ekstra tilskot til kommunar som buset flyktningar utover den opphavlege oppmodinga for 2023. Det særskilde tilskotet kommunane får for å busetje personar med særleg omfattande pleie- og omsorgsbehov, er auka for personar med dei tyngste behova. Vidare er tilskot til utleigebustader mellombels gjeninnført og utvida, slik at det også kan givast støtte til å setje i stand bustader.

Kommunane melder om at det er utfordrande å sikre tilstrekkeleg bemanning og rett kompetanse i barnehagar og skular når det gjeld fordrivne barn og unge frå Ukraina. I samband med revidert nasjonalbudsjett (RNB) vart det derfor løyvd midlar til tiltak som både skal setje fleire ukrainarar i stand til å bidra i barnehage og skule, og heve kompetansen hos dei som allereie jobbar i norske barnehagar og skular. For å bidra til at dei som ønskjer det kan ta høgare utdanning i Noreg medan dei er her, er det også løyvd midlar til 500 mellombelse studieplassar, særleg retta mot fordrivne frå Ukraina.

Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget i 2022 mellombelse lovendringar på tvers av sektorområde, for å gjere det enklare for kommunane å busetje flyktningar raskt og handtere den ekstraordinære situasjonen med mange fordrivne frå Ukraina. I mai vart det vedteke i Stortinget at dei mellombelse lovendringane skulle vidareførast, og lovendringane tredde i kraft 2. juni.

Regjeringa sitt hovudmål i integreringspolitikken er at fleire skal kome i arbeid. Gode språkkunnskapar er viktig for å få dette til. Mange av dei fordrivne som kjem til Noreg, har behov for meir språkopplæring enn vi først trudde. Etter forslag frå regjeringa har Stortinget derfor utvida tilskotet til språkopplæring i samband med RNB. Mange kan trenge bistand for å få seg jobb, og arbeidsmarknadstiltaka er viktige middel for å få fleire i arbeid. I samband med RNB er det derfor vedteke ei auka løyving til arbeidsmarknadstiltak og personellressursar i NAV, mellom anna knytt til fordrivne frå Ukraina.

Etter semje mellom regjeringspartia og SV om statsbudsjettet for 2023 er barnetillegga for mottakarar av arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsstønad og dagpengar auka frå 1. februar i år.

Etter semje mellom regjeringspartia og SV om RNB for 2023 er dei rettleiande satsane for sosial hjelp justerte opp med 10 prosent frå 1. juli i år. Kommunane er kompenserte for auka utgifter som følgje av endringane.

Regjeringa ønskjer ei lovgiving som legg til rette for at teknologiske moglegheiter som er brukarvennlege og kan forenkle kvardagen, blir tekne i bruk. Eit forslag frå regjeringa som opnar for at legar kan sjukmelde pasientar etter e-konsultasjon, vart vedteke av Stortinget og tredde i kraft 1. juli. Dette bidreg til at pasientar og legar får større fleksibilitet ved val av konsultasjonsform, og på denne måten kan dei spare tid og belastande reiser. 

Regjeringa vil at alle barn skal ha tilgang til eit barnehagetilbod med høg kvalitet. Regjeringa har i 2023 lagt fram ein ny barnehagestrategi fram mot 2030 som skal bidra til betre kvalitet i tilbodet til barna, gjennom auka kompetanse hos dei tilsette, god leiing og tilstrekkeleg bemanning. Regjeringa vil sikre eit meir likeverdig barnehagetilbod i heile landet gjennom å gi kommunane betre styring og kontroll med heile sektoren.

Økonomien til familien skal ikkje vere eit hinder for at barna får gå i barnehage. Regjeringa har redusert maksimalprisen for foreldrebetalinga med 315 kroner per månad, og vil vidareføre arbeidet med å ytterlegare redusere maksimalprisen. Frå august 2023 vart det også innført gratis barnehage for tredje barn i familien som går i barnehage samtidig, og gratis barnehage for alle barn i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms.

Regjeringa har i 2023 vidareført eit øyremerkt tilskot til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område. Tilskotet er eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å styrkje satsinga på barnehagar i område med integrerings-, språk- og levekårsutfordringar.

Det er òg vidareført eit øyremerkt tilskot til auka bemanning på skular i levekårsutsette område.

Regjeringa har lagt fram forslag til endringar i privatskulelova. Endringane inneber at det ved søknader om etablering av nye privatskular og utvidingar av eksisterande skular skal leggjast vesentleg vekt på kva vertskommunar og fylkeskommunar meiner. Desse endringane vart behandla og vedtekne av Stortinget og tredde i kraft 1. august 2023.

Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei stortingsmelding om mellomtrinnet og ungdomstrinnet, 5.–10. trinn. Hovudmålet med meldinga er å utvikle ein skule som varetek og styrkjer motivasjon, meistring, læring og utvikling hos elevane. For å oppnå dette skal meldinga mellom anna sjå på korleis skulen kan bli meir praktisk og variert.

Våren 2023 har regjeringa lagt fram ein strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule. Strategien skal gi tydelegare støtte til kommunane og fylkeskommunane i møte med nye teknologiar, digitale verktøy i opplæringa og det aukande presset på personvernet når det gjeld barn og unge. Regjeringa har også utnemnt eit offentleg utval som skal samanfatte kunnskapsgrunnlaget og foreslå tiltak knytte til skjermbruk, søvn, psykisk helse og læringsutfordringar hos barn og unge.

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å opne for institusjonsakkreditering i høgare yrkesfagleg utdanning. Det inneber at fagskular sjølv kan akkreditere alle eigne studium. Tiltaket gir fagskulane høve til raskare å opprette fagskuleutdanningar i takt med behovet i arbeidslivet, og bidreg dermed til betre samsvar mellom tilbod og etterspurnad av relevant og fleksibel utdanning.

Regjeringa har starta arbeidet med ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning. Meldinga skal mellom anna ta for seg utvikling av fagskulesektoren, kvalitet og relevans i høgare yrkesfagleg utdanning, i tillegg til akkreditering og finansiering av fagskulane.

I juni i år sette regjeringa ned eit partssamansett utval for ei kompetansereform for arbeidslivet. Ein heilskapleg og målretta kompetansepolitikk er sentral for å nå måla om mest mogleg relevant kompetanse i arbeidslivet og god produktivitet. Utvalet skal levere ein rapport i oktober 2024.

I oktober i fjor la regjeringa fram den tredje langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (LTP). LTP skal setje kursen for politikkutviklinga og gi uttrykk for kva det er særleg viktig å prioritere. Dei tre overordna måla i LTP er: styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne; miljømessig, sosial og økonomisk berekraft; høg kvalitet og tilgang i forsking og høgare utdanning. Dei seks tematiske prioriteringane er: hav og kyst; helse; klima, miljø og energi; mogleggjerande og industrielle teknologiar; samfunnssikkerheit og beredskap; tillit og fellesskap. I tillegg lanserte LTP to nasjonale samfunnsoppdrag, eit nytt verkemiddel der forskingsbasert kunnskap og kompetanse blir teken i bruk for å løyse konkrete samfunnsutfordringar: «Berekraftig fôr» og «Inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv». LTP varsla også ei stortingsmelding om forskingssystemet og ein strategi for å auke FoU i næringslivet.

Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane, med hovudvekt på helse- og sosialfaga, lærarutdanningane og ingeniørutdanningane. Meldinga skal leggjast fram i 2024.

I juni 2023 fremja regjeringa forslag til ny universitets- og høgskulelov, som inneber viktige endringar mellom anna for å redusere andelen av mellombels tilsette i sektoren, gi institusjonane tydelegare ansvar for å verne og utvikle norsk og samisk som fagspråk, styrkje den akademiske fridommen, og ein sterkare demokratisk kontroll ved avgjerder om nedlegging av studiestader.

I juni la regjeringa også fram ein handlingsplan med 21 tiltak for å styrkje norsk fagspråk i akademia.

Regjeringa vil at det skal vere mogleg for alle barn og unge å skape seg gode liv, uavhengig av føresetnader, bakgrunn og kvar dei bur. Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei stortingsmelding om sosial utjamning og sosial mobilitet for barn og unge og familiane deira. Dette er eit samarbeid mellom fleire departement, slik at utfordringar og tiltak skal bli sett i samanheng, på tvers av sektorar.

I august 2022 sette regjeringa ned eit hurtigarbeidande ekspertutval som fekk i oppdrag å greie ut konkrete forslag til tiltak for å gjere allmennlegetenesta meir berekraftig dei komande åra. Utvalet leverte rapporten sin i april i år. Rapporten inneheld fleire interessante forslag som kan bidra til breidd, kvalitet og kontinuitet i tenestetilbodet. Regjeringa deler utfordringsbiletet som ekspertutvalet beskriv, og arbeider med å følgje opp forslaga som er presenterte.

Helsepersonellkommisjonen leverte sin NOU 2023: 4 Tid for handling 2. februar 2023. Høyringa vart avslutta 2. mai, og det kom inn nær 350 høyringssvar. Planen er at helsepersonellkommisjonens NOU mellom anna blir følgd opp i Helse- og omsorgsdepartementet si stortingsmelding om nasjonal helse- og samhandlingsplan og Kunnskapsdepartementet si stortingsmelding om profesjonsutdanningane.

Sjukehusutvalet leverte sin NOU 2023: 8 Fellesskapets sykehus 27. mars. Høyringa vart avslutta 30. juni. NOU-en frå sjukehusutvalet blir mellom anna følgd opp i samband med stortingsmeldinga om nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Regjeringa har også lagt fram ein opptrappingsplan for heiltid og god bemanning i omsorgstenesta. Med denne planen ønskjer regjeringa å hjelpe kommunane i arbeidet deira med å løyse personellmangelen både på kort og lang sikt. 

Vidare er regjeringa i gang med å styrkje den offentlege tannhelsetenesta. Mellom anna får 21–24-åringar no tilsvarande tilbod av den offentlege tannhelsetenesta som 19–20-åringar, det vil seie tilbod med berre 25 prosent eigenbetaling.

Regjeringa har fremja forslag om endringar i pasientjournallova om pasienten sitt prøvesvar i nasjonal kjernejournal. Formålet med lovforslaget er i første omgang å gjere laboratorie- og radiologisvar lettare tilgjengelege for helsepersonell og innbyggjarar. Stortinget har slutta seg til forslaget. Dette er ein del av regjeringa sitt arbeid med å vidareutvikle digital samhandling i helsetenesta, noko som skal gi betre helsehjelp og vere tidssparande fordi helsepersonell då slepp å etterspørje helseinformasjon.

Apotekutvalet leverte 31. januar sin NOU 2023: 2 Fremtidens apotek – fleksibelt og forsvarlig. Formålet har vore å greie ut korleis apotek i framtida skal innrettast, samtidig som dei lækjemiddelpolitiske målsetjingane blir varetekne. Utgreiinga har vore på høyring med frist 15. mai og vil no bli følgd opp gjennom ulike tiltak. 

Regjeringa har vedteke at det skal gjennomførast endringar i organiseringa av den sentrale helseforvaltninga. Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Direktoratet for e-helse og Statens legemiddelverk er påverka av endringane. Endringane, som trer i kraft 1. januar 2024, samlar fagmiljø for betre utnytting av ressursar og fagkompetanse.

Formålet med omorganiseringa er å oppnå gevinstar i form av mellom anna betre støtte til kommunane, betre utnytting av helsedata, meir effektiv ressursbruk, betre tilrettelegging for digitalisering og styrkt helseberedskap.

Regjeringa har starta eit arbeid med å forlengje foreldrepengeperioden ved 80 prosent dekning, slik at den samla stønadsutbetalinga er tilsvarande som ved 100 prosent.

Krava til prisinformasjon ved sal av straum og informasjon på straumfakturaer vart skjerpa frå 1. november 2022. Endringane skal mellom anna gjere det enklare å samanlikne avtalane som blir tilbodne på straummarknaden, og gi betre prisinformasjon.

Regjeringa har sett i gang ein heilskapleg gjennomgang av forbrukarvernet til barn i digitale medium. Formålet er å vurdere om gjeldande regelverk og handhevinga kan forbetrast.

Regjeringa har vidareført arbeidet med å dele verdiane i Opplysningsvesenets fond mellom staten og Den norske kyrkja. Som del av dette arbeidet skal det opprettast eit eige kyrkjebevaringsfond. Fondet skal sikre eit statleg bidrag til istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjer i generasjonar. 

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal granske utanlandsadopsjonar. Det overordna formålet er å få svar på om det har vore ulovlege eller uetiske forhold i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg.

Ny barnevernslov tredde i kraft 1. januar i år. Lova skal bidra til betre barnevernsfagleg arbeid og til å styrkje rettssikkerheita for barn og foreldre som får hjelp frå barnevernet.

Regjeringa har vidareført arbeidet med å styrkje og omstille det statlege tilbodet av barnevernsinstitusjonar og auke andelen av ideelle plassar i barnevernsinstitusjonane.

Ekstreme hetebølgjer har prega store delar av den nordlege halvkula i sommar og ramma millionar av menneske. Det vart sett ny global temperaturrekord over land og i verdshava. FNs klimapanel har varsla om at ekstremvarme vil ramme fleire område på jorda hyppigare enn før. Naturlege verknader som vêrfenomenet El Niño er med på å forsterke effekten av den globale oppvarminga i år.

Regnskogssatsinga er Noregs største internasjonale klimatiltak, og også det viktigaste bidraget vårt til bevaring av natur. Skogpartnarlandet vårt Indonesia har redusert avskoginga med 90 prosent på få år, og hausten 2022 betalte Noreg for første gong for leverte utsleppsreduksjonar. Etter at Lula da Silva vart vald til president, har Brasil allereie klart å redusere avskoginga med over 42 prosent dei første sju månadene i år samanlikna med i fjor.

Noreg hadde ei sentral rolle i forhandlingane av den globale naturavtalen, som skal bidra til å snu tapet av natur og nedbrytinga av økosystem vi ser i dag. Regjeringa har starta arbeidet med ei eiga stortingsmelding som viser korleis Noreg skal følgje opp avtalen. Denne meldinga skal leggjast fram i 2024 og blir Noregs nye handlingsplan for natur.

Vidare vart det i mars semje om ein ny internasjonal havmiljøavtale under FNs havrettskonvensjon om bevaring og berekraftig bruk av marin biodiversitet i havområde utanfor nasjonal jurisdiksjon (BBNJ). Avtalen blir eit viktig verktøy for å opprette marine verneområde og andre områdebaserte forvaltningstiltak i internasjonale havområde.

Noreg har ei leiande rolle i forhandlingane om ein rettsleg bindande global avtale for å stanse plastforureining, mellom anna som leiar for høgambisjonskoalisjonen. Noreg har fremja forslag om rettsleg bindande forpliktingar i avtalen for heile livsløpet til plasten. Dette er viktige bidrag for å nå måla om reint hav, hindre tap av natur og unngå forureining.

Regjeringa styrkjer lovverket for ein sirkulær økonomi og har sendt på høyring forslag til ei ny lov om berekraftige produkt og verdikjeder som skal fremje auka ressurseffektivitet og redusert klima- og miljøbelastning frå produksjon og forbruk av produkt. Dette er eit viktig bidrag i Noregs omstilling til ein meir sirkulær økonomi.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut heilskapleg tiltaks- og verkemiddelbruk for å halvere matsvinnet, og korleis ei matkastelov kan inngå i dette. Tekstilsektoren har store miljø- og klimapåverknader. Regjeringa har sett ned ei arbeidsgruppe som skal kome med ei tilråding til korleis eit produsentansvar for tekstil kan innrettast i Noreg.

Løyvinga til Enova er auka betydeleg, og det bidreg til grøn teknologiutvikling, utsleppskutt og grøn omstilling i bedrifter og for privatpersonar. Den grøne omstillinga må skje raskt og vere rettferdig, og regjeringa har etablert eit råd for rettferdig omstilling i arbeidslivet og vil ha dialog om klimapartnarskap med partnarar i næringslivet. 

Utviklinga i køyretøyteknologi går fort, og regjeringa innførte frå 2023 krav til nullutslepp i offentlege innkjøp av tyngre varebilar. Regjeringa har tidlegare sett krav til personbilar, lette varebilar og bybussar. Dette reduserer både utslepp av klimagassar og bidreg til betre luftkvalitet og redusert støy. Gjennom utvikling av ein ny ladestrategi legg regjeringa til rette for å etablere eit tilgjengeleg og brukarvennleg ladetilbod langs norske vegar.

Regjeringa er i gang med å utarbeide ein meny av tiltak for økosystema og har starta med økosystemet skog. Menyen skal innehalde tiltak og tilhøyrande verkemiddel for å halde ved like eller betre tilstanden i skogen. Naturrisikoutvalet leverer sin NOU innan utgangen av 2023. Utvalet skal mellom anna klargjere kva risiko det inneber for samfunnet å tape natur, og korleis aktørane det gjeld, kan analysere og handtere dette på best mogleg måte. Klima- og miljødepartementet har vidareført arbeidet med å utvikle ein naturrekneskap for Noreg. Der vil ein samle kunnskap om naturareal, naturens tilstand og økosystemtenester, og korleis desse utviklar seg over tid.

Hausten 2022 godkjende regjeringa oppdaterte regionale vassforvaltningsplanar for planperioden 2022–2027, som styrkjer innsatsen for å nå vassmiljømåla i EUs vassdirektiv. Vidare har regjeringa sett i verk fleire tiltak for å følgje opp Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv. I tillegg har regjeringa sett i verk ein rekordstor innsats mot pukkellaks i 2023.

Regjeringa fører ein restriktiv rovviltpolitikk i tråd med naturmangfaldslova, Bernkonvensjonen, rovviltforlika og den todelte målsetjinga.

Forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land er den viktigaste plattforma for norsk forsking i Antarktis. I 2023 har regjeringa vedteke konseptval for arbeidet med oppgradering av stasjonen.

Noreg dekkjer normalt mellom 20 og 25 prosent av EUs og Storbritannias samla gassforbruk og har historisk spelt ei viktig rolle i europeisk energiforsyning. Etter Russlands fullskalainvasjon av Ukraina har norsk gass utgjort ein større andel enn før, og Noregs rolle som ein stabil og påliteleg leverandør av energi til Europa har vorte endå viktigare. I dag er vi gjennom gasseksporten den leiande leverandøren av energi til Europa. 

Regjeringa la i mars fram ein proposisjon om utbygging og drift av Yggdrasil-området og Fenris, og dessutan vidareutvikling av Valhall. Proposisjonen inneheld også ei oppdatering av utviklinga i olje- og gassmarknadene, og dessutan status for leiting, utbygging, investeringar, produksjon, sysselsetjing og statlege inntekter frå olje- og gassverksemda.

Leiting er avgjerande for vidareutvikling av den norske petroleumsverksemda. I 2022-runden av tildeling av førehandsdefinerte område (TFO) vart det tildelt 47 utvinningsløyve til 25 selskap på norsk sokkel. TFO 2023 vart kunngjort 10. mai 2023.

I 2022 utgjorde verdiskapinga i petroleumssektoren 35 prosent av Noregs bruttonasjonal-produkt, noko som i hovudsak kjem av høge olje- og gassprisar. Den samla netto kontantstraumen til staten frå petroleumsverksemda var i 2022 på om lag 1 285 milliardar kroner.

Petroleumsinvesteringane var på om lag 150 milliardar kroner i 2022, på nivå med aktiviteten sidan 2016. Investeringane er venta å auke gradvis noko fram mot midten av 2020-talet. Olje- og energidepartementet har i perioden frå juni 2020 til og med september 2023 motteke utbyggingsplanar for 19 nye utbyggingar og 13 planar for vidareutvikling av felt i produksjon. Desse prosjekta bidreg til eit relativt stabilt aktivitetsnivå og sysselsetjing dei næraste åra, og kjem til å gi store statlege inntekter.

Det norske reguleringsregimet for helse, miljø og sikkerheit i petroleumsnæringa fungerer i hovudsak godt og bør førast vidare. Eit høgt sikkerheitsnivå i framtida krev at selskapa, partane og styresmaktene framleis samarbeider godt og er svært aktsame. Ansvaret for etatsstyringa av Petroleumstilsynet og det tilknytte ansvaret for regelverksforvaltning for sikkerheit, arbeidsmiljø, beredskap og sikring vart i 2023 overført frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Olje- og energidepartementet. Formålet var å sikre ei best mogleg samordna og heilskapleg forvaltning innanfor petroleumssektoren.

Regjeringa la i juni fram Meld. St. 25 (2022–2023) Mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel – opning av areal og strategi for forvaltning av ressursane. I meldinga blir det foreslått å opne delar av norsk kontinentalsokkel for kommersiell havbotnmineralverksemd. Samtidig blir det lagt fram ein strategi som viser korleis Noreg skal vere verdsleiande når det gjeld ei stegvis, fakta- og kunnskapsbasert forvaltning av havbotnmineralressursar. Miljøomsyn skal varetakast i heile verdikjeda, og utvinning blir berre tillaten om industrien kan vise at det kan skje på ein berekraftig og forsvarleg måte.

CO2-handtering er eit heilt nødvendig tiltak for å nå klimamåla og ein teknologi der Noreg er verdsleiande. Langskip er under bygging og kjem til å vere i drift om to år. Fangstanlegget på sementfabrikken til Norcem i Brevik og transport- og lagerløysinga til Northern Lights er meir enn halvvegs ferdigstilt. Det er stor interesse frå kommersielle selskap for å utvikle CO2-lager på norsk sokkel.

I 2022 var norsk kraftproduksjon 146,0 TWh, noko som er om lag 11,1 TWh lågare enn i 2021. Kraftforbruket gjekk også ned frå 2021 og enda på 133,4 TWh. Dette var ein reduksjon på om lag 6,1 TWh. Nettoeksporten enda på 12,4 TWh i 2022 i Noreg samla sett (høvesvis 1,4 TWh frå Sør-Noreg og 11 TWh frå Midt- og Nord-Noreg), ein nedgang på 5,1 TWh frå 2021. I 2022 vart det sett i drift 2,74 TWh ny kraftproduksjon i Noreg. Av dette var 2,2 TWh vindkraft og 0,5 TWh vasskraft. Til samanlikning vart det sett i drift om lag 3,14 TWh i 2021.

Regjeringa la i april fram ein proposisjon om endringar i energilova og plan- og bygningslova om vindkraft på land. Endringane styrkjer den kommunale råderetten ved etablering av vindkraft på land og inneber krav om arealavklaring etter plan- og bygningslova, i form av områderegulering, før det kan givast konsesjon. 

Etter å ha fått tilrådingane frå straumnettutvalet i juni 2022 har regjeringa foreslått ei betydeleg styrking av energimyndigheitene. Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2023 vart mellom anna løyvingane til energimyndigheitene til behandling av konsesjonssøknader auka. Regjeringa sin handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet vart lagt fram i april 2023.

Energikommisjonen vart utnemnd i februar 2022 og overleverte NOU 2023: 3 Mer av alt – raskere i februar 2023. NOU-en har vore på høyring fram til mai. Utgreiinga peikar på eit behov for raskare utbygging av kraftproduksjon og nett, og dessutan auka innsats innanfor energieffektivisering. Regjeringa har alt følgt opp fleire av tiltaka kommisjonen foreslår, og legg samtidig med statsbudsjettet for 2024 fram ein heilskapleg plan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi.

I oktober 2022 la regjeringa fram ei ny eigarskapsmelding for Stortinget. Innanfor dei sentrale rammene for staten si eigarutøving, som det er brei politisk semje om, har regjeringa vidareutvikla og tilpassa eigarpolitikken med sikte på auka verdiskaping og ei framleis god og berekraftig forvaltning av den statlege eigarskapen.

Grensene for kva aksjeselskap som kan la vere å ha revisjon av årsrekneskapen, vart heva med verknad frå 1. mai 2023. Endringa kan spare ca. 8 000 små selskap for om lag 160 millionar kroner i utgifter kvart år.

Utanlandske investeringar og internasjonalt næringslivssamarbeid er ei drivkraft i norsk økonomi. Samtidig er det auka merksemd rundt sikkerheita ved økonomisk aktivitet. Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut behovet for å kontrollere utanlandske investeringar i verksemder som ikkje er underlagde sikkerheitslova, og kome med forslag til tiltak. Utvalet skal levere utgreiinga si i desember 2023.

Offentleg-privat samarbeid er viktig i den grøne omstillinga, og vi har starta dialog med næringslivet om å etablere eit maritimt klimapartnarskap for ytterlegare kutt i klimagassutslepp frå innanriks sjøfart og fiske.

Norsk havbruksnæring er ei lønnsam, berekraftig og viktig næring for Noreg med produksjon av mat som verda treng. Regjeringa vil leggje til rette for vidare vekst for å skape fleire arbeidsplassar, meir foredling, større verdiskaping og auka eksportinntekter. Politikken skal byggje opp under fortrinnet som ligg i oppdrett av fisk i kystnære strøk og fjordar, og samtidig stimulere til innovasjon, nye produksjonsformer og bruk av ny teknologi for å sikre auka berekraft.

Regjeringa presenterte i august 2023 eit vegkart for norsk helsenæring. Vegkartet inneheld tiltak som skal bidra til lønnsam næringsutvikling og berekraftige helse- og omsorgstenester.

Arbeidet med ny kvotemelding held fram, og det er gjennomført fleire høyringar det siste året. Det er stort engasjement knytt til forslag til tiltak i den nye meldinga.

Regjeringa har innført tiltak for å redusere uttaket av kysttorsk nord for 62° N og redusere areal- og reiskapskonfliktar mellom fartøygruppene, samtidig som det er lagt vekt på kva behov landsida har når det gjeld tilgang på råstoff.

Løyvinga til kompensasjonsordninga for fiskeflåten er auka, og det er løyvd ei ekstraordinær tilskotsordning for kystrekeflåten, i ein særleg krevjande situasjon på grunn av høge drivstoffprisar.

Regjeringa har lagt fram ein likestillingsstrategi for maritim næring for å leggje til rette for at næringa skal tiltrekkje seg arbeidskraft og halde på konkurransefortrinnet sitt i møte med endringar i marknaden og samfunnet.

Det har vore ei prioritering å styrkje likestillinga i fiskeria, og regjeringa har gitt tilskot til 11 ulike prosjekt med det som formål.

Regjeringa har ført vidare gjeldande ordningar for å rekruttere ungdom til fiskaryrket.

Fiskeriavtalar med andre kyststatar er ein svært viktig del av ei langsiktig berekraftig forvaltning av fiskebestandane, og det blir arbeidd kontinuerleg for å forbetre desse avtalane.

Ein viktig del av arbeidet som er gjennomført det siste året, omfattar internasjonale forhandlingar, både om fiskeriavtalar og kvoteforhandlingar. Krigen i Ukraina har medført at ei rekkje møte og forhandlingar ikkje kan organiserast etter tradisjonelt mønster, noko som har påverka dei ulike forhandlingsløpa.

Arbeidet med reforma av fiskerikontrollen etter NOU 2019: 21 Framtidens fiskerikontroll held fram for å sikre eit berekraftig hav. Det internasjonale arbeidet med fiskerikriminalitet er knytt til Den internasjonale erklæringa mot organisert fiskerikriminalitet (København-erklæringa) og Blue Justice-initiativet, der Noreg har ei leiande rolle. Det er no 61 statar som støttar erklæringa, og i løpet av det siste året har ni land signert erklæringa.

Regjeringa har vedteke ein nullvisjon for drukning på fritidsområdet og ein nullvisjon om ingen omkomne eller hardt skadde på fartøy og innretningar som er underlagde Sjøfartsdirektoratet sitt forvaltnings- og tilsynsansvar. Handlingsplanar med konkrete tiltak er under utarbeiding.

Kommunesektoren fekk ein realvekst i frie inntekter på 2,6 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2023. I RNB for 2023 fekk kommunesektoren kompensasjon for auka netto kostnadsvekst i 2023. Sektoren fekk ytterlegare 0,6 milliardar kroner i tillegg til kompensasjonen.

I RNB er det løyvd 105 millionar kroner til aktivitet og utvikling i Aust-Finnmark.

Regjeringa har lagt fram eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane som trer i kraft frå og med 2024. Det nye inntektssystemet er meir treffsikkert enn dagens system og er tilpassa den nye fylkesinndelinga.

Alle statlege verksemder har i 2023 fått ei felles føring frå departementa sine om at verksemda skal vurdere auka bruk av desentralisert arbeid. Det kan styrkje lokale kompetansemiljø og auke tilgangen til kompetansearbeidsplassar i distrikta.

Tillitsreforma dreier seg mellom anna om korleis offentleg sektor kan tenkje nytt når det gjeld korleis oppgåvene skal løysast. Regjeringa har derfor invitert kommunar og fylkeskommunar til å delta i ei nasjonal forsøksordning (frikommuneforsøk). Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om fritak frå lover og reglar gjennom forsøk. Dette er eit av tiltaka som skal bidra til å utvikle kommunesektoren, slik at vi kan nå måla i tillitsreforma.

Våren 2023 la regjeringa fram forslag til ny vallov. Lova vart vedteken av eit breitt fleirtal på Stortinget. Ny lov skal tre i kraft før neste stortingsval. Den nye lova skal bidra til at veljarane framleis skal ha tillit til måten valet blir gjennomført på, og ho skal sikre at vala er hemmelege og frie.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal gå gjennom og foreslå endringar i husleigelova for å styrkje leigetakarars rettar, sikre grunnleggjande butryggleik og gjere at lova er tilpassa dagens situasjon i leigemarknaden. Utvalet skal levere ein delrapport innan 31. januar 2024 og ein sluttrapport innan 15. oktober 2024.

20. juni 2023 la regjeringa fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027. Dokumentet skal følgjast opp i planlegginga etter plan- og bygningslova og leggjast til grunn for statens deltaking i planprosessane. Forventningane skal bidra til å fremje ei berekraftig utvikling med vekt på lokalt folkestyre, trygge og inkluderande lokalsamfunn, samfunnssikkerheit og beredskap, verdiskaping og busetjing i heile landet, og at vi når dei nasjonale klima- og miljømåla. Målet er ein politikk som er tilpassa regionale og lokale forhold, slik at det kan leggjast til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folketalet.

I den digitale verda har det vorte stadig meir komplekst å styrkje informasjonsintegriteten. Digitalisering og kunstig intelligens (KI) gir enorme moglegheiter, men også store utfordringar. Saman med 16 andre land har Noreg innført lover og reguleringar for å sikre offentlege institusjonars etiske styring med og bruk av algoritmar for KI.

Unge menneske er underrepresenterte i offentleg og politisk liv i OECD, og såleis er det fare for at deira stemme og interesser ikkje blir tilstrekkeleg varetekne i politiske prosessar. Gjennomsnittleg alder for regjeringsmedlemmer er 49 år i Noreg, blant dei lågaste i OECD og fire år lågare enn gjennomsnittet i OECD på 53 år.

Avinor AS vedtok i desember 2022 å byggje ny lufthamn i Bodø. Bygginga av ny lufthamn ved Mo i Rana begynte våren 2023.

I januar 2023 la regjeringa fram Meld. St. 10 (2022–2023) Bærekraftig og sikker luftfart – Nasjonal luftfartsstrategi. Meldinga gir ein heilskapleg gjennomgang av regjeringa sin politikk med mål, verkemiddel og tiltak for ein berekraftig luftfart i klima- og miljømessig, sosial, geografisk og økonomisk forstand. Gjennom konkurransane som vart utlyste våren 2023, vil regjeringa styrkje rutetilbodet på flyrutene som er omfatta av ordninga med statleg kjøp, dei såkalla FOT-rutene. Dette inkluderer mellom anna ein reduksjon i billettprisane, styrking av kapasiteten og dessutan enkelte nye ruter.

Regjeringa legg nullvisjonen om at ingen blir drepne eller hardt skadde i trafikken, til grunn for arbeidet sitt. I 2022 omkom 116 personar i vegtrafikken, det høgaste talet sidan 2016. Ulykkesutviklinga viser at det er behov for å halde ved like innsatsen i trafikksikkerheitsarbeidet. Dette er eit langsiktig og kunnskapsbasert arbeid som krev innsats på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Regjeringa har innført strengare krav for å drive drosjeverksemd. Frå 1. januar 2023 må drosjeløyvehavarar igjen stille løyvegaranti, og taklampe på drosjen vart obligatorisk. Frå 1. juni 2023 vart kravet om fagkompetanse for drosjeløyvehavar òg gjeninnført. Krava skal bidra til ei seriøs og trygg drosjenæring. Det regjeringsutnemnde utvalet som skal gå gjennom heile drosjenæringa og utarbeide forslag til regulering på området, har levert den første delutgreiinga si. Forslaget blir no behandla i Samferdselsdepartementet.

For å sikre ei heilskapleg oppfølging av drift og vedlikehald på jernbanen er eigarskapen til Spordrift AS overført frå staten v/Samferdselsdepartementet til Bane NOR SF.

Togtilbodet på Austlandet vart tildelt direkte til Vy AS våren 2023. Avtalen gjeld frå desember 2023 og i ti år. Dette sikrar at tilbodet blir drive av statleg eigde togselskap i mange år framover.

Regjeringa har løyvd 125 millionar kroner ekstra frå spelemiddeloverskotet til idrettslag for å inkludere fleire barn og unge i idrettsaktivitetar i ei særleg økonomisk krevjande tid for mange familiar.

Regjeringa la 9. juni i år fram meldinga Kunstnarkår om kunstnarar og kunstnarpolitikk.

Våren 2023 la regjeringa fram strategien Rom for deltakelse – strategi for kulturfrivilligheten.

I februar 2023 la regjeringa fram ein ny handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfold (2023–2026).

Meld. St. 8 (2022–2023) Menneskerettar for personar med utviklingshemming vart lagt fram 4. november 2022.

Likestillings- og mangfaldsutvalet sin NOU 2023: 13 På høy tid – Realisering av funksjonshindredes rettigheter vart lagd fram 2. mai 2023.

Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som skal greie ut inkorporering av FN-konvensjon om rettar for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i norsk lov.

Ny pengespelforskrift er vedteken og tredde i kraft 1. januar 2023. Forskrifta er den siste byggjesteinen i eit omfattande regelverksarbeid på pengespelfeltet.

I april 2023 vart eit forslag om DNS-blokkering av ulovlege pengespelnettsider sendt på høyring. Det blir arbeidd med ein lovproposisjon om forslaget.

Den nasjonale bibliotekstrategien er revidert.

Teiknspråkutvalet la fram NOU 2023: 20 Tegnspråk for livet 13. juni.

Regjeringa vart samd med Norske Reindriftsamers Landsforbund om ein reindriftsavtale for 2023/2024. Avtalen, som tredde i kraft 1. juli 2023, styrkjer i stor grad rammevilkåra for næringa og bidreg til å vidareutvikle ei berekraftig reindrift. Hovudprioriteringane er direkte tilskot, varetaking av areala til reindrifta, klimatilpassing, beredskap i reindrifta og tilleggsnæringar.

Dyrka jord er ein avgrensa ressurs. Regjeringa har lagt fram ein ny nasjonal jordvernsstrategi med eit ambisiøst jordvernsmål. Årleg omdisponering av dyrka jord skal ikkje overstige 2000 dekar, og målet skal vere nådd innan 2030. Jordvern skal vektast høgare enn tidlegare i avveginga mot andre samfunnsomsyn.

 

 

Gitt på Det Kongelige Slott 21. september 2023

Under vår hand og riksseglet