Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Vi HARALD, Noregs Konge, stadfester: I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Det siste året har vi sett stor nedgang i prisveksten. Samtidig er arbeidsløysa framleis låg. I næringslivet er investeringane og driftsresultata på høge nivå. Framover er det utsikter til at veksten tek seg opp, og at arbeidsløysa held seg låg. Det er venta at reallønningane aukar både i år og dei neste åra.

Sysselsetjinga er òg høg, og det er framleis mange ledige stillingar i Noreg. Frå tredje kvartal 2021 til andre kvartal i år har 145 000 fleire personar kome i jobb. Dei fleste av jobbane er skapte i privat sektor.

I Perspektivmeldinga 2024 drøftar regjeringa viktige langsiktige utfordringar for norsk økonomi, som kamp om arbeidskraft, behov for omstilling og samtidig korleis vi skal bevare ei god fordeling.

Innanfor ansvarlege finanspolitiske rammer er løyvingane til forsvar, sikkerheit, politi og beredskap auka betydeleg. Det er nødvendig i ei uroleg tid.

Russlands folkerettsstridige angrepskrig mot Ukraina har store konsekvensar for norsk og europeisk sikkerheit. Ukraina er avhengig av internasjonal støtte for å stå imot dei russiske angrepa. Med tilslutning frå Stortinget har regjeringa auka støtta til Ukraina i 2024 med sju milliardar, til 22 milliardar kroner.

Krigen i Gaza påfører sivilbefolkninga enorme lidingar og aukar faren for regional eskalering. Regjeringa har fordømt terrorangrepet mot Israel 7. oktober 2023 og kravd våpenkvile, og at gislane blir lauslatne. Den humanitære hjelpa til Palestina og nabolanda er trappa opp.

I år anerkjende Noreg Palestina som sjølvstendig stat. Det klargjer det som har vore norsk haldning i lang tid, nemleg at ei tostatsløysing er ein føresetnad for varig fred i Midtausten.

Eit samla Storting vedtok i juni ein ny langtidsplan for forsvarssektoren for åra 2025 til 2036. Planen styrkjer i stor grad Noregs evne til å ta ansvar for eiga sikkerheit og sikkerheita til dei allierte. Regjeringa har alt starta arbeidet med å realisere planen. I år vil Noreg bruke over to prosent av brutto nasjonalprodukt på forsvar.

Forsterka og langsiktig støtte til Ukraina var ei hovudsak på NATOs toppmøte i Washington D.C. i juli i år. Det same var ytterlegare styrking av NATOs evne til kollektivt forsvar.

Med Finland og Sverige som medlemmer av alliansen blir det nordiske forsvarssamarbeidet vidareutvikla i ramma av NATO.

Noreg har inngått ein tilleggsavtale med USA om auka forsvarssamarbeid, og ein forsvars- og sikkerheitspolitisk partnarskapsavtale med EU.

Regjeringa har møtt utviklinga i kriminalitetsbiletet med ei kraftfull satsing på politiet. Stortinget har òg vedteke lovendringar som bidreg til raskare reaksjonar og oppfølging i straffegjennomføringa for unge lovbrytarar.

Russlands angrepskrig har ført til at mange fordrivne har kome frå Ukraina til Noreg. Talet er høgare enn i andre nordiske land. Til no er over 70 000 personar busette over heile landet. Det høge talet på fordrivne legg press på mottakssystemet og kommunane, og har ein stor innverknad på utgiftene over statsbudsjettet.

I februar inngjekk regjeringa eit historisk breitt pensjonsforlik med partia Høgre, SV, Venstre, MDG og KrF. Pensjonsforliket gjer framtida tryggare og meir føreseieleg for komande pensjonistar. Aldersgrensene i pensjonssystemet skal aukast gradvis. Alderspensjonen til tidlegare uføre blir styrkt, og det skal innførast ei slitarordning i folketrygda.

Mangel på arbeidskraft blir ei hovudutfordring framover. I stortingsmeldinga om arbeidsmarknadspolitikken, som vart lagd fram i haust, fremjar regjeringa blant anna forslag om å bruke fleire arbeidsmarknadstiltak, for å få fleire i arbeid og færre på trygd.

I august tredde ny opplæringslov i kraft. Lova gir elevane utvida rettar, blant anna til å få opplæring fram til dei har bestått vidaregåande opplæring, sjølv om det tek meir enn tre år. Det skal bidra til at fleire fullfører vidaregåande skule og kvalifiserer seg til arbeidslivet eller vidare studium.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om 5.–10. trinn, med tiltak som skal bidra til betre læringsresultat, motivasjon og skulemiljø.

Regjeringa vil få ned ventetidene til sjukehusa. Saman med partane i arbeidslivet skal regjeringa sørgje for ein markant reduksjon i ventetidene i 2024 og 2025.

I mars la regjeringa fram Nasjonal helse- og samhandlingsplan for den samla helse- og omsorgstenesta. I meldinga viser regjeringa korleis ho vil ta tak i hovudutfordringane framover – tilgang på personell, likeverdige helse- og omsorgstenester i heile landet og betre samanheng mellom tenestene.

I fastlegeordninga er fleire år med negativ utvikling snudd i denne perioden. Regjeringa har styrkt allmennlegetenestene med over ein milliard kroner, og vi ser no auka tilvekst av legar. Mange fleire innbyggjarar fekk eigen fastlege i 2023, og den positive utviklinga har halde fram i år.

Regjeringa har styrkt økonomien til barnefamiliane. Familiar har fått billigare barnehage og SFO, og barnetrygda er auka.

Denne våren la regjeringa fram ein strategi som klargjer mål og ambisjonar for institusjonstilbodet til barnevernet.

Før sommaren la regjeringa fram ei melding til Stortinget om fosterheimar. I meldinga blir det foreslått tiltak som skal gjere forholda meir stabile og føreseielege for barna og fosterfamiliane.

Regjeringa fører ein rettferdig klimapolitikk som kuttar utslepp og skaper jobbar. I klimastatus og -plan viser regjeringa korleis ho vil bidra til å redusere ikkje-kvotepliktige utslepp med 50 prosent fram mot 2030.

Klima og natur heng uløyseleg saman. Regjeringa har lagt fram ei melding til Stortinget om naturmangfald, som viser korleis Noreg skal følgje opp den globale naturavtalen.

Auka fornybar kraftproduksjon, vidare utsleppskutt og utvikling av nye næringar som havvind er sentrale energipolitiske prioriteringar også framover.

Samtidig held regjeringa fram med å leggje til rette for at Noreg skal vere ein stabil, føreseieleg og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa.

Regjeringa har styrkt og forlengt straumstøtteordninga, og dermed bidrege til at straumutgiftene blir føreseielege for innbyggjarane. Satsinga på energieffektivisering er forsterka.

I mars vart det for første gong i noregshistoria gjennomført auksjon for havvind, første fase av Sørlege Nordsjø II. Dette vil bidra til meir fornybar kraft og markerer starten for ein ny industri på norsk sokkel.

Regjeringa vil sikre god og rettferdig forvaltning av dei marine ressursane våre, og god sameksistens i norske havområde. I januar la regjeringa fram ei ny kvotemelding for fiskerinæringa, og i juni ein næringsplan med ti prinsipp for forvaltning av arealbruk i norske havområde.

I april la regjeringa fram ein strategi for å få næringslivet til å investere meir i forsking og utvikling.

Regjeringa har oppretta eit nytt departement, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og lagt fram ein ny nasjonal digitaliseringsstrategi. Strategien skal bidra til betre samordning og utvikling av ein heilskapleg politikk på tvers av offentleg og privat sektor.

I kommuneproposisjonen la regjeringa fram forslag til eit nytt inntektssystem for kommunane, som trer i kraft frå 2025. Det vil sikre ei jamnare fordeling av skatteinntektene mellom kommunane og legg til rette for gode og likeverdige tenester. I tillegg blir 1,5 milliardar kroner av veksten i dei frie inntektene i 2025 fordelte særskilt, slik at kommunar med låge inntekter får mest.

I nasjonalbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa ein samla vekst på 6,8 milliardar kroner i dei frie inntektene til sektoren neste år. Det aukar handlingsrommet med 3,6 milliardar kroner, utover demografi- og pensjonskostnader.

Regjeringa la våren 2024 fram stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2025–2036. Planen skal bidra til eit effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem i heile landet. Hovudstrategien for transportpolitikken er å ta betre vare på det vi har, utbetre der vi kan, og byggje nytt der vi må.

Regjeringa sørgde i 2023, for tredje året på rad, for full momskompensasjon til frivillige organisasjonar.

I august i år vart det opna eit nytt bygg for det samiske nasjonalteateret Beaivváš og for Samisk videregående skole og reindriftsskole i Kautokeino.

Regjeringa har inngått jordbruksavtale med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, med økonomisk ramme på over tre milliardar kroner. Avtalen bidreg til å redusere det berekna inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper med ein tredel.

Jordbruket er ein viktig del av beredskapen i Noreg. Regjeringa har lagt fram ein strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer.

----

Noreg har store overskot i handelen med utlandet. I første halvår var overskotet på driftsbalansen 481 milliardar kroner. Overskotet må sjåast i samanheng med høg eksport av olje og naturgass.

Prisveksten har gått markert ned det siste året. I perioden frå januar til juli i år var konsumprisane 3,6 prosent høgare enn i same periode i 2023. Partane i frontfaget vart samde om ein årslønnsvekst på 5,2 prosent i 2024.

Høgare renter har bidrege til å dempe gjeldsveksten i hushalda dei siste åra. Målt i forhold til inntekta er gjelda i norske hushald likevel på eit høgt nivå, både historisk og samanlikna med andre land. Det gjer norsk økonomi sårbar.

Regjeringa arbeider aktivt for å vareta norske interesser i eit europeisk samarbeid som utviklar seg raskt. Krigen i Ukraina har gjort det sikkerheitspolitiske samarbeidet i Europa viktigare. Noreg deltek blant anna i viktige forsvarsindustriprogram og bidreg til å lære opp ukrainske soldatar gjennom EUs treningsmisjon.

I februar la regjeringa fram ei stortingsmelding om Nansen-programmet, som gjer greie for breidda av den norske støtta til Ukraina i møte med den russiske angrepskrigen. I mai underteikna Noreg ein tiårig bilateral avtale om sikkerheitssamarbeid med Ukraina. Avtalen tilsvarer den som fleire nærståande land har inngått, og stadfestar at vi står saman med Ukraina i forsvarskampen deira.

Den militære støtta til Ukraina blir gitt i tett fellesskap med allierte og partnarar. Som ein del av dette har Noreg saman med Storbritannia teke ansvaret for å leie det internasjonale arbeidet med å utvikle den ukrainske marinen. Regjeringa prioriterer også anna kritisk støtte, som luftvern, ammunisjon og trening og opplæring.

Endringane i Noregs sikkerheitspolitiske omgivnader har gjort det nødvendig å prioritere meir ressursar til forsvar, sikkerheit og beredskap. Den nye langtidsplanen for forsvarssektoren er eit historisk forsvarsløft som kjem til å krevje store ressursar, fleire tilsette, omfattande investeringar og kraftfull gjennomføring. Langtidsplanen legg opp til å utbetre svakheitene i dagens forsvar og investere i nye kapasitetar, som til dømes nye fregattar, nye ubåtar og ei styrking av landmakta og luftvernet. Den nye planen legg eit tolvårsperspektiv til grunn, for å gjere det føreseieleg for Forsvaret å kome i mål med investeringar, tilsetjingar og utvikling.

NATOs toppmøte i Washington D.C. tok nye viktige steg for å styrkje evna til kollektivt forsvar. NATO har gjennomført ein overgang til nytt planverk og tilpassar kommandostrukturen sin. Det blir lagt opp til at dei nordiske landa og Storbritannia skal liggje under den nye fellesoperative kommandoen i Norfolk. Noreg får ei nøkkelrolle i å leggje til rette for alliert mottak og forsterkingar til heile det nordiske området.

Noreg har bidrege substansielt til NATOs operasjonar, oppdrag og ståande styrkar, og har stilt militære bidrag til innsats i Irak, Baltikum og Raudehavet. I tillegg har Noreg bidrege i FN-operasjonar i Midtausten og Afrika. Vi har halde fram med å støtte land på Balkan og ved Svartehavet med kapasitetsbygging.

Meldinga til Stortinget om internasjonalt samarbeid om atomsikkerheit og miljø i eit endra Europa legg opp til å utvikle samarbeidet med Ukraina og føre det vidare med andre austeuropeiske land, bortsett frå Russland.

Nordområda held fram med å vere strategisk viktige for Noreg. Rammene for det internasjonale samarbeidet er varig endra. Regjeringa arbeider for eit styrkt samarbeid på tvers i Norden, og for vekst, motstandsdyktigheit og levande lokalsamfunn i nord. Under norsk leiarskap er Arktisk råd bevart som det viktigaste forumet for arktisk samarbeid og kan halde fram som unik kunnskapsprodusent innanfor klima, miljø, hav og biologisk mangfald.

Ein ny avtale om EØS-midlane og norsk marknadstilgang for fisk vart godkjend i EU i juni, og blir lagd fram for Stortinget snarleg. Samtidig arbeider regjeringa målretta og systematisk for å redusere etterslepet i innlemming av EØS-relevante rettsakter i EØS-avtalen. Det blir forhandla med EU om norsk tilslutning til EUs helseberedskapssamarbeid, og til romprogrammet Secure Connectivity. Vi deltek i Europas grøne skifte, med utgangspunkt i klimasamarbeidet, Grøn allianse og grønt industripartnarskap med EU.

Krigshandlingar som dei vi ser i Ukraina, Sudan og Gaza, rammar sivile hardt. Langvarige væpna konfliktar, kombinert med akselererande klimaendringar, driv humanitære behov. Talet på flyktningar og internt fordrivne passerer i 2024 rekordhøge 120 millionar menneske. Regjeringa held fast ved eit høgt humanitært budsjett og prioriterer innsats mot vald og overgrep i humanitære kriser.

Regjeringa prioriterer konfliktløysing høgt i utanrikspolitikken. Noreg er ein etterspurd og erfaren tilretteleggjar. I Colombia er Noreg ein sentral partnar i arbeidet for ein varig fred. På Filippinane er vi tilretteleggjarar i fredsprosessen for å få ein slutt på dei væpna konfliktane i landet.

Noreg hegnar om eksisterande multilaterale institusjonar og konvensjonar for nedrusting og ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen, rammeverk som for tida er under press.

Eksportkontroll og sanksjonar har auka ytterlegare i omfang og kompleksitet. Regjeringa har vedteke å opprette Direktorat for eksportkontroll og sanksjonar.

Noreg arbeider for reformer i dei multilaterale utviklingsbankane, for å setje dei betre i stand til å få bukt med fattigdom og ulikskap. Parallelt arbeider Noreg for gjeldslette, særleg for dei fattigaste landa.

Politisk, økonomisk og demografisk utvikling gjer at afrikanske land har fått ei sterkare internasjonal rolle, og utviklinga i Afrika vedkjem oss i stadig større grad. I august i år la regjeringa fram ein ny strategi for Noregs engasjement med afrikanske land, med vektlegging av gjensidige interesser, strategiske partnarskap, investeringar, likeverd og langtidsperspektiv. Strategien rettar seg mot eit Afrika med raskt veksande befolkning og marknader, rik tilgang på kritiske naturressursar, og aukande betydning og innverknad i internasjonal politikk.

Sikkerheitspolitiske utfordringar blir stadig vovne tettare saman med spørsmål knytte til kamp mot fattigdom og utvikling.

Etter invitasjon frå Brasil deltek Noreg i år som eitt av åtte gjesteland i G20. G20 er eit strategisk samarbeid for dei viktigaste økonomiane i verda. Dei representerer totalt 80 prosent av BNP-en i verda, 75 prosent av verdshandelen og rundt to tredelar av befolkninga i verda.

Rolla som gjesteland i G20 under Brasils formannskap har gitt gode høve til å påverke viktige avgjerder om dei store spørsmåla i vår tid, og til å fremje norske interesser på ei rekkje område, blant anna innanfor internasjonalt skattesamarbeid og klimaløysingar, og til å promotere norsk næringsliv. Noreg har òg lagt vekt på matsikkerheit, som er ei av hovudprioriteringane i norsk utviklingspolitikk.

Under G20s ministermøte mot svolt og fattigdom i juli vart det klart at dei tonegivande landa i verda vil bidra til auka investeringar og finansiering i dette arbeidet gjennom å etablere ein global allianse mot svolt og fattigdom. Noreg har slutta seg til alliansen og støttar arbeidet finansielt.

I ei utfordrande tid for global handel arbeider regjeringa for å hegne om den internasjonale rettsordenen. Dei viktige drøftingane om reform av tvisteløysingssystemet under Verdshandelsorganisasjonen, WTO, vart gjennomførte under norsk leiing.

I mars vart Noreg og andre EFTA-land samde med India om ein handelsavtale, som vil gi nulltoll på nesten all norsk eksport til India. Etter EØS-avtalen kan dette bli blant dei viktigaste handelsavtalane Noreg har inngått. Noreg har òg skrive under på ein frihandelsavtale med Moldova, og ein oppdatert frihandelsavtale med Chile.

Noreg har ein klar ambisjon om å vere leiande innanfor internasjonalt skattesamarbeid. Etter FNs vedtak om skattesamarbeid hausten 2023 vart Noreg valt inn i byrået som no utarbeider mandatet for forhandlingane om ein rammekonvensjon om skatt.

Regjeringa har i stor grad styrkt politiarbeidet mot organisert kriminalitet, kriminelle nettverk og ungdomskriminalitet. Både politidistrikt og særorgan har fått auka løyvingar til oppbemanning og til ei satsing på etterretning, etterforsking og inndraging av verdiar som stammar frå kriminalitet.

Stortinget vedtok i desember 2023 endringar i lov om fri rettshjelp. Endringane inneber ny modell for økonomisk behovsprøving. Modellen vil medføre at rettshjelpsordninga omfattar fleire av dei som har behov for offentleg støtta rettsleg hjelp enn det som er tilfelle i dag.

Regjeringa har fremja eit rettssikkerheitsløft for å sikre nærleik til domstolane og god rettssikkerheit i heile Noreg. Løftet inneheld både økonomiske og strukturelle grep – under dette ei styrking av domstolane, Spesialeininga for politisaker, Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, Statens sivilrettsforvaltning og rettshjelpsordninga.

I mai la regjeringa fram ei ny stortingsmelding om Svalbard. Dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast. Regjeringa vil styrkje det norske familiesamfunnet i Longyearbyen og styrkje statleg kontroll med viktig infrastruktur. Meldinga inneheld tiltak som ytterlegare skal styrkje nasjonal kontroll med aktivitet på øygruppa.

Innsatsen mot useriøse arbeidsforhold er styrkt gjennom tverretatleg samarbeid for å førebyggje og nedkjempe sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Regjeringa har gitt Arbeidstilsynet i oppdrag å bli meir synleg ute i verksemdene og bruke strengare sanksjonar i dei alvorlege sakene. Etter lovendring er Arbeidstilsynet sine rammer for ilegging av straffegebyr auka betydeleg. Det er sendt på høyring forslag til nye lovheimlar som vil gi Arbeidstilsynet fleire verkemiddel til å reagere raskare og sterkare mot ulovlege forhold i arbeidslivet.

Etter semje mellom regjeringspartia og SV om statsbudsjettet for 2024 er minstesatsane for arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsstønad og uføretrygd auka frå 1. juli i år.

Regjeringa og partane i arbeidslivet er i forhandlingar om ein ny IA-avtale. Siktemålet er å bli samde om ein avtale som inneheld gode og verksame tiltak for å redusere sjukefråværet.

Våren 2024 tok regjeringa initiativ til å gå gjennom dei helserelaterte ytingane i folketrygda. Formålet er å kartleggje drivarane bak og årsaka til bruk av helserelaterte ytingar, og dessutan å vurdere tiltak som kan bidra til auka sysselsetjing, ved at fleire kjem heilt eller delvis i arbeid. Tiltaka skal over tid bidra til å redusere utgiftsveksten i folketrygda.

Regjeringa sette i mars 2023 ned eit utval for å sjå på omfanget av låglønn. Utvalet leverte rapporten sin i juni 2024. Utvalet fann at lønnsskilnadene har vore stabile sidan 2015. Også omfanget av låge lønningar har vore nokså uendra etter 2015.

Lønnsoppgjeret i 2024 er eit hovudoppgjer. Avtalerevisjonane har i hovudsak vore løyste gjennom forhandlingar og mekling.

I meldinga til Stortinget om integreringspolitikken stakar regjeringa ut kursen for ein effektiv, heilskapleg og målretta integreringspolitikk. Integreringsarbeidet skal få fleire i arbeid, byggje sterke fellesskap og gode fellesarenaer, fremje likestilling og nedkjempe negativ sosial kontroll.

Det høge talet på fordrivne legg press på heile mottaks- og busetjingskjeda – i staten, i kommunane og i lokalsamfunn rundt om i landet. Etter forslag frå regjeringa har Stortinget halde ved like den mellombels auka kapasiteten i politiet, Utlendingsdirektoratet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet i 2024, for å sikre beredskap i utlendingsforvaltninga til å handtere dei mange fordrivne som kjem frå Ukraina. Hausten 2023 og vinteren 2024 har regjeringa lansert fleire tiltak som strammar inn på tilbodet og ytingsnivået, for å få talet på fordrivne meir på nivå med dei andre nordiske landa, og dempe presset på kommunane.

Regjeringa har som mål at fordrivne og andre flyktningar kjem raskt ut i arbeid og blir sjølvforsørgde. I 2023 sette regjeringa ned ei hurtigarbeidande gruppe om tiltak for auka arbeidsmarknadsintegrering blant fordrivne frå Ukraina. I lys av rapporten frå gruppa sette regjeringa blant anna i gang eit arbeid med å utvikle to korte yrkesretta løp i introduksjonsprogrammet, retta mot å jobbe som assistent i barnehage og grunnopplæring og i helse- og omsorgstenestene.

Regjeringa har òg foreslått ei rekkje tilpassingar i integreringsregelverket for å bidra til at dei fordrivne raskare kan kome over i arbeid. I introduksjonsprogrammet er det innført krav om arbeidsretta innhald etter tre månader, og det er innført strengare krav til arbeid eller arbeidspraksis for å få forlenging av programmet. Vidare vart det nasjonale tilbodet om digital norskopplæring lansert våren 2024. Tilbodet skal bidra til å auke kapasiteten og fleksibiliteten i kommunane sine eigne norskopplæringstilbod, og skal gjere det enklare for deltakarar å kombinere norskopplæring med arbeid og anna opplæring. I samband med RNB vart også løyvinga til Jobbsjansen auka. Jobbsjansen skal auke sysselsetjinga blant innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden, og som har behov for grunnleggjande kvalifisering for å kome i jobb eller ordinær utdanning.

I 2024 er arbeidet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald styrkt med fleire mangfaldsrådgivarar i skulane, auka løyving til kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, og utviding og styrking av bu- og støttetilbodet for personar over 18 år som er utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Det er vidare sett av tilskotsmidlar til arbeid for mangfald og mot rasisme og diskriminering i kommunane, som eit tiltak i handlingsplanen til regjeringa mot rasisme og diskriminering.

Regjeringa sende i november 2023 ut eit høyringsforslag om lovendringar for å gi kommunane betre styring og kontroll med heile barnehagesektoren. Det kom svært mange høyringsinnspel. I juni 2024 sende partia på Stortinget eit brev til kunnskapsministeren der det kjem fram at partia er samde om ei ramme for eit nytt regelverk, og dei ber Kunnskapsdepartementet jobbe vidare med ulike modellar og tiltak.

Tilskotet til auka bemanning i barnehagar i levekårsutsette område er i 2024 styrkt til totalt 205 millionar kroner, og er tildelt 14 kommunar for barnehageåret 2024–2025. Det er ni fleire kommunar enn i 2023. I mai la regjeringa fram ein leselyststrategi med verknadstid ut 2030. Strategien er ein del av ei kraftfull satsing på lesing for å snu den negative utviklinga der internasjonale undersøkingar viser at norske barn og unge har mindre leseglede og dårlegare leseferdigheiter enn før.

Regjeringa vil ha fleire fysiske skulebøker, og det blir tildelt 300 millionar kroner til kommunane til dette i år. Det er òg løyvd 50 millionar kroner for å styrkje skulebiblioteka slik at fleire barn og unge får tilgang til eit ope skulebibliotek med dedikerte tilsette. Skular i levekårsutsette område skal prioriterast.

I tillegg til meir pengar vil regjeringa gjere det endå tydelegare i regelverket kor viktige skulebiblioteka er for å støtte opp om arbeidet skulen gjer når det gjeld lesing. I forskrifta til den nye opplæringslova som tredde i kraft i haust, står det difor at skulebiblioteka blant anna skal bidra til å utvikle leseferdigheitene til elevane og til å jamne ut sosiale skilnader.

Regjeringa meiner at mobilen skal ut av klasseromma både i barneskulen, ungdomsskulen og i vidaregåande skule, og har difor sørgt for tydelege nasjonale tilrådingar for å avgrense mobilbruken blant elevane.

Regjeringa har teke grep om digitaliseringa i skulen gjennom ei rekkje tiltak som er knytte til Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule. For å styrkje kunnskapsgrunnlaget om konsekvensar av og moglegheiter med digitale løysingar i skulen er det etablert eit forskingsprogram som skal gi jamlege oppdateringar til sektoren i heile programperioden. Ei rekkje andre tiltak er òg sette i gang, blant anna arbeid med langsiktige handlingsplanar for personvern, kompetanse og infrastruktur.

Det er etablert ei ny rentekompensasjonsordning for skular. Ordninga skal stimulere til investeringar i læringsarenaer, utstyr og inventar som bidreg til meir praktisk og variert opplæring på 5.–10. trinn i skulen. Vidare blir utvalde nasjonale sentrum styrkte slik at dei kan bidra med ressursar, støtte og kompetanse.

Elevundersøkinga viser ein urovekkjande auke i rapportert mobbing. Regjeringa har styrkt arbeidet mot mobbing og prioritert 35 millionar kroner i 2024 til beredskapsteam, utviding av Læringsmiljøprosjektet og støtte til det førebyggjande arbeidet hos statsforvaltaren.

Aldri før har så mange fullført og bestått vidaregåande skule som no. Ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet gjennomførte 82,2 prosent av elevane som byrja på vidaregåande i 2017, innan seks år. Det er ein auke på 1,2 prosentpoeng frå kullet før.

91 prosent av elevane som starta på studieførebuande utdanningsprogram, fullførte innan fem år, mot rundt 71 prosent blant yrkesfagelevane.

Regjeringa følgjer opp Fullføringsreforma med det målet at alle som går inn i vidaregåande opplæringblir kvalifiserte til læreplass, arbeid, utdanning og livslang læring. Den nye opplæringslova som tredde i kraft 1. august 2024, gir både utvida rettar og betre fleksibilitet for kvar enkelt i vidaregåande opplæring. Når alle får rett til å få opplæring fram til dei har bestått vidaregåande opplæring, kan fleire òg få opplæring som treffer behova deira. Fleire vil bli kvalifiserte til arbeid, læreplass og vidare utdanning.

For å sikre norske studentar styrkt kjøpekraft aukar regjeringa saman med SV satsane i basislånet med 10 prosent frå studieåret 2024–2025. Auken kjem i tillegg til auken på 7 prosent i budsjettet for 2023 og viser at studentøkonomien er ei viktig sak for denne regjeringa.

Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke ei ny universitets- og høgskulelov som blir sett i verk hausten 2024. I den nye lova er det blant anna innstrammingar i reglane om mellombelse tilsetjingar, ei styrking av den akademiske fridommen, tydeleggjering av ansvaret institusjonane har for norsk og samisk som fagspråk, endringar i reglane om sensur og ein sterkare demokratisk kontroll med avgjerder om nedlegging av studiestader.

Lærarar, ingeniørar og helse- og sosialfagleg personell har nøkkelroller når det gjeld velferd og verdiskaping i heile det norske samfunnet. Vi treng nok folk med rett kompetanse for framtida. Difor la regjeringa fram ei stortingsmelding om profesjonsnære utdanningar over heile landet, med tiltak for at fleire skal utdanne seg til desse profesjonsyrka, og for at utdanningane skal bli meir profesjonsnære.

Regjeringa vil få folk raskare i gang med høgare utdanning, raskare ut i jobb og bidra til rekruttering til viktige profesjonar. Difor fremja regjeringa denne våren ei stortingsmelding med forslag til fleire endringar i regelverket for opptak til høgare utdanning, som Stortinget har slutta seg til. Blant dei viktigaste forslaga er å avvikle mesteparten av tilleggspoenga, avvikle nivåkrav (krav om minimum skulepoeng og karakter) på sjukepleiarutdanninga, og å opne for dispensasjon frå nivåkrav på lærarutdanningane. Karakterkrava har hindra mange potensielle søkjarar frå å kvalifisere seg til å bli lærar og sjukepleiar. No får fleire tilgang til utdanningane, utan at det skal gå ut over sluttkompetansen til kandidatane.

For å auke rekrutteringa av lærarar har regjeringa òg samla partane til ein felles innsats. Første steg er ein felles strategi for rekruttering til lærarutdanningane og læraryrket, som regjeringa la fram i februar.

I 2024 er det sett av 485 millionar kroner til tiltak for å kvalifisere og formidle fleire til læreplass. Dette er ei stor satsing for at fleire skal få læreplass, og gir fylkeskommunane rammer til å jobbe langsiktig for å få gode resultat over tid.

Styrking av allmennlegetenesta har vore og er ei viktig sak for regjeringa. Det har vore sett i verk nasjonale tiltak med styrking og endring av basistilskot, kraftig styrking av tilskotet for allmennlegar i spesialisering og ei utviding og styrking av legevakttilskot for særleg rekrutteringssvake kommunar. Det er vidare gjennomført ein rekrutteringskampanje retta mot yngre. Færre legar opplever ei for høg arbeidsbelastning, og færre vurderer å forlate yrket enn før. Det har skjedd endringar både i samfunnet og i helse- og omsorgstenesta dei 22 åra som er gått sidan fastlegeordninga vart innført. Regjeringa er godt i gang med arbeidet med ei framtidsretta allmennlegeteneste og har varsla ei stortingsmelding om dette våren 2025.

Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om førebyggings- og behandlingsreforma for rusfeltet. Det er krevjande spørsmål som skal løysast, både i helse- og omsorgssektoren og på det strafferettslege og straffeprosessuelle området. Regjeringa ser med bekymring på ein auke i overdosedødsfall, særleg knytt til legemiddel og nye høgpotente opioid. Difor har regjeringa sett i verk eit arbeid med ei ny innretning av den overdoseførebyggjande innsatsen, og dessutan eit arbeid med overvaking av rusmiddelsituasjonen og innføring av ei ny beredskapstenking på rusmiddelområdet. Vidare har regjeringa sett i gang eit tverrsektorielt rusmiddelførebyggjande arbeid og skal implementere eit nasjonalt rusmiddelførebyggjande program retta mot barn og unge.

Regjeringa har lagt fram forslag til ny abortlov.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut og gi råd om prioritering av folkehelsetiltak. Utvalet skal greie ut og klargjere verdigrunnlaget for folkehelsearbeidet, klargjere kunnskapsgrunnlaget for prioritering og foreslå tiltak som kan bidra til at folkehelsetiltak blir behandla mest mogleg einskapleg på tvers av sektorar.

I Meld. St. 9 (2023–2024) Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 – Vår felles helsetjeneste har regjeringa lagt fram ein ny strategi for digitalisering i helse- og omsorgstenesta, der digitalisering er ein integrert del av tenesteutviklinga. For å støtte opp under det lokale ansvaret og redusere risiko for kommunar som går føre, har regjeringa etablert ei helseteknologiordning. Rapportane frå helsepersonellkommisjonen og sjukehusutvalet er òg følgde opp i meldinga.

Regjeringa følgjer opp opptrappingsplanen for psykisk helse. Planen peikar ut ei retning for feltet dei neste ti åra. Det overordna målet er at fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og at dei som har behov for psykisk helsehjelp, skal få god og lett tilgjengeleg hjelp. Regjeringa vil styrkje feltet med 3 milliardar kroner i planperioden.

Regjeringa har lansert nye nasjonale mål for vatn og helse med gjennomføringsplan. Måla og tiltaka gir retning for det statlege arbeidet på vass- og avløpsfeltet med sikte på å oppnå tryggare vassforsyning og betre avløpsreinsing på ein kostnadseffektiv måte.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om samisk språk, kultur og samfunnsliv. I år handlar meldinga om folkehelse og levekår i den samiske befolkninga. Den samiske befolkninga har i hovudsak dei same utfordringane som befolkninga elles, men litt fleire opplever psykiske plager. Folkehelsepolitikken framover skal inkludere eit samisk perspektiv.

For å leggje til rette for at fleire som har rett til offentlege tannhelsetenester, får kjennskap til rettane sine, har regjeringa gjennom budsjettforliket med SV styrkt rammetilskotet til fylkeskommunen med 300 millionar kroner. Eldre på sjukeheimar og eldre som får heimesjukepleie, er døme på grupper som kjem til å få eit betre tannhelsetenestetilbod.

Regjeringa har lagt fram forslag om endringar i ekteskapslova om forbod mot ekteskap mellom nære slektningar. Forbodet omfattar blant anna søskenbarn. Stortinget har vedteke lovendringa.

Regjeringa har fremja forslag til endring i kontantstøttelova og folketrygdlova. Blant anna aukar fleksibiliteten i foreldrepengeordningane, ved at foreldrepengeperioden forlenges for dei som veljer 80 prosent dekningsgrad. Endringa legg betre til rette for amming og kan redusere uttaket av ulønt permisjon, fordi foreldre ikkje lenger taper samla utbetaling av foreldrepengar viss dei vel å vere lenger heime med barnet. Forslaget inneber òg at kontantstøtteordninga blir målretta mot mindre barn, og at ho blir avvikla når barnet blir 20 månader og har rett til barnehageplass.

Regjeringa har sendt forslag om endringar i krisesenterlova på høyring. Bakgrunnen for endringsforslaga er at det er avdekt ulike utfordringar i krisesentertilbodet.

Regjeringa har sendt forslag om endringar i barnelova på høyring. Tanken med endringane er å førebyggje foreldrekonfliktar og leggje til rette for meir likestilt foreldreskap etter samlivsbrot.

Regjeringa har utnemnt eit utval som skal sjå på årsaker til og konsekvensar av fallande fødselstal, og foreslå tiltak som kan bidra til å støtte opp om auka fødselstal.

Regjeringa fører vidare arbeidet med å etablere nye institusjonsplassar i barnevernet og å omstille eksisterande statlege institusjonar. Dette skal auke beredskapen og sørgje for at fleire av barna med dei største og mest samansette behova blir varetekne i statens eigne institusjonar.

I april vart forslag til endringar i barnevernslova sendt på høyring, som ein del av regjeringa si kvalitetsreform i barnevernet. Reforma skal møte dei viktigaste utfordringane i barnevernssektoren og sikre betre oppfølging av barn og familiar som treng det.

I juni vart det vedteke endringar i gjeldsordningslova. Endringane skal bidra til ei raskare og enklare løysing på gjeldsproblem i hushalda.

Regjeringa har fremja ein proposisjon til Stortinget med forslag til endringar i trussamfunnslova. Trus- og livssynssamfunn skal forplikte seg til å arbeide for å oppnå minst 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i styrande organ, og eit trus- eller livssynssamfunn må ha 100 medlemmer for å kunne få tilskot, mot dagens krav på 50 medlemmer.

I april la regjeringa fram forslag til lov om omdanning av Opplysningsvesenets fond. Stortinget slutta seg til forslaget, og fondet er no etablert som eit statleg heileigd aksjeselskap.

Regjeringa har avklart delinga av verdiane i fondet mellom staten og Den norske kyrkja. Det er vedteke ei forplikting og ei tilskotsordning som legg til rette for å nytte 10 milliardar kroner over tid til å setje i stand dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga. Regjeringa har våren 2024 lagt fram ein tilhøyrande bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.

Klimaforskarar meiner at verda i nær framtid ligg an til å overstige terskelen på 1,5 grader som er definert i Parisavtalen. Dei neste åra er temperaturen forventa å auke raskare enn før.

Noreg skal levere på dei internasjonale klimaforpliktingane våre og sikre ein konkurransedyktig norsk økonomi. Begge delar krev at vi reduserer utslepp på tvers av sektorar. Grøn bok viser korleis regjeringa kombinerer prising av utslepp, krav og støtte for å støtte opp under omstillinga. Prisen for å sleppe ut klimagassar er trappa vidare opp. Løyvinga til Enova er auka betydeleg. Regjeringa har òg inngått avtale med industrien om krav til investeringar i klima- og energiomstilling gjennom CO2-kompensasjonsordninga.

Klimautvalet 2050 leverte sin NOU i oktober 2023. Regjeringa arbeider no med å vurdere tilrådingane frå utvalet og vil kome med ein heilskapleg omtale av oppfølginga i ei ny klimamelding om perioden etter 2030. Den skal gi heilskaplege, overordna og langsiktige rammer for klimapolitikken.

Noreg har oppfylt løftet vårt om å doble internasjonal klimafinansiering. Noregs klimafinansiering i 2023 var på 16,5 milliardar kroner. Dette er 2,5 milliardar høgare enn doblingsmålet som Noreg har forplikta seg til. Gjennom klimafinansieringa hjelper vi fattige land med å investere i fornybar energi og klimatilpassingsprosjekt. Dette gjer dei mindre sårbare for klimaendringar og støttar opp under overgangen til grøne løysingar.

Regnskogsatsinga er i dag Noregs største internasjonale klimatiltak, og også det viktigaste bidraget vårt til bevaring av natur. Verda opplever no eit politisk momentum for å ta vare på tropisk skog. Ifølgje globale skogtal er tap av tropisk skog redusert med omtrent 10 prosent frå 2022 til 2023. Noregs partnarland har redusert avskoginga mykje meir.

Regjeringa bestemte i vår å føre vidare bistandsprogrammet mot marin forsøpling i perioden 2025–2028.

I 2024 er det sett i verk fleire tiltak for å oppnå god miljøtilstand i Oslofjorden. Regjeringa har verna Østmarka nasjonalpark. Stortingsmeldinga om villrein set konkrete mål om å snu den negative utviklinga i alle villreinområde innan 2030.

Petroleumsinntektene, verdiskapinga og ringverknadene frå næringa er viktige for norsk økonomi. I 2023 utgjorde verdiskapinga i petroleumssektoren 24 prosent av Noregs brutto nasjonalprodukt. Den samla netto kontantstraumen til staten frå petroleumsverksemda var i 2023 på om lag 978 milliardar kroner, tilsvarande 31 prosent av statens inntekter. Regjeringa legg til rette for vidare utvikling av kontinentalsokkelen.

Etter Russlands fullskalainvasjon av Ukraina utgjer norske gassleveransar ein større del av EUs og Storbritannias samla gassforsyning enn før, og Noreg leverer eit gassvolum som dekkjer om lag 30 prosent av forbruket. Råolje frå norske felt blir no hovudsakleg levert til kundar i Europa.

I april 2024 vart eit område på norsk kontinentalsokkel i Norskehavet og Grønlandshavet formelt opna for mineralverksemd. Energidepartementet har sendt på offentleg høyring forslag om utlysing av den første konsesjonsrunden for havbotnmineral. Målet er å tildele dei første løyva før sommaren 2025. Regjeringa vil ha ei skrittvis tilnærming til utvikling av verksemda, der omsynet til miljø og sameksistens blir vareteke i alle fasar av verksemda.

CO2-handtering er eit heilt nødvendig tiltak for å nå klimamåla, og det er ein teknologi der Noreg er verdsleiande. Langskip, det fullskala demonstrasjonsprosjektet vårt for fangst, transport og lagring av CO2 frå industrielle kjelder, er i siste byggjefase. Det er stor interesse frå kommersielle selskap for å utvikle CO2-lager på norsk kontinentalsokkel, og det er tildelt eller tilbode totalt 11 løyve etter lagringsforskrifta.

Energisituasjonen var i 2023 prega av uvisse og store variasjonar. Ressurssituasjonen og kraftprisane varierte mykje mellom nord og sør, og tidvis også mellom dei tre sørlege prisområda. Mykje nedbør utover hausten bidrog til svært låge og til tider negative prisar i Sør-Noreg. Det har aldri før vore så mange timar med negative prisar som i 2023. Trass i dette var kraftprisane framleis på eit høgt nivå i historisk samanheng.

Straumprisutvalet overleverte rapporten sin i oktober i fjor. Rapporten gav ein grundig gjennomgang av fordelar og ulemper med dagens kraftmarknad. Eitt hovudfunn i rapporten var at dagens marknadsbaserte, desentraliserte kraftmarknader bør bestå, og det viktigaste tiltaket for låge og konkurransedyktige prisar på sikt er å sørgje for eit kraftoverskot. Den vellykka havvindauksjonen for Sørlege Nordsjø II er eit viktig bidrag til ny kraftproduksjon og regjeringa sin ambisjon om å tildele prosjektområde tilsvarande 30 GW havvind innan 2040. Regjeringa held fram med å førebu neste utlysingsrunde, som er planlagd i 2025.

Ekstremvêret «Hans» i 2023 medførte store flaumar og fleire skred. I vår la regjeringa fram ei stortingsmelding om arbeidet med flaum og skred, der det vart framheva kor viktig det er med førebygging.

Regjeringa har følgt opp gjeninnføringa av det statlege ansvaret for fiskerihamner i Nasjonal transportplan 2025–2036. Velfungerande fiskerihamner bidreg både til næringsutvikling, arbeidsplassar og busetjing i kystsamfunna. Dessutan er fiskerihamnene viktige for å vareta nasjonale forsvars- og beredskapsinteresser og for vår evne til å ta imot allierte forsterkingar og forsyningar.

Det siste året har Noreg inngått eit tettare strategisk samarbeid med EU, Frankrike og Japan innanfor næringar som er sentrale for det grøne skiftet. I januar signerte regjeringa eit grønt strategisk industripartnarskap med Frankrike, og i mars inngjekk Noreg og EU ein avtale for å styrkje samarbeidet om berekraftige verdikjeder innanfor blant anna landbaserte råvarer og batteri.

Den geopolitiske usikkerheita og omstillinga til eit lågutsleppssamfunn medfører utfordringar og moglegheiter for Noregs handel med andre land. I lys av dette har regjeringa sett i gang eit arbeid med ei melding til Stortinget om norsk handelspolitikk.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid for auka openheit om aksjeeigarar. I arbeidet inngår ei ny forskrift om innsyn i aksjeeigarboka osv. Regjeringa har òg sett i gang eit arbeid for auka rapportering av konserntilknyting til Einingsregisteret. Investeringskontrollutvalet avleverte rapporten sin i i desember 2023.

Endringar i brukthandellova er vedtekne av Stortinget. Regjeringa la fram eit vegkart for reiselivsnæringa i februar 2024 og arbeider med eit vegkart for kreativ næring.

Samfunnet blir stadig meir avhengig av satellittbaserte tenester, og regjeringa byggjer difor opp forvaltninga si evne til å vareta romsikkerheit.

Arbeidet med likestilling i maritim næring held fram, og regjeringa har teke initiativ til ei samarbeidserklæring med organisasjonane i næringa for å jobbe for auka likestilling og å dokumentere utvikling over tid.

Regjeringa har starta arbeidet med både ei dyrevelferdsmelding og ei havbruksmelding, med mål om å sikre størst mogleg verdiskaping, samtidig som miljø, biosikkerheit og dyrevelferd blir vareteke.

Regjeringa har ført vidare ordningar for å rekruttere ungdom til fiskaryrket. Ungdomsfiskeforskrifta er justert til også å gjelde uregulerte artar, og regjeringa har bidrege til kommunale ungdomsfiskeprosjekt.

Regjeringa har styrkt innsatsen mot fiskerikriminalitet nasjonalt og internasjonalt. Politiet har vorte styrkt i innsatsen sin mot fiskerikriminalitet. Det er òg lansert eit globalt havovervakingsprogram, som vil gi utviklingsland tilgang til norske satellittdata for betre overvaking av fiskeri- og havområda sine.

Regjeringa fører vidare arbeidet med å utvikle ein offensiv distriktspolitikk. Våren 2024 underteikna regjeringa bygdevekstavtalar med 17 pilotkommunar. Avtalane skal bidra til busetjing, tilgang på kompetent arbeidskraft og næringsutvikling i dei minst sentrale delane av Distrikts-Noreg. I juni starta regjeringa opp ni pilotar om utvikling av nærtenestesenter i område med lange avstandar.

Regjeringa har sendt på høyring nye statlege planretningslinjer for klima og energi, og for areal og mobilitet, som skal sikre at kommunane kan tilpasse arealplanlegginga til dei ulike behova rundt i landet, og for effektivt å kunne vareta klimaomsyn i planlegginga. Regjeringa har inngått regionvekstavtale med Nordland fylkeskommune om eit felles løft for grøn industriutvikling.

I 2023 inviterte regjeringa kommunar og fylkeskommunar til å søkje om å delta i ei nasjonal forsøksordning som skal bidra til å utvikle kommunesektoren (frikommuneforsøk). Forsøksordninga er eitt av tiltaka i tillitsreforma.

Regjeringa har sett ned ei hurtigarbeidande ekspertgruppe som skal kartleggje konsekvensar av generativ kunstig intelligens for sikre og demokratiske val. Formålet er å hente inn erfaringar frå dei mange vala som blir gjennomførte internasjonalt i 2024. Ekspertgruppa skal gi ein kunnskapsstatus og konkrete tilrådingar til Kommunal- og distriktsdepartementet om tiltak som kan implementerast før stortingsvalet i 2025.

I 2023 og 2024 fekk bustøttemottakarar ekstra utbetalingar som hjelp til å dekkje høge straumrekningar. I revidert budsjett for 2024 vart det òg vedteke fleire andre endringar i bustøtteordninga, som skjerming av inntektene til 18- og 19-åringar ved utrekning av bustøtte, auke i buutgiftstaket, forenkla eigendelsutrekning og ekstra støtte til alle som ikkje betaler oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter.

Husbankens låneramme vart auka til 29 milliardar kroner i 2024 i saldert budsjett for 2024, og ytterlegare styrkt til 32 milliardar kroner i RNB. Formålet med auken i låneramma var blant anna å bidra til at fleire kan eige eigen bustad, til fleire studentbustader og fleire eigna bustader i heile landet.

Regjeringa la fram ei melding om bustadpolitikken i mars 2024. Målet med bustadpolitikken er at folk skal kunne bu i ein eigna bustad i heile landet. Meldinga inneheld forslag til tiltak som skal leggje til rette for ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk lokalt, regionalt og nasjonalt.

På flyrutene som er omfatta av ordninga med statleg kjøp (FOT-rutene), er dei maksimalt tillatne billettprisane halverte, kapasiteten styrkt og to nye ruter inkluderte i kjøpsordninga frå 1. april 2024. Frå 1. august 2024 er også maksimal tillaten billettpris halvert på helikopterruta Værøy–Bodø. Det styrkte rutetilbodet er eit viktig tiltak for å redusere avstandskostnader og leggje til rette for regional utvikling. Regjeringa jobbar vidare med å vidareutvikle det regionale flyrutetilbodet til ein overkomeleg pris, både for dei reisande og for staten som kjøpar.

Frå 1. juli 2024 er føresegner i luftfartslova om dronar endra. Mellom anna blir det klargjort at dronar er å rekne som luftfartøy.

Nullvisjonen om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken ligg til grunn for trafikksikkerheitsarbeidet. Ambisjonane for trafikksikkerheit på veg er forsterka i Nasjonal transportplan 2025–2036 gjennom talfesta etappemål for 2030 og 2050. I 2023 omkom 110 menneske i vegtrafikken, og førebelse tal viser at 51 personar omkom i første halvår av 2024. Ulykkesutviklinga viser at det er behov for å forsterke innsatsen i trafikksikkerheitsarbeidet.

Fleire nye veganlegg er opna for trafikk, m.a. E39 Myrmel–Lunde i Vestland fylke, E6 Kvænangsfjellet i Troms fylke, E39 Lønset–Hjelset i Møre og Romsdal fylke og dessutan utbetringsstrekninga på E16 mellom Fagernes og Øylo i Innlandet fylke.

Regjeringa har gjennomført fleire endringar i drosjereguleringa. Mellom anna er løyvekrava stramma inn. Auka krav til fagkompetanse og økonomisk evne har bidrege til ein nedgang i talet på løyve og større grad av seriøsitet blant aktørar i næringa. Det offentlege utvalet for å gjennomføre ei heilskapleg vurdering av drosjereguleringa leverte første delinnstilling i juni 2023 og den andre i juli 2024. Plikt for drosjeløyvehavarar til å vere knytte til ein sentral er gjeninnført frå 1. september 2024. Sentralane er pålagde plikter som skal leggje til rette for betre oversyn over næringa, og bidra til eit betre drosjetilbod, forbrukarvern, kvit økonomi og sikkerheit i næringa. I den andre delutgreiinga har utvalet foreslått fleire tiltak for å styrkje drosjetilbodet i heile landet. Utgreiinga er send på høyring.

I samsvar med EØS-regelverket kan EØS-transportørar utføre nasjonal persontransport i eit EØS-land der dei ikkje høyrer heime (persontransportkabotasje) på mellombels basis. Frå 1.januar 2024 er det lagt til grunn at EØS-transportørar kan utføre persontransportkabotasje i Noreg i totalt 30 dagar per år, og maksimalt 20 dagar samanhengande.

Samferdselsdepartementet fastsette i juni 2024 reglar for ei ordning med statleg delgaranti for bompengeprosjekt på riksveg.

Regjeringa har gått gjennom organiseringa og selskapsstrukturen i jernbanesektoren. Ei rekkje tiltak for å betre styringa av sektoren er sett i verk frå 2024. Det er innført oppdragsbrev til Bane NOR SF, jernbaneforskrifta er revidert, og det er etablert eit heilskapleg risikostyringssystem for jernbanesektoren og dessutan program for auka driftsstabilitet og kundetilfredsheit.

Dobbeltsporet mellom Arna og Bergen som opna i mai 2024, aukar talet på avgangar og fører til at person- og godstog blir meir punktlege. Prosjektet vart gjennomført både raskare og billigare enn planlagt. Randklev bru på Dovrebanen, som kollapsa etter ekstremvêret «Hans» i august 2023, vart opna att i mai 2024. I tillegg til reparasjon av bruelementa er det bygd nytt fundament som skal tole meir ekstremvêr.

Gjennom spelemidlane til idrettsformål har regjeringa i 2024 fordelt 130 millionar kroner til lag og foreiningar i område med høg andel barn i låginntektsfamiliar.

I samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2023 vart det i tillegg avsett til saman 133 millionar kroner for at fleire barn og unge skal ha høve til å delta i idretts- og kulturaktivitetar.

Boklova vart sett i verk 1. januar 2024.

Regjeringa fekk i januar 2024 ei utgreiing frå ekspertutvalet som har greidd ut inkorporering av FN-konvensjonen om rettane for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i norsk lov.

Ekstremismekommisjonen leverte utgreiinga si til regjeringa i vår. Denne gir oss oppdatert kunnskap og tilrådingar til korleis vi kan intensivere innsatsen for å førebyggje og forhindre radikalisering og ekstremisme. Regjeringa vil følgje opp arbeidet til kommisjonen ved å leggje fram ei melding til Stortinget om førebygging av ekstremisme våren 2025.

I april i år mottok regjeringa ei utgreiing frå mannsutvalet, med forslag til tiltak for eit meir likestilt samfunn.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan med tiltak for at alle skal ha like høve til å delta i kultur-, idretts- og friluftsaktivitetar.

Regjeringa har inngått reindriftsavtale med Norske Reindriftsamers Landsforbund som styrkjer rammevilkåra til reindrifta og støttar opp om næringsutøvarar som har reindrift som hovudverksemd. Hovudprioriteringane i avtalen er direkte tilskot, varetaking av areala til reindrifta, klimatilpassing og beredskap.

Regjeringa har prioritert norsk matproduksjon og sjølvforsyning høgt og har i år lagt fram ei stortingsmelding med strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheiter i jordbruket. Stortingsmeldinga inneheld ein strategi for korleis sjølvforsyningsgraden i Noreg kan aukast med opptil 50 prosent. I del to av meldinga vart det lagt fram ein plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Ved behandlinga av jordbruksoppgjeret 2024 bad Stortinget regjeringa om å kome tilbake med ei eiga sak med forslag til prinsipp for berekning av inntekt i jordbruket og samanlikning med andre grupper.

I juli inngjekk staten ein avtale med fire aktørar i kornbransjen som skal bidra til å byggje opp nasjonalt beredskapslager for matkorn. Planen er at innan 2029 skal lagera tilsvare tre månaders forbruk av matkveite.

I april la regjeringa fram forslag til ny lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova). Lova regulerer blant anna internett-, mobil- og breibandstenester. Datasenter blir no òg regulerte i ekomlova, og lovverket blir modernisert for å bli tilpassa samfunnsutviklinga.

Utviklinga i kunstig intelligens kjem med store moglegheiter som vi må utnytte, og store utfordringar som vi må handtere. For å ha eit godt kunnskapsgrunnlag i møte med desse lanserte regjeringa i 2024-budsjettet ei offensiv forskings- og innovasjonssatsing på minst éin milliard kroner over ein femårsperiode.

Arbeidet med tillitsreforma til regjeringa er eit viktig grep for å fornye og forbetre offentleg sektor. Tillitsreforma blir utvikla nedanifrå, med tiltak som skal gi betre tenester, og kutte unødig rapportering, kontroll og styring. Med ny teknologi og nye arbeidsformer er det avgjerande at dei lokale partane har tett dialog om korleis tilsette skal involverast i denne utviklinga.

 

Gitt på Det Kongelige Slott 20. september 2024

Under vår hand og riksseglet