Mellombels straumstøtte til kyrkjene

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Stortinget har slutta seg til Regjeringa sitt forslag om ei mellombels tilskotsordning på 30 millionar kroner i 2022 til straumstøtte til kyrkjer i Den norske kyrkja, jf. Prop. 142 S (2021-2022) og Innst. 34 S (2022-2023). Målet er å medverke til at færre kyrkjer reduserer aktiviteten i advents- og julehøgtida i 2022 som følgje av høge straumprisar, slik at publikum kan få ei fin høgtid.

Det er sokna som har ansvaret for kyrkja sin aktivitet lokalt. Løyvinga blir derfor fordelt til fellesråda ut frå talet på sokn dei administrerer. Det kan søkast om inntil 45 000 kroner per sokn.

Ordninga er avgrensa til fellesråda i områda som har hatt høgast straumprisar, prisområde 1, 2 og 5. (dvs. grovt sett sør for Sognefjorden og Dovre). Tilskotet blir betalt ut i 2022.

Kven kan søke?:

Det er dei kyrkjelege fellesråda i prisområde 1, 2 og 5 som kan søke om tilskot.

Kva kan det søkast om?

Løyvinga blir fordelt ut frå talet på sokn fellesråda administrerer. Det kan søkast om inntil 45 000 kroner per sokn.

Korleis søke?:

Vi nyttar Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) sin søknadsportal for å registrere søknader om tilskot. For å nytta portalen må ein registrere seg som brukar. Registrering som brukar og søknadsskjema finn du her.

Frist før å søke: 11. november 2022.

Søknader som kjem inn etter fristen eller er mangelfulle, kan bli avviste. Det er søkjaren sitt  ansvar å sørgje for at søknaden er innsendt, korrekt og fullstendig utfylt, og at det går fram  kva det blir søkt om tilskot til.

Kyrkjelege fellesråd som mottar tilskot på over 100 000 kroner skal på førespurnad rapportere om korleis tilskotet er brukt for å realisere målet med ordninga.

Departementet og Riksrevisjonen kan iverksette kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadane, sjå Bevilgningsreglementet § 10 andre ledd og lov om Riksrevisjonen § 12.

Kontaktperson i Barne- og familiedepartementet:
Fagdirektør Øystein Hauge, e-post: hau@bfd.dep.no