Miljøinnsatsen til bønder held fram

Søknadene til Regionale miljøtilskot i jordbruket er ferdig handsama. Om lag 23 000 søkjarar får fordelt over 1,1 milliard kroner på kontoane sine denne veka.

Stadig fleire bønder utfører miljøtiltak i jordbruket, viser statistikk. Auken frå i fjor er på om lag 500 søknader. Utbetalingane og arealmengda det blir utført på aukar jamt og trutt.

Regionale miljøtilskot i jordbruket er ei ordning som skal bidra til auka miljøinnsats i jordbruket. Utbetalinga er for miljøtiltak utført i 2024.

Fylka som har store kornareal brukar store delar av midlane på tiltak som reduserer avrenning til vatn. I Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus går 70 prosent av midlane til tiltak som reduserer avrenning til vatn. I Innlandet blir 27 prosent av midlane brukte til å redusera avrenning til vatn, og 28 prosent til å ivareta kulturminne og kulturmiljø.

Frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord, går mykje av midlane til tiltak som tek vare på kulturlandskap, kulturminne og kulturmiljø, og til tiltak som reduserer utslepp av ammoniakk og lystgass til luft.

I Rogaland, Trøndelag og Nordland går rundt ein femtedel av midlane til å ta vare på det biologiske mangfaldet knytt til jordbruket. I Agder og Troms og Finnmark går rundt 40 prosent av midlane til å skjøtta kulturlandskapet.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.