Milliardar spart – satsing på forenkling av byggesøknadar har spart byggenæringa for milliardar
Pressemelding | Dato: 30.01.2025 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Næringslivet har spart over to milliardar kroner på forenkling og digitalisering av plan- og byggesaker. Bakgrunnen er forenklingssatsinga som Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har ansvar for.
– Forenklingar er viktig for å auke bustadbygginga. Her sparer vi tid og milliardar av kroner! Gode digitale verktøy reduserer unødvendig byråkrati, kutter kostnadar og forkortar behandlingstida i byggebransjen. Det gjer at byggenæringa kan realisere prosjekta sine raskare, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Her er anslag på innsparing av digitale tenester som DiBK har utvikla:
- Digitalt varsel om planoppstart blei starta så seint som i 2024. Effektiviseringa av desse arbeidsprosessane er allereie rekna til ei innsparing på 25 millionar kroner.
- Digital løysing for e-signering av ansvarsrett. Her sparer bransjen tid, og innsparinga er anslått årleg til 1,056 milliardar.
- Automatisk saksbehandlingstid for byggesøknader med arbeidslokal – her har privat næringsliv gevinstar på seks millionar kroner årleg.
- Endringa som flest innbyggarar merkar direkte er Digitalt nabovarsel. Her er innsparinga berre i portokostnadar på over ein milliard kroner.
–Prosjekta viser kor mykje vi kan spare på å få fram dei gode digitale prosjekta. Framleis er det stort potensial for å forenkle plan- og byggesaksprosessane. I statsbudsjettet for 2025 løyver vi 20 millionar kroner årleg til DiBK for å vidare forenkle byggereglane og digitalisere plan- og byggesaksprosessane, seier Sande.
–Vi skal forenkle regelverk for byggesøknader slik at vi får færre mangelfulle søknader og kortare ventetid. Målet er effektiv ressursbruk i kommunar og hos utbyggjarar. Dette har vore etterspurt av byggenæringa, seier Sande.
Regjeringa er òg opptatt av å ta i bruk kunstig intelligens og ny teknologi i løysningane som blir utvikla.
Eit døme på et nytt verktøy som no blir utvikla av DiBK er det KI-baserte verktøyet «Planslurpen». KI-verktøyet går gjennom store mengder dokument og reguleringar i det aktuelle området, og gjer om dette til godt strukturerte data tilpassa det aktuelle prosjektet. Dette gjer at innbyggarar og utbyggjarar raskt får tilgang til informasjon som byggehøgder og utnyttingsgradar, utan å måtte navigere i komplekse dokument.