Ministermøte i Nordsjøsamarbeidet
Nyheit | Dato: 14.09.2022 | Energidepartementet
Olje- og energiminister Terje Aasland representerte Noreg då det denne veka vart arrangert ministermøte i Nordsjøsamarbeidet (NSEC) i Dublin i Irland. NSEC er ein sentral arena for utvikling av havvind i Nordsjøen.
— Me treng eit tett samarbeid om havvind og tilhøyrande infrastruktur for å realisere dei nasjonale og felles ambisjonane me har sett oss. Nordsjøsamarbeidet er ein slik arena, der me diskuterer rammene for å utvikle havvind i Nordsjøen, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Sentrale tema på møtet var utfordringar og moglegheiter for leverandørkjedene for havvind i Nordsjøbassenget, planlegging for eit Nordsjønett og korleis landa rundt Nordsjøen kan nå ambisjonane sine for utvikling av havvind.
I tillegg vart det diskutert prosessar for tildeling av løyve for utbygging av havvind, arealplanlegging, involvering av interessentar og miljøvurderingar.
NSEC er et samarbeid om havvind og tilhøyrande infrastruktur. Dei som deltek i samarbeidet er Belgia, Danmark, Frankrike, Irland, Luxembourg, Nederland, Noreg, Sverige, Tyskland og EU-kommisjonen. Noreg har vore med i dette samarbeidet sidan 2016.
Les meir om den felles erklæringa som vart vedteken på ministermøtet:
Regjeringa sin ambisjon er at det innan 2040 skal tildelast område for 30 000 MW havvindproduksjon i Noreg. Les meir om dette her.