Minsteprisar for auksjon 12. oktober
Nyheit | Dato: 04.10.2022 | Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke følgande minsteprisar for auksjonen av nye løyve for laks, aure og regnbogeaure.
Minsteprisane for auksjonen 12. oktober er følgjande:
Produksjonsområde |
Minstepris (NOK per tonn) |
1. Svenskegrensa til Jæren |
100 000 |
6. Nordmøre og Sør-Trøndelag |
121 000 |
8. Helgeland til Bodø |
109 000 |
9. Vestfjorden og Vesterålen |
128 000 |
10. Andøya til Senja |
100 000 |
11. Kvaløya til Loppa |
109 000 |
12. Vest-Finnmark |
100 000 |
13. Aust-Finnmark |
100 000 |
Regjeringa legg til rette for vekst i oppdrettsnæringa med både kjøp av kapasitet til fastpris og auksjon. Årets auksjon blei flytta til 12. oktober og med dette gjer Nærings- og fiskeridepartementet klart kva minsteprisen for årets auksjon er.