Mjølkekvoter for 2024

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har i dag gjennomførd kvotedrøftingar for 2024. Med bakgrunn i drøftingane har Landbruks- og matdepartementet sett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 1,02 for 2024. Forholdstalet for disponibel kvote for geitmjølk vert vidareførd på dagens nivå med 0,95.

Marknadsbehovet gjer at kumjølkprodusentane igjen kan få moglegheit til å levere to prosent over kvota si. Det er bra. Dette kan bidra til auka lønsemd i produksjonen. Mjølkeproduksjonen er svært viktig for at vi skal ha eit landbruk over heile landet, og eg håper dette kan bidra til å gi næringa eit positivt løft inn i 2024, seier Landbruks- og matminister Geir Pollestad.

I møte greia Tine ut for situasjonen i marknaden i inneverande år, i tillegg til prognosane for mjølkeproduksjon og -behov i kommande år.

Kumjølk

For kommande år peiker Tine på stor usikkerheit både på tilførsels- og etterspurnadssida. Den krevjande vekstsesongen med flaum og tørke ga variable fôravlingar, og det er framleis høge kostnader på viktige innsatsfaktorar i produksjonen. Tine har berekna eit behov på 1 423 mill. liter mjølk og anbefalte i sitt innspel eit forholdstal på 1,02.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag støtta anbefalinga frå Tine.

Landbruks- og matdepartementet fastsette på denne bakgrunn forholdstalet på disponibel kvote for kumjølk for 2024 på 1,02.

Geitmjølk

Tine har berekna eit lågare innanlandsk sal av geitmjølk i 2024 enn i 2023. Tine anbefalte likevel ei vidareføring av forholdstalet i 2024, noko som vil gi ein mjølkeleveranse på 17,8 mill. liter.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag støtta anbefalinga frå Tine. Landbruks- og matdepartementet fastsette forholdstalet på disponibel kvote for geitmjølk til 0,95 for 2024.