Moderniserer statsføretakslova

Regjeringa foreslår å modernisere statsføretakslova for å sikre at den er i tråd med dagens aksjelov.

– Statsføretaka har viktige oppgåver i samfunnet. Mellom anna eig dei kritisk infrastruktur og forvaltar store naturressursar. Det er derfor viktig at statsføretaka har gode og moderne rammevilkår for verksemda si. Den nye statsføretakslova sikrar det, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Den nye lova får også ein formålsparagraf utforma med vekt på at lova skal leggje til rette for ei sakshandsaming tilpassa at føretaket berre kan eigast av staten. Lova skal medverke til at statsføretak kan ivareta samfunnsoppdraget og verksemda si på ein effektiv måte.

Dei åtte statsføretaka som finst i dag, er ganske ulike. Reglane er derfor utforma fleksibelt slik at ho gir rom for å ivareta spesielle behov for dei enkelte statsføretaka. 

– Statsforetaksloven av 1991 var laga i ei anna tid basert på eldre reglar i aksjelova. No har vi laga ei ny og oppdatert lov som følgjer utviklinga innanfor selskapslovgivinga og som samtidig sikrar fleksibilitet til dei åtte statsføretaka som finst i dag. seier Tung.

Lovforslaget har mellom anna endra regler om stifting av statsføretak, føretaksmøte, styre og dagleg leiar, omdanning av føretak og færre minstekrav til vedtekta. Dei reglene som er særeigne for statsføretaka, blir vidareførte i den nye lova. Det gjeld mellom anna regelen som krev at visse avgjerder skal leggjast fram for eigardepartementet før avgjerda blir tatt.

Dagens lov har i likskap med aksjelova reglar som stiller krav til kjønnsbalanse i styra. Dagens lov har også reglar som likestiller fysiske og digitale møte, og at protokollar kan signerast digitalt. Samstundes er det framleis fleire andre reglar i dagens lov som ikkje sikrar teknologinøytralitet og kjønnsnøytralitet. Dette er no revidert i den nye lova.

Dagens åtte statsføretak:

Bane NOR SF
Enova SF
Gassnova SF
Norsk helsenett SF
Siva – Selskapet for industrivekst SF
Statkraft SF
Statnett SF
Statskog SF