Presseinformasjon:

Moldovas president på statsbesøk til Noreg 6.–7. mai

Etter invitasjon frå Hans Majestet Kong Harald og Hennar Majestet Dronning Sonja, kjem Moldovas president Maia Sandu på statsbesøk til Noreg frå 6. til 7. mai 2024. Det er første gong ein moldovsk president besøkjer Noreg, og statsbesøket markerer at banda mellom Noreg og Moldova har styrkt seg dei siste åra.

Statsbesøket startar måndag 6. mai med offisiell velkomstseremoni på Slottsplassen, kransnedlegging på Akershus festning og møte med stortingspresident Masud Gharahkhani og Stortingets utanriks- og forsvarskomité. Dagen blir avslutta med gallamiddag på Det kongelege slottet med Kong Harald og Dronning Sonja som vertskap. På programmet tysdag 7. mai står mellom anna møte med statsminister Jonas Gahr Støre etterfølgd av ein pressekonferanse. President Sandu vil òg halde eit foredrag på Universitetet i Oslo.

Russlands angrepskrig mot Ukraina har fått store konsekvensar for Moldova. Styresmaktene har måtta handtere ein djup krise for økonomien, energiforsyninga og den nasjonale tryggleiken. Samtidig har Moldova teke imot svært mange flyktningar frå nabolandet og dei har i gang med eit omfattande reformarbeid.

Statsbesøket understrekar norsk støtte og solidaritet med Moldova. Innanfor ramma av Nansen-programmet bidreg Noreg til å handtere krisane i Moldova, og støttar opp om dei demokratiske reformene i landet og eit tettare samarbeid med resten av Europa. Noreg har òg vedteke å opne eit ambassadekontor i den moldovske hovudstaden Chișinău for å følgje opp støtta og ytterlegare styrke sambanda.

Programmet for statsbesøket er framleis under utarbeiding og vil bli kunngjort seinare.

Akkreditering

Frist for akkrediterings er måndag 30. april 2024.

For akkreditering og praktisk informasjon blir beden pressa ta kontakt med UD sin Besøksseksjon ved Lise Tønnesland Børresen, e-post lise.gertrud.tonnesland.borresen@mfa.no, mobil 94 83 09 10.