Møte med dei parlamentariske leiarane
Pressemelding | Dato: 13.03.2024 | Statsministerens kontor, Finansdepartementet, Forsvarsdepartementet
Statsminister Jonas Gahr Støre møter dei parlamentariske leiarane på Stortinget torsdag 14. mars kl. 09.00. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum og forsvarsminister Bjørn Arild Gram vil også vere til stades. Tema er den kommande langtidsplanen for Forsvaret.

Statsministeren, finansministeren og forsvarsministeren vil vere tilgjengelege for pressa i Vandrehallen etter møtet, om lag kl. 10.30. Det blir moglegheit for separate intervju.
Journalistar som ikkje er medlemmar av presselosjen på Stortinget, må ta kontakt med Seksjon for presse- og samfunnskontakt på Stortinget innan 14. mars kl. 09.00. Kontaktperson er Gunnar Syverud, e-post gunnar.syverud@stortinget.no.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marita I. Wangberg, telefon 905 123 19, e-post miw@smk.dep.no
Pressekontakt for finansministeren er statssekretær Lars Ravn Vangen, telefon 99 24 01 87, e-post lars.vangen@fin.dep.no.
Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonssjef Ingrid Dåsnes, telefon 45 24 18 74, e-post ingrid.dasnes@fd.dep.no.