Olje- og energiministeren møter sametingspresidenten

Adresse: Oslo

Stad: Akersgata 59

Berre for pressa

Olje- og energiminister Terje Aasland har eit møte med sametingspresident Silje Karine Muotka, der dei skal diskutere Fosen-saka.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte i R5 seinast kl. 15.40. Ta med pressekort og godkjent ID (bankkort med bilde er ikkje lenger gyldig).

Etter møtet, om lag kl. 17, er møtedeltakarane tilgjengelege for presse. Oppmøte i R5 seinast kl. 16.45. Ta med pressekort og godkjent ID (bankkort med bilde er ikkje lenger gyldig).

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.