Møte om auka sjølforsyning

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har invitert organisasjonar knytt til jordbruket til møte om korleis sjølvforsyningsgraden kan aukast.

Regjeringa har som mål å auke sjølvforsyningsgraden av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, til 50 prosent. Stortinget har òg fatta eit oppmodingsvedtak om dette. Å auke sjølvforsyningsgraden er viktig av fleire grunnar, mellom anna samfunnssikkerheit/beredskap, verdiskaping i næringa og klima.

Følgande organisasjonar er inviterte til møte:

  • Norges Bondelag
  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag
  • Tine SA
  • Nortura SA
  • Norske Felleskjøp
  • NHO Mat og Drikke
  • Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund
  • Forum for norsk grønt
  • De Uavhengige Meieriers Landsforbund
  • Landbruksdirektoratet
  • Agri Analyse
  • Framtiden i våre hender
  • Virke
  • Naturvernforbundet
  • NIBIO
  • Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund
  • Ruralis
  • Spire
  • Sjømat Norge

Pressekontakt: 
Marthe Bay Haugen - tlf: 415 22 112