Presseinvitasjon
Møter Meta, Google, Tiktok og Snapchat i departementet
Pressemelding | Dato: 10.12.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Kunnskapsdepartementet
Digitaliserings- og forvaltingsminister Karianne Tung og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har invitert representantar for Meta, Google, Tiktok og Snapchat til møte onsdag 11. desember kl.12.00-13.00 for å diskutere korleis dei store plattformselskapa kan bidra til at barn er trygge på nett.
I tillegg deltek statssekretær Trine Fagervik i Barne- og familiedepartementet.
På møtet vil statsrådane ta opp korleis aktørane kan bidra til å trygge barn på nett og kva løysingar dei har for at ei aldersgrense på sosiale medium blir overhaldne. Statsrådane ønskjer óg å få kommentarar til den nye lova i Australia, som forbyr sosiale medium til barn under 16 år. Den norske regjeringa har tidlegare varsla at det vil komme reguleringar for å verne barn i sosiale medium.
– Sosiale medium tar for stor plass i liva til barna våre. Tilbydarane av sosiale medium må derfor ta eit stort ansvar for kva barna og ungdommane våre opplever på nett. Det er dei som har hovudansvar for å finne løysingar som sikrar at barn ikkje blir eksponert for innhald som ikkje passar for dei, seier Tung.
Statsrådane vil i møtet vere tydeleg på kva forventingar dei har til kva plattformselskapa sjølv kan bidra med.
– Vi vil diskutere med selskapa kva løysingar dei sjølv kan bidra med for å sikre at barn er trygge på internett og kva selskapa kan gjere for at ei aldersgrense blir overhalden, seier Nessa Nordtun.
Statsrådane vil vere tilgjengeleg for kommentarar utanfor slusene i R5 i Akersgata 59 etter møtet.
Vi ber om at media melder seg på ved å sende epost til presse@dfd.dep.no.