Presseinvitasjon:
Møter sjømatnæringa om marknadstilgang
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 28.02.2019
Brexit og arbeidet med frihandelsavtalar er tema når fiskeriministeren møter sjømatnæringa onsdag 6. mars.
- I ei tid med brexit og økt proteksjonisme blir god marknadstilgang og handelsavtaler stadig viktigare, ikkje minst for sjømatnæringa. Regjeringa sitt mål er å styrke Noreg som sjømatnasjon og sikre norske produkt god tilgang til marknadane, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
I fjor eksporterte Noreg sjømat for 99 milliardar kroner til 146 land. I løpet av de ti siste åra har verdien av norsk sjømateksport auka 122 prosent.
Fiskeriministeren har invitert representantar frå næringsorganisasjonane i fiskeri- og havbruksnæringa, Sjømatrådet og LO til eit årleg møte om marknadstilgang. Målet er å orientere om regjeringa sitt arbeid med sjømathandel, og å få innspel frå næringa.
Dagsorden for møtet:
- Brexit
- Marknadsstilgang til Kina.
- Marknadstilgang til EU.
- Marknadstilgang til andre marknader, inkludert Brasil og Indonesia.
- USA – Seafood Import Monitoring Program og Marine Mammals Protection Act.
- Orientering om bilaterale- og EFTA-forhandlingar som er i gong, nye prosessar, deriblant Kosovo, Moldova og ønska oppstart av forhandlingar med Japan.
Påmelding for presse som ønsker å delta på møtet: media@nfd.dep.no
Når: Onsdag 6. mars, kl 10:00-11:30.
Kor: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongensgate 8, Oslo.
Hugs pressekort/ID.