Møtte aktørar frå Nord-Troms og Finnmark i Hammerfest
Pressemelding | Dato: 24.01.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
– Vi jobbar for å snu den negative befolkningsutviklinga i tiltakssona. Nord-Noreg skal vere eit attraktivt sted å jobbe, studere og leve – også utanfor dei største byane, sa kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) under dialogmøte om evalueringa av tiltakssona i Hammerfest i dag.
Kommunal- og distriktsdepartementet fekk nyleg ei evalueringa av dei personretta tiltaka i tiltakssonen i Finnmark og Nord-Troms frå Vista analyse. I dag møtte statsråden representantar frå Nord-Troms og Finnmark til eit dialogmøte om evalueringa i Arktisk Kultursenter i Hammerfest.
– Både folk og næringsliv i regionen er svært opptatt av at dei personretta verkemidla blir styrka og det er regjeringa allereie i gang med. I årets budsjett har vi auka satsen for sletting av studielån og innført gratis barnehage frå hausten av, seier Gjelsvik.
Tiltakssonen for Finnmark og Nord-Troms består av dei 18 kommunane i Finnmark i tillegg til Karlsøy, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Lyngen i Nord-Troms. Det bur i alt 91 196 personar i tiltakssona pr. 3. kvartal 2022.
På møtet gjekk Haakon Vennemo frå Vista analyse igjennom funna i evalueringsrapporten om tiltaksona. Etterpå blei sentrale aktørar i tiltakssona invitert til å gi sine innspel og tilbakemeldingar. Dei blei også utfordra til å komme med forslag til relevante og effektive personretta verkemiddel for tiltakssona.
– Eg fekk mange gode innspel og tilbakemeldingar på møtet i dag som vi tek med oss i det videre arbeidet, seier Gjelsvik.
Desse deltok på møtet:
Fagskolen i nord |
Astrid Sebulonsen |
Prorektor |
Finnmarksykehuset avd. Hammerfest |
Kenneth Grav |
HR-leder |
Hammerfest kommune |
Terje Wikstrøm |
ordfører |
Hammerfest Næringsforening |
Lars Bjørkli |
Direktør |
Innovasjon Norge Arktis |
Linda Beate Randal |
direktør |
NAV |
Kristin Røymo |
fylkesdirektør |
Nord-Troms regionråd |
Eirik Losnegaard Mevik |
Rådsleder/ordfører i Kvænangen kommune |
Samisk høyskole |
Anne-Marie Gaino |
Høgskoledirektør |
Sápmi næringshage |
Ballo |
|
Tilflytter |
Iselin Mari Brunvoll |
Lærer, Tilflytter |
Troms og Finnmark fylkeskommune |
Anne-Karine Markeng Melsom |
Spesialrådgiver |
Troms og Finnmark fylkeskommune |
Gisle Eriksen |
Sekretær for Regionalt nordområdeforum |
Troms og Finnmark fylkeskommune |
Sunniva Tønsberg Gaski |
Kommunikasjonsrådgiver |
Troms og Finnmark fylkeskommune |
Karoline Kvalvik |
Prosjektleder |
Troms og Finnmark fylkeskommune |
Kristina Torbergsen (Ap) |
Fylkesrådsleder |
UiT |
Bente Haug |
Viserektor |
Ungdomsrådet i Troms og Finnmark |
Eline Sandvik |
Ungdommens fylkesråd (UFR) |
Vest-Finnmarkrådet |
Monica Nielsen |
Rådsleder/ordfører Alta kommune |
Vista Analyse |
Haakon Vennemo |
Direktør (Evaluator) |
Øst-Finnmarkrådet |
Alf Normann Hansen |
Ordfører Gamvik kommune |