Møtte partane i arbeidslivet for å få innspel om tiltak mot rasisme og diskriminering
Nyheit | Dato: 12.05.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
– Rasisme og diskriminering er ei barriere for eit rettferdig samfunn med gode og like moglegheiter til full deltaking for alle innbyggjarane i Noreg. Samarbeid med partane er viktig for å utvikle, utforme og forankre tiltak som berører arbeidslivet, sa statssekretær Samra Akhtar i arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa er i full gong med arbeidet med ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering.
Eit av to område er rasisme og diskriminering for dei som er på veg inn i og på veg opp i arbeidslivet. Arbeids- og inkluderingsdepartementet ønskjer difor eit samarbeid med partane i arbeidslivet om å utvikle og utforme tiltak som skal inngå i den nye handlingsplanen, som etter planen skal leggjast fram mot slutten av 2023.
- Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
- Landsorganisasjonen i Norge (LO)
- Kommunesektorens organisasjon (KS)
- Spekter
- Virke
- Unio
- Akademikerne
- Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)