Mykje poteter på lager

Lagerteljinga for januar syner at det er betre tilgang på norske poteter ved inngangen av 2025 enn 2024.

Per 1. januar 2025 var det om lag 122 000 tonn norske poteter på lager. Om lag ein fjerdedel er matpoteter som skal ut i butikkane. Resten skal gå til industriproduksjon, som til dømes potetgull og pommes frites. Totalbehaldninga er nesten 40 prosent større sett opp mot 2024.

Poteter
Tal frå Landbruksdirektoratet syner at det er mykje poteter på lager ved inngangen til 2025. Totalbehaldninga er nesten 40 prosent større enn på same tid i fjor. Foto: Torbjørn Tandberg

Tilgangen på norske småpoteter har auka. Ved nyttår var lagerbehaldninga på nesten 4000 tonn. Behaldninga av vanlege konsumpoteter er om lag 23 000 tonn. Når det gjeld industripoteter, ligg behaldninga på 90 000 tonn poteter.

Det har vore god omsetnad av norske poteter denne sesongen. Det kjem delvis av at det har blitt importert mindre potet enn tidlegare år. Utviklinga i lagerbehaldninga avheng av om omsetnaden held seg på same nivå. Lagringskvaliteten er òg viktig.

Landbruksdirektoratet publiserer oppdaterte lagertal to gonger i løpet av våren.