No kjem regjeringa med eiga matsvinnlov – mindre mat skal kastast

Lovforslaget tek utgangspunkt i råda frå Matsvinnutvalet, som blei overleverte til landbruks- og matministeren og klima- og miljøministeren den 3. januar 2024.

Utkast til lov om førebygging og reduksjon av matsvinn, matsvinnlova, blei send på høyring 10. desember med høyringsfrist på seks veker. Fristen for merknader er 20. januar 2025. Planen er å fremja forslag for Stortinget våren 2025.

– Me har eit mål om å halvera matsvinnet innan 2030. No legg me fram forslag til ei eiga matsvinnlov. Redusert matsvinn er bra for både folk sin økonomi, klimaet og for ressursutnyttinga, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Føremålet med forslaget til lova om førebygging og reduksjon av matsvinn er å betra ressursutnyttinga i verdikjeda for mat ved å hindra at mat går ut or verdikjeda. Det er føreslått at lova skal gjelda alle offentlege og private verksemder som produserer, distribuerer, omset og serverer næringsmiddel i Noreg. Det er samstundes ønskjeleg at lova skal gjelda verksemder av ein viss storleik og eit matforbruk der det er mogleg å kutta matsvinnet betydeleg. Departementet ber om høyringsinnspel om kva slags verksemder ho skal gjelda for.

– Når me kastar mat, sløser me med ressursar. Samtidig bidreg me til store klimagassutslepp. Matsvinn står for nesten ti prosent av klimagassutsleppa i verda. Saman med matbransjen har regjeringa som mål å halvera matsvinnet i Noreg. No trappar me opp kampen, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.

I lova blir det føreslått eit lovfest krav om at verksemdene skal vurdera aktsemd og tiltak for å sikra at næringsmiddel i størst mogleg grad blir inntekne av menneske eller subsidiært gå til dyrefôr. Det blir føreslått at verksemdene skal ha ei plikt til å offentleggjera ei fråsegn for dei aktsemdsvurderingane og tiltaka dei har gjort.

Når det gjeld donasjon av overskotsmat er det foreslått at verksemder som produserer omset næringsmiddel skal gjera tiltak for å donera overskot av næringsmiddel. Det er då føreslått å ta utgangspunkt i storleik, transportmoglegheiter og tilgjengelege mottaksapparat. Regelen omfattar næringsmiddelindustrien og grossistleddet, men ikkje daglegvarehandel og andre verksemder som omset direkte til forbrukarar, til dømes kiosk, bensin og servicehandel (KBS). Restaurantar, kafear, kantiner og andre verksemder som serverer næringsmiddel, vil heller ikkje vera omfatta. Det er ikkje gjort framlegg om mottaksplikt.

Vidare er det føreslått å lovfesta krav om at verksemder som omset næringsmiddel direkte til forbrukarar skal gjera tiltak for nedprising og aktiv marknadsføring av næringsmiddel med kort haldbarheit. Kravet er føreslått å gjelda for både daglegvarebutikkar, kioskar, bensin og servicehandel (KBS)og ikkje for verksemder som serverer næringsmiddel.

Det er behov for å avgjera kven lova og krava som følgjer med. Eit underliggjande regelverk vil bli utarbeidd, og det vil supplera og utfylla lovkrava. I og med at lova og dei underliggjande forskriftene kjem til å supplera kvarandre, trer ikkje lova i kraft før det utfyllande regelverket er utgreidd og utarbeidd. Lova og forskriftene trer i kraft til same tid.