Nå styrkes retten til foreldrepengar for fedrar og medmødrer

Frå og med 2. august 2024 vil fedrar og medmødrer få rett til å ta ut 10 veker foreldrepengar, sjølv om mor ikkje er i jobb.

Alle fedrar, og medmødrer, med eiga opptening rett til foreldrepengar, får ein utvida sjølvstendig rett til å ta ut foreldrepengar i til saman ti veker, sjølv om mor ikkje er i jobb eller anna aktivitet*.

– Dette er svært gledeleg og kan bety at om lag 5000 fedrar og medmødrer no får moglegheit til å vere heime med barnet lengre. Dette styrkjer rettane deira, og kan bety mykje for familiane det gjeld og for kontakten mellom barn og foreldre, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Dette er ei tilpassing i foreldrepengeordninga for å gjennomføre krav i EU-direktivet om balanse mellom arbeidsliv og familieliv, i norsk rett. Etter direktivet skal far, eller medmor, ha ein individuell rett til å ta ut to månaders betalt permisjon, i tillegg til ti dagars betalt permisjon i samband med fødsel.

Direktivet vart delvis gjennomført frå 2. august 2022 med åtte veker betalt permisjon. Med endringa frå 2. august 2024 blir no resten av direktivet oppfylt i norsk rett.

Tiltak for småbarnsfamiliar

Regjeringa ønskjer å legge til rette for at foreldre skal få meir fleksibilitet, og har mellom anna forlenga permisjonsordninga for dei som vel 80 prosent foreldrepengar. Endringa gjeld frå og med 1. juli 2024.

– I denne regjeringsperioden har vi auka barnetrygda, styrka permisjonsordninga for dei som ønskjer lengre barselpermisjon, prisen på barnehagen er kraftig redusert  og det er innført gratis deltidsplass på SFO for 1., 2. og frå hausten også 3. trinn. Dette er viktige grep for barnefamiliar over heile landet, seier Toppe.

For familiar der mor oppfyller aktivitetskravet*, har fedrar og medmødrer rett til utbetaling av foreldrepengar etter vanlege reglar (fedrekvote 15 veker ved 100% uttak). Meir informasjon om foreldrepengeordninga på Nav.no.

* Mor oppfyller aktivitetskravet ved å gå ut i arbeid, ta offentleg godkjend utdanning, delta på heiltid i introduksjonsprogram eller kvalifiseringsprogram, eller viss hun grunna sjukdom eller skade er avhengig av hjelp til å ta seg av barnet eller er innlagt i institusjon.