Namnebyte: Frå minoritetsrådgivar til mangfaldsrådgivar
Pressemelding | Dato: 03.11.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Minoritetsrådgivarar har sidan 2008 hjelpt unge som er, eller står i fare for, å bli utsette for negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, ufrivillige opphald i utlandet og tvangsekteskap. No byter dei namn til mangfaldsrådgivarar.
– Over tid har det kome tilbakemeldingar om at «minoritetsrådgivar» kan vere misvisande. No endrar me namnet til «mangfaldsrådgivar», fordi det er meir inkluderande og dekkjande for kva rådgivarane faktisk jobbar med. Det skal vere låg terskel for å ta kontakt med mangfaldsrådgivarane, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Mangfaldsrådgivarane er eit lågterskeltilbod for utsette unge, som møter unge der dei er, på utvalde skular i alle fylka i landet, og enkelte stader ved vaksenopplæringssenter. Dei gir individuelle råd og rettleiing, har samtalegrupper og andre aktivitetar der dei tek opp vanskelege tema.
I tillegg bidreg dei med kompetanseheving til andre skuletilsette.
Fleire rådgivarar
Regjeringa foreslår å styrkja ordninga i neste års budsjett med seks nye stillingar. Frå 2024 vil det dermed vera 65 mangfaldsrådgivarar ute i norske skular.
– Å få bukt med negativ sosial kontroll er eit av hovudmåla i integreringspolitikken til regjeringa. Mangfaldsrådgivarar er ein viktig del av det førebyggjande arbeidet, seier Brenna.
I fjor rettleidde mangfaldsrådgivarar i 950 saker. Dei fleste handla om negativ sosial kontroll og vald.
– Tala taler for seg sjølv. At behovet for mangfoldsrådgivarane er der, er det ingen tvil om. Derfor vil me ha fleire, seier Brenna.
-
Negativ sosial kontroll handlar om press, oppsyn, truslar eller tvang som avgrensar livsutfaldinga eller hindrar nokon gjentatte gonger i å ta sjølvstendige val om eige liv og framtid.
-
Æresrelatert vald er utløyst av behovet i familien eller gruppa for å ta vare på, eller retta opp igjen, ære og respekt. Både gutar og jenter, barn og vaksne, kan utsetjast for æresrelatert vald, men jenter og kvinner er særleg utsette.
-
Tvangsekteskap er ekteskap kor ein eller begge personane ikkje har høve til sjølv å velja om dei vil gifta seg. Det er forbode i Noreg og bryt med grunnleggjande menneskerettar.
Meir informasjon her:
- Om mangfoldsrådgivere IMDi minoritetsrådgivere på ungdomsskoler og videregående skoler | IMDi
- Nettportalen Nora om negativ sosial kontroll og æresrelatert vold for både ungdom og ansatte i hjelpetjenestene (imdi.no)
- Tvangsekteskap.no om tvangsekteskap, negativ sosial kontroll og æresrelatert vold. (bufdir.no)
- Nasjonal veiviser ved vold og overgrep Dinutvei.no | Nasjonal veiviser ved vold og overgrep
- RVTS Rett til å bestemme over eget liv - Rettentil.no