Nær 2,8 milliardar kroner til frivilligheita
Pressemelding | Nr: 67/24 | Dato: 22.11.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
– Momskompensasjonsordninga til frivillige organisasjonar er den største og viktigaste ordninga for frivillig sektor, og no sørgjer vi for full kompensasjon igjen, for fjerde år på rad, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
I nysalderinga av budsjettet har regjeringa foreslått å setje av 330 millionar kroner ekstra til ordninga for å sikre full momskompensasjon i 2024. Det totale beløpet for ordninga i 2024 blir da på rekordhøge 2,77 milliardar kroner.
– Momskompensasjonsordninga når heile bredda av frivillig sektor og dette viser at regjeringa prioriterer å leggje forholda til rette for at frivilligheita kan skape aktivitet i heile landet, seier kultur- og likestillingsministeren.
Ordninga er enkel og ubyråkratisk og det er ikkje krav om rapportering. I fjor fekk 23 000 organisasjonar pengar frå ordninga. I år vil nærare 25 000 organisasjonar få tilskot gjennom ordninga. Dei fleste av mottakarane er små lag og foreiningar. Midlane vil utbetalast før nyttår.
Regjeringa har også lova full momskompensasjon i 2025, og er den første regjeringa som har gitt full momskompensasjon kvart år.