Presseinvitasjon:

Næringsministeren besøker Høyanger

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Næringsminister Jan Christian Vestre reiser til Høyanger tysdag 21. mars. Der vil han mellom anna besøke Hydros aluminiumsverk og møte ei rekke andre bedrifter.

Næringsministeren startar programmet sitt i Høyanger med eit besøk hos Hydro Aluminium.

Vestre helsar også på yrkesfagelevar ved Høyanger vidaregåande skule før eit besøk hos innovasjonshuben FUNDO. I dei gamle produksjonslokala til felgprodusenten møter næringsministeren fleire bedrifter innan grøn innovasjon.

Program

10:15
Besøk og omvising hos Hydro Aluminium Metal Høyanger
Adresse: Storgata 1, Høyanger

12:40
Besøk hos Høyanger vidaregåande skule
Adresse: Hjetland 1, Høyanger

13:10
Møte med Bergen Carbon Solutons, Hydro Recycling og Høyanger næringsutvikling med presentasjon av «Den Grøne Hub»

15:00
Pressetid (15 minutt)

16:00
Ope møte på Øren hotell

Kontakt

Presse som ønsker å dekke programmet kan kontakte kommunikasjonsseksjonen i Nærings- og fiskeridepartementet på e-post media@nfd.dep.no eller telefon 902 51 303 (ikkje SMS)