Næringsministeren opna Hydro sitt nye resirkuleringsanlegg for aluminium: - Eit framifrå eksempel på det grøne skiftet

Hydro har gjort betydelege investeringar i resirkuleringsteknologi som svar på den aukande etterspurnaden etter aluminium med lågt karbonfotavtrykk. Satsinga blei i dag markert av næringsminister Jan Christian Vestre med ei offisiell opning av den oppgraderte støpelinja ved Hydro si fabrikk i Årdal.

– Hydro bidreg til å tryggje viktige arbeidsplassar og verdiskaping i Årdal. Eg er glad for at bedrifta har gjort viktige investeringar ved fabrikken i Årdal for å sikre aluminium med lågt karbonavtrykk til industriane som treng det. Dette er eit godt døme på at norsk industri går føre i omstillinga og sikrar seg ein konkurransefordel. I Årdal investerer Hydro i ny teknologi for å kutte eigne CO2-utslepp og skape grønare produkt som verda treng, seier Jan Christian Vestre.

 

Årdal Recycling vert offisielt opna av frå venstre ordførar i Årdal, Christian Sønstlien, næringsminister Jan Christian Vestre og fabrikksjef Anveig Bjordal Halkjelsvik.
Årdal Recycling vert offisielt opna av frå venstre ordførar i Årdal, Christian Sønstlien, næringsminister Jan Christian Vestre og fabrikksjef Anveig Bjordal Halkjelsvik. Foto: Jens Christian Boysen, Hydro.

Etter omfattande utvikling og testing ved Hydro Årdal er fabrikken no klar til å levere aluminium med ekstra lågt karbonfotavtrykk. Hydro har investert 100 millionar i resirkuleringsteknologi i Årdal..

Hydro Årdal er ein viktig og framtidsretta arbeidsplass og hjørnesteinsbedrift i eit levande og aktivt lokalsamfunn. Årdal Recycling har skapt 14 nye årsverk og skal resirkulere om lag 25 000 tonn brukt aluminiumsskrap i året. Drifta har ringverknader som bidreg til sysselsetting og verdiskaping. I 2023 kjøpte verket varer og tenester for meir enn 250 millionar frå lokale leverandørar.

Hydro investerer i avansert resirkuleringsteknologi for låg-karbon aluminium

I Årdal fokuserer Hydro på avansert resirkulering av aluminium. Aluminium kan resirkulerast gang på gang utan å miste sine kvalitetsegenskapar. Den nye støpelegeringa frå Årdal inneheld 25 prosent brukt og resirkulert aluminium. Testleveransane viser at karbonfotavtrykket per kilo aluminium er redusert med nesten 70 prosent samanlikna med det europeiske gjennomsnittet.

– Behovet for aluminium med lågt karbonfotavtrykk aukar, særleg i bilindustrien. Leveransane frå Årdal er eit godt døme på kva vi kan få til om vi har trygge rammevilkår, tilgang på lokal kompetanse og nok fornybar kraft. Vi er utruleg stolte over korleis lokal kunnskap bidreg til at kundane våre i Europa kan nå klimamåla sine, seier Anveig Bjordal Halkjelsvik, fabrikksjef ved Hydro Årdal.

Den europeiske bilbransjen har eit stort behov for lettare materialar i elbilar for å redusere vekt og karbonutslepp, samstundes som sikkerheita i bilane blir ivaretatt. Bilprodusentar som Porsche, Polestar og Mercedes-Benz står på kundelisten for lågkarbon aluminium frå Hydro.