Presseinvitasjon:

Næringsministeren tek imot NOU om offentlege anskaffingar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Fredag 10. november mottek næringsminister Jan Christian Vestre første utreiing (NOU) frå utvalet for offentlege anskaffingar. Halvard Haukeland Fredriksen leiar utvalet som i fjor fekk i oppdrag å revidere regelverket.

Nett-tv Overrekking av NOU om offentlege anskaffingar

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Utvalet har sidan november 2022 teke for seg regelverket for anskaffingar. Utvalet har hatt som oppgåve å utarbeide forslag som skal styrke klima- og miljøomsyn, motverke sosialdumping og arbeidslivskriminalitet, og forenkle regelverket i offentlege innkjøp. Utvalet er òg bedt om å klargjere regelverket sitt forhold til EØS-retten.

Rapporten som næringsministeren tek imot er den første av to utreiingar frå anskaffingsutvalet. Andre utreiing er venta i mai 2024.

Utvalsleiar Halvard Haukeland Fredriksen vil under framlegginga presentere tilrådingane frå den første rapporten til utvalet.

Praktisk info

Tid: 10. november kl 12.00-13.00.

Stad: Mesh Youngstorget. Møllergata 6 og 8, 0179 Oslo.

 

Strauming:
Overrekkinga blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.