Presseinvitasjon:

Næringsministeren til Floating Wind Days 25. mai

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Næringsminister Jan Christian Vestre deltek på havvindkonferansen Floating Wind Days 2023 i Haugesund torsdag 25. mai.

– Noreg skal bli verdsleiande innanfor havvind, og aktørane har sjølv sett ambisiøse mål om å ta 10 prosent av den globale havvindmarknaden innan 2030. Vi har teknologi og kompetanse i verdsklasse frå maritim næring og olje- og gassnæringa. Lykkast me dette tiåret, lykkast me dei neste femti, seier næringsminister Jan Christian Vestre

Næringsministeren opnar dag to av konferansen, der utfordringar og løysingar for heile verdikjeda er hovudtema.

– Floating Wind Days er ein viktig internasjonal arena for havvindnæringa. Viss me posisjonerer oss godt i den globale marknaden, kan denne næringa sikre oss arbeidsplassar og eksportinntekter mange år fram i tid, seier Vestre

Vestre besøker også bedrifter i Haugesund og på Karmøy.

Program

09:00
Næringsminister Jan Christian Vestre opnar dag to av havvindkonferansen Floating Wind Days
Stad: Quality Hotel Maritim, Asbygata 3, Haugesund

10:00
Besøk hos SEAM
Adresse: Husøyvegen 31, Avaldsnes

11:00
Besøk til REMOTA
Adresse: Skillebekkgata 1, Hall D, Haugesund

Kontakt

Presse som ønsker å dekke programmet kan kontakte kommunikasjonsseksjonen i Nærings- og fiskeridepartementet på telefon 902 51 303 eller e-post media@nfd.dep.no.